Årsmøte
fastsett til lørdag 13. november
Årsmøtet vert i år på
Meieripuben i
Ølen lørdag 13. november. Innkalling med sakliste
er rett rundt hjørnet. Valkomiteen er i arbeid, så vi oppfordrar
alle til tenka gjennom om det er noko dei kan bidra med. Har du
forslag på kandidater, deg sjølv eller andre, ta i
så fall kontakt med Ole Sigve Leifsen, tlf. 98283790.
Nye
annonser på "Kjøp & sal"-sida
Det er stadig nye annonser på "Kjøp
& sal"-sida. Siste ut er Focus'en til Svein Bjarte.
Les annonsene her ...
Vinnerar
i NMK Vikedal sitt lotteri 2004
Komplett trekningsliste finn du her
...
Landsfinalen
i BC til NMK Ringsaker
NMK Ringsaker skal stå som arrangør
av landsfinalen i bilcross 2005 på Krabyskogen Motorbane
ved Gjøvik.
Pressemeldinga
etter VM-finalen på Eikås
--
Les pressemeldinga --
--
Sluttresultata i VM --
Knut
Endre vann og Aleksander nr. 3 på Eikås
Etter seier også i siste runde, vann Knut Endre
Fønnebø Ringhagen det uoffisielle
Vestlandsmesterskapet for bilcross junior. Aleksander S.
Eikeland vart nr. 3, men det var ikkje nok til å ta igjen
Johan Andrè Øverland samanlagt. Aleksander vart
dermed nr. 3 samanlagt bak Johan Andrè, som måtte
står over siste runde etter motorhavari sist helg. Eirik
Aasbø vart nr. 11 på Eikås og nr. 7 totalt.
Svein
Bjarte og Terje nr. 2 i VM-avslutninga
I finalerunden på Eikås på
lørdag vart dei siste VM-medaljane fordelte. I rallycross
nasjonal inntil 2400 ccm var det 2 gjeste-førerar frå
Valdres som tok topplassane i løpet. Per Ivar Søndrol
vann framfor Frode Leirhol, begge i VW. Jens Olav Bertelsen
sikra sigeren i samanlagt i VM med å bli nr. 3. Ettersom
Sigmund Lutsi ikkje vart betre enn nr. 10, sikra Ernst Roald seg
2. plass samanlagt etter 6. plass i løpet, berre 1 fattig
poeng framfor storebror Sigmund.
I store nasjonal var
Ørjan Lutsi storfavoritt også denne gong. Han var
også best etter innleiande omgangar, men eit drivakselbrot
gjorde at det berre vart 6. plass denne gongen. Dermed var det
Roger Kalstad som kunne gå til topps framfor Terje
Steinnes og Håvard Helland. Men VM vann Ørjan
suverent framfor Roger Kalstad og Håvard Helland.
Etter smellen sist helg, måtte
Svein Bjarte reisa til Eikås utan Focusen. I staden skulle
han kjøra Golfen til Bjørn Småmo. Dermed
kunne Knut Erik Ludvigsen forholdsvis enkelt dra i land seieren
og sikra seg andreplass i VM. Ole Kristian Nøttveit var
allereie klar før siste løpet, og med defekt motor
i Mazda'en kunne han roleg sjå på at dei andre
kjempa om plassane. Svein Bjarte vart nr. 2 i løpet og
vart dermed nr. 3 i VM.
Ernst Holten Leifsen var klar som
mester før siste runden. Han klarte ikkje å stå
mot kanonstarten til Jostein Skjerve i finalen og måtte
dermed ta til takke med 3. plass i avskjedsløpet med
Volvoen. Øystein Verlo, som vart nr. 2 i løpet,
har no overtatt bilen til Ernst.
Pressemeldinga
etter finaleløpet i NMK Vikedal cup
--
Les meir --
Resultater
frå løpet på søndag
--
Resultatliste for løpet --
--
Sluttstillinga i NMK Vikedal cup --
Foreløpig
startliste 10. oktober
(Dei som meiner det er feil eller manglar i startlista
kan kontakta Svein Erik på 90895398)
Årsmøte
fastsett til lørdag 13. november
Årsmøtet vert i år i
Ølen lørdag 13. november. Innkalling med sakliste
kjem seinare. Valkomiteen er i arbeid, så vi oppfordrar
alle til tenka gjennom om det er noko dei kan bidra med. Har du
forslag på kandidater, deg sjølv eller andre, ta i
så fall kontakt med Ole Sigve Leifsen, tlf. 98283790.
Tidsplan
for løpet på søndag
Start 1. omgang vil bli fremskynda slik at den
startar rett etter kl. 12.00 sjølv om starten er
annonsert til 12.30. Vi skal gjera det vi kan for at løpet
skal gli greit unna, men med så mange deltakerar vil det nødvendigvis
ta litt tid. Går alt greit utan for mykje tauing og stopp,
skal siste finale vera i mål ca. kl. 17.00.
Lotteri
og retur av loddbøker
Lotteriet vårt skal trekkjast etter løpet
på søndag. Alle medlemmer som har loddbøker,
selde og uselde, må syta for at desse vert levert
til Lajla S. Eikeland seinast kl. 12.30 på søndag.
Ho vil bl.a. vera tilstades ved innsjekk for førerane.
Pressemeldinga
før løpet
er no lagt ut
--
Les meir --
Tilleggsreglane
er no lagt ut
Klikk på plakaten over så
kjem du til løpssida der du finn tilleggsreglane i
pdf-format.
Over
80 påmeldt til BC/RC-løpet
Antall påmeldte til finalen i NMK
Vikedal cup har no passert 80. Følg linken over for
å sjekka kven som skal delta.
Dugnad
motocross mandag 4. oktober
Det blir dugnad mandag 4. okt. frå
kl. 16.30 for oppsetting av sikringsgjerde på MX banen.
Dette kan være greit å ta med: Hammar, stikksag,
blyant og batteridrill m/bits. Spørsmål kan rettast
til anleggskomiteen v/Jan Otto, tlf. 53756716 eller 95219690
Værsting
cup 2004
Sidan det ikkje blir noko runde i Sunnfjord i år, er det
no bestemt at siste runde vart kjørt i Bergen sist helg
og alle rundane tel i samandraget. Endeleg resultatliste er no
oppdatert, og vinnerar vart Knut Endre Fønnebø
Ringhagen i bilcross junior og Per Arne Blindheim i senior.
