Løp i 2009:                                                                                         Sist oppdatert 22.12.2009
  1. mai: Bilcross (VM)                                                              
     NMK Vikedal cup 2009
  2. mai: Rallycross (VM)/bilcross jr. klubbløp                                     Reglar - bilcross
  13.-14. juni: 2-dagars RCN og bilcross                                           Sluttstilling - bilcross
  15.-16. august: Motocross (VM)                                     
                         Reglar - RCN
  13. sept.: Bilcross/rallycross                                                              Sluttstilling - RCN
  10. okt.: Rallycross (VM)                                       
  11. okt.: Bilcross (VM)                                           
                        Vestlandsmesterskapet
 

Linkar til aktive medlemmer sine heimesider 

MX-gruppa sine nye heimesider
 

Gamle nyheter frå:
  2008, 2007, 2006, 2005,
2004, 2003, 2002, 2001


Linkar til nyhetsider:



Motorsportsavisen

NMK Vikedal ønskjer alle medlemmer, deltakerar, funksjonærar, sponsorar og
andre samarbeidspartnerar
ei God Jul og eit godt Nyttår

Viktig innspurt for Grasrotandelen
Vi har no passert 100 spelerar som gir sin Grasrotandel til NMK Vikedal. I år har det gitt over 22.000 kr. til klubben. Grasrotandelen er 5% av det du spelar for i spel frå Norsk Tipping som du sjølv avgjer kva skal gå til. Sidan det er første året ordninga gjeld, vil dei som ikkje har registrert seg mot eit lag før, ta med seg alt dei har spelt for i år til laget dei registrerer seg mot. Dersom vi klarar å få 50 nye spelerar til å registrera seg med NMK Vikedal som mottakar, kan vi enkelt få inn 11.000,- ekstra i kassen. Bruk julaselskapa til vervekampanje blant slekt og venner, så gjer du ein god innsats for klubben. Og hugs at det er viktig at dei registrerer seg før nyttår. Alle opplysningane du treng finn du ved å trykka på logoen for Grasrotandelen på toppen av denne sida.

Asfalteringa ferdig før snøen kom
Vi var svært heldig med asfalteringa som vart ferdig nokre få dagar før snøen kom. No ligg det 70 - 80 cm snø på banen, slik at det vert innearbeid som blir prioritert framover til den forsvinn.

Arbeidet med oppgraderinga har starta

Arbeidet med oppgraderinga av Vikedal Motorbane er i gong. Her er det Glenn Olav, Svein Bjarte og Geir Harald som demonterer rekkverk ved målpasseringa for å gjera klart til utviding i målsvingen.

Fleire bilder frå arbeidet lørdag 28.11.2009 finn du her....

Status på arbeidet pr. søndag 13.12.2009 finn du her ..
Her utvidingane ferdig og asfalteringa godt i gong som de vil sjå av bilda..

Nøkkelknippe funne etter årsfesten
Dersom nokon saknar eit nøkkelknippe med 2 nøklar etter årsfesten, kan dei ta kontakt med Bjørn Magne på tlf. 99500060.

Årsmøtet:
Full enighet om satsinga neste år
Årsmøtet gav tilslutning til styret sitt forslag om å satsa på ei stor oppgardering av anlegget på Vikedal motorbane. Depotet vil bli kraftigt utvida, startplata litt breiare, tjuvstartanlegg installert og målsvingen utvida i innersving. Tilsaman er det budsjettert med over 1,2 mill. i investeringar i anlegget. Det legg og forholda tilrette for å arrangera NM-runde i rallycross neste år, men det må til ei avklaring rundt datoen før den er i boks.
        Ellers gjorde valet at det vart litt endringar i hovedstyret. Desse er no med i hovedstyret:
Glenn Olav Lothe (leiar), Iselin B. Søndenå (sekretær), Martin Tveit (bil), Kjell Vormestrand (MX), Hallvard Finnvik og Trude Enge.

På årsmøtet vart det og delt ut 2 prisar. "Årets ildsjel 2009" gjekk til Kristine O. Steinnes, medan Ernst Holten Leifsen fekk "Sportsprisen 2009".


Ernst Holten Leifsen fekk "Sportsprisen 2009" og Kristine O. Steinnes "Årets ildsjel 2009".

Påmeldingsfristen til årsfesten på Sandeid Samfunnshus
Påmeldingane til årsfesten må vera Bjørn Magne, e-post bm_enge(a)hotmail.com eller tlf. 99500060, i hende seinast torsdag 5. nov.

Årsmøte og årsfest på Sandeid Samfunnshus
Årsmøtet blir på same stad som i fjor, på Sandeid Samfunnshus lørdag 14. november. Saksliste og tidsplan blir lagt ut her i løpet av eit par dagar. Innkallinga vil og bli sendt ut i posten.
     Om kvelden vil det bli årsfest dersom det blir nok påmeldt. "Arrangementskomiteen" har planlagt koldtbord og prisen vil bli kr. 250,-. Nærare opplysningar og påmelding hjå Bjørn Magne, e-post bm_enge(a)hotmail.com eller tlf. 99500060.

Billettar til Solberg Extreme Motor Show 2009
Som kanskje har registert arrangerer Henning og Petter Solberg eit stort Motor Show i Telenor Arena på Fornebu lørdag 21. nov. Det blir kjøring med rallycross-, rally- og andre heftige bilar med mange kjente stjerner som førerar. Offisielt startar billettsalet måndag 26. okt., men her er linken for dei som vil vera tidleg ute: http://www.billettservice.no/html/conne … GE=1&C
Litt meir info. her med tidsplan: http://www.bilnorge.no/artikkel.php?aid=34656

Kandidatar til Sportspris 2009
På årsmøtet vil det som vanleg bli delt ut ein Sportspris for 2009. Forslag på kandidatar kan sendast til Glenn Olav, e-post: post(a)nmk-vikedal.net.

PC forsvann under møtet om NM-runden
PC-veska til Sivert Ole med PC-en i forsvann under møtet på onsdag. Den stod plassert under stumtjenaren i gangen. Dei som har sett noko, kan tipse Sivert Ole på tlf. 90547433, enten dei kan stadfesta at dei såg den stod der på eit tidspunkt, at han ikkje stod der eller har andre observasjonar som kan hjelpe i leitinga.

Årsmøtet blir lørdag 14. november
Årsmøtet er fastsett til lørdag 14. november, men det er enno ikkje avgjort kor det blir. Men sett av datoen slik at minst like mange som var på møtet om NM-runden kjem på årsmøtet. Det er viktig at alle får sagt si meining.

Flott frammøte på møtet om NM-runde neste år
Rundt 50 personar frå Suldalsosen til Avaldsnes møtte fram for å vera med å diskutera NM-runde neste år. Dei fleste var svært interessert i at det blir kjørt NM-runde og vil bidra til det, men det er svært viktig å ha kontroll på kostnadar og framdrift. Det vil nå bli henta inn pristilbud på det ein ser behov for å gjera noko med, slik at ein kan leggja fram realistiske budsjett på årsmøtet og få det godkjent der. Det vil vera den endelege godkjenninga på om det blir NM-runde i Vikedal neste år.

