NMK Vikedal vil ynskja 
alle medlemmer, deltakerar, funksjonærar og andre motorinteresserte
ei god jul og eit godt nyttår


Løp i 2006:                                                                                         Sist oppdatert 21.12.2006
  2. april:  Bilcross 
  22.-23. april:  Bakkeløp/Rallycross/BC jr. (VM)                       
               Cupar 2006:
  27. mai: Knattecross   (Avlyst)                                              NMK Vikedal cup Bilcross - Reglar
 
10.-11. juni: 2-dagars RCN og bilcross                            NMK Vikedal cup Bilcross - Sluttstilling 
  12. august: Norgescup RCN                                                 
NMK Vikedal cup Rallycross - Reglar
  13. august: Bilcross                                                         NMK Vikedal cup Rallycross - Sluttstilling
  26.-27. aug.: Motocross (VM)                                    
  17. sept.: Bilcross og rallycross nasj.                                              VM - heimeside        
  7. okt.: Rallycross (VM-finale) 
 

Nyheter frå :
2005
2004
2003

2002
2001

Årsmøte søndag 19. november
Dersom nokon lurer på kor Vågen Bygdasenter ligg, så ligg det i Ølensvåg. Kjem du frå Knapphus, svingar du opp til høgre ca. 100 m. etter Statoil-stasjonen. Me trur det er skilta i tillegg.
-- Les innkallinga her --

Ferdiggjering av taket på nybygget
På grunn av manglande arbeidslyst er fortsatt ikkje taket på nybygget på plass. Det blir no jobba enno meir for å få organisert dette slik at vi blir ferdig med dette. Dei som gjera ein innsats for klubben og få litt goodwill og dugnadstimar for det, kan kontakta Marius V. Lothe på tlf. 91635628.

Årsmøte søndag 19. november
Innkallinga til årsmøtet er no på veg i posten til alle betalande medlemmer, men set allereie no av søndag 19. november til dette.

Omsetjing av bilar
Det er lagt ut eit par bilcrossbilar samt eit objekt på "Kjøp & sal"-sida. I tillegg vart Volvo 360-en til Geir Harald Skeie seldt til Dokka før vi fekk lagt den ut til salgs her. Svein Bjarte Holten annonserar sin Volvo 240 til salgs for 285.000,- for dei som vil satsa litt større. Det er og mange andre rallycross-bilar for salg på f.eks. Motorsportavisen (link til høgre) for dei som ønskjer å satsa på ny bil.

Trekning av lotteriet
I samband med finalen i Vestlandsmesterskapet i rallycross, vart lotteriet trekt. Dei tre reisegåvekorta fekk god spredning og gjekk til Sandnes, Ølensvåg og Jørpeland.
-- Heile trekningslista --

Mykje heder på jubileumsfesten for VM
På jubileumsfesten vart det delt ut mykje heder i tillegg til dei 3 beste i kvar klasse. 
         Utøverane sin pris gjekk til nykommaren Arnt Olav Lillesund, som kom rett frå bilcross junior og tok andreplass i store nasjonal med ein strøken PV. 
         Ildsjel-prisen gjekk til Svein Bjarte Holten som den einaste som har delteke i VM i alle dei 10 åra det har eksistert.
         NMK Vikedal delte ut sin ildsjel-pris til Rita S. Skeie for lang og tru teneste i arrangementskomiteen.
         Til slutt fekk Sivert Ole Holten og Tore Rønneberg flotte, graverte treplakettar både frå utøverane og arrangørane som takk for utretteleg innsats for Vestlandsmesterskapet.
Fleire bilder frå løpet og jubileumsfesten finn du på motormania.no, sjå link til høgre.


Sivert Ole Holten (t.v.) og Tore Rønneberg med plakettane frå utøverane.

Ole Eirik Mæland nr. 4 samanlagt i VM
Ole Eirik Mæland vart nr. 4 samanlagt seniorklassen i Vestlandsmesterskapet for motocross, sjølv om han stod over runden i juni pga. at den kolliderte med ein NM-runde. Erik Skrunes vart nr. 7 og Anders Mæland nr. 15 i juniorklassen.
-- Samanlagtresultat i VM i motocross --

Ole Eirik Mæland vann på Helganes
Ole Eirik Mæland vann seniorklassa i finaleløpet i Vestlandsmesterskapet for motocross på Helganes søndag. I juniorklassen vart Erik Skrunes nr. 3.
-- Les pressemeldinga --

Våt men fin finale 
Finalen i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane vart ein våt fornøyelse på lørdag, og det regna i strie straumar. Men stemnet vart gjennomført, og Rudi Andre Rossland, Ørjan Lutsi, Tor Erik "Totto" Hermansen og Svein Bjarte Holten kunne kårast til Vestlandsmestrar.
-- Les pressemeldinga her --

NMK Vikedal tok alle pokalane i BC jr. 

Som kjent tok NMK Vikedal dei 4 første plassane i Vestlandsmesterskapet for bilcross jr. Her er dei 3 beste med pokalane sine etter utdelinga på jubileumsfesten. F.v. Egil Nybøe (nr. 2), Ørjan Strand Eikeland (nr. 1) og Jens Idar Juel (nr. 3). Jan Kåre Frøyland vart nr. 4.

Arnt Olav Lillesund vann finalen 
Arnt Olav Lillesund vann sitt første løp i rallycross i finalen i Vestlandsmesterskapet. NMK Vikedal tok og andreplass i alle klassane ved Lars Reidar Frøyland, Bjørn Magne Moland Enge, Ernst Holten Leifsen og Svein Bjarte Holten.
--
Resultatliste for alle klassar --
-- Link til bilder tatt av Tom Vatland --

Foreløpig startliste for finalen i Vestlandsmesterskapet lørdag 7. okt.
(Tilleggsreglar og meir info. finn du under linken "7. okt.: Rallycross (VM-finale)" over.)

Gisle Morten Hetland nr. 2 i Jærhagen 
Gisle Morten vart nr. 2 i bakkeløpet i Jærhagen kjøpesenter i dag. Sigmund Lutsi vart nr. 10.
-- Les meir --

10 års jubileumsfest for Vestlandsmesterskapet 
I samband med finalen i Vestlandsmesterskapet lørdag 7. oktober arrangerer NMK Vikedal jubileumsfest på Vikedal Bygdahus. Her vil og premieutdelinga for Vestlandsmesterskapet 2006 finna stad. Jubileumsfesten startar kl. 20.00 og det blir mat, drikke og musikk. Pris pr. person er kr. 350,- og alle må melda seg på til Kari Holten Leifsen, tlf. 920 42004, innan 30. sept.
Alle deltakerar, funksjonærar, medlemmer og andre interesserte er velkomne.

