Dugnad
lørdag 26. nov. kl. 10.00
Det
blir dugnad lørdag 26. nov. frå kl. 10.00. Aktuelle
arbeidsoppgåver er:
- generell klargjering for vinteren, sjekk av grøfter
osv.
- snekring, taklegging og anna rundt klubblokalet
- gjennomgang og sjekk av utstyr
Vi håpar mange kan vera med slik at vi får gjort
dette på ein effektiv måte. Har du spørsmål
kan du ta kontakt med Steinar på årsmøtet
eller på tlf. 90061073. Det er uansett fint om du kan gi
eit vink at du kjem, slik at vi kan planleggja arbeidet litt for
å få utnytta dagen best mulig.
Innspel
til diskusjonar på årsmøtet
Som
det går fram av innkallinga til årsmøtet,
skal formelle forslag til årsmøtet sendast til
leiaren i styret innan tirsdag 15. nov. slik at styret kan gi si
vurdering av forslaget. Vi oppfordar alle til å koma med
innspel og delta i diskusjonane. Dette er den viktigaste arenaen
til å sei di meining av kva NMK Vikedal skal driva med og
kva vi skal prioritera. Som kanskje nokon har fått med
seg, har det vore livleg diskusjon på internett om RCN sin
posisjon i Vestlandsmesterskapet. Har du innspel på kva
NMK Vikedal skal meina om dette, gi det til kjenne på
årsmøtet, så vil det bli tatt med vidare i
planlegginga for neste år.
Årsmøte
og årsfest 19. november i Ølen
Innkallinga
til årsmøte og årsfest er no sendt ut i
posten til alle registrerte medlemmer. Årsmøtet er
ope for alle interesserte, men det er berre medlemmer som har
talerett. Årsfesten er open for funksjonærar og
andre motorsport-interesserte som har lyst til å vera med,
men medlemmer vert prioritert.
-- Innkalling
til årsmøte --
-- Innbydelse
til årsfest --
Oppdatering
av annonsene
Det
har vore litt dårlig med oppdateringar på annonsene,
men nå er det lagt ut ein god del annonser, både for
bilar og utstyr. Ta ein titt ved å velgja "Kjøp
& sal" i menyen til venstre.
Rune
Lutsi Vestlandsmester i RCN inntil 2400 ccm.
Rune
Lutsi vann endeleg eit velfortjent vestlandsmesterskap. I
finalen måtte han sjå seg slått av Frode
Leirhol, NMK Valdres, og Tom Engh, NMK Gjøvik, men det
heldt likevel til å gå forbi John Vatland.
I store supernasjonal klarte ikkje
Svein Bjarte Holten å vinna finalen. Dermed vart han nr. 2
bak Stian Haugan.
Stian Haugan (t.h.) klarte å halda Svein Bjarte Holten
bak seg og kunne jubla for eit nytt Vestlandsmesterskap.
-- Les
meir --
Spennande
før finalen i Vestlandsmesterskapet
Det
vert ein spennande finale i Vestlandsmesterskapet lørdag
15. oktober.
-- Les
meir --
Favorittane
heldt stand
Favorittane
klarte å forsvara sine posisjonar under finalen i NMK
Vikedal Cup 2005 på søndag, og Steinar Stokke, Arnt
Olav Lillesund og Lars Reidar Frøyland fekk fortjente
premiar og laurbærkransar for innsatsen.
-- Les
pressemeldinga etter løpet her .. --
Favorittane
vant i NMK Vikedal cup
Det var favorittane som tok hand om laurbærkransane
i NMK Vikedal cup 2005. Arnt Olav Lillesund var klar som vinnar
på førehand i bilcross junior, men vann likegodt løpet
i dag og. Joakim B. Hansen vart nr. 2 i cupen og Ørjan
Strand Eikeland nr. 3. I bilcross senior havna dei som har gjort
det best så langt i år utanfor pallen. Dermed klarte
Johannes Holten Leifsen å kapra tredjeplassen bak Lars
Reidar Frøyland og Martin Tveit. I rallycross nasjonal
vann Steinar Stokke cupen framfor Geir Harald Skeie. Rune Lutsi,
som vann løpet i dag, sikra seg tredjeplass.
Sluttstillinga i NMK Vikedal cup 2005 finn du under linken over.
Resultatliste,
bilcross, 9. oktober 2005
Resultatliste,
rallycross nasjonal, 9 oktober 2005
Foreløpig
startliste for 9. oktober 2005
Foreløpige
tilleggsregler bilcross 9. oktober 2005
Foreløpige tilleggsregler rallycross 9. oktober 2005
15
jenter deltok på jentenes bilcrossdag
Heile 15 jenter møtte og debuterte
eller gjorde comeback i ein bilcrossbil i dag sjølv om
det var tidvis ufyseleg vær. Men jentene kjørte som
om dei ikkje skulle ha gjort anna, og ut frå kommentarane
etter treninga frå mange av dei, blir det ikkje siste gong
dei kjører.
Hugs
påmelding til finalen i NMK Vikedal cup
Den foreløpige påmeldinga til
finalen i NMK Vikedal cup kan gi fleire endringar i toppen
dersom ikkje ein del snart får fingen ut og melder seg på
finalen. Påmeldingsfristen er no forlenga til lørdag
1. oktober, men då må påmeldinga vera mottatt
for at ein skal unngå etteranmeldingsgebyr.
Jentenes
bilcrossdag lørdag 1. oktober
Lørdag 1. oktober står jentene i
sentrum i Vikedal. Da blir det muligt å å prøva
bilcross for alle jenter/damer som har lyst. Du må ha
sertifikat, disponera bilcrossbil og ha nødvendig
sikkerhetsutstyr (kjøredress, hjelm osv.). Dei som ikkje
får låna bil, kan kontakta Suldal Billakkering (tlf.
52767377) som har 2 bilar til utleige. Frammøte seinast
kl. 10.00 på lørdag for innsjekk. Treningslisens
kan kjøpast for kr. 50,- på innsjekk.
Til alle mannlege aktive: Still
opp og gi kone, sambuar, mor, søster, dotter osv.
mulighet til å prøva kva de driv på med og
kor lett (eller vanskeleg) det er.
Svein
Bjarte vann litt langdryg og våt VM-runde
Det vart ein svært våt og litt
langdryg VM-runde i Vikedal i dag. Svein Bjarte Holten gjekk til
topps i supernasjonal over 2000, Rune Lutsi rallycross nasjonal
inntil 2400 og Jens Idar Juel vann bilcross junior. Men det var
også mange andre gode resultater.
Resultater,
rallycross 18. september 2005
Resultater,
bilcross junior 18. september 2005
3
Tysvær-buar på pallen i bilcross
Som i august-løpet, gjekk Lars Reidar Frøyland til
topps framfor Martin Tveit i bilcrossløpet. På
tredjeplass fekk dei denne gong følgje av Hans Kristjan
Kristjanson. Våre medlemmer gjorde det svært godt og
tok 9 av dei 10 første plassane.
Resultatliste,
bilcrossløpet 17. september 2005
Steinar
Stokke til topps i Fjord Line Cup
Steinar Stokke, NMK Bergen, stakk av med seieren i Fjord Line
Cup og 10.000 kr premiepenger. Nærmast kom Rune Lutsi, NMK
Vikedal (8.000 kr.) og Stian Haugan, KNA Telemark (6.000 kr.).