Møte vedr. NM-runde i 2010 på onsdag 14. oktober
NMK Vikedal er tildelt ein av dei 5 NM-rundane som skal arrangerast neste år. For å få litt tilbakemelding om dette er gjennomførbart, blir alle motorsports-interesserte som vil bidra med sin innsats for å arrangera ein god NM-runde i 2010 under topp forhold på Vikedal Motorbane invitert til  
         møte på Vikedal Vertshus onsdag kl. 20.00. 
Det blir servering av litt pizza til alle ved møtestart. Ved labert frammøte eller lunken interesse til å gjennomføra dette, vil styret vurdera om ein skal trekkja NMK Vikedal som arrangør. Dei som lurer på kor Vikedal Vertshus ligg i Vikedal, kan klikka på logoen deira blant sponsorane i lista til høgre og velja "Her finn du oss" i menyen deira.
Aktuelle team:
     - organisering, løpskomite
, evt. underkomitear - kven kan gjera kva
     - anlegg: kva må/bør gjerast
             - depot
             - startplate inkl. tjuvstartanlegg
             - målsvingen
             - osv.
     - markedsføring - sponsorar 

Pressemelding:
Spenning til siste meter
Aldri har det vel vore så spanande i bilcross på Vikedal Motorbane som det blei på søndag. Ørjan Strand Eikeland vann både D, C og B-finalen og vart nummer fire i løpet. Likevel var det ikkje godt nok. Hallvard Finnvik som kunne utropast til Vestlandsmester.
-- Les meir --

4 av 5 VM-vinnerar frå NMK Vikedal
Etter ei fantastisk oppkjøring av Ørjan Strand Eikeland med bobla si frå D-finalen til A-finalen heldt det nesten til VM-seier, men fjerdeplass i A-finalen gjorde at han mangla eit fattig poeng. Dermed gjekk Hallvard Finnvik av med seieren i bilcross, framfor Ørjan og med Kenneth Johansen på tredjeplass, alle frå NMK Vikedal.
    I bilcross junior gjekk VM-tittelen til Aleksander Presttun framfor Frank Remi Fonnes, begge NMK Bergen, med Trygve Hustvedt Lærdal frå NMK Vikedal på tredjeplass. 

Aleksander Presttun (t.v) og Hallvard Finnvik vann VM i kvar sin klasse i bilcross

    Lørdag sikra Bjørn Magne Moland Enge seg VM-tittelen for rallycross over 2400 ccm. Ernst Holten Leifsen (rallycross inntil 2400 ccm) og Daniel Holten (RC junior) var alt klar som vinnerar før finaleløpet.


Daniel Holten (f.v), Bjørn Magne Moland Enge og Ernst Holten Leifsen vann rallycrossklassane.

 Resultater, bilcross klubbløp
 Resultater, rallycross
 Samanlagtresultatet i VM 2009 for rallycross

 Resultater, bilcross
 Samanlagtresultatet i VM 2009 for bilcross

Finalen i Vestlandsmesterskapet 2009 
for rallycross lørdag 10. oktober
og for bilcross søndag 11. oktober

Informasjon om løpet lørdag 10. oktober:
 Tilleggsreglar, rallycross 10. oktober  (oppdatert med delt. meld. 1)
 Tilleggsreglar, bilcross 10. oktober   (oppdatert med delt. meld. 1)
 Deltakarmelding nr. 1 for lørdag 10. oktober 
 Tidsplan for lørdag
 Foreløpig startliste, lørdag 
 Resultater, bilcross klubbløp
 Resultater, rallycross

Informasjon om løpet søndag 11. oktober:

 Tilleggsreglar, bilcross 11. oktober (oppdatert med delt. meld. 1)
 Deltakarmelding nr. 1 for søndag 11. oktober
 Tidsplan for søndag
 Foreløpig startliste, søndag 

 Vermelding frå yr.no for Vikedal Motorbane

Bjørn Magne Moland Enge vann klasse C i VM
Bjørn Magne Moland Enge vann rallycross over 2400 ccm i finalen i Vestlandsmesterskapet i dag framfor Geir Harald Skeie. Dermed gjekk han og til topps samanlagt framfor Geir Harald.
      Steinar Stokke vann klassen inntil 2400 ccm og tok dermed 2. plass samanlagt framfor Johnny Brådli, som vart nr. 5 i dag. Ernst Holten Leifsen, som var klar som vinnar samanlagt før løpet i dag, tok tredjeplassen.
 Resultater, bilcross klubbløp
 Resultater, rallycross
 Samanlagtresultatet i VM 2009 for rallycross

Pressemelding frå Holten Motorsport:
Daniel Holten i Citroen Saxo
Det er no klart at Daniel Holten køyrer Citroen Saxo neste år. Går alt etter planen stiller han med denne i Vikedal 17. april. Dermed køyrer han sitt siste løp med Golfen på Vikedal Motorbane på lørdag.
-- Les meir --

Pressemelding:
Mange til finale i Vestlandsmesterskapet
Nesten 100 førarar er påmelde til søndagens avslutningsrunde i Vestlandsmesterkapet i bilcross. Lørdag går finalen for rallycrossførarane, og også her er det fyldige startfelt i dei to klassane.
-- Les meir --

Førarvakter
Minner om dette. Det er og forventning om at alle aktive stiller som funksjonærar den dagen dei ikkje deltek sjølv. På vaktplanen manglar nokre postsjefar søndag, inntauarar begge dagar, tidtakar lørdag, ass. tekn. kontr. lørdag, publikumsvakter lørdag og kioskseljerar søndag. Les meir i artikkelen under.

Klubbløp for bilcross junior lørdag 10. oktober
Det blir kjørt klubbløp for bilcross junior lørdag 10. oktober på same måte som i samband med VM-runden 2. mai.

Førarvakter til VM-finalane
Sist løp var det svært dårleg med innmelding av vakter frå førerane. Berre 8 vakter vart meldt inn til Vivian. Denne gongen håpar me på mange fleire. Me forventar at alle aktive stiller som vakt på løp dei ikkje deltek i. Dei som har tenkt å delta på teknisk kontrollantkurset som kjem i løpet av hausten, bør absolutt melda seg som assistentar til den tekniske kontrollen. Er det andre som har lyst til å prøva seg i nye oppgåver, er det berre å gi eit tips til Vivian Stuvik, e-post kvstuvik(a)online.no eller tlf. 91147767. Ho tek og imot alle medlingar om førarvakter. Førarane får 3 timar dugnad for kvar vakt dei melder til Vivian. Desse timane er uavhengig kor lenge vaktene jobbar.

Påmeldingsfristen til VM-finalane
Påmeldingsfristen til VM-finalane er onsdag 30. september, men motto er alltid jo før jo bedre.

NMK Vikedal-førerar aktive på fleire banar
Det er mange av våre førerar, spesielt rallycross, som skal delta i løp i helga. NMK Vikedal vil vera representert både på Rallycross Norden på Lyngås og på Norgescupfinalen for rallycross nasjonal på Dokka lørdag og på VM-runden på Jærhagen kjøpesenter søndag.
      Både Geir Harald Skeie og Bjørn Magne Moland Enge stiller til start på Lyngås. Det blir ein svært tøff konkurranse der i tillegg til dei beste norske må kjempa med 25 av dei beste svenskane. I tillegg blir det kjørt div. 1 der m.a. EM-vinnaren, Sverre Isachsen, er på plass.
      Per Magne Flatebø er ein av ti deltakerar i klassen RCN over 2400 ccm på Norgescupfinalen på Dokka.
      Bjørn Magne Moland Enge reiser rett frå Lyngås til Klepp for å prøva å ta igjen det tapte etter at han måtte stå over dei 2 første rundane sidan bilen ikkje var klar. Ernst Holten Leifsen og Daniel Holten stiller og for å forsvara leiinga si i VM saman med mange andre av våre førerar.
-- Info. om Rallycross Norden --
-- Info. om finalen i Norgescupen --
-- Startliste for VM-runden på Klepp --

Pressemelding:
Firdobbelt igjen
Bilcrossførarane til NMK Vikedal slo til igjen og tok ein ny firdobbel siger heime på Vikedal Motorbane. I NMK Vikedal Cup gjekk tre av fire laurbærkransar til førarar frå arrangørklubben.
-- Les meir --

Neste løp i Vikedal er finalen i 
NMK Vikedal cup 2009 for BC og RCN
søndag 13. september
 Tilleggsreglar, rallycross 13. september (funksjonærlista blir oppdatert)
 Tilleggsreglar, bilcross 13. september (funksjonærlista blir oppdatert)
 