Hovedstyret i NMK Vikedal har bestemt at denne festen også skal markera sesongavslutninga. Det vil difor ikkje bli årsfest etter årsmøtet i november som vanleg. Vi ønskjer difor at så mange som mulig av våre medlemmer og funksjonærar vil delta på Vestlandsmesterskapet sin jubileumsfest.

Invitasjon til finalen i VM 7. oktober 
NMK Vikedal har gleden av å invitera til finalen i Vestlandsmesterskapet 2007 på Vikedal Motorbane lørdag 7. oktober.
Sjølv om det allereie er avgjort kven som vinn nokre av klassane, er det fortsatt kamp om mange gode plasseringar. Vi håpar difor mange ønskjer å delta i ein fin avslutning på sesongen saman med dei fleste andre aktive rallycross-førerane på Vestlandet. Om kvelden blir det jubileumsfest for Vestlandsmesterskapet som i år har fullført sin tiande sesong.
Me ønskjer deg hjerteleg velkommen til sesongavslutninga i Vikedal.

Arrangementskomiteen
NMK Vikedal

Svein Bjarte Holten sikra seg VM-tittelen 
Sjølv om det vart andreplass i rallycrossløpet på Eikås i dag, er det no klart at Svein Bjarte Holten er Vestlandsmester i supernasjonal over 2000 ccm. Tommy Bakkerud vann løpet i dag framfor Svein Bjarte og Jostein Skjerve.
     I klassen inntil 2000 vann Tor Erik Hermansen, men må stilla i Vikedal for å sikra seg VM-tittelen dersom Roar Ulvatn stiller der.
     I nasjonal over 2400 vann Ørjan Lutsi og sikra seg og VM-tittelenmed det. Steinar Stokke vart nr. 2, og ligg og på andreplass samanlagt. Bak desse er det berre eitt poeng mellom Arnt Olav Lillesund, Bjørn Magne Moland Enge og Håvard Helland. Arnt Olav vart nr. 3 i dag, Håvard nr. 4 og Terje Steinnes nr. 7.
      Rudi Andres Rossland sikra seg og VM-tittelsen i nasjonal inntil 2400 ccm etter at han vann sin klasse i dag. John Vatland har rett nok ein teoretisk mulighet til å vinna, men den er liten. Eirik Aasbøe vart nr. 10. 

Firedobbelt NMK Vikedal i VM for BC jr. 
Medlemmene i NMK Vikedal gjorde reint bord i Vestlandsmesterskapet for bilcross jr. og tok dei 4 første plassane. I den siste runden som var bakkeløp på Eikås lørdag, vann Jens Idar Juel med Ørjan Strand Eikeland på tredjeplass. Robert Sundland, NMK Bergen, vart nr. 2. Anja Andersen vart nr. 5, Egil Nybøe nr. 7 og Jan Kåre Frøyland nr. 10. Dette gjorde at Ørjan Strand Eikeland sikra seg VM-tittelen med 55 poeng, 8 poeng framfor Egil Nybøe. Jens Idar Juel overtok tredjeplassen med 39 poeng framfor Jan Kåre Frøyland med 37 poeng.
Det går eit nytt, vanleg bilcrossløp søndag, men det tel ikkje med i VM.

Håvard Helland nr. 2 i bakkeløpet 
Håvard Helland vart nr. 2 i den store nasjonal-klassen i bakkeløpet på Eikås lørdag. Steinar Stokke, NMK Bergen, vann og Ørjan Lutsi, NAF MS Gjesdal, vart nr. 3. Arnt Olav Lillesund vart nr. 4, Bjørn Magne Moland Enge nr. 5 og Terje Steinnes nr. 7. I den minste nasjonal-klassen vart Eirik Aasbøe nr. 5. Rudi Andres Rossland vann denne klassen.
    I store supernasjonal vart Svein Bjarte Holten nr. 3, bak Jostein Skjerve og Tommy Bakkerud. Dermed har Skjerve fortsatt ein teoretisk mulighet til å slå Svein Bjarte i VM.
-- Resultatlister frå bakkeløpet --

Bilder frå finalen i NMK Vikedal cup
Kjetil Helland har lagt ut ein del bilder frå finalen i NMK Vikedal cup. 
Du finn dei her ... og dei kan bestillast via e-post-adressa på same sida.
Tom Vatland har og mange bilder på si side, både frå dette og tidlegare løp. Sida hans finn du her ...

Spennande cupfinale
NMK Vikedal Cup 2006 blei avgjort på målstreken i begge bilcrossklassane, der Per Gaute Østbø og Egil Nybøe vann med berre eitt poeng til slutt. I rallycross nasjonal derimot tok Ørjan Lutsi ein suveren siger.

Ørjan Lutsi (t.v.), Egil Nybøe og Per-Gaute Østbø vann hhv. rallycross nasjonal, bilcross jr. og bilcross-klassa i NMK Vikedal cup 2006.
-- Les pressemeldinga her --

Spenning til siste slutt i alle klassar
Det vart spenning til siste slutt i mest alle klassar i finalen i NMK Vikedal cup i dag. Men til slutt vart det Egil Nybøe, Per-Gaute Østbø og Ørjan Lutsi som sikra seg laurbærkransane.
-- Resultater, bilcross --
-- Resultater, rallycross --
-- Sluttstilling, NMK Vikedal cup for bilcross --
-- Sluttstilling, NMK Vikedal cup for rallycross --

Foreløpig startliste for finalen i NMK Vikedal cup 17. sept.
(Tilleggsreglar og meir info. finn du under linken "17. sept.: Bilcross og rallycross nasj." over.)

Spenning i alle klassar
Søndag er alt klart for finalen i årets NMK Vikedal Cup, og spenning blir det i alle klassar om kven som skal stikke av med pokalane, og det gjevaste av alt laurbærkransen.
-- Les pressemeldinga her --

Jenter og bilcross i Haugesunds Avis
I fredagsutgåva av Haugesunds Avis var det eit oppslag om jenter og bilcross på ungdomssidene.
-- Les artikkelen her --

Dugnad på bygningane
Det blir dugnad på bygningane desse dagane:
    Onsdag 6. sept. kl. 17.00
    Lørdag 9. sept. kl 10.00
    Tirsdag 12. sept. kl. 17.00
Det er ein del aktive som manglar litt for å ha gjennomført den pålagde dugnaden, så pass på å få gjort den nå. Hovedaktiviteten er å få taket og veggane ferdig, samt maling dersom veret tillet det. Dersom dagane ikkje passar, kan de kontakta Marius, tlf. 916 35628, for å bli tildelt spesifikke oppgåver som kan gjerast andre dagar.