Premiane vert utdelt i Vikedal under løpet 10. oktober.
--
Fullstendig resultatliste --
Vakter
til Vindafjord Country i Ølen 9/10
NMK Vikedal har sagt seg villig til å skaffa 5 vakter til
Vindafjord Country i Ølen 9. okt frå kl. 21.00 til
02.30. Dette skal vera mannfolk over 18 år som kan vera
ordens-/dørvakter. Dei som er interessert i å gjera
ein jobb slik at NMK Vikedal kan få litt inntekter, kan
kontakta Tom Jøran på tlf. 908 64727.
Dugnad
onsdag 6. oktober
For å kunne tilby gode forhold til deltakerar og publikum
på neste løp, vert det dugnad onsdag 6. oktober frå
kl. 17.00 og utover. Aktuelle oppgåver er fjerning av
stein i banen, klypping av kratt, rydding o.l. Det hadde vore
fint om dei som har ryddesager kan ta dei med. Husk verneutstyr.
Steinar kan gi meir informasjon på tlf. 90061073.
Knut
Endre og Terje til topps i Bergen
Knut Endre Fønnebø Ringhagen vann bilcross jr. i
Bergen laurdag framfor Aleksander S. Eikeland. Aleksander vart
eigentleg nr. 2 i
B-finalen bak Johan Andrè Øverland, men Johan Andrè
gløymde å kjøra innom alternativsporet i
B-finalen, og dermed fekk Aleksander plassen i A-finalen. Christian S.
Eikeland vart nr. 5. I bilcross senior vart Glenn Olav Lothe nr. 11, medan Terje
Steinnes gjekk til topps i rallycross nasjonal over 2400. Me
kjem tilbake med meir når me får fullstendige
resultatlister.
Mange
frå NMK Vikedal til Bergen i helga
Heile 14 deltakerar frå NMK Vikedal tar turen til Eikås
til bilcross- og rallycrossløpet laurdag. 8 av dei 23
deltakerane i bilcross jr. kjem frå NMK Vikedal. I tillegg
er det 4 deltakerar i bilcross og 2 i rallycross nasjonal. Løpet
er 4. av 5 rundar i Værsting cup 2005. Siste runden går
i Vikedal 10. oktober. Vi kjem tilbake med resultater etter løpet.
2
Vestlandsmestrar klare
Både Ørjan Lutsi og Ernst Holten Leifsen er klare
som Vestlandsmestrar etter nest siste runde i
Vestlandsmesterskapet 2004
-- Les
pressemeldinga her --
Våt
Vestlandsmesterskapsrunde
Pressemelding og bilder kjem litt seinare. Resultatlista finn du
her ...
Vinnerane frå helgas løp, f.v. Ernst Holten Leifsen
(super o/2000), Ole Kristian Nøttveit (super i/2000),
Johan Andrè Øverland (BC jr.), Ørjan Lutsi
(RCN o/2400) og Sigmund Lutsi (RCN i/2400) pluss 2 frå
neste generasjon Lutsi.
Informasjon om
VM-runden 19. september
Foreløpig
startliste 19. september
Husk påmelding til løp i Bergen neste helg
Påmeldingsfristen til løpet i Bergen lørdag
25. sept. går ut tirsdag 21. sept.
Tilleggsreglane for 19. sept. er no tilgjengelege
På grunn av feil i linken har ein fått fram
tilleggsreglane for løpet i april. No er dette retta, og
rette tilleggsreglar er no tilgjengelege på
informasjonssida for løpet (klikk på plakaten
over).
Bakkeløp
på asfaltbanen på Klepp 18. sept.
KNA Stavanger arrangerer bakkeløp på asfaltbanen på
Klepp dagen før VM-runden i Vikedal. Benytt sjansen og få
med deg 2 løp same helga. Meir info. om bakkeløpet
finn du her
...
Bakkeløpet
på Frakkagjerd flytta til Vikedal
De planlagte bakkeløpet på Frakkagjerd 10. oktober,
er omgjort til ordinert BC/RC-løp og blir kjørt i
Vikedal. Årsaken til dette er litt problemer med
velforeininga på Frakkagjerd.
Kjøp
& sal-sida oppdatert med annonser
-- Les annonsene --
Svein Bjarte Holten nr. 7 i NM-runden i Melhus
Etter problemer med dei våte forholda i 2. omgang, steig
humøret mange hakk etter at det vart 6. bestetid i dagens
3. omgang. Dermed vart det plass i dagens C-finale. Etter seier
der og fin kjøring i B-finalen, vart det 7. plass, ein
plass opp i forhold til sist. Dermed bør A-finaleplassen
vera innan rekkevidde i siste NM-runden på Momarkedet om
14 dagar. Han held fortsatt 8. plass samanlagt i NM, og har gode
muligheter til å gå forbi Tommy Sølvberg som
er nr. 7. Ole Kristian Nøttveit, NAF Nord-Hordaland, kjørte
inn til sin første NM-rundeseier, og blanda seg med det
inn i kampen om NM-medaljane. Knut Erik Ludvigsen frå NMK
Bergen leiar, men er berre 8 poeng framfor Johny Sandmo nede på
6. plass. Dermed vert det ein spennande avslutning på NM på
Momarkedet den 3. og 4. september.
Ernst Holten Leifsen
vart nr. 29 etter å ha slite med understyring heile helga.
Kjell Arne Smerud, NMK Hadeland, vann sin fjerde strake
NM-runde.
Pressemeldinga
etter bilcrossløpet i Vikedal
Øverland
i jr. og "Higrane" i senior
Det var Johan Andrè Øverland som trakk det lengste
strået i bilcross jr. i dag. Stian Lilleskog kom nærmast,
med Joakim B. Hansen på tredje, alle NMK Vikedal.
Johan Andrè Øverland på toppen, Stian
Lilleskog på andreplass til venstre og Joakim B. Hansen på
tredje til høgre.
Ettersom vinnaren av sist løp, Arild
Riise, stod over i dag, måtte "gamlekarane" i
Higre-teamet trø til, noko dei gjorde til gangs. Best av
alle var Lars Reidar Frøyland med sjefs-Higre Steinar Høyvik
på andreplass og Martin Tveit på tredje. Alle dei 9
beste representerte forøvrig NMK Vikedal.