 Foreløpig startliste  (hugs påmeldingsfristen onsdag 2. sept.)
 Vaktskjema med frammøtetider
 Tidsplan for publikum
 Vermelding for helga
Resultater - bilcross
Resultater - rallycross

Sluttstilling - NMK Vikedal cup for bilcross
Sluttstilling - NMK Vikedal cup for rallycross

Pressemelding:
Klart for finale i NMK Vikedal cup
På søndag blir dei beste i NMK Vikedal Cup 2009 kåra. Heile 98 førarar er påmelde til finalen på Vikedal Motorbane i bilcross og rallycrossklassane.
-- Les meir --

Pressemelding:
4-dobbelt NMK Vikedal i bilcrossløpet i Bergen
8 av dei 10 beste i bilcrossklassen i den 3. runden i Vestlandsmesterskapet i Bergen lørdag representerte NMK Vikedal, men juniorane nådde ikkje heilt opp denne gongen.
-- Les meir --

8 av dei 10 beste i bilcross på Eikås frå NMK Vikedal
NMK Vikedal dominerte bilcrossklassen i VM-runden på Eikås Motorbane i Bergen. Ørjan Strand Eikeland vann framfor Hallvard Finnvik, Kenneth Johansen og Hans Kristjan Kristjanson. Johannes Holten Leifsen vart nr. 6, Glenn Olav Lothe nr. 7, Kennet Kaldheim nr. 8 og Martin Tveit nr. 10. I tillegg vart Reidar Skeie nr. 12 og Silje Renèe Pedersen nr. 13.
 
Ørjan Strand Eikeland vann i Bergen framfor Hallvard Finnvik og Kenneth Johansen.

    I bilcross junior nådde ingen av våre A-finalen, men Trygve Hustvedt Lærdal var nær ved på 7. plass etter at han først vann C-finalen. Monica Pedersen var rett bak Trygve på 8. plass. Lars Martin Eikeland leia B-finalen, strømproblemer førte til stopp og dermed 11. plass. Catrine Mæland vart nr. 14, Thomas Nonslid nr. 15, Sveinung Holten Leifsen nr. 16, Gøran Spartveit nr. 17 og Hege Aasbøe nr. 22.
     I rallycross nasjonal kjørte Aleksander Skeie godt med sin Volvo og vart nr. 2. Lars Reidar Frøyland vart nr. 4, medan Steinar Høyvik vart nr. 10 og Johnny Bådsvik nr. 12.
-- Fleire bilder --

Mange på tur til Bergen lørdag
Det er gledeleg mange frå NMK Vikedal som tek turen til Eikås og VM-runden for bilcross på lørdag. I juniorklassen er det 8 frå NMK Vikedal påmeldt og i senior 13 påmelde. NMK Vikedal sine førerar ligg godt an i seniorklassen, medan det har vore litt stang ut i juniorklassa så langt i år. 
       I gjesteklassane for rallycross er det 4 påmeldt frå NMK Vikedal. 1. omgong startar alt kl. 10.00 lørdag morgon, så det gjeld å vera tidleg oppe om ein skal få med seg alle heat.

Pressemelding:
Nummer fem i finalen
Ernst Holten Leifsen (t.h.) køyrde inn til sin andre A-finale for året og blei til slutt nummer fem under NM-avslutninga i rallycross på Gardermoen. Bjørn Magne Moland Enge, Geir Harald Skeie og Daniel Holten greidde ikkje finalar.
-- Les meir --

Resultatservice frå NM-finalen på Gardermoen
Det blir lagt ut resultater etter kvar omgong på www.bilsport.no under menyen "Informasjon frå NBF". Stillinga samanlagt vart justert sist onsdag etter at løpet på Lyngås ikkje vart teljande for klasse 2 og 3 pga. appellar. Det gjer at Ernst Holten Leifsen er tilbake på 5. plass med 14 poeng opp til gull og 10 poeng opp til bronseplass.

Hugs påmelding til 3. runde i VM for BC/BC jr. i Bergen
Påmeldingsfristen for 3. runde i VM for bilcross og bilcross jr. lørdag 5. sept. på Eikås Motorsenter går ut søndag 30. sept. Transporten av juniorlaget er klart og dei har vore kontakta av bilgruppa. Det er nokre ledige plassar igjen, så treng du transport kan du kontakta Eirik Aasbøe, tlf. 98218203. Juniorar vil bli prioritert.

Pressemelding:
Klar for finale
Ernst Holten Leifsen, Bjørn Magne Moland Enge, Geir Harald Skeie og Daniel Holten er alle klar for NM-finalen i rallycross på Gardermoen Motorpark. Finaleplass er målet for alle.

-- Les meir --

Hallvard nr. 59 og Per-Gaute nr. 71 i Landsfinalen
Hallvard Finnvik vart nr. 59 i Landsfinalen i Aremark lørdag med sine 13 poeng. Han vart nr. 4 i første omgong og deretter to tredjeplassar. I 3. omgong tok han starten og leia lenge på Malin Gjerstad, som vart nr. 3 totalt, men måtte sleppa henne forbi når han tok alternativsporet i siste runde. Per-Gaute Østbø vart nr. 71 med eit poeng mindre enn Hallvard (12 poeng). Per-Gaute vart nr. 4 i første omgong, nr. 5 i andre og nr. 2 i tredje omgong.
    Begge kom med i sendinga på NRK2 søndag kveld. Per-Gaute er med i 2. omgong der han ligg og stangar bak ein Skoda, og Hallvard i det han går inn i alternativsporet og må sleppa Malin Gjerstad forbi. Heile sendinga ligg tilgjengeleg på nettsidene til NRK for dei som ikkje fekk sett den søndag.
Link: http://www1.nrk.no/nett-tv/sport/spill/verdi/107388


Hallvard Finnvik (nesten skjult bak nr. 101) tar starten framfor Malin Gjerstad (nr. 104) i tredje omgong.

VM-runden i motocross 15. og 16. august.

- Tilleggsreglar for motocrossløpet
- Tidsplan for motocrossløpet
- Resultater etter løpet


Meir informasjon på MX-gruppa sine heimesider
 

Landsfinalen i bilcross på NRK2 på søndag
Søndag kveld kl. 20.00 skal NRK for sørste gong i historia sende 55 min. frå landsfinalen på NRK2. Legg inn ei påminning om det på mobiltelefonen.

Presisering rundt foresatte for bilcross jr.
Som kjent skal dei som ikkje er myndige, dvs. under 18 år, alltid ha med seg foresatt på løp/trening dei deltar i. Dersom foresatt ikkje har høve til å vera til stades, kan ein annan myndig person opptre på deira vegne. Det må då føreliggja ei skriftleg fullmakt for dette signert av den foresatte.
-- Fullmaktskjema som kan brukast foreløpig  --

Pressemelding:
Satsar på finale i Aremark
NMK Vikedal stiller med to førerar i årets landsfinale i bilcross i Aremark. Hallvard Finnvik var kvalifisert alt etter første vestlandsløpet i april, medan Per-Gaute Østbø kom med etter at reserveløpet i Vikedal i juni vart tatt inn i varmen. 
-- Les meir --

Hugs trening for bil lørdag 22. august
Det blir trening for bil mellom kl. 10.00 og 16.00 på lørdag. Frammøte i god tid før slik at innsjekk og teknisk kontroll er gjennomført slik at treninga kan starta kl. 10.00. 
For å få oversikt over kor mange som kjem til treninga, er det påmelding til Ingvar Auestad, tlf. 98030934

Pressemelding:
Godt stemne på vått føre

Som elles i distriktet blei det vått også på Vikedal Motorbane i helga. NMK Vikedal gjennomførte likevel den fjerde runden i Vestlandsmesterskapet som planlagt.
-- Les meir --

Nokre bilder frå kvelden før motocrossløpet

-- Fleire bilder --

Uvanleg skulestart for Daniel og Sveinung
Daniel Holten og Sveinung Holten Leifsen reiser lenger enn dei fleste for å få blanda inn ein god del motorsport i utdanninga.
-- Les meir i lokalavisa Grannar --

Pressemelding:
Klart for motocross
Til helga er det motorsyklane som inntar Vikedal Motorbane. Det er klart for fjerde runde i Vestlandsmesterskapet i motocross.
-- Les meir --


Andreas Sorteberg Vik (t.v.), May-Linn Berge og Kristian Berge køyrer alle knattecross i 6-8 års klassen.