Trening for bil lørdag 9. september
Det blir trening lørdag 9. september kl. 10.00. Påmelding til Ingvard Auestad, tlf.  98030934.

Hugs påmelding til finalen i NMK Vikedal cup
Påmeldingsfristen til finalen NMK Vikedal cup den 17. september er onsdag 6. september. Påmeldinger mottekne etter denne datoen vil bli ilagt etteranmeldingsgebyr.

Jens Idar Juel ikkje til finale i Bø
Jens Idar Juel tok turen til Bø og NMK-mesterskapet for bilcross jr. i går. Han låg brukbart til med andreplass og tredjeplass etter 2 omgangar, men ei snurring med rygging framfor konkurrentane førte til svart flagg i 3. omgang. Dermed vart det plass rett utanfor finalane.

3 vinnerar frå NMK Vikedal i Bergen
3. runden i Vestlandsmesterskapet gjekk på Eikås Motorsenter i Bergen i går. Det var stort sett bra ver heile dagen, men til dei siste finalene kom det kraftige regnbyger. NMK Vikedal var representert i dei fleste klassane og det vart ein god dag for mange av dei.
2 av vinnerane var Bjørn Magne Moland Enge og Svein Bjarte Holten (Foto: Tore Rønneberg)
-- Les meir og sjå bilda --

Mange deltakerar frå NMK Vikedal til Eikås i helga
Det er mange som tar turen til VM-runden i Bergen i helga. I bilcross jr. tar fleire utanom junior-laget turen slik at vi har 7 av 20 deltakerar i klassen. I både seniorklassen og i rallycross har vi 5 deltakerar. Vi ønskjer alle lykke til og håpar ein del tar turen opp for å støtta dei.

Tor Olav Kleven nr. 7 i Kristiansand
Tor Olav Kleven vart nr. 7 i sin BMW i RCN i/2400 i todagars-løpet i Kristiansand i helga.Jonny Brådli, NMK Egersund, vann klassen. 

Pressemelding etter MX-løpet
-- Les meir --

Resultater frå VM-runden i motocross
MX 85 13-16 år (lørdag 26. aug.)
Junior og senior (søndag 27. august)

Lars Reidar Frøyland best med 58. plass
Lars Reidar Frøyland vart best av våre medlemmer med 58. plass i Landsfinalen for bilcross. Verre var det at alle våre 3 deltakerar mista bilane, og ingen fekk kjøpt seg nye. Totalt var det 2727 bud.
-- Bilder og referat frå Landsfinalen --
-- Resultatlista --

Foreløpig startliste for motocrossløp 26. - 27. august (oppdatert 24.08.2006)

Tidsplan for motocross-løpet

Pressemelding før VM-runden i motocross til helga

Ole Eirik Mæland i luftig svev i Vikedal.
-- Les heile pressemeldinga --

Hugs påmelding til VM-runden på Eikås (bil)
Neste VM-runde for bil går på Eikås lørdag 2. september. Påmeldingsfristen er 24. august, så det gjeld å raska på med påmeldinga. Tilleggsreglar og foreløpig startliste ligg på NMK Bergen sine heimesider, www.nmk.no/bergen. I tillegg til VM-klassane, BC junior og rallycross, er løpet og ope for bilcross senior. Det er allereie 6 påmeldte frå NMK Vikedal, så det er berre å hiva seg med. Medlemmene på BC-juniorlaget vil få tilbod å gratis frakt med ein innleigd biltransporter.

Lokale vinnerar i bilcrossløpet i Vikedal
Førerane frå NMK Vikedal dominerte bilcrossløpet i Vikedal søndag og sikra seg alle pallplassane i både junior- og seniorklassa. Juniorklassa vart vunnen av Ørjan Strand Eikeland, medan Hans Kristjan Kristjansson vann seniorklassa.
-- Les meir --

Resultatliste frå bilcrossløpet søndag 13. august  

Favorittane vann i Vikedal
Jarl Tore Johansen, NMK Rana, og Ørjan Lutsi, NAF Gjesdal Motorsport, leiar Norgescupen for rallycross nasjonal etter at dei vann kvar sin klasse i Vikedal på lørdag. Lutsi var suveren i den store klassen, medan det var litt meir kamp i den minste.
-- Les meir --

Nokre bilder frå Norgescup-runden
-- Sjå dei her --
    
Resultatliste etter Norgescuprunden inkl. tider 


Uoffisiell stilling i Norgescupen etter runden i Vikedal

Foreløpig startliste for 5. runde i Norgescup RCN 12. august
Foreløpig startliste for bilcrossløp 13. august


Bytte av jurymedlem i Norgescuprunden
Kjell Johansen har måtta trekka seg som jurymedlem i Norgescuprunden lørdag. Han blir erstatta av Bryn Rønnevik.

Stein Svardal skal slå "jyplingane" i RCN
I siste liten er Stein Svardal påmeldt i ein "Gjesdal-PV". Diskusjonen har dei siste dagane gått tett på wrc.no på kven som er best av han eller jyplingane. Såvidt vi har funne ut er siste gongen Stein kjørte i Vikedal NM-runden i august 1997. Han stilte då i store super i ein 240. Resultatet var dårleg med 2 brutte omgangar og ein på 2.44.65. Det var vel rundt då Ørjan kunne ta mopedførarbevis for første gong, og vi trur ikkje Ørjan har kjørt så fort nokon gong i Vikedal som Stein gjorde den eine omgangen han fullførte. Du kan lesa heile diskusjonen her ...