Lars Reidar Frøyland på toppen, Steinar Høyvik
til venstre og Martin Tveit til høgre.
Komplett
resultatliste
Stillinga i
Værsting cup
Stillinga
i NMK Vikedal cup
Pressemeldinga
før løpet i Vikedal
Pressemeldinga
etter VM-runden i Førde
Dugnad
onsdag og lørdag
Det blir dugnad onsdag 11. frå kl. 18.00 og lørdag
14. august frå kl. 10.00. Aktuelle arbeidsoppgåver
er preparering av banen, kantklypping (ta med motoriserte ljåar
dei som kan), maling og anna klargjeringsarbeid før løpet. Ved spørsmål,
kontakt Steinar på tlf. 90061073.
2
x tredjeplass for Holten Motorsport i Førde
Det vart tredjeplass både på Svein Bjarte Holten og
Ernst Holten Leifsen i bakkeløpet i Førde på
laurdag. Det var Ole Kristian Nøttveit og Knut Anders
Gulliksen som vann dei to supernasjonalklassane. Me kjem tilbake
med meir info. når pressemeldinga frå VM kjem.
Ferien
over for motocross-folket
Ferien er over for motocross-folket, og vi startar opp igjen med
treningane laurdag 7. aug. kl. 12.30 som vanleg.
Berre
4 frå NMK Vikedal til bakkeløpet i Førde
Det er berre 4 deltakerar frå NMK Vikedal som er påmeldt
til VM-runden i Førde i Sunnfjord til helga. I RCN over
2400 er Terje Steinnes i Volvo 360 og Jostein Hannisdal i Volvo
PV påmeldt. Det er 4 deltakerar i klassa, der Roger
Kalstad frå arrangørklubben nok er favoritt.
I tillegg skal Holten Motorsport delta
med begge bilane. Begge kan vera med og kjempa om seieren, og
Svein Bjarte Holten har og mulighet til ein pallplassering i
samandraget i bakkeløpscupen. I tillegg er det viktig også
for Ernst Holten Leifsen å få med så mange
poeng som mogleg til samandraget i Vestlandsmesterskapet. Totalt
i VM leiar Ernst den store supernasjonalklassen, medan Svein
Bjarte ligg på andreplass etter Knut Erik Ludvigsen.
Ludvigsen og Tommy Bakkerud deltar ikkje i Førde, men er
i Belgia for å delta i supportklassen til EM-runden der.
Pressemelding og startliste finn du på
desse sidene:
--
Vestlandsmesterskapet si heimeside --
-- NMK
Sunnfjord si heimeside --
Knut
Endre F. Ringhagen nr.
8 i Smådølfestivalen
Knut Endre var ikkje heilt nøgd med 3. plass i
B-finalen, men slo fast at det iallefall var betre enn i fjor i
sama løpet då han vart sist i B-finalen. Jens Idar
Juel hamna akkurat utanom finalane etter ein liten tur i
terrenget i 4. omgang. Han vart dermed nr. 12 av 20 deltakerar.
Vått
street legal stemne på Husøy
Søndag vart det arrangert street legal stemne på
Husøy på Karmøy. Nokre voldsomme regnbyger
la ein dempar på stemninga i starten, men etterkvart vart
det litt lettare. Dermed steig blårøyken friskt
under dekkvarminga utover dagen til glede for dei ca. 1.000
tilskuerane som var innom i løpet av dagen.
Mercedes 500SE mot Pontiac Firebird i Street-klassen der ein
kvalifiserer seg med reaksjonstid før ein kjører
mot ei idealtid ein bestemmer sjølv. Dermed kan ein nå
lang med alle slags bilar.
Plymouth Barracuda mot Dodge Challenger i Bad Boys-klassen.
Dodgen vann, og hadde 8.0 s. som beste tid over 201 meter.
Rune
Lutsi nr. 7 på Gol
Rune Lutsi fekk det beste resultatet av våre
deltakerar på Gol i helga. Etter 2 andre-, tredje- og
fjerdeplass i innleiande omgangar vart det fjerde startspor i
C-finalen for RCN i/2400 ccm. Denne vann han og i B-finalen kjørte
han inn til andreplass. Espen Kerim, NMK Konsmo, vann klassen
som hadde 38 deltakerar.
I RCN o/2400 var Jostein Hannisdal i
sin Volvo PV kvalifisert til C-finalen etter 3 tredjeplassar og
fjerdeplass. Der vart det tilslutt femtaplass. Stein Svardal,
NMK Konsmo, vann i Porsche, medan Ørjan Lutsi vart nr. 3
i sin Volvo blant 28 deltakerar.
Knut Endre Fønnebø
Ringhagen deltok i bilcross jr., men sleit litt med at motoren
fuskar. Han påstår at det er vanleg at han gjer det
på austlandet. Etter 2 tredje-, andre- og førsteplass
vart det beste startspor i C-finalen. Der måtte han ta til
takke med andreplass, og dermed vart det ein 12. plass på
Knut Endre av dei 44 juniorane. Knut Endre skal delta på
Smådøla-festivalen i Uvdal neste helg, og får
då selskap av Jens Idar Juel frå Tysvær.
-- Fullstendige
resultatlister på NMK Gol sine heimesider --
Kjøp
& sal sidene er tatt i bruk
Det er mange som legg inn annonser på www.nmk.no
når dei skal selja bilar eller anna utstyr. For at dei
skal få ein lokal marknad og vi prøva å halda
flest mulig bilar i distriktet, har vi opna for annonser på
nettsidene våre. Klikk deg inn via "Kjøp &
sal" i menyen til venstre og sjekk kva som er på
marknaden for øyeblikket.
Mange
reiser på løp i sommar
Om det er dei dårlege badetemperaturene som gjer
det er uvisst, men det er fleire som har reist eller skal på
løp i sommarferien. Heile 7 stk. var i Bø no i
helga og denne helga skal Knut Endre Fønnebø
Ringhagen (BC jr.), Rune Lutsi (RCN i/2400) og Jostein Hannisdal
(RCN o/2400) til det
prestisjefylte Goldagsløpet på Fuglehaugen.