Pressemelding:
Arild Vik og Eirik Aasbøe i B-finalane på Eikås
Arild Vik vart nr. 9 i RCN inntil 2400 ccm og Eirik Aasbøe nr. 8 i RCN over 2400 ccm i Norgescuprunden på Eikås ved Bergen sist lørdag. 
-- Les meir --

Berre 4 frå NMK Vikedal påmeldt til NC-runden på Eikås
Berre 4 førerar frå NMK Vikedal er påmeldt til Norgescuprunden i Bergen lørdag 8. august. Arild Vik, Aleksander Skeie og Joakim B. Hansen er påmeldt i klasse 1 medan Eirik Aasbøe er påmeldt i klasse 2. Aleksander Skeie er for øyeblikket utan motor, men dersom ein tett tidsplan held, er han klar til lørdag. Tidskvalifiseringa startar kl. 10.45 og 1. omgong kl. 12.00. 
-- Meir info. på NMK Bergen sine nettsider --

Pressemelding:
Vanskeleg på Lyngås
Det som starta veldig godt på Lyngås Motorbane i den fjerde NM-runden i rallycross, utvikla seg til det verre for førarane frå NMK Vikedal. Ernst Holten Leifsen sin C-finale og 13. plass vart til slutt status for helga.
-- Les meir --

-- Link til film av rundkastet til Geir Harald (etter ca. 6 min) --


Første omgong enda slik for Geir Harald Skeie.

Reserve kval. løpet til Landsfinalen i bilcross vart teljande
NMK sin Hastighetskomite har avgjort at NMK Vikedal sitt løp 13-14/6 vert teljande som kvalifiseringsløp til Landsfinalen. Dei 5 beste i dette løpet er dermed kvalifisert til Landsfinalen i Aremark lørdag 22. august. Dei må kontakta NMK Aremark, tlf. 909 48 416 eller 911 21 062 for å få tilsendt invitasjon. Dette gjeld Jørn Ahmer, Kenneth Johansen, Gård Nordmark, Per-Gaute Østbø og Øyvind Eikeland.
-- Meir informasjon på NMK Aremark sine heimesider -- 

Skuffande helg på Lyngås
Heller ikkje søndag var NMK Vikedal sin dag på Lyngås. Daniel Holten var no klar med ny motor i sin Golf, men eit defekt hjulnav sette ein stoppar for dagen under tidstreninga. Det vart prøvt ein nødreparasjon til 2. omgong, men det heldt dessverre ikkje.
    For dei 2 gjenverande gjekk det litt betre i 3. omgong dag. Ernst Holten Leifsen vart nr. 2 i sitt heat bak Kjetil Nygård, men det gjekk ikkje fort nok og det vart 7. tid på Ernst. Tilsaman gav det 3. spor i C-finalen. Der kjørte han godt og det vippa mellom 1. og 2. plass då ein opphengskule svikta og han hamna i vollen, heldigvis utan større skader. Dermed vart det 13. plass på Ernst og han fall ned til 7. plass i NM-samandraget. 
     Bjørn Magne Moland Enge vann sitt heat og kjørte inn til ei grei 11. tid i omgongen. Det vart 28. plass på Bjørn Magne i løpet.

Sveinung Leifsen beste vestlending i Landsfinalen
Sveinung Leifsen gjorde det best av NMK Vikedal sine deltakerar i Landsfinalen for Bilcross jr. Etter andreplass, førsteplass og andreplass med sin BMW med Volvo-motor fekk han plass i C-finalen. Der vart det stopp med havarert motor og dermed 16. plass totalt. Daniel Holten i sin Volvo 245 med BMW-motor fekk andreplass i 1. omgong, men fullførte verken 2. eller 3. omgong. Lars Martin Eikeland i Golf fullførte ikkje 1. omgong, vart nr. 3 i andre og fullførte ikkje 3. omgong. Daniel og Lars Martin vart dermed nr. 74 og 81 blant dei 93 deltakerane.

Ikkje NMK Vikedal sin dag på Lyngås
Geir Harald Skeie gjekk rundt på taket og hamna oppå rekkverket ved start etter snautt ein runde. Føraren følte seg OK etterpå, men det vart ein del skader på bilen. Dei vil ha ein sjekk av motoren før dei startar den opp igjen, så det vert ikkje meir kjøring denne helga.
      Bjørn Magne Moland Enge hadde 4. tid på tidstreninga, men i begge omgongane som vart kjørt i dag vart det problemer i Schanche-svingen. Ellers fungerte den nye motoren bra og han hadde bra heng på Knut Ove Børseth i 1,5 runde i 2. omgong.
      Ernst Holten Leifsen vart pressa i starten i 1. omgong og måtte senka farten etter ei punktering og fekk 15. tid. I 2. omgong fekk også han problem i Schanche-svingen etter å ha tatt starten, og det vart berre ei 11. tid. Han treng dermed ei svært god tid for å få plass i B-finalen i morgon.
      RC junior kjører alle omgongar i morgon sidan fleire av dei har kjørt Landsfinale for bilcross junior på Hønefoss i dag.

Hugs trening for bil lørdag 25. juli
Det blir trening for bil mellom kl. 10.00 og 12.00 på lørdag. Frammøte i god tid før slik at innsjekk og teknisk kontroll er gjennomført slik at treninga kan starta kl. 10.00. 
For å få oversikt over kor mange som kjem til treninga, er det påmelding til Ingvar Auestad, tlf. 98030934
Frå kl. 12.00 og utover blir det filminnspeling med dei førerane/bilane som har meldt seg til dette.

Friviljuge til filminnspeling med bilcrossbilar
Frode Nesbø Nordås, ein utflytta stordabu, har planar om å laga ein spelefilm der eit bilcrossløp er ein del av handlinga. For å få dette til, treng dei 5-6 sjåførar med bilar som kan vera med f.eks. lørdag 25. juli. Det er sett opp trening den dagen, så ein vil sjå på om dette kan kombinerast. Opptaka vil ta om lag 6 timar. Dei som er interessert i å vera med på dette kan kontakta Glenn Olav Lothe, tlf. 48868331 for meir informasjon. Dette kan vera ein god måte å marknadsføra både bilsporten og sine eigne sponsorar.

3 påmeldt til BC jr. Landsfinalen og 2 til BC sr.
3 av dei 4 kvalifiserte så langt er påmeldt til Landsfinalen for bilcross junior i Hønefoss 1. august. Dei påmeldte er Sveinung Holten Leifsen, Daniel Holten og Lars Martin Eikeland. Martin Lillesund er kvalifisert, men er ikkje påmeldt så langt. Daniel Holten er og i tvil om han skal kjøra, ettersom det kolliderar med NM-runden i rallycross på Lyngås same helga.
      Ettersom det ikkje er avgjort om første reserve kvalifiseringsløp i Vikedal 13. - 14. juni vert telgjande, er det berre Hallvard Finnvik og Kenneth Johansen som er kvalifisert til Landsfinalen for bilcross i Aremark 22. august. Begge er påmeldt til finalen der NMK Aremark har store planar, m.a. med storskjerm og dekning på NRK2. 