"Higrar" på fyketur
Nokre små- og store higrar tok ein fyketur sørover til Konsmo for å kjøra bilcross sist helg. Jens Idar Juel og Jan Kåre Frøyland stilte i junior-klassen, men kampen var hard og dei nådde ikkje heilt til topps. Jens Idar var best og kom til B-finalen etter 2 andre- og ein tredjeplass. Der vart det stopp og dermed siste- og 11. plass totalt. Jan Kåre fekk tredje-, fjerde- og femteplass i sine heat og vart nr. 16 totalt (dei kjørte ikkje C-finale).
         I seniorklassen slapp sjefshigren Steinar Høyvik Espen Kerim framfor seg slik at han fekk visa veg rundt banen i første omgang. I depotet etterpå vart det konstatert ein bøyd ventil, og dermed vart det ikkje meir kjøring. Lars Reidar Frøyland delte bil bil med Jan Kåre, men Sierraen var ikkje god nok til å hevda seg blandt dei beste, og fekk dei same plasseringane som Jan Kåre. Totalt vart han nr. 37 medan Steinar vart nr. 42.
         Trekninga av anbuda etterpå førte til at Espen Kerim kjøpte bilen til Steinar, medan Lars Reidar kjøpte Espen Kerim sin. Han vart forøvrig nr. 2 i løpet. Lars Reidar har generøst nok lånt ut vinnarbilen frå sist løp til Steinar slik at han får kjøra løpet på søndag.
-- Resultatliste --

Uoffisiell stilling i Norgescupen for RCN
Vi har laga ein uoffisiell stilling i Norgescupen etter runden på Vinjarmoen på Dokka i går. Du finn link til den over ved sida av plakaten. 
         I den minste klassen fekk fleire av dei som låg godt an i samandraget tekniske problemer. Både Hans Kristian Strandbråten, Frode Leirhol og Arne Turhus vart utan poeng. Vann gjorde veteranen Per Jørgensveen, NMK Fluberg, som ikkje har kjørt dei andre rundane i Norgescupen. Kai Roger Lund, KNA Halden, vart nr. 2 og Per Jørgen Hagen nr. 3. Det er Jarl Tore Johansen, NMK Rana, som no leiar Norgescupen, men det er berre 1 poeng ned til Strandbråten og Lund. Frode Leirhol er heller ikkje hekta heilt av, men er 13 poeng bak Johansen.
         Ørjan Lutsi, NAF MS Gjesdal, som leia den store klassen før runden på Vinjarmoen, måtte stå over ettersom han ikkje var klar med bilen etter skadene den fekk på Goldags-løpet. Dermed overtok Ove Halvorsen, NMK Gardermoen, leiinga etter andreplass på Vinjarmoen. Hans-Jøran Østreng, NMK Aurskog-Høland vann løpet framfor Steinar Stokke, NMK Bergen. Desse to har nå 2. og 3. plass i samandraget, medan Ørjan Lutsi fall ned til 4. plass, men er berre 9 poeng bak Halvorsen.

Hugs dugnad lørdag og mandag
Meir info. litt lenger nede på sida.

Foreløpig startliste for motocrossløpet lagt ut
Foreløpig startliste for motocrossløpet er no lagt ut. I tillegg er datoane i tidsplanen i tilleggsreglane retta.
-- Alt om motocrossløpet her --

Tilleggsreglar for bilcross lagt ut
Samstundes er det lagt til manglande funskjonærar i tilleggsreglane for rallycross

Jens Idar Juel nr. 5 i Smådølfestivalen
Jens Idar Juel leia A-finalen for bilcross jr. i Smådølfestivalen arrangert av NMK Nore og Uvdal sist helg, men ei snurring gjorde at han fall ned til 5. plass. Han hadde 3. beste startspor i A-finalen etter 2 heatsigrar og 3 andreplassar. Kommande helg reiser Jens Idar saman med Steinar Høyvik, Lars Reidar og Jan Kåre Frøyland til Konsmo for å delta der.
      I seniorklassen deltok Knut Endre Fønnebø Ringhagen, Petter Andrè Gunther og Johnny Bådsvik. Både Knut Endre og Johnny fekk problemer med girkassane, medan Petter og hadde tekniske problemer.
      I RCN inntil 2400 vart Eirik Aasbøe nr. 8 etter ein heatsiger, 3 tredjeplassar og ein fjerdeplass.
Motormania.no finn de bilder, både frå Smådølfestivalen og frå andre løp.

Trening lørdag 5. august
Det blir trening lørdag 5. august frå kl. 10.00 - 12.30 (innsjekk mellom 09.30 og 10.00). For å få litt oversikt over deltakinga, må alle melda seg på til Ingvar Auestad, tlf. 98030934, på førehand.
Alle som skal trena må delta på dugnaden resten av dagen (minst til kl. 16.00)

Dugnadar/klargjering før neste løp
Det blir dugnadar dei neste lørdagane 29. juli og 5. august samt mandag 7. august (flytta frå tirsdag 8.). Me begynnar kl. 10.00 på lørdagane og kl. 17.00 på mandagen. Det blir div. klargjeringsarbeid før løpet (maling, vasking, rydding osv.).

Ørjan Strand Eikeland nr. 5 på Goldagsløpet
Etter 4 heatseierar av 4 mulige i innleiande omgangar vart konkurransen hardare i A-finalen. Til slutt måtte han sjå 4 bilar framfor seg slik at det vart femteplass i år. Det var vel kanskje ein liten nedtur etter seieren i fjor, men med over 50 deltakerar i klassen er det ein svært god prestasjon.
        I rallycross nasjonal hadde Rune Lutsi tatt turen opp til Gol. Her kjører dei på poeng som i bilcross, og 3 andreplassar og ein tredjeplass vart det C-finale på Rune. Her vart det ein fjerdeplass og dermed 14. plass totalt av 44 deltakerar.

Motocrossbanen stengt lørdag 15. juli
Motocrossbanen er no blitt slodda, og pga. all nedbøren dei siste dagane er det ikkje forsvarleg å kjøra på den før den har tørka. Det vert dermed ikkje trening komande lørdag.

Rapport frå nokre løp første helga i juli
Vi hadde nokre medlemmer som var på tur til Bø og Kristiansand første helga i juli. Les meir om korleis det gjekk her ...

Arbeid på banen i løpet av sommaren
Som dei fleste nok forstår, er det ein del arbeid som bør gjerast på anlegget før løpa i august. Det gjeld spesielt snikring og maling. Alt nødvendig utstyr inkl. teikningar finns på banen. Dei som er interessert i å gjera ein innsats for klubben i løpet av sommaren, kan kontakta Marius Vaka Lothe, tlf. 91635628, for nærmare informasjon. Me minner om at alle aktive er pålagt minst 10 timar dugnad i løpet av sesongen, og det er nok mange som manglar timar.

Invitasjon til 4. runde i VM for motocross
Du finn meir informasjon om VM-runden i motocross på denne sida her ... eller ved å link på toppen av sida. Tilleggsreglar og startliste kjem etterkvart.