-- NMK Gol sine heimesider --
Det går også
rykte om deltakerar i Timesløpet på Rugslandbanen i
Kristiansand. Deretter er det
2-dagarsløp i Kristiansand 7.-8. august, også kalla
"Frontmesterskapet".
-- KAK sine heimesider --
Smådøla-festivalen
bør også vera interessant for dei som vil kjøra
mykje. Den går over 3 dagar 23.-25. juli med trening og 5
omgangar. Er du rask kan du kanskje få plass der. Knut
Endre skal nok dit etter Goldagsløpet.
--
NMK Nore & Uvdal sine heimesider --
For dei som har
eit håp om å delta i Landsfinalen, er absolutt siste
sjanse i Sigdal 7. august der siste kvalifiseringsløp går.
-- NMK
Modum & Sigdal sine heimesider --
Me skal prøve å komme ut med resultata frå løpa
etter kvart som me får tak i dei.
Strålande
innsats av Stian på Rallebanen i Bø
Heile sju NMK Vikedal førere med Team Higre i tet,
satte farge på 2 dagersløpet på Rallebanen i
Bø i Telemark 10.-11. juli.
I bilcross jr. fekk Stian
Lilleskog skikkeleg fart på sekseren i Sierraen sin. Han
kjørte sikkert og godt heile helga, og blei
belønna med 2. plass til slutt. Nok ein Higre deltok, Jens Idar
Juel i sin Golf, med B-finale og 10. plass som resultat etter at han var
på taket ein tur.
Stian Lilleskog på andreplass, Åsmund Ulleberg frå
NMK Kongsberg som vann og Line "Turboline" Holshagen
frå KNA Drammen som vart nr. 3. (Bildet er "lånt"
frå NMK Bø sine heimesider.)
.
I seniorklassa vant bror til
Stian, Jarle Lilleskog, alle sine 3 innleiande omgongar på
lørdag og fekk 3. plass i første omgong
søndag. I siste omgong gjekk det i kjent Jarle stil,
"me gir ikkje med dørene". Når han blei
snurra i siste heat rygga han etter resten, med det resultat at
han blei ståande oppå ein betongkant. I C-finalen
fortsette han i same fart med taking som resultat. Dermed vart
det 14. plass etter at Kristoffer blei svartflagga med 15. plass
som resultat. Per Vidar Flesjå kjørte inn til ein
fin 13. plass. Ellers likte fleire av våre deltaker seg på
taket i Bø. Også Jarle Apeland hadde seg ein tur
på taket og vart nr. 44, medan Jon Magne Fjæra
klarte å halda seg på hjula til og vart nr. 64.
-- Fullstendig
resultatliste på NMK Bø sine heimesider her .. --
Svein
Bjarte nr. 8 i NM-runden på Finnskogbanen
Svein
Bjarte Holten vart nr. 8 i den tredje NM-runde i rallycross som
gjekk på Finnskogbanen i Solør i helga. Det var
heimefavoritten Herbjørn C. Haug som vann klassen i sin
Ford Puma. Knut Erik Ludviksen vart nr. 3 og Ole Kristian Nøttveit
vart nr. 5.
I den
store klassen over 2000 ccm vart Ernst Holten Leifsen nr. 26 i
sin Volvo 240 Evo. Kjell Arne Smerud vann sin tredje NM-runde på
rad. Jostein Skjerve vart beste vestlending med 15. plass. Tommy
Bakkerud har fortsatt litt igjen til Subaruen fungerar optimalt.
Denne helga vart han nr. 29.
--- Les
meir på Motorsportsavisen ---
Pressemeldinga
etter 2-dagarsløpet
---
Les den her ---
Alexander
Eikeland og Arild Riise vann:
Dramatikk
i kval. løpet til landsfinalen
Det vart mykje dramatikk i kampen om plassane til
landsfinalen i Bergen. Blant dei som ikkje klarte målet
var presidenten i Hylkje Rasarlag, Michael Seilen, i sin svære
Oldsmobile. I 5. omgang fekk han svart flagg for varming av dekk
på startplata. Dermed havna han i B-finalen, og etter
punktering måtte han gi opp håpet om å
kvalifisera seg til landsfinalen på heimebanen i Bergen i
løpet i Vikedal.
Alexander S. Eikeland tok
seieren i bilcross jr. etter strålande kjøring
heile helga. Knut Endre Fønnebø Ringhagen, som
vann alle innleiande omgangar, vart nr. 3, bak Kjetil Nybøe,
KNA Haugaland. Johan Andrè Øverland fekk svart
flagg i A-finalen etter eit samanstøt med Karl Helland,
og vart dermed nr. 6. Knut Endre leiar no NMK Vikedal cup
framfor Johan Andrè Øverland. I Værsting cup
deler Knut Endrè leiinga med Karl Helland.
Resultater,
BC junior
Resultater, BC
senior
Resultater,
Rallycross nasjonal
Bilder
frå premieutdelinga (ny)
Foreløpig
startliste for BC/RCN 12. og 13. juni
Meir
informasjon om løpet finn du her...
Du kan melda deg på ved å velga "Påmelding"
i menyen til venstre
Program for helga
Programmet for helga i pdf-format kan du lesa her
... (høgreklikk på linken og velg "Lagre
som" for å laste det ned)
Bilder av banen
Det er nokre førerar som ikkje har kjørt i
Vikedal før som har etterlyst bilder/kart. Bilder av
banen frå tidlegare i vår kan de finna her
...
Pressemeldinga
som er sendt ut før løpet
--- Les
den her ---
Linkane
for NMK Vikedal cup og Værsting cup er aktive
Linkane til reglement og stilling i NMK Vikedal og Værsting
Cup over, er no endeleg aktive. Som kjent skal løpet til
helga inngå i begge cupane. Vi har dessverre ikkje fått
komplett resultatliste for BC jr. frå Egersund enno, men
dei viktigaste er komne med.
Knut
Endre F. Ringhagen på andreplass i Egersund
Knut Endre vart nr. 2 i bilcross
jr. i 1. runde i Værsting cup i Egersund i helga. I senior
klassa var det Glenn Olav Lothe som vart best av NMK Vikedal førerane
med 6. plass, noko
som gir plass i landsfinalen i Bergen den 28. august.