Resultatliste,
bakkeløpet 17. sept. 2005
Foreløpig
startliste for bilcross senior 17. sept. og junior 18. sept.
Tilleggsreglar for bilcrossløpet 17. og 18. sept. (foreløpig)
Foreløpig
startliste for VM-rundane 17. og 18. september
Tilleggsreglar for bakkeløpet 17. september
(foreløpig)
Tilleggsreglar for rallycrossløpet 18. september (foreløpig)
Rune
Lutsi, Per Vidar Flesjå og Håvard Helland kjører
Norgescup-finalen på Lyngås
Meir info. kjem seinare
Steinar
Høyvik og Petter Andrè Gunther deltok i Bø
Steinar Høyvik og Petter Andrè
Gunther deltok på bilcrossløpet i Bø lørdag.
Steinar gjorde det bra, kom seg til A-finalen men vart dytta ut
i ein sving og vart ståande. Dermed vart de 6. plass på
Steinar. Petter Andrè enda på ca. 30. plass.
Trening/dugnad
lørdag 10. september
Det blir kombinert trening og dugnad lørdag
10. september. Treninga vert mellom kl. 10.00 og 12.00 om føremiddagen,
med dugnad etterpå. Påmelding til Glenn Olav Lothe,
tlf. 97107666.
Bilcross
junior kurs onsdag 7. september
På grunn av problemer med å få
kjørt praksisdelen tidleg om våren og 15-årsregelen
vil vi kjøre bilcross junior kurs no i haust. Alle som
fyller 15 år i år (fødd i 1990 eller
tidlegare) kan delta. Det året ein fyller 15 kan ein berre
delta på trening, ikkje løp. Teoridelen går
onsdag 7. september. Interesserte kan kontakta Sivert Ole
Holten, tlf. 90547433 eller e-post sivert.ole@holtenmedia.no,
for nærmare informasjon og påmelding.
Arild
uheldig, Per-Gaute fornøgd på landsfinalen
Arild var uheldig i første sving i første
omgong i landsfinalen på Krabyskogen. Han hadde ikke
mulighet til å stoppa då ein konkurrent snurra rett
framfor han. Det medførte ei øydelagt
"flyndre" og ei hjulstilling som ikkje var heilt etter
fabrikkspesifikasjonane som han sleit med dei neste 2 omgangane.
Med 4. plass i 2. omgang vart det 128. plass av 154 deltakerar.
Per-Gaute Østbø var godt fornøgd etter 2.
plass, 4. plass og 2. plass i sine heat. Det gav ein 46. plass
totalt.
-- Les
meir med bilder --
2
deltakerar på Landsfinalen på Krabyskogen
Arild Riise og Per-Gaute Østbø
skal delta i landsfinalen i bilcross på lørdag på
Krabyskogen Motorbane litt sør for Gjøvik. Vi
ønskjer dei lykke til.
Meir info. om Landsfinalen og oppdaterte resultater etter kvar
omgong finn du her
...
Bakkeløpsrunde
i VM 17. september
Det ser ut til at det blir arrangert eit
bakkeløp på Vikedal Motorbane lørdag 17.
september. Dette vil bli finalen i Fjord Line cup 2005. Slik det
ser ut no vil det bli følgjande opplegg den helga:
Lørdag 17. september:
Bakkeløp, 2. omgongar (prefinale
og finale), kun rallycross-klassar + free for all
Bilcross senior
Søndag 18. september:
Rallycross
Bilcross junior
Meir informasjon og tilleggsreglar blir lagt ut i neste veke.
Resultatlister
etter
motocrossløpet
Fullstendige resultatlister etter motocrossløpet
finn du her
..
Bra
motocross i Vikedal
NMK Vikedal arrangerte i helga fjerde runde i
Vestlandsmesterskapet i motocross på Vikedal Motorbane.
Roger Skjønberg frå Stord vann seniorklassa, medan
Jo Christian Larsen frå Notodden gjekk til topps i
juniorklassa.
-- Les
pressemeldinga her --
Foreløpig
startliste for motocrossløpet
Foreløpig tidsplan for motocrossløpet
Foreløpige tilleggsreglar for motocrossløpet
20.-21. august
Over
160 påmelde i motocross
Til
helga er det tohjulingane som overtar på Vikedal
Motorbane, når NMK Vikedal arrangerer fjerde runde i
Vestlandsmesterskapet i motocross. Med over 160 påmelde
deltakarar er kanskje stemnet det største som har blitt
arrangert i motocross på Vestlandet nokon gong.
-- Les
pressemeldinga her --
Lars
Reidar Frøyland til topps både i løp og cup
Lars Reidar Frøyland gjekk
til topps både i løpet og samanlagt i NMK Vikedal
cup i dag. I juniorklassen vant igjen Arnt Olav Lillesund
framfor Ørjan Strand Eikeland. For stillinga i NMK
Vikedal, følg linken over til høgre.
-- Resultatliste
--
-- Pressemelding
--
Rune
Lutsi vant 2-dagarsløpet på Kongsberg
Rune Lutsi gjekk til topps i
Rallycross Nasjonal inntil 2400 ccm i eit 2-dagars løp på
Kongsberg i helga.
Foreløpig
startliste for bilcrossløpet 14. august
Tilleggsreglar for bilcrossløpet 14. august
Spanande
innspurt i NMK Vikedal Cup
Bilcrossen startar opp igjen med eit
reint bilcrossløp på Vikedal Motorbane til helga.
Over 50 førarar er påmelde til løpet, og i
tillegg til kamp om sigeren i dei to bilcrossklassane skal det
også kjempast om poeng i NMK Vikedal Cup 2005.
-- Les
pressemeldinga her --
VM-rundane
i Egersund i helga utsett til 27. og 28/8
På grunn av liten påmelding
er VM-rundane i Egersund i helga utsett 14 dagar. Bakkeløpstraseen
på bilcrossbanen i Egersund fekk mykje skryt etter
NM-rundane der i juni. Så vidt vi veit vert det kjørt
bilcross jr., alle rallycross-klassane og free-for-all, og vi
oppfordrar alle til å ta turen til Egersund. Lurer du på
noko, kan du kontakta NMK Egersund på tlf. 416 55 349.
Treningsplan
for motocross fram til løpet 20-21/8
Førstkommande Lørdag 6.
aug. skal bilgruppa nytta banen fram til kl. 14.00.
MX treninga blir derfor
frå kl 14.00 til 15.30.
Gjenståande treningar før løpet:
Onsdag 3/8 kl 18.00 - 20.00
Lørdag
6/8 kl 14.00 - 15.30
Onsdag 10/8 kl 18.00 - 20.00
Lørdag 13/8 kl
12.30 - 15.30
PS!
Dette er siste ordinære trening før løpet
20-21/8 !!
Treningsavgift kr 50,- for dei som ikkje har sesongkort !
Geir
Utaaker nr. 7 i Nordisk mesterskap
Geir
Utaaker vart nr. 7 i Nordisk mesterskap i crosskart på
Finnskogbanen i Solør i helga. Geir kvalifiserte seg til
B-finale, men klarte å avansera vidare til A-finale der
det vart sjuandeplass blant dei 21 deltakerane i 650 ccm
klassen.
Bilgruppa
minner om trening og dugnad 6. august
Det
blir trening lørdag 6. august kl. 10.00 - 14.00. Glenn
Olav Lothe er ansvarleg og tek mot påmelding på tlf.