Pressemelding:
Endeleg på pallen
Ernst Holten Leifsen kjørte inn til andre plass, Bjørn Magne Moland Enge blei nummer elleve, Geir Harald Skeie sleit med kjøringa og Daniel Holten fekk motorproblem under den tredje NM-runden på Flisa i helga.
-- Les meir --

Dobbelseier til Ørjan og Kenneth i bilcross på Eikås
Deltakinga frå NMK VIkedal var ikkje all verden i bilcrossklassen, men dei som deltok tok grådig for seg av premiane. Ørjan Strand Eikeland og Kenneth Johansen tok dei to første plassane, medan Glenn Olav Lothe vann C-finalen og vart til slutt nr. 10. Ingen frå NMK Vikedal deltok i junior-klassa.

Ørjan Strand Eikeland i midten flankert av Kenneth Johansen (t.v.) og Joachim Braathen
-- Resultater på NMK Bergen sine nettsider --

Dobbelseier til Bjørn Magne og Ernst Harald på Eikås
Både Bjørn Magne Moland Enge og Ernst Harald Holten Leifsen vann både bakkeløpet laurdag og rallycross søndag. Daniel Holten øydela begge drivakslingane på treninga til bakkeløpet og fekk ikkje tak i rette delene.
        I klassen over 2400 ccm vart Geir Harald Skeie nr. 2 i bakkeløpet bak Bjørn Magne, men fekk problemer med bakhjulsopphenget i 3. omg. søndag og måtte gi seg. Eirik Aasbøe kjørte godt gjennom helga og fekk to tredjeplassar. Håvard Helland tok andreplassen søndag, medan har vart nr. 4 på lørdag. Per Magne Flatebø vart nr. 6 lørdag og nr. 4 på søndag.
        I klassen under 2400 ccm var det litt tynt med deltakerar frå NMK Vikedal. Arild Vik var den som kom nærmast Ernst Harald med 4. plass lørdag og 6. plass søndag. Aleksander Skeie debuterte i nyinnkjøpt Volvo 240. Han hadde litt problemer på lørdag, men kjørte inn til ein fin 7. plass søndag. Jens Idar Juel vart nr. 15 lørdag og nr. 16 søndag i sin VW Scirocco.

Vinnarer i RC o/2400 ccm søndag, Bjørn Magne Moland Enge, flankert av Håvard Helland (t.v.) og Eirik Aasbøe, alle NMK Vikedal.
-- Resultater på NMK Bergen sine nettsider --

Pressemelding:
God innsats av NMK Vikedal
NMK Vikedal-førarane Martin Lillesund, Arild Vik og Eirik Aasbøe vann sine klassar på Vikedal Motorbane i helga. Jørn Ahmer NMK Bergen vann bilcrossklassen føre Kenneth Johansen NMK Vikedal.
-- Les meir --


F.v. Kenneth Johansen, Jørn Ahmer og Gård Nordmark.

Pressemelding:
Ny god innsats i NM
Daniel Holten tok ein ny siger, Ernst Holten Leifsen fekk ein sjuande plass i ny bil, Bjørn Magne Moland Enge kom til C-finalen og Geir Harald Skeie viste framgang. God innsats av NMK Vikedal sine førarar i NM.
-- Les meir -- 


Bjørn Magne Moland Enge byrjar å få taket på sin nye Citroen, men sleit med gasspjeldet i Kristiansand.

Daniel Holten vann i Kristiansand
Daniel gjekk til topps i rallycross junior klassen under NM-runden i Kristiansand i helga. Ernst Holten Leifsen vart nr. 7 i klasse 2, medan Bjørn Magne Moland Enge vart nr. 12 i sin første finale med C4'en. Geir Harald Skeie vart nr. 15. med same poengsum sm Bjørn Magne, men litt dårligare tid.
Pressemelding kjem litt seinare.

Bilcrossfestivalen 13. - og 14. juni:
Resultater - Bilcross
 Resultater - Rallycross
 Stillinga i NMK Vikedal er og oppdatert. Sjå link over.

 Tilleggsreglar, rallycross 13. - 14. juni
  Tilleggsreglar, bilcross 13. - 14. juni
 Foreløpig startliste, 13. - 14. juni
 Pressemelding før løpet
 Vaktskjema med frammøtetider
 Tidsplan for publikum
 Værmelding for Vikedal Motorbane

 På sist løp vart det seksdobbelt til NMK Vikedal i BC, denne gongen vert
 det pengepremiar i håp om å få litt konkurranse:

Bilcross Bilcross junior
1. premie:   7.000,- kr. 1. premie:   3.000,- kr.
2. premie:   5.000,- kr. 2. premie:   2.500,- kr.
3. premie:   3.500,- kr. 3. premie:   2.000,- kr.
4. premie:   2.500,- kr.  
5. premie:   1.500,- kr.  
6. premie:   1.000,- kr.  

I tillegg er løpet kvalifiseringsløp til Landsfinalen for bilcross jr. i Hønefoss og 1. reserve kvalifiseringsløp til Landsfinalen for bilcross i Aremark (vert 95% sikkert teljande)
Påmelding ved å velga "Påmelding" i menyen til venstre.
-- Meir opplysningar --

Daniel Holten leiar etter 2 omgongar i Kristiansand
Daniel Holten leiar RC jr. etter strålande kjøring i 2. omgong. Tida då ville gitt 7. plass i senior klassen. Ernst Holten Leifsen ligg på 4. plass etter 5. og 4. tid i klasse 2. I klasse 3 ligg Bjørn Magne Moland Enge på 13. plass (11. og 19. tid) og Geir Harald Skeie på 15. plass (21. og 13. tid).

Spennande første dag i bilcrossfestivalen i Vikedal
Preben Mykebust einaste med full pott, 30 poeng, i BC jr. Bak han er det svært tett. I BC er det tre som har full pott, Ørjan Strand Eikeland, Kenneth Johansen og Jørn Ahmer. 14 har 20 poeng eller meir. I rallycross har Lars Reidar Frøyland og Eirik Aasbøe begge vunne 2 omgongar og leiar kvar sine klassar. Søndag går dei 2 siste omgongane før finalane. Bilcross kjører 4. omgong mellom 10 og 11 i morgon føremiddag før løpet fortsett kl. 12.30.

Påmelding til løp i Bergen neste helg
Helga 20. - 21. juni arrangerer NMK Bergen 2-dagarsløp for bilcross. Dette inngår ikkje i VM. For rallycross er det 2 runder i Vestlandsmesterskapet denne helga med bakkeløp på lørdag og rallycross på søndag. Påmeldingsfristen er søndag 14. juni og du finn meir informasjon her ...

4 førerar klar til ny NM-runde i Kristiansand  

Nyinnkjøpt og nylakkert Escort for Ernst Holten Leifsen

Sjølv om det gjekk hardt ut over bilane til Holten Motorsport på sist NM-runde, er både Daniel Holten, Ernst Holten Leifsen, Geir Harald Skeie og Bjørn Magne Moland Enge klar til ny NM-runde i Kristiansand 13. og 14. juni. Golfen til Daniel er gjennomgått og skadene som ikkje vart fiksa på Melhus er utbetra. Ernst Holten Leifsen har fått ny bil til disposisjon ved at Holten Motorsport har kjøpt ein Ford Escort som Morten Majormoen kjørte inn til NM-gull i bakkeløp og fjerdeplass i NM i rallycross i fjor. Bilder finn de på www.holten-motorsport.no. Bjørn Magne Moland Enge har fått den rette motoren på plass i C4'en og har henta den heim til Sandeid. Geir Harald Skeie er vel den som har sluppe unna med minst arbeid før runden i Kristiansand. Vi skal prøva å få til rapportar frå Kristiansand under 2-dagarsløpet slik at de er orientert om korleis det går.