--- Les meir
---
Over
100 påmelde til neste løp
Det er no påmeldt over 100 deltakerar til BC/RCN-løpet
neste helg. Ein god del av desse nyttar og sjansen til å
kjøra 1. runde i Værsting cup i Egersund denne søndagen.
Blant desse er NMK Vikedals Junior Team. Heile 8 av 23 juniorar
kjem frå NMK Vikedal. I tillegg er 5 seniorar påmeldt
løpet i Egersund. Startliste for løpet i Egersund
finn du under "Arrangement" på denne
sida ...
Brukbart
oppmøte på dugnaden onsdag
Det var brukbart oppmøte på dugnaden onsdag
kveld. Men det gjenstår fortsatt mykje arbeid før
alt er klar til neste løp. Vi håpar derfor mange,
spesielt alle deltakerane på neste løp, tar turen
inn enten på lørdag eller onsdag kveld. Me er
spesielt interessert i dei som kan stille med rydningssag for
å rydda busk og kratt i skråningane. Ved spørsmål,
kontakt Steinar på tlf. 90061073.
Presisering
om polstring av velteburet
Enkelte bilar har gått gjennom årskontroll
uten FIA-godkjent polstring der hjelmen kan komme i kontakt med
velteburet. Dette står i punkt 11.2.2.6 på side 120
i Bilsportboken og gjeld både for rallycross og bilcross.
Godkjent polstring kan kjøpast der du får
kjøpt kjøredress og 4-punktsbelter.
11.2.2.6. Beskyttende polstring
På de steder der fører/kartlesers kroppsdeler kan
komme i kontakt med velteburet, skal det monteres ikke-brennbar
beskyttelsespolstring. På de steder der
fører/kartlesers hjelmer kan komme i kontakt med
velteburet, skal polstringen være i henhold til FIA
Standard 8857-2001 type A (sterk anbefaling), FIA Standard
8857-2001 type B eller SFI spesifikasjon 45.1 (minimum). ( Se
FIAs teknisk liste nr. 23 "Roll Cage Padding Homologated by
the FIA")"
Siste
mulighet for trening før løpet
Siste mulighet for trening før løpet blir
onsdag 2. juni kl. 17.00-18.30. Det blir forventa at alle deltar
på dugnad etterpå. Ved spørsmål,
kontakt Svein Bjarte, tlf. 98283791.
Dugnadar
på onsdagane framover
Det vil bli dugnad kvar onsdag framover mot 2-dagarsløpet
i juni. Det gjeld onsdag 26. mai, 2. og 9. juni. Det er snekkerarbeid, maling, steinplukking osv. som står
på arbeidslista. I tillegg vil det bli dugnad laurdag 5.
juni med den siste klargjeringa før løpet. Ved spørsmål,
kontakt Steinar på tlf. 90061073.
Svein
Bjarte nr. 10 i NM-runden i Bergen
Det vart ein ny 10. plass på Svein Bjarte Holten i
Bergen i helga. Etter 4. beste tid i første omgang, småproblemer
i 2. omgang og ei ny 4. tid i 3. omgang vart det beste startspor
i B-finalen. Svein Bjarte kom ut på 3. plass ut frå
start bak Herbjørn C. Haug og Stein Svardal. Forholdsvis
raskt etter start punkterte støtdemparen på venstre
side framme, så Focus'en vart nærmast ukjørbar.
Dermed hadde han store problemer med å halda dei andre bak
seg. Dermed vart det 10. plass, noko som han alt i alt var fornøyd
med slik det utvikla seg. Målet er fortsatt A-finale i
NM-rundane, og i helga hadde han same poengsum som sistemann i
A-finalen. Dermed var han berre 9 hundredeler frå målet
sitt.
Ernst Holten Leifsen slit
fortsatt med forskjellige problemer. I første omgang var
han raskt ut frå start saman med Tommy Bakkerud i sin nye
Subaru. Etter litt knuffing med Tommy var dei godt i gong, men så
rauk girkassen som var ny før sist løp. I både
andre- og tredjeomgang havna han i tette fightar ut frå
start og gjekk dessverre tapande ut av dei. Dermed vart ikkje
resultatet noko særleg, men erfaringa veks i den
knallharde klassen der mange av bilane er nokså jamne.
Tommy Bakkerud vert intervjua av speaker Thor Moestue om den
nye Subaruen
Lars
Reidar Frøyland nr. 10 i Kvinesdal
3 frå toppleiinga i klubben, Tom
Jøran Johnsen, Steinar Høyvik og Lars Reidar Frøyland,
hadde tatt turen til Kvinesdal Kr. Himmelfartsdag. Ingen av dei
har kjørt i Kvinesdal, men Lars Reidar fekk likevel eit
brukbart resultat. Han krangla seg til ein plass i C-finalen som
han vann. I B-finalen kjørte kan seg opp ein plass, og
vart nr. 10. Tom Jøran Johnsen sleit litt i debuten med
si nye boble, og braut første omgong. I andre omgong
skulle han ut i i same heat som Steinar Høyvik. Dei kom
ut side om side, men ein Volvo pressa Steinar ut slik at han tok
Tom Jøran med seg. Dermed vart dei ståande. Heile
forstillinga på Escorten til Steinar tok kveld, og dermed
måtte han gi seg for dagen. Tom Jøran stilte opp i
3. omgang med sving stort sett til ei side og defekt clutch.
Likevel klarte han å krangla seg til ein 2. plass i
heatet, men det var ikkje nok til finale. Dessverre vart bilen
til Steinar seld, men 8.000,- er kanskje brukbart betalt for ein
bra motor i eit vebrukt karosseri utan forstilling. Heldigvis
har han ei boble som blir klar til løpet i Vikedal 12. og
13. juni.
NM-runde
i rallycross i Bergen i helga
Laurdag 22. og søndag 23. mai går 2.
NM-runde i rallycross på Eikås Motorsenter i Bergen.
Frå NMK Vikedal er Svein Bjarte Holten (inntil 2000 ccm)
og Ernst Holten Leifsen (over 2000 ccm) påmeldt. Vi håpar
mange tek turen til Bergen og får kor tett og spennande
kampen er om plasseringane i NM. 1. omg. og 2. omg. går
laurdag og det heile startar kl. 13.00. Søndag startar 3.
omg. kl. 12.30 før finalane seinare på
ettermiddagen. Resultata i omgangane vert lagt ut fort løpande
på www.motorsportavisen.no
Vakter
til Roots-festivalen
Også i år skal NMK Vikedal
bidra med vakter til Roots-festivalen for å tjena nokre
kroner. Dei som stiller opp som vakt ein dag, vil som tidlegare
få gratis inngong ein kveld. Dei som er interessert i
dette som at NMK Vikedal skal tjena penger, kan melda seg til
Tom Jøran Johnsen, tlf. 90864727.