97107666. Det kjem ambulanse slik at det blir kjøring med
fleire bilar på banen samtidig.
Etter treninga blir det dugnad der taket på brakkene blir
prioritert, men og klargjering til løp helga etter.
-- Meir
opplysningar --
Hugs
påmelding til løpa i august, både BC og MX
Både
bilcrossløpet 14. august og motocrossløpet 20. og
21. august nærmar seg med stormskritt så det er på
tide å melda seg på for dei som ikkje har gjort det
allereie.
Til bilcrossløpet er
det berre 12 påmeldte så langt, men fleire kjem nok
dei nærmaste dagane. På Gol vart 3 av våre
bilar seldt, Ørjan Eikeland si reserve-boble og Kenneth
Johansen og Kjetil Stople sine Sierraer. Kjetil har allerede kjøpt
seg ny og spennande Escort, og Kenneth er og på utkikk
etter noko nytt.
Til motocrossløpet
er det allerede påmeldt over 120 deltakerar tilsaman i
knattecross og motocross.
Knut
Endre Fønnebø Ringhagen nr. 9 i Uvdal
Knut
Endre Fønnebø Ringhagen vart nr. 9 i Smådølfestivalen
i Uvdal i dag i ein Saab for anledningen. Han kjørte inn til 4 andreplassar og ein
tredjeplass, noko som gav beste startspor i B-finalen. Der nådde
han ikkje heilt opp og det vart til slutt 9. plass på Knut
Endre. Eirik Aasbøe deltok og i Uvdal. Han kjørte
inn til 2 andreplassar, tredje-, fjerde- og femteplass i dei
innleiande omgangane. Han mangla berre 2 poeng på ein
plass i B-finalen, og vart dermed nr. 12. Sjølv med 30
deltakerar vart det berre kjørt 2 finalar.
Vidar A. Olsen, som
kjører for KNA Haugaland, gjorde comeback i bilcross i
ein Sierra utan særleg suksess. Han vart til slutt nr. 93
av drygt 100 deltakerar i den opne klassen.
-- Fullstendige
resultatlister på NMK Nore & Uvdal sine heimesider
--
--
Reportasje
på bilcross.no med bilder av begge våre deltakerar
--
Klubben
treng bilcross-emner til skulen i Vikedal
NMK
Vikedal treng 2 bilcross-emner til vinterens bilcross-prosjekt på
ungdomsskulen i Vikedal. Ein Volvo 440 er klar, men dei skal i
vinter byggja 3 bilar så vi treng 2 til. Det bør
vera kurante bilar som Volvo, Sierra, Golf, Kadett el.likn.
Bilane bør ha vera nokolunde i orden slik at det primært
er montering av bur og mindre tilpasningar som skal til for
å få bilcrossbil av emnet. Veit du om eit passande
emne som kan kjøpast til fornuftig pris, kan du kontakta
prosjektleiar Johannes Holten Leifsen på tlf.
98283794.
Medlem
som kjører classic roadracing
Det
er vel få om nokon som har fått med seg at vi har
eit medlem som kjører roadracing med ein classic Honda
350. Per Jarle Smaamo frå Sand, nå busett i
Stavanger, deltar i denne klassen saman med faren med svært
gode resultater.
-- Les
meir --
Bil
informasjon
Det
blir trening lørdag 6. august kl. 10.00 - 14.00. Glenn
Olav Lothe er ansvarleg og tek mot påmelding på tlf.
97107666.
-- Meir
opplysningar --
Ørjan
Eikeland vann på Gol
Det
var flott innsats av våre medlemmer på Gol i det
store Goldagsløpet i helga. Ørjan Eikeland gjekk
heilt til topps i A-finalen etter 3 andreplassar og ein
heatsiger. Aleksander Stople gjorde det også godt. Dersom
han hadde kome til mål i fjerde omgang hadde han og vore i
A-finalen. Men 2 heatsigrar og ein andreplass heldt til
B-finale, men der vart det andreplass og dermed 7. plass totalt.
Stian L. Lilleskog hadde 2 andreplassar før han måtte
gi seg med tekniske problemer. Han vart nr. 23 av dei 46
deltakerane.
I seniorklassen gjekk det
ikkje fullt så godt. Bestemann av våre medlemmer
vart Kenneth Johansen som vart nr. 41 av dei rundt 130
deltakerane.
I rallycross nasjonal
inntil 2400 ccm hadde Rune Lutsi 3. startspor i B-finalen etter
førsteplass, 2 andreplassar og tredjeplass. Han vart nr 3
i finalen og vart dermed nr. 8. Vant gjorde Vidar Opheim, NMK
Gol, som kjører den gamle Escorten til Ernst Holten
Leifsen.
Reportasje
om Ørjan i Haugesunds Avis
Resultater frå Goldagsløpet
Oppdatering
på Norgescup i crosskart
NMK
Vikedal har 2 førerar som deltok i den 3. NM-runden i
crosskart på Vinjarmoen på Dokka første helga
i juli. Ingve Andrè Strand kjører i 250 ccm
klassen og vart nr. 9. Geir Utaaker, som kjører i 650 ccm
klassen vart nr. 8. Geir skulle også kjørt første
runden på Momarken i mai, men den vart avlyst etter at ein
bilcross-førar omkom av gassforgifting om natta i den
heimelaga campingbilen sin.
2. runde gjekk på Lånke-banen i Stjørdal der
ingen av våre deltok, medan neste runde vert arrangert av
KNA Solør 30. juli.
Jens
Idar Juel nr. 5 på Ralle-banen i Bø
Helga
etter at dei var på mestermøtet på Konsmo,
deltok Jens Idar Juel og Johnny Bådsvik på 2-dagarsløp
på Ralle-banen i Bø i Telemark. Etter 3 heatsigrar,
tredjeplass og andreplass, var Jens Idar klar for A-finalen. Her
gjekk det brukbart, og han kom i mål på fjerdeplass.
Johnny Bådsvik vart nr. 21 av 84 deltakerar i
senior-klassa. Han vann eit heat, hadde andreplass i 2 + fjerde-
og femteplass.
MX
informasjon
Aktivitetsleierane
har no tatt ferie slik at det ikkje vert trening verken lørdag
9. eller 16. juli. Lørdag 6. august vil treninga starta
kl. 14.00 på grunn av biltrening.
MC-gruppa har laga ein liten presentasjonsvideo med bilder frå
ymse aktivitetar dei har vore med på. Videoen kan du lasta
ned her ...
Rune
Lutsi nr. 2 på mestermøtet
Rune
Lutsi vart nr. 2 i mestermøtet på Konsmo i dag bak
Frank Selebø. Gisle Morten Hetland vart nr. 6 etter at
ein drivaksling rauk i eit forsøk på å
passera Rune i finalen.
I bilcross senior kom Jonny
Bådsvik til D-finalen med sin Golf etter 2 andreplassar, 2
tredjeplassar og ein sjetteplass. Totalt vart det 19. plass på
Jonny.
I juniorklassen var Eirik Aasbø i B-finalen etter 2
andreplassar, ein tredjeplass og sjetteplass. Der kjørte
han inn til femteplass, slik at han vart nr. 10 av 26
deltakerar. Jens Idar Juel hadde 2 førsteplassar i dei 2
første omgangane, men fekk sannsynligvis deretter
tekniske problemer. Han står uten resultat i dei siste
omgangane, men vart nr. 12 med sine 20 poeng.
