Endeleg på pallen

Ernst Holten Leifsen kjørte inn til andre plass, Bjørn Magne Moland Enge blei nummer elleve, Geir Harald Skeie sleit med kjøringa og Daniel Holten fekk motorproblem under den tredje NM-runden på Flisa.

Ernst Holten Leifsen har dei to siste NM-rundane kjempa om ein plass i A-finalen. I Kristiansand gjekk det ikkje, men i helga lukkast han.

- Hadde lik poengsum som Tommy Sølvberg, men han hadde ei betre tid, og gjekk direkte til A-finale.

Ernst Holten Leifsen måtte vegen om B-finalen, som han vann.

Dermed var han i A-finalen og låg lenge på fjerde plass.

- Det var grei kjøring i finalen og me låg på rekkje og rad.

Like før mål fekk Johny Sandmo, som leia finalen, girkasseproblem og Ernst kom seg forbi.

- Ja, eg kom meg forbi både han og Kjetil Nygård like før målpassering, og er kjempegodt nøgd med det, seier han.

I samandraget er han no oppe på ein femte plass.


Første gong på pallen i NM for Ernst Holten Leifsen med sin Ford Escort.

Også for den andre føraren i Holten Motorsport, Daniel Holten,  begynte det godt, og han vann dei to første omgangane i juniorklassen. Men då han skulle køyre ut frå start i tredje omgang kom han ikkje langt.

- Nei, etter femti meter var det bom stopp, og deler ramla av motoren og kjølevatnet forsvann.

I depot kunne dei konstatere at det var hol i motorblokka. Likevel reknar Daniel med at dei er klar igjen til neste runde.

- Me har spora opp ein annan motor som me kan få kjøpt, så eg reknar med at me er klar igjen til neste runde på Lyngås Motorbane.


Motoren i Golfen til Daniel Holten ville ikkje meir og gav opp i 3. omgong.

For Bjørn Magne Moland Enge vart det eit greitt resultat, i høve til dei målsetjingane han har sett seg i den nye Citroen C4.

- Målet i år er å køyre stabilt blant dei ti beste i klassen. I helga blei det ei tiande og tolvte tid, og ein snurr i andre omgang, seier Bjørn Magne, som er irritert på at han gav seg etter snurren.

- Eg gav meg og fekk ikkje registrert tid, og dermed måtte eg ha ei god tid i tredje omgang for å gå vidare. Eg blei nok litt stressa av det og køyrde dårleg.

Sjølv om han er nøgd, er han litt usikker på kva som skjer vidare.

- Dei to siste løpa har eg kjørt med lånt motor, det er det slutt på etter dette løpet og eg veit ikkje heilt korleis det blir vidare. Min eigen motor er øydelagt, seier han.


Greitt resultat for Bjørn Magne Moland Enge i C4'en.

Heller ikkje denne gongen vart det finale på Geir Harald Skeie.

- Nei, denne gongen blei det for mykje surr og dårleg køyring, seier Geir Harald, som likevel held fast på målsetjinga si for sesongen.

- Dette er første sesongen i supernasjonal, og me har sett oss som mål å kome til ein finale. Den neste banen i meisterskapen er Lyngås, som eg kjenner godt, så det blir eit nytt forsøk der.


Heldt ikkje til finale for Geir Harald Skeie denne gongen heller.