Endeleg
bilder frå knattecrossdagen
Webmasteren har endeleg fått tid til å leggja
ut nokre bilder frå knattecrossdagen. Du finn dei her
...
Har
du ein biltilhengar til overs?
Etter nokre uhell med
brannslokkningsapparat som går av i privatbilar, vil
anleggskomiteen byggje skap på ein tilhengar til å
lagre og kjøre ut utstyret med. Har du ein gamal
tilhengjar som kan brukast til dette som du ikkje treng og kan
gi bort eller selja for ein rimeleg sum, kan du kontakta Steinar
på tlf. 90061073. Dersom du ikkje har sjølv, er vi
sjølvsagt og interessert i tips om mulige objekt.
Dugnad
onsdag 12. mai
Det blir ny dugnad onsdag 12. mai frå kl. 17.00 og
utover. Arbeidsoppgåvene blir m.a. rydding av stein i
depot, klargjering og såing av plenar, montering av
kledning i endane på nybygget. Vi håpar å få
gjort ein del av det som må gjerast før bilcrossløpet
12.-13. juni.
Svein
Bjarte vart nr. 10 på Lyngås
Svein Bjarte Holten kom til B-finalen og kjørte inn til 10. plass i den første
NM-runden på Lyngås i helga. Beste resultatet hans
var 6. tida i 2. omgong. Beste vestlending vart Knut Erik
Ludvigsen på andreplass, medan Atle Vik, NMK Konsmo vann
supernasjonal inntil 2000ccm
Debuten til Ernst Holten Leifsen i den
store supernasjonal-klassen vart ikkje heilt som tenkt. 34.
plass var ikkje heilt det han hadde håpa på før
start. Etter litt innkjøring lørdag, fungerte ting
godt på trening og i 3. omgong på søndag, men
dessverre hoppa ein pluggledning av i 3. omgang slik at han
ikkje fekk sett kor god tid han kunne fått. Denne klassen vart vunnen av Kjell Arne Smerud, NMK
Hadeland. Jostein Skjerve vart beste vestlending på 8.
plass.
-- Les
meir på Motorsportavisen.no --
Svært
vellukka knattecrossdag
Godværet kom som bestilt til
knattecrossens dag på Vikedal Motorbane 1. mai. 34
gassglade knattar frå Vikedal, Bømlo, Karmøy
og Sauda i alderen 5 til 12 år stilte til start. Dei var
inndelt i 3 klassar som kjørte trening + 2 heat kvar.
Mellom heata var det sal av pølser og brus, og etterpå
fekk alle deltakerane pokal. Me håpar å få
lagt ut nokre bilder litt seinare.
Blanda
innsats av våre i Egersund
Det vart litt blanda resultat i bakkeløpet i
Egersund som var 3. runde i Vestlandsmesterskapet.Mest uheldig
var Nils Arve Helland som kjørte ut i 1. omgong og
øydela fronten på bilen. Skadene var så store
at planen no er å bytta karroseri til eit som Terje Heggøy
har hatt ståande.
2 tredjeplassar på Holten
Motorsport, tredjeplass til Håvard Helland, fjerde til
Øyvind Eikeland og sjette til Jarle Bukkøy vart
resultata våre. Nils Arve fekk poeng for sjuandeplass, sjølv
om han ikkje fullførte. I tillegg vart det kjørt
bilcross, og her vart Geir Harald Skeie nr. 5 i sin Peugeot.
--- Les
pressemeldinga ---
---
Resultater ---
God
innsats av våre førerar i nasjonal
Sigmund Lutsi fekk to andreplassar og
Øyvind Eikeland andre- og tredjeplass i rallycross
nasjonal klassane i 1. og 2. runde i VM i helga. Dermed leiar
Sigmund Lutsi den minste nasjonal klassen i VM, medan Øyvind
Eikeland ligg på andreplass i den store bak Ørjan
Lutsi som vann begge løpa.
Mange
tilfredse deltakerar
Det var mange som var godt fornøgd
med sesongdebuten i Vikedal. Gladast var kanskje Holten
Motorsport med seier og andreplass begge dagar, og Knut Endre Fønnebø
Ringhagen som vann bilcross jr.
Ernst Holten Leifsen i sin nye Volvo 240 klarte å slå
Stian Haugan i Volvo S40 i rallycrossløpet, men var eit
drygt sekund bak i bakkeløpet.
Pressemeldingar etter løpa:
--
Bakkeløpet laurdag 17. april --
--
Rallycrossløpet søndag 18. april --
Resultatlister med alle tider:
--
Bakkeløpet laurdag 17. april --
--
Rallycross-/bilcross jr. løpet søndag 18. april --
Stillinga i Vestlandsmesterskapet etter 2 løp:
--
Rallycross nasjonal --
--
Supernasjonal --
Dugnad
onsdag 14. april
Det blir dugnad onsdag 14. april frå kl.
17.00 og utover kvelden. Arbeidsoppgåvene er bl.a.
snekkerarbeid, nedvask av brakkene, oppsetting av gjerde og
finpuss på banen.
Treng du skyss eller
har spørsmål, kontakt Steinar på tlf. 90061073.
Vestlandsmesterskapet 2004:
Skjerpa kamp om poenga
Til
helga er det klart for første og andre runde i
Vestlandsmesterskapet 2004 på Vikedal Motorbane.
Bakkeløp på laurdag og rallycross søndag.
Fleire av førerane stiller med ny og oppgradert reiskap,
og både i supernasjonal inntil 2000 kubikk og i rallycross
nasjonal blir det ein knallhard kamp om poenga også i
år. I tillegg er bilcross junior i ferd med å bli ein
del av mesterskapet.