Dugnad
og trening neste onsdag den 6. juli.
Det
blir dugnad og trening neste onsdag frå kl. 17.00. Påmelding
til Steinar, tlf. 90061073. Dugnaden vil bestå i arbeid på
brakkene primært, tetting av taket, maling hvis været
er bra og anna arbeid. Det gjenstår ein god del arbeid med
å få taka på plass, så dersom det er
nokon som har ein dag å avsjå i ferien til litt
dugnadsarbeid, kan de kontakta Steinar for arbeidsinstruksar.
4
førere til mestermøtet på Konsmo 2. og 3. juli.
Jonny
Bådsvik,
Erik
Aasbø, Jens Idar Juel og Rune Lutsi legg kursen mot
Konsmo og mestermøte i BC /RCN i
helga.
-- Les
meir --
Mange
reiser til Goldagsløpet 16. og 17. juli.
Det
ser ut til at det blir mange av våre medlemmer som reiser
til Goldagsløpet. Både frå Ølen, Vats
og Tysvær blir det jobba for å vera best mulig rusta
til eit av dei mest prestisjefylte bilcross-løpa utanom
landsfinalen. Treng du meir informasjon kan Steinar sikkert
bidra med tips.
3
mann på pallen i Førde
Rune
Lutsi nr. 2 og Per Vidar Flesjå nr. 3 i minste nasjonal og
Geir Harald Skeie nr. 2 og Terje Steinnes nr. 4 var resultatet i
bakkeløpet i Førde.
-- Les
pressemeldinga etter løpet her --
3.
runde i Fjord Line cup og 5. runde i VM i Førde
Rune
Lutsi, Per Vidar Flesjå, Geir Harald Skeie og Terje Steinnes er blandt
deltakerane i bakkeløpet på Kråkenesmarka
Motorsenter i Førde på lørdag. Dette er 3.
runde i Fjord Line cup og 4. runde i Vestlandsmesterskapet. Vi
ønskjer alle lykke til.
Svein
Bjarte til EM-runden i rallycross
Som
tidlegare meldt er Svein Bjarte Holten kvalifisert til å
delta i gjesteklassen under EM-runden i rallycross på
Momarken i helga. Sist helg deltok han i 3. NM-runden i
Kristiansand, men nådde ikkje finalane. Bilen verka som
den skulle etter at motoren var oppe for ein sjekk etter
problemer med oljetrykket under bakkeløpet i Egersund,
men det gjekk berre ikkje fort nok. Nå kryssar vi fingrane
for eit bra resultat på Momarken.
Påmelding
til motocrossløpet 20.-21. august
Det
er no lagt ute eige påmeldingsskjema for påmelding
til motocrossløpet i august. Du finn det ved å følgja
linken til løpet under Løp 2005 på toppen av
sida eller ved å følgja linken her
...
Resultater,
2-dagers bilcross (kval. til landsfinalen)
(stillinga i NMK Vikedal cup er også oppdatert. Følg
linken over.)
Resultater,
2. runde i Norgescup for Rallycross Nasjonal
Uoffisiell
stilling i Norgescupen for Rallycross Nasjonal
Favorittane
slo til Vikedal
Hans Kristian Strandbråten, NMK Modum
& Sigdal
Steinar Johannesen, NMK Drammen
Ikkje
uventa vant Hans Kristian Strandbråten, NMK Modum &
SIgdal, til venstre og Steinar Johannesen, NMK Drammen, kvar sin
klasse i 2. runde i Norgescupen i Vikedal i dag.
-- Les meir
--
Bilder
frå banen og depot
Vi
har vore og tatt nokre nye bilder av nylagt asfalt og
nypreparert depot i tillegg til dei som vart tatt tidlegare i vår:
Siste
bilder frå banen
Bilder
tatt tidlegare i vår
Aleksander
Stople fekk kjøpt bilen tilbake
Aleksander
Stople var i Bergen i helga for å kjøpa bilen som
vart seld på bakkeløpet. Bilen gjekk fortsatt godt,
og med Aleksander Bogetveit bak rattet vann den juniorklassen i
2-dagarsløpet på Eikås i helga. Heldigvis
fekk Aleksander Stople kjøpt den tilbake, og er dermed
klar til 2-dagarsløpet i Vikedal.
Pressemelding
før Norgescuprunden- og 2-dagarsløpet lagt ut
--
Les meir
--
Kampen
om Eikelandsmyrane avgjort eller ??
Kjell
Skrunes har selt bilcross-bobla til Lars Reidar Frøyland,
og det ser dermed ut til at den annonserte tvekampen med
Øyvind Eikeland på 2-dagarsløpet er avblåst
før den starta. Om Øyvind dermed skal forsvara
æra til Øvre Vats åleine, eller om han heller
ikkje vågar å stilla, er førebels
uklart.
Ingen
stor suksess i bakkeløpet i Egersund
Det
vart ingen stor suksess i NM-rundane i bakkeløp i
Egersund for Svein Bjarte Holten. Han deltok berre i runden på
søndag, men dårleg oljetrykk gjorde at han trakk
seg midtveis i løpet. Motoren er nå hjå Alf
Eng til oppsjekk.
Lørdag var RCN
gjesteklasse, og Rune Lutsi og Per Vidar Flesjå stilte til
start i den minste klassen. Rune tok andreplass bak Richard
Halvorsen, KAK, som vann. Per Vidar fekk det vel ikkje heilt til
å stemme, og vart nr. 6 av 7 deltakerar.
Tilleggsreglar
for 2-dagars bilcross lagt ut
Merk
at deltakarantallet for bilcross senior er begrensa.
-- Tilleggsreglane,
BC --
Svein
Bjarte Holten nr. 15 på Lyngås
Svein
Bjarte Holten vart nr. 15 i NM-runden i rallycross på Lyngås
i helga. Dei 2 første omgangane vart kjør på
svært våt bane laurdag. I første omgang vart
det 18. tid for Svein Bjarte. I andre omgang låg han på
støtfangaren til Eivind B. Nevland, som fekk 4. tid i
andre omgang, då ein stikk-aksling rauk og han måtte
gi seg. Søndag var det tørka opp, og Svein Bjarte
kjørte inn til femtetid i omgangen og kvalifiserte seg
til femte startspor i C-finalen. Denne plasseringa heldt han og
vart dermed nr. 15.
Men det beste med
helga er at det ser ut til at den gode 3. omgangen, saman med
besteomgangen frå Momarken, er nok til ein plass i
supportrace i EM-runden i rallycross på Momarken 25. og
26. juni. Dermed blir det et dilemma om Svein Bjarte skal delta
der eller i VM-runden i Førde som går same helg.
Det går vel kanskje mot deltaking på Momarken, sjølv
om Stian Haugan dermed får mulighet til å dra fra
enno meir i VM.
Nokre bilder frå VM-runden i Bergen
--
Sjå
dei her --
Knut Endre F. Ringhagen vann + 4 andreplassar
Knut
Endre Fønnebø Ringhagen vann bilcross
junior-klassen i VM-runden på Eikås i dag. I tillegg
fekk NMK Vikedal 4 andreplassar og ein tredjeplass. Det vart ein
våt og langdryg VM-runde i Bergen i dag.