Invitasjon til 5. runde i norgescupen rallycross nasj.
Lørdag 12. august er det klart for 5. runde i Norgescupen for rallycross nasjonal. Informasjon, tilleggsreglar og startliste kjem etterkvart på denne sida ..
Du kan melda deg på ved å velgja "Påmelding" i menyen til venstre.

Endringar i motocrosskomiteen
Etter eige ønskje trekkjer Bryn Rønnevik seg som leiar i motocrosskomiteen. På eit møte denne veka vart Lisa Skrunes vald til ny leiar. Samstundes går Knut Helge Skjold inn som ny baneansvarleg, medan Helge Frøland held fram som sekretær i gruppa. Det vert og jobba for å få gjennomført Vestlandsmesterskapsrunden siste helga i august som planlagt, men det blir avklart dei neste dagane.

Slapp oppslutning om stor-dugnaden
Berre 9 personar deltok på dugnaden lørdag, av dei 5 aktive bilførerar. Dei som var der, fekk likevel gjort ein god del.

Glenn Olav Lothe og Sverre Gjerde snikrar, medan Johnny Bådsvik, Petter Andrè Gunther og Marius Vaka Lothe sjekkar at det blir bra.

Fleire bilder

Eirik Aasbøe nr. 7 på Eikås
Eirik Aasbøe vart nr. 7 i sin BMW i 2-dagarsløpet på Eikås sist helg. Terje Steinnes deltok og i den store klassen, men måtte kasta inn handkle  lørdag kveld med motorproblemer. I bilcross-klassen vart Johnny Bådsvik nr. 32, men i røvarheatet som vart kjørt med alle dei som ikke kom til finalane, vart han nr. 3. Neste helg skal både Eirik og Johnny til Kristiansand.

Stor-dugnad lørdag 24. juni kl. 09.00
Som avslutning før sommarferien og for at anlegget skal vera så bra som mulig før Norgescup-løpet i august, vert det stor-dugnad lørdag 24. juni kl. 09.00.
Dersom vi klarer å samle 25-30 arbeidsvillige denne dagen, vil vi få masse gjort. Arbeidsoppgåvene er følgjande:
- reising av vegger mellom brakkene (skal bli garasje)
- legging av takplater
- vasking/skraping/maling av vegger og dører
- fjerning av busk og kratt
- kapping av greiner som stikk ut i banen
- spyling av roseplata
- generell rydding på området
- raking/steinplukking på banen
- montering av reklameskilt
- osv. osv.

Marius skal stå for matservering ca. kl. 14.00, så dei som evt. er skeptisk til det får ta med nista. Vi satsar på ein god arbeidsdag med ein del jabbing, lott og løye.
Har du spørsmål, kan du kontakta Petter Andrè Gunther, tlf. 92861995

Rune Lutsi nr. 4 i Norgescup-runden på Konsmo
Rune Lutsi kjørte inn til ein sterk fjerdeplass i Norgescup-runden på Konsmo i dag. Han hadde femte startspor i A-finalen, etter 4. og 5. tid som teljande, og kjørte seg altså opp ein plass i finalen. Han går med det inn på 9. plass samanlagt etter 2 rundar. Hans Kristian Strandbråten vann framfor Cato Andersen og Frode Leirhol. Sigmund Lutsi vart nr. 2 i C-finalen og vart altså nr. 12. Han hadde 13. og 14. tid som sine teljande omgangar. Både Nils Kleven og Geir Harald Skeie fekk berre ein omgang før tekniske problemer sette stoppar for vidare kjøring.
       I den store klassen vil vi gratulera Ørjan Lutsi med seieren. Han hadde tydeligvis fått ordna bilen 100% etter rundkastet i Vikedal sist helg. Med dette resultatet leiar han Norgescupen i den største klassen før 3. runde på Melhus neste helg. Steinar Stokke vart nr. 5 etter å ha vunne B-finalen frå 3. startspor. Han ligg på delt 4. plass samanlagt, 6 poeng bak Ørjan.

Vassnes Elektro AS ny samarbeidspartner
Som de ser i lista til høgre, er Vassnes Elektro AS i Ølensvåg no komen med som ny samarbeidspartner. Vassnes Elektro er eit elektrofirma som driv primært mot skips- og oljeindustrien. Hovudaktiviteten skjer hjå Westcon i Ølensvåg, der dei og har kontora sine. 

Tusen takk frå bilgruppa:
Tusen takk til alle vakter og funksjonærar som gjorde eit strålande arbeid for at to-dagers løpet blei gjennomført på ein glimrende måte.
Spesiell takk til dei som kjem først og går sist. Dette er noko me vil jobba med framover for å få fleire til å ta ansvar. 
Det er enormt mykje som er bra, men det er og masse å ta tak i. 
Har fått mykje skryt for løpet så det er kjempebra.
Håper mange blir med og lager til neste løp som er Norgescup i RCN slik at det blir ein suksess. Det er eit viktig løp for oss!
Det kommer til å bli like bra ver har eg hørt.

Helsing frå oss i
Bilgruppa v/Glenn Olav Lothe

Strålande 2-dagarsløp med masse action
Det vart strålande sommarver til 2-dagarsløpet, og når deltakerane laga mange spennande heat, vart det ei strålande helg for dei fleste.
       I bilcross var det Lars Reidar Frøyland, Kenneth Johansen, Per-Gaute Østbø (alle NMK Vikedal), Sveinung Skjæveland (NAF MS Gjesdal), Kjell Askeland (NMK Bergen) og Glenn Rostøl (KNA Klepp Motorsport) som vart best og sikra seg plass i NMKs Landsfinale på Lyngås i august. Fullstendige resultatlister finn du ved å bruka linkane under. Stillinga i NMK Vikedal Cup er også oppdatert. Link til dei finn du øverst på sida.
Resultater frå  2-dagars bilcrossløpet
Resultater frå 2-dagars rallycrossløpet

Info. om 2-dagars løpet 10. - 11. juni
Foreløpig startliste for 2-dagars bilcross-/rallycrossløpet 10. - 11. juni
Tilleggsreglar, bilcross 
Tilleggsreglar, rallycross

X-box rallycrossløp lørdag kveld
Holten Motorsport og Moland Racing inviterer til rallycross kjøring på storskjerm i Holten-teltet lørdag 10/6. "Løpet" blir etter dei tre omgangane på løpet på banen. 
Påmelding fra kl. 10.00 til 17.00 lørdag 10/6 til Holten Motorsport. Det er sett eit tak på 30 deltakerar, og det er berre ope for deltakerar i 2-dagarsløpet. Det blir ein kjapp innføring før treninga. Tidsskjema blir litt sånn på sparket, men reknar med fri trening frå 18.00 til 19.00. 1.omg. startar kl. 19.15. Andre omgang blir kjørt umiddelbart etter første omgang. Det blir kjørt A,B og C finale, med premiering til "pallen" (3 beste). Heat og finalar blir kjørt med 4 bilar.