I store supernasjonal er situasjonen den at Eivind B. Nevland og
Morten Hagen har gitt seg, Jostein Skjerve prioriterer
kjøring i NM og Tommy Bakkerud er blitt forsinka med sin
nye Subaru Impreza. Dermed ser det ut til at det berre blir
Ernst Holten Leifsen og Stian Haugan som stiller i denne klassen
til dei første løpa i Vikedal. Holten Leifsen
(bildet til venstre) ser likevel positivt på det, og har
planane klare for sesongen i sin nyinnkjøpte Volvo 240
EVO. - Ja, planen er å kjøre alle rundane i
Vestlandsmesterskapet i tillegg til full NM serie i rallycross,
og om ikkje det blir fleire deltakere her vest, blir det likevel
nyttig og god trening for meg.
--- Les
heile pressemeldinga her ---
Første
test for Holten Motorsport
Det var første test før sesongen
for Ernst Holten Leifsen i sin nye Volvo 240 Evo og Svein Bjarte
Holten i Ford Focus på treninga i kveld. Om ein skal døma
av glisa etter prøvekjøringa, er alt i rute, sjølv
om finpussen ikke er klar enno.
Ein nøgd sjefsmekanikar i Holten Motorsport, Johannes
Holten Leifsen, mellom bilane etter prøvekjøringa.
Trening
for bil onsdag 7. april
Det blir mulighet for å trena onsdag 7. april frå
kl. 17.00 og utover. Ved spørsmål, kontakt Svein
Bjarte, tlf. 98283791.
Tilleggsreglane
for 17. og 18. april
Tilleggsreglane for bakkeløpet 17. og
bilcross jr./rallycrossløpet 18. april er no lagt ut i
pdf-format. Du finn dei her
..
Værsting
cup i bilcross
Det har vore ein del diskusjonar etter at KNA
Bergen flytta sitt løp i april frå 24. til 17. Det
er no bestemt at det løpet ikkje inngår i Værsting
cup 2004. Uttaket til juniorlaget vil sannsynlegvis bli basert på
resultata i løpet i Vikedal 18. april. Dei 6 beste
deltakerane frå NMK Vikedal vil då utgjera
juniorlaget i 2004, medan dei på dei neste plassane vert
reservar. Endeleg vedtak blir gjort kjent seinast på førarmøtet
18. april.
Oppdatert
informasjon om løpa 17. og 18. april
Det er no sendt ut SMS-melding med purring
etter påmeldingar til løpa 17. og 18. april. Førebels
er det litt labert med påmeldingar, men dei kjem nok før
fristen går ut onsdag 7. april.
Enkelte slit nok med å bli klar
til første løpet. Blant desse er Tommy Bakkerud
som no håpar å bli klar til første NM-runde på
Lyngås 8. og 9. mai. Så vidt vi veit er eller blir
dei fleste av våre medlemmer klar til første løpet.
Knattecrossdag
i Vikedal 1. mai
Det vert arrangert knattecrossdag i Vikedal
laurdag 1. mai.
-- Les meir
--
Ein
aldri så liten aprilspøk
Som dei fleste forhåpentlegvis har forstått,
var saken under en liten aprilspøk frå web-redaktøren.
Tom Jøran har likevel sagt seg villig til å kjøra
dersom nokon kjøper bilen til Morten Langøren som
står til salgs på Motorsportavisen.
Storsatsing
av Tom Jøran
I tillegg til Ernst Harald, satsar no og Tom Jøran
på den store supernasjonal klassen. Han har gått til
innkjøp av denne S40'en, så her skal Ernst Harald
og Tommy Bakkerud få kamp. Vi kjem tilbake når vi
veit meir detaljar.
Ny
dugnad laurdag 3. april kl. 10.00
Det gjenstår fortsatt ein del arbeid på banen og
den nye kjøkkenet før vi er klar for sesongen.
Aktuelt arbeid er oppsetting av gjerde og autovern,
søylepunkter og grunnlag for terrasse, kledning av brakkene
og sikring før løp. I tillegg vert det vedlikehald
av motocross-banen, knatte-banen, arbeid med startgrinda og
klargjering for flytting av motocross-brakka.
Treng du skyss eller
har spørsmål, kontakt Steinar på tlf. 90061073.
Snøen
er nå stort sett borte frå banen
Snøsmeltinga gjekk kjapt, og nå håpar
vi at banen skal tørka like raskt. Sjekk statusen her
..
Praksisdelen
av lisenskursa for bil utsett
På grunn av mykje snø på
banen, er praksisdelen av lisenskursa utsett til 3. april. Dette
gjer og at den planlagte uttakinga til Bilcross jr.-laget blir
utsett, og sannsynligvis blir lagt inn i bilcross jr. løpet
18. april. Det vil bli lagt ut informasjon om dette så
snart det er avklart.
Slik såg banen ut søndag 14. mars. Det blir nå
sett på om ein skal brøyta slik at snøsmeltinga
og opptørkinga går raskare.
Ny
dugnad laurdag 20. mars kl. 10.00
Arbeidet med ny kiosk/kjøkken går
framover. På dugnaden laurdag 20. mars er det røyrleggjar-arbeid
og anna arbeid innvendig + evt. kledning av endeveggane som står
på programmet. Det skal og setjast inn ein del boltar i
rekkverka rundt banen. Treng du skyss eller
har spørsmål, kontakt Steinar på tlf. 90061073.
Er du interessert i å sjå korleis brakkene ser ut
no, kan du gå inn her
..
Oppdatering
på ryktefronten
På medlemsmøtet på Suldal
Billakkering fekk vi avklart nokre rykter. Ernst Holten Leifsen
kjøper Volvoen till Terje Heggøy, og bilen er
allereie henta. Bilen skal no lakkerast, før den skal
over fjellet til Toten for justering av understellet. Øyvind
Tveit stadfesta og han kjem til å kjøra med Volvoen
sin som i fjor. På årskontrollen kom det og ein del
nye bilar. Frå Nesflaten kom det ein Volvo 240 i bilcross,
medan det kom ein nyrigga Golf II frå Sandeid. Totalt var
det rundt 20 bilar til årskontroll. Dessverre var det eit
par bilar som kom med for tynne røyr i hovedbøylen
og vart sendt heim for å byta. Dersom du ikkje har hatt
årskontroll enno, sjekk at du har tjukk nok hovedbøyle.
Kor tjukk han skal vera, finn du i punkt
11.3 i denne paragrafen ...