Pressemelding:
Årets høgdepunkt på Vikedal Motorbane
Todagarscrossen i juni er høgdepunktet for billøpa på Vikedal Motorbane. Denne gongen deler klubben også ut premiepenger til dei beste.
-- Les meir --

Pressemelding:
2 frå NMK Vikedal i finalane i Norgescup-runden på Lyngås
Lars Reidar Frøyland nr. 16 i klassen inntil 2400 ccm og Eirik Aasbøe nr. 13 i klassen over 2400 i den andre runden i Norgescupen for rallycross nasjonal på Lyngås Motorbane i helga. Knut Endre Fønnebø Ringhagen var uheldig å hamna på taket med sin Mercedes.
-- Les meir --

6 frå NMK Vikedal til 2. runde i NC for RCN på Lyngås i helga
6 førerar frå NMK Vikedal er påmeldt til 2. runde i Norgescupen for RCN på Lyngås lørdag og søndag. I klassen inntil 2400 ccm stiller Knut Endre Fønnebø Ringhagen, Joakim B. Hansen, Lars Reidar Frøyland og Steinar Høyvik. I klassen over 2400 ccm stiller Per Magne Flatebø og Eirik Aasbøe. NMK Drammen lovar "live"-resultater gjennom helga på linken her ...

Ingve Andrè Strand nr. 2 i første NM-runden for Crosskart
Ingve Andrè var einaste deltakar frå NMK Vikedal i den første NM-runden for crosskart på Finnskogen i helga. Etter 3. plass, 2. plass og 1. plass i dei innleiande omgongane var Ingve Andrè klar for A-finalen. Den vart spennande og Ingve Andrè kjørte seg opp til ein 2. plass. Løpet var og første runde i NEZ-cup. Søndag var det sprintløp (bakkeløp) men då vart det berre 12. plass på Ingve Andrè.
-- Les meir på crosskart.no --

Minner og om førarvakter som skal sendast innan fredag
Frist for innmelding av vakter til 2-dagarsløpet 13. og 14. juni er fredag 29. mai og skal som sist meldast til Vivian Stuvik, e-post kvstuvik(a)online.no eller tlf. 91147767. Førarane får 3 timar dugnad for kvar vakt dei melder til Vivian. Desse timane er uavhengig kor lenge vaktene jobbar. Ledige plasser er gule i vaktlista som du finn link til under her.
-- Oversikt over "vakttimane" etter første løpet --
-- Siste oppdaterte vaktliste for 2-dagarsløpet -

Hugs trening for bil lørdag 30. mai (pinseaften)
Det blir trening for bil mellom kl. 10.00 og 14.00 på lørdag. Frammøte i god tid før slik at innsjekk og teknisk kontroll er gjort før treninga startar.
Har du spørsmål, kontakt Ingvar Auestad, tlf. 98030934

Fleire bilder frå NM-runden på Bollandsmoen i Melhus 

Her er restene av Focusen etter rundkastet på målstreken i 2. omgong på Bollandsmoen. I taket over B-stolpen heng ein bolt m/mutter frå rekkverket han seilte på. Nærbilde finn du på www.rallycross.no
Fleire bilder finn du her .... 

Linkar til nokre andre bildesamlingar frå NM-runden:
 -- www.rcfoto.net --
 -- Rune Johannesen (m.a. fin bildeserie av rundvelten til Daniel Holten) --
-- www.fotobringa.com -- (velten til Daniel skjedde i 1. omg.)

Pressemelding:
Til topps i debuten
Daniel Holten gjekk heilt til topps i juniorklassen under NM-opninga på Melhus i helga. Ernst Holten Leifsen blei nummer 10 i sin klasse, medan Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie ikkje greidde finalar.
-- Les meir --

Dugnadstimar for å skaffa vakter 
Dei som var flinke og skaffa vakter til dei første løpa, har fått dugnadstimar for det. Som de ser var ikkje alle like flinke, men på neste løp må alle vera flinke. Då skal det kjørast BC og RC begge dagar, samt at dei som kjører NM er i Kristiansand. Vi får dermed ingenting gratis med aktive som er "ledige". Frist for innmelding av vakter til 2-dagarsløpet 13. og 14. juni er 29. mai og skal som sist meldast til Vivian Stuvik, e-post kvstuvik(a)online.no eller tlf. 91147767
-- Oversikt over "vakttimane" --

Pressemelding:
Klare for NM-opning
NMK Vikedal førarane Daniel Holten ( t.v.), Geir Harald Skeie, Ernst Holten Leifsen og Bjørn Magne Moland Enge, stiller alle til start under NM-opninga på Melhus til helga.
-- Les meir --

Pressemelding:
Suksess på heimebane
NMK Vikedal sine førarar la beslag på alle plassane i A-finalen i bilcross, som Ørjan Strand Eikeland vann til slutt. Aleksander Presttun vann juniorklassen, medan Steinar Stokke og Håvard Helland gjekk til topps i rallycross.
-- Les meir --

Tilleggsreglar, bilcross 1. mai
 Foreløpig startliste, bilcross 1. mai

 Resultater, bilcross 1. mai

 Tilleggsreglar, rallycross 2. mai
 Tilleggsreglar, bilcross jr. klubbløp 2. mai
 Foreløpig startliste, rallycross + BC jr. klubbløp 2. mai 

 Resultater, bilcross jr. 2. mai
 Resultater, rallycross 2. mai

 Publikumsinformasjon - tidsplan

Fitjar-buane best av NMK Vikedal-førerane i rallycross
I rallycross o/2400 gjekk Håvard Helland til topps etter at Geir Harald Skeie fekk tekniske problemer i finalen. I klassen inntil 2400 kjørte Arild Vik inn til andreplass i debutløpet med sin nye Volvo 240 bak Steinar Stokke.


 I klubbløpet for bilcross junior var det Daniel Holten som var suveren. Han vann framfor Sveinung Holten Leifsen (t.v.) og Lars Martin Eikeland.

--
Resultater, bilcross jr. 2. mai --
-- Resultater, rallycross 2. mai --
-- Uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet --

Rein NMK Vikedal-finale i bilcross
Det vart ein rein NMK Vikedal-finale i dagens bilcrossløp. Ørjan Strand Eikeland gjekk til topps framfor Hallvard Finnvik og Leif Egil Olsen. Det vart ein tett og spennande A-finale, sjølv om Ørjan drog litt i frå i teten, var det hard kamp om dei andre plasseringane.
          I juniorklassen vart Trygve Hustvedt Lærdal beste NMK Vikedal-førar på sjetteplass. Han låg ei stund på tredjeplass, men fekk problemer i finalen og vart sistemann.
--
Resultater, bilcross 1. mai --
-- Uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet --

Pressemelding:
Over 100 påmelde til sesongopning

Til helga opnar sesongen på Vikedal Motorbane, med andre runde i Vestlandsmesterskapet. Geir Harald Skeie, Hallvard Finnvik, Ernst Holten Leifsen, Sveiunung Holten Leifsen og Daniel Holten er best i gong av NMK Vikedal sine førarar etter ein runde.
-- Les meir --

1. runde i VM for motocross på Helganes
VM for motocross starta sist helg på Helganes på Karmøy. NMK Vikedal var representert i fleire klassar og du finn referat, bilder og resultater her ...

Startbekreftelse på SMS
Alle deltakerar som har oppgitt mob. tlf. nr. på påmeldinga, har måndag kveld fått startbekreftelse på SMS. Dei andre bør oppgi mob. tlf. nr. neste gong ettersom meir av kommunikasjonen med medlemmer og deltakerar vil skje på SMS framover. Enkelte har oppgitt andre sine mob. tlf. nr. og dei vil då ikkje få informasjonen.