To av våre juniorar stod
med full pott etter innleiande, Joakim B. Hansen og Ørjan
S. Eikeland, men det var altså Knut Endre som stakk av med
seieren medan Ørjan vart nr. 4. Joakim fekk svart flagg
for fobikjøring i gul sone og vart nr. 6. Aleksander
Skeie tapte loddtrekninga om plass i A-finalen, og hamna dermed
i B-finalen saman med Anja Andersen. Anja var raskt ute i
starten og kjørte inn til 8. plass totalt. Christian S.
Eikeland vart nr. 17 og KJartan Vaka Lothe nr. 20. Jens Idar
Juel, som vart nr. 3 i går, fekk ikkje orden på
clutchen, og stilte ikkje til start.
Per Vidar Flesjå hadde
bl.a. problemer med tannstanga i løpet av dagen, men stod
likevel i 2. startspor i finalen. Sigbjørn Hannisdal var
det ikkje noko å gjera med slik at det vart andreplass på
Per Vidar i RCN i/2400. I klassen over 2400 stod Geir Harald
Skeie i 2. startspor medan Terje Steinnes stod i 5. startspor.
Men det var den erfarne som var raskast i starten og kjørte
seg rett opp på andreplass bak Kjell Askeland, noko som og
vart resultatet i mål. Geir Harald vart kjørte inn
til ein fin tredjeplass. Håvard Helland kjørte
berre tidstreninga i dag før han måtte kasta inn håndkleet
med motorproblemer.
I supernasjonal inntil 2000 ccm
vann Knut Erik Ludvigsen framfor Ole Kristian Nøttveit og
Kjetil Møn. I over 2000 ccm stod Svein Bjarte Holten i 4.
startspor i finalen, men ein kjempestart førte han opp på
andreplass bak Stian Haugan. Det vart og sluttresultatet med
Øystein Verlo på 3. plass.
I følge utskremte medarbeiderar var dei fleste av våre
førerar, spesielt i rallycross, svært tilfreds med
resultata i dag.
Aleksander Stople nr. 2, men mista bilen
Aleksander
Stople vart nr. 2 og Jens Idar Juel nr. 3 i bilcross junior
klassen i bakkeløpet i Bergen i dag. Dessverre var det
nokre som meinte at Kadetten burde skifta eigar, og dermed står
Aleksander utan bil til bilcrossløpet i morgon. Jens Idar
Juel hadde problemer med clutchen, og det vert jobba for å
få ordna den til morgondagen. Det var 28 deltakerar i
junior-klassen.
Svein Bjarte
Holten var einaste i rallycross som kom på seierspallen
med ein 3. plass. Han var raskast i 1. omgang, men fekk det
ikkej heilt til etter det. Håvard Helland hadde problem
med topp-pakningen, men såg ut til å ha fått
ordna det til treninga i kveld. Ellers vert det ikkje rapportert
om problemer med bilane.
-- Resultater
frå bakkeløpet --
-- Uoffisiell
stilling i VM --
Rune
Lutsi nr. 15 i våt Norges Cup-runde på Dokka
Rune
Lutsi vart nr. 15 i klassen inntil 2400 ccm i ein våt
Norges Cup start for rallycross nasjonal. Vegard Åslund,
NMK Fluberg, i Volvo 240 vann klassen framfor Frode Leirhol, NMK
Valdres, i VW og Hans Kristian Strandbråten, NMK Modum
& Sigdal, i VW.
Rune sleit, saman med andre boble-førerar, med fusking og
stopp pga. mykje vatn rundt motoren.
-- Resultater
på NMK Fluberg sine heimesider --
Har inngått ny samarbeidsavtale
Haugesund Sparebank og NMK Vikedal kunne sist veke inngå ein ny samarbeidsavtale som vil gi klubben eit betydelig beløp i sponsorstøtte for 2005.
-- Les
meir --
11
i BC jr. og 5 i rallycross til VM-runden i Bergen
Heile
11 av 30 deltakerar i bilcross jr. representerer NMK Vikedal i
VM-rundane i Bergen. Med den gode kjøringa alle desse har
vist i tidlegare løp, bør sjansane til
finaleplassar vera gode. Lørdag vert det kjørt
bakkeløp, ei ny utfordring for våre bilcross
junior-førera, medan det er vanlig bilcross/rallycross søndag.
I rallycross deltek Per
Vidar Flesjå i den minste nasjonal-klassen og Geir Harals
Skeie, Terje Steinnes og Håvard Helland i den store. Terje
debuterer i sin nye 240 som han kjøpte av Håvard
Helland i vinter.
I supernasjonal er det
berre Svein Bjarte Holten som representerer NMK Vikedal.
-- Meir
info. om VM-runden her --
Svein
Bjarte Holten syklar til Bergen
Veddemålet
slo til og dermed vert det sykkeltur til Bergen på Svein
Bjarte. Turen startar i Vikedal fredag morgon kl. 06.00. Ole
Sigve Leifsen vart ramma av same veddemålet, og skal sykla
saman med Svein Bjarte.
Tilleggsreglane for Norgescup-runden er lagt ut
Du
finn tilleggsreglane for Norgescup-runden i Rallycross Nasjonal
den 11. juni ved å følgja linken til løpet i
menyen over (11.-12. juni: Norgescup RCN og bilcross) eller ved
å trykke her ..
På løpssida finn du også link til ein
bildeserie frå ein runde rundt Vikedal Motorbane, liste
over aktuelle overnattingstadar for dei som treng det og link
til pressemeldingar når dei blir sendt ut. I tillegg vil
det bli lagt ut link til ein invitasjonsfolder med meir
informasjon.
Treng
du ei brakke eller to?
Etter
flyttinga av brakkene i frå Ølen har vi to brakker
for mykje. Den eine har ikkje langvegger, medan den andre har
ein langvegg. Interesserte kan kontakta Steinar Høyvik,
tlf. 90061073.
Bilgruppa betalar kr. 500,- i reisestøtte pr. løp
I
siste møtet i bilgruppa vart det vedteke å laga ei
reisestøtte-ordning for medlemmer i NMK Vikedal som
deltek for klubben på "prestisje"-løp.
Dette blir gjort for å profilera NMK Vikedal på
viktige løp. For å kvalifisera til reisestøtte
må du delta på følgjande løp:
- NM-rundar i rallycross eller bakkeløp
(supernasjonal)
- Norgescup-rundar for rallycross nasjonal (gjeld ikkje
runden i Vikedal)
- NM-rundar for crosskart
- Landsfinalen i bilcross
For å få støtta må du fylla ut og senda
inn eit skjema du vil få i posten om
kort tid (i løpet av ei vekes tid). Søknadane må
vera bilgruppa i hende seinast 10. okt. Nærmare
informasjon vil koma i eit informasjonsskriv til alle aktive
innan ei vekes tid. Har du spørsmål eller ikkje får
info.skrivet, kan du kontakta bilgruppa v/ Marius Vaka Lothe,
tlf. 91635628.
Svein
Bjarte Holten nr. 17 i NM-runden
Svein
Bjarte Holten hamna akkurat utanfor finalane og vart nr. 17 i
sin første NM-runde i den store Supernasjonal-klassen. Ei
fattig trøst var at han vart best av alle vestlendingane
i denne klassen. Jostein Skjerve vart nr. 20, Ørjan Lutsi
nr. 25, Øystein Verlo nr. 31 og Eivind B. Nevland nr. 32
av totalt 36 deltakerar. Kjell Arne Smerud fortset der han slapp
i fjor med å vinna første NM.runden. Denne gong måtte
han rett nok via B-finalen. Frode Holte vart nr. 2 og Per A. Jørgensen
nr. 3.