Godt
frammøte på medlemsmøtet
Det var godt frammøte på medlemsmøtet
under den tekniske årskontrollen på Suldal
Billakkering laurdag. Steinar Høyvik orienterte generelt
og om dugnadane og byggjearbeidet spesielt. Johannes H. Leifsen
orienterte om bilgruppa sine planar med arrangement og cupar
denne sesongen. Det var og ein kjapp presentasjonsrunde av dei
aktive som var tilstades og deira planar for sesongen.
Oversiktsplakat
for VM
Dersom du klikkar på oversiktsplakaten
under får du den opp i stort format som du kan laste ned
og skrive ut. Du lastar den ned ved å høgreklikke på
plakaten og velge "Save as" eller "Lagre
som". Plakaten er i jpg-format som du kan skrive ut. Dermed kan du drive litt reklame for VM ved
å hengja den opp i verkstaden, kontoret eller andre stadar
der folk ferdast.
Dei
nye brakkene er no komne på plass
Fundamentet vart gjort ferdig på sist
dugnad, og i veka etter kom brakkene og vart heist på
plass.
Sjå
fleire bilder her
Reglar
og terminliste for VM klart
Reglane og terminlista for Vestlandsmesterskapet er no
klart. Du kan lese meir om det på Vestlandsmesterskapets
sine heimesider her.
Teknisk
årskontroll for bil i Haugesund
I tillegg til teknisk årskontroll
på Suldal Billakkering laurdag 13.mars, blir det arrangert
teknisk årskontroll hjå BTM på Bakarøy
laurdag 27. mars frå kl. 10.00 og utover. BTM har no
flytta til Bakarøy og har overtatt lokala til Johs.
Østensjø ved sida av Kyviks Sildefabrikk.
Me minner igjen om endringane i det
tekniske reglementet som er skrive med raudt i boka. Sjekk kva
som er endra, slik at du slepp å stilla til ny kontroll.
Ny dugnad
laurdag 21. februar
Etter ein godt gjennomført dugnad sist
laurdag, satsar vi på å få gjort enno meir laurdag 21.
februar frå kl. 10.00 og utover. Ringmuren vart nesten klar
sist helg, men vi mangla ein del blokker på å nå rundt siste
ringen. Arbeidsoppgåvene denne laurdagen blir dermed sluttføring
av ringmuren, andre fundamenter, trearbeid og vedlikehald av
rekkverk rundt banen. Vi oppfordrar spesielt dei som ikkje var på
dugnad sist om å møta fram, slik at alle er med og tar i eit
tak.Ta med gode
arbeidhanskar, relevant utstyr/verktøy, arbeidslyst og godt humør. Treng du skyss eller
har spørsmål, kontakt Steinar på tlf. 90061073.
Dersom
alt går etter planen, kan brakkene vera på plass første veka
i mars.
Bilde tatt med mobiltlf. etter dugnaden laurdag 14. feb.
Dugnad
laurdag 14. februar
Det blir dugnad laurdag 14. februar kl. 10.00
og utover. Grunnen til det nye kjøkkenet er no gravt ut, og det
er klart for muring og forskaling. Litt etter kor mange
arbeidsvillige vi klarar å få på plass, vil det bli murt
ringmur for kjøkkenet med forskalingsblokker og forskalt
fundament til ein forstøtningsmur mot depot. Ta med gode
arbeidhanskar, arbeidslyst og godt humør. Treng du skyss eller
har spørsmål, kontakt Steinar på tlf. 90061073.
Teknisk
årskontroll for bil
Det blir arrangert felles, teknisk årskontroll
på Suldal Billakkering laurdag 13. mars frå kl. 09.00 og
utover dagen. Vi håpar flest mogleg kan stilla på kontroll
denne dagen slik at belastninga på dei tekniske kontrollantane
vert minst mogleg. Alle bør spesielt merka seg at gamle bilar
(deltatt i løp før 1/1 -94) ikkje lenger har lov til å ha
mindre dimensjon på hovedbøylen. Alle skal no ha hovedbøyle i
dimensjon 45 x 2,5 mm eller 50 x 2 mm. Sjekk dette dersom du har
ein bil som har deltatt i løp sidan før 1994.
Det er ellers verdt å merka seg alt
som er skrevet med raudt i Bilsportboka. Dette er endringar i
forhold til reglane i fjor.
H-lisenskurset
utsett
På grunn av få påmelde på H-lisenskurset
på Haugalandet blir dette utsett til enten til onsdag 25.
februar eller torsdag 26. februar.
--- Les
meir ---
Ryktebørsen
Det er alltid kjekt med litt synsing og spekulering om kva som
skjer rundt om i garasjane. Her er litt av det web-redaktøren
har snust opp så langt. Men mykje kan skje fram til
sesongstart.
--- Les meir ---
Lisenskurs
for bil 2004
Det vert også i år arrangert lisenskurs, både for bilcross
junior og hastighet. For bilcross senior treng ein berre førarkort
for å løysa lisens. Opplegget for lisenskursa blir som
tidlegare med ein kveld med teori og ein laurdag med praksis. Påmeldingsfrist
er 21. og 28. jan. I år lagar også Sivert Ole Holten til kurs
på Klepp for dei som heldt til på sørsida av fjorden.
--- Les
meir ---
Status
på byggjeprosjektet
Etter ein periode med arbeid med byggjemelding, nærmar det seg
no meir handfast arbeid. Styret har vedteke å kjøpa 4 brakker
frå sør-fylket som skal bli kjøkken, kiosk og lager.
Grunnarbeidet er det Vikedal Mur & Anlegg som skal gjera,
medan vi satsar på å laga ringmuren på dugnad. Dei som kan
tenkja seg å vera med på ringmuren kan kontakta leiar i
anleggskomiteen Steinar Høyvik.
Surt vær,
men effektiv dugnad
Første dugnaden for nytt kjøkken og kiosk gjekk i svært surt
vær med kraftig nedbør frå morgonen av. Heldigvis letta det
noko utover dagen, og det var også ein periode med god varme
lokalt på motorbanen. Arbeidet gjekk raskt og effektivt, slik
at det meste var gjort når maten kom.
Kl. 12.15 Brakkene tømt og taket
revet. Kl. 14.30 Glødane rester av
brakkene
--
Les meir og sjå fleire action-bilder --
|