RCN: Meld dykk på NC-runden på Konsmo
Vi har oppfordra nokon allereie til å melda seg på til Konsmo, men vil gjenta den for alle deltakerane på løpet i helga. Neste helg går andre runde i Norgescupen for rallycross nasjonal på Konsmo. Påmeldingsfristen er fredag 9. juni. For dei som ikkje har vore der, ligg Konsmo rett nord for Lindesnes, rundt 270 km frå Aksdal om Stavanger. Fergebillett og bompenger for bil og hengar (inntil 10 m) kjem på rundt 800,- kr. t/r. Om Haukeli er det litt lenger, rundt 400 km frå Aksdal, men ein slepp då ferge og bompenger.
    Nivået er høgt på Vestlandet, så alle bør ha muligheter til ei god plassering. Dersom ein deltar på 4-5 rundar, er det og muligheter til ei god samanlagt-plassering. Både NC-rundane på Konsmo (17/6), Dokka (5/8), Vikedal (12/8), Sigdal (2/9 og Momarken (16-17/9) bør vera innan rimeleg avstand for dei aller fleste.

Håvard Helland nr. 3 i Sommervelta på Lyngås
Håvard Helland hadde ei god helg på Lyngås og kunne klatra opp på seierspallen og ein tredjeplass. Bjørn Magne Moland Enge derimot fekk problemer med tenninga på bilen og fullførte vel ingen heat. Per Vidar Flesjå var og på plass i Escorten, men nådde akkurat ikkje finalen og vart nr. 17.
-- Bilder frå RCN på Lyngås --

Dugnad torsdag 8. juni
Det vart gjort ein god del arbeid sist lørdag, men siste finpuss gjenstår før løpet. Det vil bli steinplukking, litt skruing på rekkverk og kantslått. Det er fint om dei som har tilgong til motorisert ljå kan ta med det. Ta evt. kontakt med Glenn Olav, tlf. 97107666, for å avklara kva anna som trengs av verktøy og utstyr.

Sponsorbillettar til rallycrossførerar
Bilgruppa har bestemt alle rallycross-førerar som er medlemmer i NMK Vikedal kan få kjøpa inntil 10 billettar til halv pris på et løp i sesongen til sine sponsorar. Navn på sponsoren må gis opp for å unngå misbruk. Kontakt Glenn Olav for meir informasjon.

Dugnad lørdag 3. juni
Som vanleg blir det dugnad lørdagen helga før løp frå kl. 10.00. Vi håpar mange vil stilla slik at vi kan ha anlegget i topp stand til 2-dagarsløpet. Ta evt. kontakt med Glenn Olav, tlf. 97107666, for å avklara kva som skal gjerast og kva som trengs av verktøy og utstyr.

14. plass til Svein Bjarte Holten i NM-runden
Det vart 14. plass på Svein Bjarte etter ein våt søndag i Bergen. Det såg svært bra ut etter dei 2 første omgangane då han låg på 5. plass etter 9. og 6. tid. Men etter 10. tid i siste omgang, vart det andre startspor i C-finalen. I starten i finalen vart det trangt, og Svein Bjarte var ein av dei om vart ståande med defekt forstilling.

NM-runde i rallycross i Bergen i helga
Svein Bjarte Holten er i Bergen og kjører den andre NM-runden. NMK Bergen legg forløpande ut resultatene på heimesida si, www.nmk.no/bergen

Ny trening for bil i lørdag 3. juni
Det blir trening for bil lørdag 3. mai kl. 10.00 - 12.30 (innsjekk mellom 09.30 og 10.00). For å få litt oversikt over deltakinga, må alle melda seg på til Ingvar Auestad, tlf. 98030934, på førehand.

Ingen suksess for våre i bilcross i Kvinesdal
Det vart ikkje noko topp-plasseringar på våre 3 deltakerar i bilcross i Kvinesdal i helga. Det var Lars Reidar Frøyland, Steinar Høyvik og Frank Falkenhaug som hadde reist til neste års landsfinale arrangør i Kvinesdal. Lars Reidar vart nr. 15, Steinar nr. 32 og Frank nr. 40 av dei 52 deltakerane. Ifølgje reiseleiaren gjekk det rett og slett ikkje fort nok. Mekanikerane, Rune Lutsi og Gisle Morten Hetland, meinte heller at det vart tenkt for mykje på mat. Det var 134 bud, og Frank var uheldig å mista sin Volvo 240. Blant dei som kjøpte bilar var Tom Jøran Johnsen, som kjøpte vinnaren i dameklasse, ein Golf.
    Tor Olav Kleven, som kjørte RCN med sin BMW 320, vart nr. 7 i sin klasse.

Ingve Andrè Strand vann NM-runden i crosskart
Ingva Andrè vann sin første NM-runde i crosskart på Finnskogen sist helg. Han stod i beste startposisjon i finalen og leia den frå start til mål. Han kjører i år i 250 ccm klassen. Neste NM-runde går 10. juni på Krabyskogen på Toten.
-- Les meir på Motorsportavisen --

Det blir dugnad lørdag 27. mai
Det blir dugnad lørdag 27. mai kl. 10.00. Vi skal bytte litt rekkverk, ordne skråningen mot motocrosshoppet slik at bilcross kan kjøra heile svingen samt anna forefallande arbeid.

Knattecrossløpet lørdag 27. mai er avlyst
På grunn av liten påmelding er knattecrossløpet 27. mai avlyst.

Ekstra trening for bil i lørdag 20. mai
Det blir ei ekstra trening lørdag 20. mai frå kl. 10.00 - 12.00 med dugnad etterpå. Påmelding til Ingvar Auestad, tlf. 98030934 eller 52721777 (jobb). 
I tillegg blir det trening onsdag 24. mai kl. 17.00. Påmelding for denne skal til Glenn Olav, tlf. 97107666.

