2 frå NMK Vikedal i finalane i Norgescup-runden på Lyngås

Lars Reidar Frøyland nr. 16 i klassen inntil 2400 ccm og Eirik Aasbøe nr. 13 i klassen over 2400 i den andre runden i Norgescupen for rallycross nasjonal på Lyngås Motorbane i helga. Knut Endre Fønnebø Ringhagen var uheldig å hamna på taket med sin Mercedes.

Det vart mykje kjøring på dei fleste deltakerane på Lyngås i helga med fleire treningsomgongar, men for Knut Endre Fønnebø Ringhagen vart det med trening. På tidstreninga hekta han i innersvingen og vippa over på taket. Sjølv kraup han uskadd ut og forhåpentlegvis er ikkje skadene på Mercedesen hans alvorlege heller.

Lars Reidar Frøyland var best av NMK Vikedal-førerane i den første omgongen og kjørte inn til 16. bestetid med sin Escort av dei 67 deltakerane i klassen inntil 2400. Steinar Høyvik fekk 42. tid med si Wankel-boble, medan Joakim B. Hansen fekk 49. tid med sin NSU. I klassen over 2400 fekk Eirik Aasbøe 22. beste tid og Per Magne Flatebø 24. tida av dei 29 deltakerane. I andre omgong betra alle tidene sine og kraup med det litt oppover resultatlistene. Unntaket var Joakim B. Hansen som braut omgangen og gav seg for helga. Lars Reidar Frøyland var no rimeleg sikker på finaleplass, men ei god tid i 3. omgong ville betra startposisjonen. Litt hard satsning på ein oppkjørt bane gjorde at han punkterte og fekk ei dårleg tid. Dermed vart det D-finale på Lars Reidar. Eirik Aasbøe hadde og finaleplass i sikte med ei god tid, og etter god kjøring vart det plass i D-finalen på han og.

I D-finalen i den minste klassen fekk Lars Reidar Frøyland problemer med ein støtdempar som låste seg, og han måtte dermed ta det med ro og kjørte inn til 4. plass i D-finalen og 16. plass totalt. Steinar Høyvik vart nr. 40 i denne klassen, medan Joakim B. Hansen og Knut Endre Fønnebø Ringhagen vart uplassert. I den store klassen vann Eirik Aasbør D-finalen og gjekk vidare til C-finalen. Der kjørte han inn til 5. plass og vart dermed nr. 13. totalt. Per Magne Flatebø vart nr. 23 i denne klassen.

Neste løp for dei fleste er 2-dagars løpet på Vikedal Motorbane i Vikedal komande helg, lørdag 13. og søndag 14. juni. Neste runde i Norgescupen går på Finnskogen 27. og 28. juni.