I den mellomste klassen var Ole
Kristian Nøttveit suveren heile løpet. Han vant alle dei 3 innleiande
omgangane og A-finalen.
Knut Erik Ludvigsen kjørte inn imponerande i A-finalen md
defekt clutchwire og klarte 3. plass. Tor Erik Hermansen vart
nr. 12, Cato Endresen nr. 14 og Kjetil Møn nr. 15.
Fullstendig resultatliste finn du på www.motorsportavisen.no
under "LIVE! Service" i menyen.
Svein
Bjarte Holten einaste deltakar i NM-runden
Svein
Bjarte Holten er einaste deltakar frå NMK Vikedal i
NM-opninga i rallycross på Momarkedet fredag og lørdag.
Løpet er litt spesielt ved at 1. omg. går fredag
kveld, medan 2. og 3. omgang samt finalane går lørdag.
Motorsportavisen har live-oppdatering av resultatene. Følg
linken til høgre.
9.
og 11. plass til "Gutta på tur" i Kvinesdal
"Gutta
på tur", Steinar Høyvik, Lars Reidar Frøyland
og Tom Jøran Johnsen, var i Kvinesdal i dag og kjørte
bilcross. Alt gjelkk ikkje på skinner, men "egg og
bacon" som Tom Jøran stod for var iallefall topp. På
banen var ikkje Tom Jøran like heldig, og måtte gi
seg alt i første omgang med defekt clutch. Steinar og
Lars Reidar vann begge sine heat i dei 2 første
omgangane. I 3. omg. vart Steinar nr. 2, bak Terje Josdal, medan
Lars Reidar vart nr. 3. Dermed vart det plass i B-finalen for
begge to. Begge var godt med i starten, men litt klabb og babb
underveis gjorde at det vart 9. plass på Lars Reidar og
11. på Steinar. I budtrekninga var det Steinar som var
heldigast og beheldt bilen, medan Lars Reidar mista sin. Men på
veg heim var dei innom på boble-lageret på Kylles og
henta ny, slik at Lars Reidar er klar igjen til 2-dagarsløpet
i Vikedal i juni.
Det var Oddbjørn
Bjørnestad som vann løpet, som og var kvalifisering
til landsfinalen.
Vellukka
knattecrossdag
25
dyktige knattecrosserar deltok på knattecrossens dag som
vart arrangert lørdag 30. april. Fleire av dei har no kjørt
så mykje at dei er blitt verkeleg gode. Dessverre kom det
litt yr utpå dagen, men det betydde lite for dei aktive.
Ole
Eirik Mæland
nr. 13 i norgescup-løpet i motocross i Vistergropa
Ole
Eirik Mæland frå Etne vart nr. 13 i første
runde Norgescupen for motocross i Vistergropa sist helg. Han
vart nr. 15 i første heat, men kjørte seg opp til
12. plass i det andre heatet, noko som gav 13. plass totalt.
Brakkene
frå Ølen på plass i Vikedal
Brakkene
frå Ølen er no på plass i Vikedal. Dei som
kan vera med å få justert dei på plass og
tette, kan kontakta Steinar, tlf. 900 61073.
-- Sjå
bilder av brakkene --
Per
Gaute Østbø nr. 3 i Egersund i dag.
Per-Gaute
Østbø tok ein fin 3. plass med sin Skoda i
sesongopninga i Sør-Vest cup i Egersund. Etter første,
andre og førsteplass i dei innleiande omgangane, stod
Per-Gaute i 3. startspor i A-finalen.
--
Les meir
--
Vinnaren, Espen Kerim, NMK Konsmo, i midten, nr. 2 Oddbjørn
Bjørnestad, NMK Kvinesdal, til høgre og nr. 3
Per-Gaute Østbø, NMK Vikedal, til venstre.
BC
jr. laget klart
Etter
tidskjøringa på treninga lørdag, er det no
klart at Joachim B. Hansen, Christian Eikeland og Ørjan
Eikeland tar dei 3 siste plassane. Dette kjem i tillegg til Jens Idar Juel,
Aleksander Stople og Kjartan Vaka Lothe som kvalifiserte seg som dei
3 beste frå NMK Vikedal i løpet 11. april. Kampen
om plassane var svært jevn, og enkelte satsa litt for
mykje for å koma med. Til slutt var det berre 1-2 sek. som
skilde mellom dei raskaste og dei som kjørte seinast.
Kvalifisering
til BC jr. lag + trening
Som
opplyst på førarmøtet på sist løp,
vert det kjørt kvalifisering til dei 3 siste plassane i
NMK Vikedal Bilcross jr. Team lørdag 23. april. Påmelding
til Glenn Olav Lothe på tlf. 950 88069 innan fredag 22.
april. Det blir innsjekk/teknisk kontroll frå kl. 09.30 og
start trening/tidskjøring kl. 10.00. Det vil også
bli kjørt vanlig trening for bilcross og rallycross.
Jens Idar Juel,
Aleksander Stople og Kjartan Vaka Lothe kvalifiserte seg som dei
3 beste frå NMK Vikedal i løpet 11. april, og nå
skal det kjempast om dei 3 resterande plassane. Jr.-laget vil i
år reisa til VM-rundane i Bergen den 21.-22. mai og
Egersund 13. august. Det blir opplasting på
biltransportbil frå Aksdal kvelden før løpa.
Evt. ledige plassar blir tilbudt dei som er nærmast til
å bli kvalifisert.
Rune
Ørke braut i rally-comebacket
Rune
Ørke måtte bryta på femte etappe i Rally
Stavanger. Det var ein fortauskant som sette ein stoppar for
vidare kjøring både for Rune og mange andre. Felgen
og forstillinga vart øydelagt, og det var ingen andre
muligheter enn å bryta. Etter 3 etappar var det 3
deltakerar som delte første plassen i nasjonal kl. 12, og
ein av desse var Rune. Han tapte 17 sek. til leiaren på 4
etappe før han måtte bryta.
-- Fleire
bilder "lånt" frå www.trim-4-eldre.com
--
Resultatliste
for bakkeløpet
9. april 2005
Resultatliste for BC jr./RC-løpet 10. april 2005
Pressemelding
etter løpet:
Spennende åpning i Vikedal
I supernasjonal var det Stian Haugan og Ole-Kristian Nøttveit som kom best i gang under åpningen av Vest-landsmesterskapet på Vikedal Motorbane i helgen. De vant sine klasser under lørdagens bakkeløp, mens Rune Lutsi og Steinar Stokke tok seg av seieren i nasjonalklassene. Under søndagens rallycross var det nye poeng å kjempe om, og aller best i gang kom Eivind B. Nevland i store super, som kjørte raskest på tidskvalifiseringen.
-- Les meir
--
Jens
Idar Juel til topps i bilcross junior
Etter
inneleiande omgongar var det debutanten Ørjan Strand
Eikeland som var best med 3 heatseierar, men i finalen var han
uheldig og fekk ein rulling. Dermed var det Jens Idar Juel som
trakk det lengste strået og kunne klatre til topps på
seierspallen. Arnt Olav Lillesund vart nr. 2 medan Aleksander
Stople sikra seg tredjeplass.
Dei 3 første
plassane i NMK Vikedal sitt juniorteam går dermed til Jens
Idar Juel, Aleksander Stople og Kjartan Vaka Lothe (som vart nr.
