Over 100 påmelde til sesongopning

Til helga opnar sesongen på Vikedal Motorbane, med andre runde i Vestlandsmesterskapet. Geir Harald Skeie, Hallvard Finnvik, Ernst Holten Leifsen, Sveiunung Holten Leifsen og Daniel Holten er best i gong av NMK Vikedal sine førarar etter ein runde.

I år blir rallycrossen i Vestlandsmesterskapet køyrt i tre volumklassar. Inntil 1600 for junior, inntil 2400 kubikk og over 2400.

I klassen for dei største bilane var det Geir Harald Skeie som kom best i gong på Eikås Motorseter ved Bergen forrige helg, og vann klassen i suveren stil. NMK Vikedal dominerte klassen i Bergen. Erik Aasbøe kom på andre plass, meden Per Magne Flatebø og Håvard Helland vart nummer fire og fem.

Alle desse er påmelde til Vikedal. Geir Harald Skeie køyrer den same bilen som i fjor, ein Volvo S40, men i løpet av vinteren har ein stiv bakaksling kome på plass, noko han er nøgd med.

- Det fungerte i alle fall betre i Bergen, så blir det spennande å sjå korleis det går på heimebane, seier han, som i tillegg til Vestlandsmesterskapet kjem til å køyre NM i supernasjonal denne sesongen.


Alt fungerte perfekt for Geir Harald Skeie og hans Volvo S40 i Bergen, og han satsar nok på ny seier i Vikedal.

Stor klasse

Medan den største rallycrossklassen slit med rekrutteringa på Vestlandet, er det rallycrossklassen inntil 2400 kubikk som dominerer, og i Bergen var det 23 førarar som deltok. Til løpet på Vikedal Motorbane 2. mai er 26 førarar påmeldt i denne klassen.

I Bergen var det Ernst Holten Leifsen som kom best i gong i sin Ford Focus. 25 åringen frå Vikedal har vore vekke frå bilsporten nokre år, men blei Vestlandsmester i rallycross nasjonal i 2003 og supernasjonal 2004. No er han tilbake igjen i ein Ford Focus som han har arbeidd med i eit par år, før han kjørte eit testløp i fjor haust.

- Me køyrde NM-finalen i september, utan noko særleg resultat, men i Bergen fungerte bilen veldig bra, og det skal bli spennande å sjå til helga på heimebane.

Om det kan bli full satsing i Vestlandsmesterskapet veit han ikkje.

- Det som er prioriteten i år er NM i supernasjonal, og dei to løpa eg får kjørt i Vestlandsmesterskapet no før NM startar på Melhus i slutten av mai, er viktige både for å få trening og for å få teste ut bilen.

I tillegg til Ernst Holten Leifsen var det berre Vestlandsmesteren i klassen frå i fjor, Lars Reidar Frøyland frå NMK VIkedal som kom inn blant dei ti beste i sesongopninga. Han vart nummer sju.


Hallvard Finnvik (t.v) vann bilcross-klassen i Bergen, medan Ernst Holten Leifsen vart nr. 2 i rallycross inntil 2400 ccm.

Åleine i junior

I den minste klassen i rallycross, som også er ein juniorklasse for førarar mellom 16 og 18 år, var det berre ein deltakar i Bergen. Men Daniel Holten frå NMK Vikedal stiller på nytt heime på Vikedal Motorbane, sjølv om han også blir åleine her. Bilen han køyrer i VW Golf kjøpte han som eit vrak i fjor haust.

- Ja, den forrige eigaren knuste bilen på Vikedal Motorbane. Då eg alt hadde bestemt meg for å kjøpe den etter det løpet, og gjorde det sjølv om den hadde ein stor skade. Eg fekk eit nytt karosseri med på kjøpet.

Vinteren har han brukt til å flytte motor, oppheng og drivverk over på det nye karosseriet, og i Bergen syns han det fungerte bra, sjølv om det vart uvant med forhjulstrekk. - Var spent korleis det ville bli, men bilen var mykje lettare å køyre og det var ikkje så lett å gjere feil i svingane.


Daniel Holten debuterte i rallycross i Bergen, men var einaste deltakar i klassen rallycross junior.

Opp i tet

I bilcross var det Hallvard Finnvik og Kenneth Johansen som kom best i gong i Bergen. Hallvard var i ein klasse for seg og vann alle sine tre innleiingsheat, medan Kenneth fekk to første og ein tredje plass. I finalen var Hallvard like suveren, gjekk rett i tet og blei der. Kenneth Johansen blei nummer tre i løpet, medan Glenn Olav Lothe, som også var i A-finalen, til slutt blei nummer seks.

Hallvard Finnvik frå Hebnes er relativt ny i bilcross, har kjørt i to sesongar og stort sett kome til C-finale.

- På slutten i fjor var eg oppe i B-finalen og blei til slutt nummer åtte, så sigeren og leiing i Vestlandsmesterskpet er over all forventning.

Han skryt av bilen han køyrer, ein Toyota MR 2, men trur den blir vanskeleg å ratte på Vikedal Motorbane.

- Med midtmotor og meir krevande svingar på Vikedal Motorbane blir det ei utfordring å forsvare sigeren frå Bergen, men bilen er startrask så målet må vere å ta starten og så ta det ut frå det.

Klar med ny bil

I juniorklassen er det Sveinung Holten Leifsen (bildet t.h) og Daniel Holten som har kome best i gong, og i sesongopninga vart dei nummer fire og fem. I fjor var det Daniel Holten som vart Vestlandsmester i bilcross junior, i år er det Sveinung som ligg best an. Han er første års junior, etter at han i fjor berre hadde lov til å køyre trening. Etter løpet i Bergen måtte dei reise heim utan dei gode bilcrossbilane sine, men no er Sveinung klar igjen.

- Eg har kjøpt ny bil, så det går greitt, seier Sveinung, som denne gongen er påmeldt i ein Volvo. Daniel Holten køyrer ikkje andre runde i Vestlandsmesterskapet.

Også NMK Vikedal-føraren Trygve Hustveit Lærdal gjorde det godt i sesongopninga i Bergen, kjempa lenge om ein plass i A-finalen, men måtte til slutt nøye seg med ein 7. plass.