Hugs påmelding til 2-dagarsløpet 10. - 11. juni
Det er på tide å melda seg på til 2-dagarsløpet. Dette er også kvalifiseringsløp til landsfinalen på Lyngås i august. Dermed er det venta stor deltaking og det kan ble begrensa antall deltakerar. Meld deg på i dag, så er du sikker på å få delta. Det er allereie ein del påmeldte, og startlista blir lagt ut i løpet av den neste veka.

Ole Eirik Mæland nr. 15 i NM-runden i motocross
Ole Eirik Mæland klarte ein 15. plass i NM-runden i Eksismoen i helga. Dermed tok han sitt første NM-poeng. Helga før var han i Sarpsborg der det vart 2. plass.
I tillegg fekk han ein god opning i Vestlandsmesterskapet der det vart 2. plass for 14. dagar sidan. Neste runde i VM går på Stord kommande helg (20. - 21. mai).

Resultater frå 1. runde i VM i MX på Sotra 29. april

Ingen suksess for våre i billøpa så langt i mai
Våre medlemmer har ikkje hatt den heilt store suksessen så langt i mai. Men ifølge ryktene er det nokre som har tenkt seg til Kvinesdal på Kr. Himmelfartsdag, så kanskje det går betre då. Påmeldingsinfo. her ..
-- Les meir --

Trening for bil i mai
Det blir 2 treningar for bil i mai. Første blir lørdag 6. mai kl. 10.00 (innsjekk mellom 09.30 og 10.00) og den andre blir onsdag 24. mai kl. 17.00.
For å få litt oversikt over deltakinga, må alle melda seg på til Glenn Olav, tlf. 97107666, på førehand.
Etter treninga neste lørdag blir det dugnad der ein skal rydda litt i skråningane før buskar og kratt kjem for langt og ordna noko rekkverk.

Bilder frå løpet
Kjetil Helland fotograferte under rallycrossløpet sist søndag. Bilda ligg på http://home.no.net/kjetil25/vm/
Om nokon er interessert i nokre av bilda, kan de ta kontakt på kjetil@vestmedia.no

Resultater etter VM-rundane lagt ut
Resultata etter VM-rundane er endeleg lagt ut.
Resultata frå bakkeløpet lørdag 22. april
Resultata frå bilcross junior lørdag 22. april
Resultata frå rallycrossløpet søndag 23. april
Stillingane i NMK Vikedal cup er også oppdatert. Følg linkane over.

Foreløpig startliste for bakkeløp/bilcross jr.-løpet 22. april
Foreløpig startliste for rallycrossløpet 23. april

Tilleggsreglane for 22. og 23. april lagt ut
Tilleggsreglane for løpa 22. og 23. april er no lagt ut. Følg linken til løpa over eller trykk her ...

Uttak til NMK Vikedal junior team
Bilgruppa har no fastlagt vilkåra for uttaket til NMK Vikedal junior team. I år vert det og lag i rallycross nasjonal.
-- Les meir --

Reglane for NMK Vikedal lagt ut
Reglane for NMK Vikedal cup 2006 er no lagt ut. Følg linkane over.

Påmelding til løp 22. - 23. april
Me minner om at påmeldingar for løpa 22. -23. april må vera NMK Vikedal i hende innan onsdag 12. april. Etter den tid vil det bli lagt til etteranmeldingsgebyr.

Trening for bil onsdag 19. april
Det blir trening for bil onsdag 19. april frå kl. 17.30. Det var litt snakk om trening lørdag 8. april, men banegodkjenninga er ikkje i orden til dess. 

Pressemeldinga etter bilcrossløpet
-- Les pressemeldinga her --

Per Gaute Østbø vann sesongopninga i bilcross
NMK Vikedal dominerte i bilcrossklassen i sesongopninga i Vikedal. Per-Gaute Østbø vann framfor Arild Riise og Kenneth Johansen. Einaste fremmande i A-finalen var Sveinung Skjæveland, NAF MS Gjesdal, som vart nr. 4. Glenn Olav Lothe vann B-finalen og kjørte seg opp til 5. plass, medan Hans Kristjan Kristjansson vart nr. 6.  Det var 40 bud på bilane, og både bilen til Skjæveland og Lothe fekk ny eigar.
         I bilcross junior måtte det omstart til i A-finalen etter at 3 bilar vart ståande etter ein smell. Til slutt vann Jan Magne Dybvik, KNA Haugaland, framfor Anette Aarre og debutanten Kennet Kaldheim. Jan Kåre Frøyland, Egil Nybøe og Jens Idar Juel tok dei neste plassane. Jens Idar sin bil vart så skadd i startsmellen at han kunne ikkje vera med i omstarten.

Resultatliste for bilcrossløpet 2. april

Foreløpig startliste for bilcrossløpet 2. april

Nye, oppdaterte bilder frå banen
Her er 2 nye bilder frå banen i dag og samanlikning med korleis det var sist søndag, altså for 4 dagar siden.
-- Les meir --


Søndag 26.3                                         Torsdag 30.3

Pressemelding før bilcrossløpet
-- Les meir her --

Oppdaterte bilder frå banen
Her er nye bilder frå banen i dag.
-- Les meir --

Statusrapport frå medlemmene i sør-fylket
-- Les meir --

Tilleggsreglane for bilcrossløpet endeleg klare
-- Tilleggsreglar, 2. april --

Reprise av koblingskjema for bensinpumpa
På førespurnad legg vi ut link til koblingsskjema på nytt. Koblinga kan gjerast med to enkle rele og ein diode slik dette koblingsskjemaet viser.

Medlemmene i NMK Vikedal er trege med påmeldinga
Våre eigne medlemmer ser ut til å vera dei som har størst problemer med å hugsa påmeldinga. Vi har fått påmeldingar frå mange andre, til og med frå NMK Bø, men manglar frå mange lokale "heltar". Du ser kven som er registrert på linken over. På grunn av at vi var seint ute med informasjon, er påmeldingsfristen utsett til lørdag 25. mars. Dei påmeldingane vi mottek søndag og seinare, vil bli ilagt etteranmeldingsgebyr. Vi treng definitivt pengane.