4 i løpet). Ytterligare 3 plassar skal fyllast på
treninga om 14 dagar.
Sjekk også den oppdaterte stillinga i NMK Vikedal cup ved
å følge linken over.
-- Resultater
frå BC jr. og rallycrossløpet --
-- Bilder frå
seierspallene --
Svein
Bjarte Holten vann sitt andre løp med Volvo
Svein
Bjarte Holten vann sitt første rallycrossløp sidan
juni 2000 i dagens VM-runde i Vikedal med sin nye Volvo 240.
Einaste seiern han har tatt med Focusen var i bakkeløpet
i Vikedal i april i fjor.
I dagens A-finale klarte han å ta
starten frå andre startspor framfor Stian Haugan som hadde
beste startspor. Stian var tett på Svein Bjarte heile
finalen, men kom ikkje forbi. Øystein Verlo vart nr. 3.
Før løpet hadde
Svein Bjarte inngått veddemål om at han skulle sykla
til VM-runden i Bergen dersom han kom på pallen i helga.
Som kjent missa han pallen med eit hudredel i går, men i
dag lukkast alt og han må trø til Bergen i mai.
Ettersom speaker Ole Sigve Leifsen og vart med på veddemålet,
treng han ikkje sykle åleine.
I rallycross nasjonal inntil 2400
var girkassen i bobla til fam. Lutsi i orden igjen, og far
Sigmund kunne kopiera Rune sin seier i bakkeløpet i går.
I klassen over 2400 ccm kjørte debutanten Geir Harald
Skeie inn til ein flott andreplass i dag. I finalen kjørte
han rutinert og heldt Håkon Gjesdal Nilsen bak seg.
Steinar Stokke vann klassen.
-- Resultater
frå BC jr. og rallycrossløpet --
-- Bilder frå
seierspallene --
Stian
Haugan og Ole Kristian Nøttveit vann
Stian
Haugan og Ole Kristian Nøttveit vann henholdsvis
supernasjonal over 2000 ccm og supernasjonal inntil 2000 ccm i
bakkeløpet i Vikedal i dag suverent. Men bak dei vart det
ein hard kamp der berre hudredelar skilte dei forskjellige.
Resultatliste for bakkeløpet 9. april 2005
Bilder
frå premieutdelinga
Tidsplan
for løpa i helga
Bakkeløp
lørdag 9. april:
kl. 12.30 Start kvalifiseringsomgong
kl. 13.35 Start prefinale
kl. 14.50 Start finale
kl. 16.10 Premieutdeling
Rallycross/bilcross
jr. søndag 10. april:
kl. 10.00 Trening BC jr.
kl. 10.10 Tidstrening, rallycross
kl. 12.30 Start 1. omgong
kl. 13.35 Start 2. omgong
kl. 14.40 Start 3. omgong
kl. 15.45 Start finalar
kl. 16.45 Premieutdeling
Tidspunkta er cirka-tider og kan bli endra etter som løpa
utviklar seg.
Pressemelding
før løpet
Til
helgen er det klart for de to første rundene i årets
Vestlandsmesterskap. NMK Vikedal kan registrere rekordpåmelding
til sesongåpningen, og
Tore Rønneberg, som koordinerer mesterkapet, har
gjort avtale om at alt blir produsert på DVD.
--Les
pressemeldinga --
Dugnad
og trening lørdag 2. april
Det blir dugnad lørdag 2.
april med mulighet for trening etterpå. Dette er siste
mulighet for å prøvekjøra banen før løpa.
For å ha litt kontroll er det påmelding til
dugnaden/treninga i forkant til Steinar, tlf. 90061073.
Frammøte kl 09.00, foring, sosialt samvær og andre
tilleggsfaktorar får du på kjøpet .
Sesongopning
i VM 9.-10. april i Vikedal
Invitasjon, tilleggsreglar og
foreløpige startlister er no lagt ut på sida for løpet.
-- Les meir her --
Bilcross-/rallycrosstrening onsdag 23/3
De vil bli BC/RC-trening onsdag
23. mars kl 17-18 for NMK Vikedal førerar. Innsjekk og
teknisk kontroll til kl. 16.30. Alle stiller med minimum 1 vakt,
påmelding til Steinar Høyvik, tlf. 90061073, slik
at me har kontroll på kor mange som kjem og kan avlyse om
det vert grisevær. Dei som ikkje har fått lisens enno,
kan kjøra på eingongs treningslisens (50,- kr.).
Endeleg
praksis
for bilcross junior-kurset
Lørdag 19. mars vart praksis-delen av bilcross
junior-kurset kjørt. Over 20 deltakerar deltok, både
15- og 16-åringar.
Fleire bilder finn du her
...
Trippel-Higre
i bilcross senior
Det var tre Higrar som handterte
forholda best i bilcrossløpet i dag. Med snøbyger
som kom og gjekk vart det vanskelege kjøreforhold under løpet.
Men løpet gjekk utan større uhell, men ein del
vart ståande på brøytekantane etter febrilsk
ratting på glattisen.
-- Fullstendig
resultatliste --
-- Pressemelding --
Lars Reidar Frøyland beundrar pokalen for seieren i
bilcross på toppen av seierspallen. Martin Tveit på
andreplass (t.v.) og Arild Riise (t.h.) er og svært
tilfreds med resultatet.
Arnt Olav Lillesund var suveren i bilcross junior og vann
alle sine heat og sin første seier. Christian S. Eikeland
(t.h.) vart nr. 2 medan Anette Aarre vart nr. 3.
Nedbør
og teleløysing gir blaut bane
Nedbøren i slutten av veka og mildare vær
gjer at det vert blaute forhold til løpet i morgon.
-- Fleire
bilder --
Pressemelding
før løpet
Pressemeldinga før løpet kan du lesa her
...
Forholda
under kontroll på banen
Etter snøbrøyting lørdag
ser forholda brukbare ut på banen. Været fram til søndag
avgjer korleis forholda blir under løpet.
Som ein ser er asfaltpartia meir eller mindre berre for snø,
og snøen vil nok og forsvinna frå det meste av
gruspartia. Frost i bakken under vil nok gjera gruspartia
blaute. Publikum bør nok ta med godt fottøy.
-- Fleire
bilder --
Praksisdelen
til lisenskursa utsett
Praksisdelen til bilcross jr. lisenskurset som skulle
gått lørdag 5. mars er utsett pga. baneforholda.
Kursleiaren har konkludert med at det er uforsvarleg å
sende uerfarne sjåførar på banen slik
forholda er med delvis snø og is. Dette medfører
at nokre av dei påmeldte til løpet er tatt ut av
startlista sida dei ikkje vil få nødvendig lisens før
løpet. Vi beklagar dette, men håpar at det kan
gjennomførast så snart som mulig.
Tilleggsreglar
og startliste for 13. mars
Tilleggsreglar og startliste for 13.
mars er no lagt ut. Følg linkane over.
Ny
teknisk årskontroll
13 bilar på Sandeid og 5 bilar på
Norheim gjer at det vert ny kontroll på Sandeid laurdag
26. februar frå kl. 09.00 - 11.00. For dei som har tenkt
å kjøra første løpet den 13. mars, er
dette siste mulighet for å få i orden lisensen til løpet.
Bilsportforbundet treng litt tid på å registrera og
senda ut nye lisensar, og lisensen må vera i orden og
betalt når du kjem på løpet.