Skuffande tilbakemelding frå førerane om vakter
Det har vore skuffande lite tilbakemelding frå førerane om potensielle vakter. Det manglar fortsatt ein del brann- og flaggvaktar, så dei som har namn på aktuelle vakter kan senda dei snarast på e-post til Vivian Stuvik, kvstuvik(a)online.no

Dugnad lørdag 25. april
Det blir dugnad lørdag 25. april frå kl. 10.00. Arbeidsoppgåvene blir klargjering av anlegget til løp, rensking av grøfter med gravemaskin, steinplukking og spikring av terrasse. Dei som gjer det bra i spikerkonkurransen på 17. mai bør ta med hammar og nytta muligheten til ein treningsdag før 17. mai. Kontaktperson ved spørsmål er Lars Reidar Frøyland, tlf. 91332202

Hallvard Finnvik og Geir Harald Skeie til topps
Hallvard Finnvik og Geir Harald Skeie vann kvar sine klassar i sesongopninga i Vestlands- mesterskapet i bilcross og rallycross i Bergen lørdag 18. april.
-- Les meir --

-- Komplett resultatliste bilcross --
-- Komplett resultatliste rallycross --


Hallvard Finnvik var suveren i bilcross-klassen med sin spesielle Toyota MR2 i Bergen

Mange deltakerar frå NMK Vikedal i Bergen
Heile 28 deltakerar stiller for NMK Vikedal i den første VM-runden i Bergen lørdag 18. april. Det er 6 som stiller i bilcross junior, 9 i bilcross senior og 13 i rallycross. 1. omgong startar kl. 10.00. Startliste og tilleggsreglar finn ein på NMK Bergen sine heimesider. Vi ønskjer alle våre medlemmer lykke til.

Hugs påmelding til første VM-runden i Bergen
Hugs at påmeldingsfristen til første VM-runden i Bergen 18. april går ut onsdag 8. april. Ein del rallycross-førerar frå NMK Vikedal er alt påmeldt.
-- NMK Bergen sine heimesider --

40 aktive førerar på den første biltreninga
Heile 40 aktive stilte opp for å få bort litt rattrust på den første treninga for bil.
 
Fleire bilder og kommentarar her ...

Glenn Olav og Silje vann bryllupsfeiring
Glenn Olav Lothe og Silje Digernes vann konkurransen om det store frieriet som Radio Haugaland står bak. No får dei eit komplett bryllup til ein verdi av kr. 150.000,-. Ifølge informerte kjelder går Glenn Olav nå berre under namnet "Romantikaren", og det skjemmer vel ingen.
-- Link til Radio Haugaland

Hugs trening for bil lørdag 4. april (palmelørdag)
Har du spørsmål, kontakt Ingvar Auestad, tlf. 98030934

Rydding og maling på første dugnaden
Frammøte var vel ikkje overveldande på den første dugnaden (rundt 15 frammøtte), men innsatsen var god frå dei som møtte og det vart gjort ein god del arbeid. Kontaineren vart fylt med boss frå heile baneområdet, vaktpostane vart malt, oppmåling for utviding av terrassen og rullestolrampe til klubblokale vart gjort slik at innkjøp at materialer kan gjerast pluss ein del andre småting.

Første offisielle dugnad lørdag 28. mars
Det er på tide å få klargjort anlegget til sesongstarten. Lørdag 28. mars kl. 10.00 blir det dugnad med fokus på klargjering til sesongen. Ein del arbeidsoppgåver er tildelt personar der dei har ansvar for å skaffa medhjelperar til å fullføra oppgåva. I tillegg blir det generell rydding på heile baneområdet.
Kontaktperson er Lars Reidar Frøyland, tlf. 91332202

Arbeidsoppgåver framover:

  • Nytt alternativspor i ytre målsving med betongskille - Glenn Olav og Svein Bjarte

  • Trekkja ny kabel frå trafo til kioskbygg for å få større hovedsikringar. - Vikedal Mur & Anlegg

  • Ny fordeling av kursar/el opplegg på kjøkken. - Per Gaute

  • Setja opp utelys/lysstolpar. - Øyvind E.

  • Grøft i garasjen mellom bygga pluss støyping av golv. - Lars Reidar

  • Flytte/snu startbu. - Øyvind E.

  • Nedkjøring til startplate må renskast og fiksast. - Bjørn Tore

  • Veranda/handicapinngong pluss ferdigstille bygg  - Hallvard Finnvik og Tor Egil Mæland

  • Montere nett på post 7 pluss male alle postane. - Steinar

  • Stigar til alle postar der dette er nødvendig. - Runar

  • Port til garasje. - Marius (Arne Skrunes?)

  • Fikse autovern i bilcross bakke (snu retning på venstre side)

  • Fikse autovern ved startplate

  • Diverse maling på bygningar pluss fikse opp uteområder, blomster etc.

  • Klippe plenar før løp. - Sveinung H Leifsen og Daniel Holten

  • Rydde samtlege postar og rundt banen.

Juniorlaget 2009
På treningen 4. april vil vi gjennomføre tidtaking av juniorlaget. Det vil bli gjennomført likt som tidligare med ein oppvarmingsrunde og deretter 2 omgangar, kor beste tid blir teljande. Dei 3 beste kvalifiserer seg på juniorlaget, men det skal vera minst ein av kvart kjønn. Dei 3 neste på tidkjøringa, blir ikkje med på juniorlaget, men får sponsa turen til Bergen 18. april som er 1. runde i VM. Etter tidtakinga vil vi informera om organisering av løpa og praktiske detaljer som maling, sponsormerker osv. Vi håpar difor flest mulig av juniorane er til stades den dagen. På løpet 1. mai tar vi ut dei 3 neste som skal være med på juniorlaget, same fordeling av kjønn med minst ein av kvart kjønn.

Første treninga for bil vert lørdag 4. april
Ettersom første VM-runden går første lørdag etter påske, blir einaste treninga før det løpet palmelørdag, 4. april. Alle treningsdatoane ligg nå under "Treningar" i menyen til venstre. Hugs at alle lisensar og medlemskap må vera i orden og betalt for at du skal få trena.
Minner samtidig om at MX-treningane blir kunngjort på MX-gruppa sine heimesider, sjå link i raudt på toppen av sida.

Arrangementskomiteen i arbeid med vakter
Arrangementskomiteen er godt i gong med planlegginga av den første løpshelga. Mange vil etterkvart får spørsmål om å vera vakt eller å hjelpa til med å skaffa vakter. Vi håpar dei som blir spurt er positive og er med og bidrar slik at arbeidet og planlegginga går greitt for alle partar.

Pressedekning på statusløp
For å støtta aktive medlemmer i satsinga deira og profilera klubben i media, vurderer hovedstyret å laga ein felles presseteneste i samband med statusløp. Statusløp er EM-, NM-rundar og NEZ- og NC-løp for rallycross/crosskart og landsfinalane for bilcross, men kan og vera andre løp av spesiell interesse.
    Alle aktive vi har e-postadressa til, fekk ein e-post om dette med litt meir forklaring seint onsdag kveld. Dersom det er nokon som ikkje har fått den, kan sende ein e-post til rcn(a)nmk-vikedal.net med e-postadresse og gjerne mob.tlf. nr., så skal vi få sendt ut informasjonen.

19 bilar på første kontrollen i Haugesund
19 bilar frå ymse klassar møtte til den første tekniske årskontrollen i Haugesund lørdag. Utmerka service frå Ingvar med kaker, kaffi og pølser gav ei god stemning på kontrollen. Neste og siste mulighet blir på Suldal Billakkering lørdag 21. mars frå kl. 10.00

Teknisk årskontroll 7. mars KUN i Haugesund
På grunn av mangel på tekniske årskontrollantar, går den tekniske årskontrollen i Sandeid 7. mars ut. Lørdag 7. mars frå kl. 10.00 - 14.00 blir det berre kontroll hjå Saltvedt AutoGrip på Solvang i Haugesund. Kontrollen 21. mars hjå Suldal Billakkering i Sandeid går som planlagt. Dei som har behov for å kjøra ut bilen dagen/kvelden før pga. at ein deler hengerar, kan kontakta Ingvar Auestad på tlf. 98030934 og avtala tid, så vil han låse dei inn for natta.
     På grunn av problema med tekniske årskontrollantar, oppmodar vi alle om å stilla på dei to oppsette kontrollane. Det kan bli vanskeleg å få kontrollert bilen utanom desse før treningane og løpa startar.