Bilder frå rekkverksmonteringa og banen tirsdag
Her er eit par bilder frå rekkverksmonteringa som og viser status på banen no. Som de ser er det fortsatt litt snø rundt banen, men sjølve banen er stort sett bar.
-- Sjå bildene --

Status fra Higre-reiret før sesongstart
Vi har fått ein oppdatert status fra sjefshigren med nokre små spark til Vats-ræserane og Ølen Racing Team. Nokre nye små-higrar er vissnok og klekte ut sjølv om ikkje våren er komen enno. Det går og rykte om at sjefshigren har hyrt inn hjelp frå Bø for å sikra gode resultat i det første løpet, samt at han skal vera løpsledar sjølv. Dette kan bli spennande.
-- Les meir --

Ny dugnad før sesongopninga
Det blir ny dugnad lørdag 25. mars kl. 10.00. Det er viktig med godt frammøte på dugnaden slik at alt er klart til sesongstarten. Det er fint om du kan gi beskjed til Geir Harald Skeie, som er ansvarleg for dugnaden, om du kjem og evt. om du har fleire med deg. Dermed kan arbeidet planlaggjast betre. Geir Harald når du på tlf. 90026145.

Stor oppgradering med sikring av banen før sesongstart
I desse dagar vert det sett opp nytt rekkverk for nærmare 1/4 million kr. på banen. Dette er hovuddelen som skal til for å fornya banegodkjenninga. I tillegg inngår rekkverket i ei løysing med alternativspor som sannsynlegvis blir testa i bicross senior i sesongopninga.

Tilleggsreglane for sesongopninga snart klar
Tilleggsreglane vil bli lagt ut på nettsida ein av dei første dagane. 

Påmeldingssida oppdatert med rette datoar
Påmeldingsskjema er no oppdatert med rette løps-datoar for 2006. Dei som har tenkt å delta i sesongopninga i bilcross 2. april må melda seg på snarast for å unngå etteranmeldingsgebyr.

Bra frammøte på dei tekniske kontrollane
Det var brukbart frammøte på dei tekniske årskontrollane 4. mars. For dei som har tenkt å delta i sesongopninga i bilcross 2. april og ikkje har hatt teknisk årskontroll enno, hastar det no med å få tatt den.Hugs at det tar litt tid å få lisensen tilbake frå NBF, og du får ikkje starta i løpet uten at den er i orden.
-- Sjå bilder frå kontrollen i Sandeid --

Årets første dugnad lørdag 25. feb. kl. 10.00
Det er ein god del som skal gjerast med rekkverk og sikring av vaktpostane før ny banegodkjenning er på plass. Dette må gjerast før første løp i år. Vollen ved mål er fjerna og bekken/kanalen er lagt i røyr. Vollen skal nå erstattast med dobbelt rekkverk, men før det skal banebredden og kurvene justerast. Vaktpostane skal sikrast betre med 2 rekkjer med dekk.
Har du spørsmål kan du kontakta leiar i anleggskomiteen, Jarle Apeland, på tlf. 90542614.

Teknisk årskontroll for "ytre strøk" flytta
På grunn av at det ikkje passa for Rune Ørke, vert den tekniske årskontrollen for "ytre strøk" flytta frå Rune Ørke Bilservice på Frakkagjerd til Saltvedt Auto Grip, Fjellveien 2 på Sørhaug i Haugesund (nabobygget til Bohus Vikse Møbler).

Teknisk årskontroll 4. mars kl. 09.00 - 13.00
Det blir teknisk årskontroll for bil på Suldal Billakkering i Sandeid og Rune Ørke Bilservice på Frakkagjerd lørdag 4. mars kl. 09.00 - 13.00. Dermed er det på høg tid å bla gjennom Bilsportboka og sjå kva endringar som er gjort i det tekniske reglementet. Er det noko du lurer på kan du kontakta ein av dei nominerte tekniske årskontrollantane:
    Lars Reidar Frøyland, mob. 91332202
    Per Harald Hansen, mob. 97098876
    Arild Vik, mob. 97555530
    Rune Lutsi, mob. 95081877
    Nils Kleven, mob. 97529218
Byggjer du ny bil eller gjer store endringar, ta kontakt på forhånd dersom du er i tvil om reglane slik at du unngår å gjera ting 2 gonger.
Som i fjor er avgifta på kontrollen kr. 100,- lørdag 4. mars og kr. 300,- utanom. 100,- kr. av avgifta går til dekning av kursavgift og reiseutgifter i samband med oppdateringskurs for kontrollantane. Resten går til dei tekniske kontrollantane.


Nokre bilar i kø på fjorårets kontroll på Suldal Billakkering

Teoridelen for lisenskursa utsett
Ettersom det var svært mange lisenskurs i fjor, har det vore litt laber påmelding i år. For å prøva å få med alle som kan tenkja seg å delta, blir teoridelen av lisenskursa utsett litt. 
         Teoridelen for bilcross jr. blir onsdag 8. mars, medan teoridelen for H-lisenskurset blir onsdag 15. mars. Praksisdelen går som planlagt 18. mars. Påmelding seinast ei veke før kursdato. Meir info under "Kurs" i menyen til venstre.

Lisenskurs for bil våren 2006
Kursplanen for våren 2006 er no klar. Hugs at alle som fyller 15 år i 2006 kan gå på bilcross junior-kurs, løysa lisens og delta på trening. For å delta i konkurransar må du venta eit år.
-- Les meir --

Oppdaterte sider om styre
Informasjonssidene (menyen til venstre) er no oppdatert med rett informasjon om styre og komitear slik dei er etter årsmøtet.

Triveleg årsfest
Det vart ein triveleg årsfest i Meierikjellaren i Ølen om kvelden etter årsmøtet. 


Sportsprisen gjekk i år til Geir Harald Skeie (t.v.) og årets Ildsjel vart Steinar Høyvik (t.h.). I midten leiar Lajla S. Eikeland.

I tillegg til Sportspris og Årets Ildsjel, vart det delt ut ein ekstrapris etter litt samarbeid mellom Kylles Racing og Higre-teamet. For dei som gjekk glipp av dette, vart ikkje alle bildene sensurert i år, slik at fleire kan sjå kva som skjedde.
-- Les meir --

Roleg årsmøte
Det vart eit roleg årsmøte der gjennomgong av årsmeldingar, rekneskap, budsjett og val vart gjennomført utan dei store diskusjonane. 

Samarbeidspartnerar



Motorsportsavisen

holtenmedia

motormania.no

Haugesund Sparebank

Knapphus Bensinstasjon AS

Vassnes Elektro AS

Vikedal Mur & Anlegg AS

Lokalavisa Grannar

Suldal Billakkering - tlf. 52767377

Jan's Hydraulikk as


Tveit Regnskap 

Sandeid 
Cement A/S





Me ønskjer alle medlemmer, funksjonærar, aktive, 
samarbeidspartnerar og andre motorsportsinteresserte
ei god jul og eit godt nyttår.