Bilder
frå teknisk årskontroll
For interesserte er det lagt ut nokre bilde frå
den tekniske årskontrollen. Bilda finn du her
...
På Sandeid vart det kjørt litt billøp i
tillegg, riktignok berre på stor-skjerm. Resultata av
WRC-4 cupen og fleire bilder finn du på Holten Motorsport
sine sider her
...
Norgescup-runde
i Rallycross Nasjonal
NMK Vikedal har fått ein av
rundane i Norgescupen i Rallycross Nasjonal. Den skal gå lørdag
11. juni. Reglementet for cupen er no lagt ut på NBFs
heimesider.
--
Reglement for Norgescup RCN --
Koblingskjema
for bensinpumpe
Vi
har lånt litt informasjon om dette frå NMK Namdal
sine internettsider:
Bilcross vil no få krav slik som i RCN og RC at
drivstoffpumper skal kun gå når motoren går og
i startøyeblikket. Dette er slik som mange biler har
orginalt f eks Opel 2.2i. Meninga er at ved f.eks. brann skal
ikkje bensinpumpa fortsette å pumpe bensin som dei fleste
skjønar problemet med. Det er sikkert mange som finn ein
egen patent på det, men jeg har to alternativ. Det er
å få kjøpt eit spesielt pumpe rele frå
eit firma i Tyskland, Pierburg AG. Det er sikkert nokon som
forhandler det i Norge og. Det kan også gjerast med to
enkle rele og ein diode slik dette koblingsskjemaet
viser.
Dei tekniske årskontrollantane kan bidra med meir hjelp.
Navn og tlf. nr. finn du her
...
Oppdateringar
av sidene
Grusspruten 01/2005 skal no vera sendt ut til alle
medlemmer. Snylterar som ikkje betalte medlemskap i fjor, finn
ein PDF-versjon i menyen til venstre.
"Kjøp og
Sal"-sida er også oppdatert med nokre nye annonser,
bl.a. for utstyr frå Holten Motorsport.
Ryktesida for rallycross er
oppdatert med nokre "spionbilder" frå eit par
garasjar. Sjå dei her
...
Vellukka
funksjonærkurs
Funksjonærkursa som vart haldne i Haugesund
vart greit avvikla. Det var 14 deltakerar på dommar/løpsledarkurset
med Trond Bakkom som kurshaldar og 22 på teknisk
kontrollantkurset med Paul Erik Broz som kurshaldar. 18 av dei
36 deltakerane var frå NMK Vikedal.
Lydhøre deltakerar på dommar/løpsledarkurset.
Medlemskort 2005
Trykkeriet av medlemskort for sesongen 2005 har dessverre komme i skade for å gløyma den aller viktigaste informasjonen på
medlemskorta som vart sendt ut før jul. Nye kort er på gong og bør vera i postkassen i midten av februar.
Det gamle kortet (2004) gjeld inntil det nye kjem.
Værsting Cup 2005
Bilgruppa i NMK Vikedal har planar om å leggja Værsting cup på
is ettersom interessa for den har vore liten. Istadenfor vil me inkludera bilcross senior i NMK Vikedal cup.
Dersom det er stor interesse for å fortsetja med Værsting cup, vil me vurdera det på nytt. Ta
då kontakt med Marius på e-post: bil@nmk-vikedal.net eller mob. 916 35 628.
Bilcross
- ryktene florerer
Også innan bilcross florerer
ryktene, og enkelte har vi fått bekrefta. Følg
linken under, så får du vita meir om det som skjer
og kanskje skjer.
-- Les meir --
Svært
god påmelding til lisenskursa
Det er svært god påmelding til
lisenskursa som går dei neste vekene. På bilcross
junior kursa i Vikedal og Sauda er det tilsaman påmeldt 28
deltakerar, medan H-lisenskurset i Ølensvåg har 10
deltakerar.
Husk
teknisk årskontroll for bil 19. februar
Som vi har informert om tidlegare blir
det teknisk årskontroll for bil laurdag 19. februar.
Kontrollane skjer hjå
Suldal Billakkering i Sandeid kl. 09.00 -
13.00
BTM på Norheim Næringspark kl.
09.00 og utover (i bygget til HM-Elektro)
Det vil bli tatt ei avgift på kr. 100,- pr. bil.
--
Tekniske tips og meir info. --
Kva
skjer blant dei aktive i rallycross?
Om det var nokon som frykta for nedgong i antall
aktive i rallycross i NMK Vikedal etter fjorårssesongen, så
ser det ut til at det ikkje stemmer. Fleire har gått til
innkjøp av nye bilar og kampen om plasseringane vert
kanskje enno hardare i år. Svein Bjarte Holten er ein av
dei som har skifta både bil og klasse.
Det er denne Volvo 240'en Svein Bjarte har henta i Sverige.
Les meir om Svein Bjarte, andre som har ny bil og andre rykter her
...
Kjør
BC jr. trening frå det året du fyller 15 år
Bilsportforbundet har i år opna
for at ungdom kan starta å kjøre treningar i
bilcross jr. frå det året dei fyller 15 år. Frå
det året ein fyller 16 får ein vanleg lisens og kan
delta i løp. For å kunne kjøra treningar må
ein delta på lisenskurs for bilcross jr. og løysa
treningslisens. Sjekk lisenskursa og påmeldingsfristen her
...
Bruk
det milde og dårlege været til å bli klar
Husk at første bilcrossløpet
går allerede 13. mars. Det er vel kanskje ikkje alle som
har oppvarma garasjar, og då kan det vera lurt å
bruka dei milde kveldane med dårleg vær til noko
nyttig. Gjer bilen sesongklar no istadenfor å venta til
ein kald periode rett før årskontrollen. Hugs at
det berre er ein måned igjen til årskontrollen 19.
februar.
Mange
nye annonser for bilcrossbilar og -deler
Endeleg er Kjøp &
sal"-sida oppdatert. Mange bilar til sals og nokre som
ønskjer å kjøpa. Ta ein kikk ved å følgja
linken til venstre.
Julekortet
for 2004 kan du sjå her ...
Funksjonærkurs 29. januar 2005
Vi har endeleg fått Norges
Bilsportforbund til å halda kurs for nye
jurymedlemmer, løpslederar og tekniske kontrollantar på
Haugalandet. Kursa vert haldne i Haugesund laurdag 29. januar. Påmeldingsfristen
er 12. januar.
-- Meir
info. med kursplan --
Førarlisenskurs
våren
2005
Det vert som vanleg halde lisenskurs for bilcross jr.
og hastighetsløp i februar/mars. Sivert Ole Holten er
kursleiar og kan gi meir informasjon.
-- Meir info.
med kursplan --
Teknisk
årskontroll
bil 19. februar 2005
På grunn av tidleg sesongstart
neste år, sjå arrangementslista på toppen av
sida, må sesongførebuingane starta tilsvarande
tidleg. Det er difor viktig at dei aktive er klar over at
teknisk årskontroll vert så tidleg som 19. februar
neste år.
Oppstart
av ny sesong
Sesongen 2004 er no vel i hamn og årsmøtet
avslutta. Komiteane og styret for sesongen 2005 har starta
arbeidet med å laga enno betre tilbod og arrangement for
aktive og publikum. All informasjon om sesongen 2004 er difor
flytta over i arkivet for 2004. Du finn linkane til arkiva over
i høgre hjørnet.
|