Treng bil til H-lisenskurs
Knut Vidar Stuvik, som skal delta på H-lisenskurset, har ikkje kjøpt rallycrossbil enno og lurer på om det er nokon som er villig til å leiga han ein bil slik at han får tatt kurset. Bilen må vera klar med lisens for 2009 til praksisdelen av kurset som etter planen går lørdag 21. mars. Kan du hjelpa han på nokon måte, ta kontakt på e-post kvstu(a)statoilhydro.com.

NMK Vikedal klar for Grasrotandelen
NMK Vikedal er no registrert i Frvillighetsregisteret og dermed klar for å få vår andel av Grasrotandelen. Grasrotandelen er ein pott på 5% av alle spel i Norsk Tipping unntatt Flax og Extra. Kvar spelar bestemmer sjølv kva lag/organisasjon som skal få 5% av deira innsats. Det er difor viktig at alle motorsportsinteresserte registrerer seg med NMK Vikedal som mottakar av deira Grasrotandel og sjølvsagt får flest mogleg andre til å gjera det same. Basert på fjorårets omsetning, skal rundt 10 mill. fordelast frå spelerar på Haugalandet/Stord/Fitjar. Registreringa startar 1. mars, men omfattar alt det er spelt for i 2009.
Les meir om Grasrotandelen ved å klikke på logoen.

MX-gruppa tek i bruk eigne heimesider
For å betra informasjonsflyten frå MX-gruppa, vil dei nå ta i bruk sine eigne heimesider der dei vil leggja ut større og mindre saker. Viktige saker som er av interesse for alle vil bli lagt ut her i tillegg. Du finn dei nye sidene ved å velja linken over. 

Erik Skrunes på treningsleir med NTG til USA
Erik Skrunes har fått tilbod om å reisa med NTG og Roy Snellingen på eit fem vekers langt treningsopphald til California. Her skal han køyre motocross nesten kvar dag. Samtidig skal dei utføre ein del barmarks trening.
- Dette er jo ei enorm fin oppkjøring før sesongen. Sjølv om eg ikkje har forberedt meg på same måten som dei andre ettersom eg kom seint inn i bildet med tanke på denne turen, seier Erik Skrunes som gler seg til turen.
- Det koster jo ein del, men eg følte eg ikkje kunne takke  nei til eit slikt tilbod.
-- Les meir --

Teknisk kontrollantkurs, bil
NMK Vikedal treng fleire som kan vera med som tekniske kontrollantar for bil på treningar, løp og på årskontrollane. Det blir difor halde kurs for dette i Haugesund hjå Saltvedt's Auto Grip 14. mars (ny dato) lørdag 28. februar. NMK Vikedal dekkjer kursavgifta for dei som er interessert og tek lisensen. Interesserte kan kontakta Martin Tveit, tlf. 48112123 eller e-post mtve(a)broadpark.no

H-lisenskurs for senior 2009
Dei over 18 år som ønskjer å kjøra rallycross eller bakkeløp, må gjennomføra eit lisenskurs for å få H-lisens. Dei som har kjørt bilcross (min. 6 løp), treng berre teoridelen, medan dei andre og må ta ein praksisdel. Teorikurset går onsdag 18. februar kl. 19.00 i Vikedal, medan praksis blir lørdag 21. mars. Påmelding innan 13. februar til Sivert Ole Holten, tlf. 905 47433 eller e-post sivert.ole(a)holtenmedia.no. Kursavgifta er kr 800,- for teorien og kr 500,- for den praktiske delen.

Teknisk årskontroll for bil 7. mars
Det blir teknisk årskontroll lørdag 7. mars kl. 10.00 - 14.00 hjå Saltvedt's Auto Grip i Haugesund og Suldal Billakkering i Sandeid. For dei som ikkje har lest reglane og endringane i rødt i Bilsportboka, blir det ein ny sjanse hjå Suldal Billakkering lørdag 21. mars kl. 10.00 - 14.00. Kontrollavgifta er sett til kr. 100,- på desse kontrollane, medan prisen er kr. 300,- pr. bil for kontrollar utanom desse tidspunkta (dersom det passar for kontrollantane).

VM i motocross 2009
Lørdag 10. januar var det arrangørkonferanse for VM i motocross på Stord. Hovudendringane frå tidlegare år er:
1. Det blir kjørt eget Vestlandsmesterskap i speedcross med 3 runder. Her er
    ikkje alt klart med tanke på klassar, oppvisningsklassar
mm. Det skal dei
    aktuelle arrangørklubbane bli enige om.
       1. runde: Sauda 27. - 28. juni
       2. runde: Sotra 5. - 6. september
       3. runde: Stord 10. - 11. oktober
2. Det blir kjørt eige Vestlandsmesterkap i motocross med 5 rundar.
       1. runde: Karmøy 25. - 26. april
       2. runde: Byberg 30. - 31. mai
       3. runde: Elgane 6. - 7. juni
       4. runde: Vikedal 15. - 16. august
       5. runde: Stord 12. - 13. september
          OBS: Løpsdatoane er uoffisielle inntil dei er godkjent av NMF.

3. Eigen dameklasse som kjører i eige heat, MX Damer 13 år + (premiering og
    poeng for 85 ccm og 125/250).
4. I motocross blir 8 av 10 heat teljande, og ikkje 4 av 5 løp.
5. Det vil bli premiering av vinnaren av B-finalane.

Lisenskurs for junior 2009
Det blir junior kurs i vår som vanleg. Kurset er det same om vil kjøra bilcross eller hastighet (rallycross/bakkeløp). Teoridelen går på Haugaland Vidaregåande skule torsdag 26. februar kl. 16.00. Kontakt Steinar Høyvik, tlf. 90061073 eller higre(at)online.no for informasjon og påmelding. Påmeldingsfristen er 14. februar.
     Praksisdelen er planlagt til lørdag 21. mars kl. 09.00. Nærmare informasjon om dette blir gitt på teoridelen av kurset.
     Alle som fyller 15 år i 2009 eller er eldre, kan delta på kurset og løysa lisens. Dei som fyller 16 år i år kan delta i løp, medan dei som fyller 15 i år må nøya seg med å trena, men får lov å delta i klubbløp. Merk at berre medlemmer i NMK Vikedal kan delta i klubbløpa i Vikedal. 

Terminlista for bil i 2009
Terminlista for sesongen er foreløpig ikkje heilt fastlagt. Etter jul har Bilsportforbundet flytta Norgescuprunden på Momarken i september. Dermed kan det kanskje bli endringar på løpa som var tenkt i september og oktober slik at det passar best for alle partar. Det kan dermed vera lurt å venta litt med planane for hausten.

Godt år for NMK Vikedal i fjor
Rekneskapet viste at 2008 hadde vore eit godt år for NMK Vikedal. Eit par store rekningar som ikkje var mottekne før året gjekk ut, gjorde at overskotet vart heile 428.836,21 kr. Inntektene var på kr. 1.695.529,11, medan utgiftene var på 1.266.692,90.
       Gode løp med fint vær, godt med publikum, mange deltakerar, mange bud og utbetalte spelemidlar drog alle opp inntektene slik at resultatet vart så bra.

Mange tillitsvalde blir med vidare i 2009
Det vart forholdsvis lite utskiftingar blant dei tiilitsvalde etter årsmøtet i Sandeid. Hovedstyret fortset nesten uendra. Lars Reidar Frøyland bytter komite frå bil til anlegg, medan Martin Tveit tek over som leiar i bilgruppa.

Nyhetene frå i fjor (2008) finn du ved å følgja linken øverst i høgre hjørne.


holtenmedia

motormania.no



Hovudsponsor:



Sponsorar:

Knapphus Bensinstasjon AS

Vikedal Mur & Anlegg AS

Suldal Billakkering - tlf. 52767377

Saltvedt Auto Grip as
Haugesund


Samarbeidspartnerar:

Lokalavisa Grannar