Hallvard Finnvik og Geir Harald Skeie til topps i Bergen

Hallvard Finnvik og Geir Harald Skeie vann kvar sine klassar i sesongopninga i Vestlandsmesterskapet i bilcross og rallycross i Bergen lørdag.

Hallvard Finnvik frå Finnvik hadde ein strålande dag i vårsola i Bergen lørdag. Han vann alle sine heat i bilcross senior og leia A-finalen frå start til mål med sin Toyota MR-2. Glenn Olav Lothe frå Ølensvåg vann og alle sine heat, men tekniske problemer i fianlen gjorde at han måtte ta til takke med 6. plass. Kenneth Johansen frå Ølen hadde sine tekniske problemer i den eine innleiande omgongen, men vann B-finalen og kjørte inn til 3. plass i A-finalen. I B-finalen var det ytterlegare 3 deltakerar frå NMK Vikedal som kom på plassane bak Johansen. Hans Kristjan Kristjanson vart nr. 7, Per-Gaute Østbø nr. 8 og Reidar Skeie nr. 9. Løpet var kvalifisering til Landsfinalen i bilcross i Aremark i august og dei 5. beste er kvalifisert. Dermed er Finnvik og Johansen invitert, medan Lothe akkurat ikkje fekk invitasjon.


Hallvard Finnvik (t.v) vann bilcross-klassen, medan Kenneth Johansen (t.h) vart nr. 2.

I bilcross junior var det søskenborna Sveinung Holten Leifsen og Daniel Holten frå Vikedal som gjorde det best i A-finalen. Det var svært tett ut i frå start i A-finalen, noko Holten tapte på etter at han snurra og vart ståande litt før han kom seg vidare med punktert hjul. Leifsen og vart hindra, noko som gjorde at det ikkje vart nokon frå NMK Vikedal på pallen denne gongen. Sveinung Holten Leifsen vart til slutt nr. 4 og Daniel Holten nr. 5. Vidare blant juniorane vart Trygve Hustvedt Lærdal nr. 7, Kjersti Stuvik nr. 8, Catrine Mæland nr. 9 og Monica Pedersen nr. 14. Aleksander Presttun, NMK Bergen, vann klassen. Også her var det kvalifisering til Landsfinalen for bilcross junior som går
på Hønefoss i august, og Leifsen og Holten har dermed fått sine invitasjonar.

Daniel Holten deltok og i rallycross junior, men var einaste deltakar i klassen. Han hadde litt tekniske problemer, men fekk ei svært god tid i andre omgong. I klassen inntil 2400 ccm var det Ernst Holten Leifsen frå Vikedal som var best med 2. plass i sin Ford Focus, bak Runar Vedå frå NMK Bergen. Lars Reidar Frøyland frå Tysværvåg vart nr. 7, Joakim B. Hansen frå Vikebygd nr. 14 og Steinar Høyvik frå Førland nr. 15. i klassen over 2400 ccm var det Geir Harald Skeie frå Sandeid som gjekk til topps i sin Volvo S40. Eirik Aasbøe frå Torvastad følgde nærmast med Per Magne Flatebø frå Etne på 4. plass.

Neste runde i Vestlandsmesterskapet går fredag 1. mai (bilcross) og lørdag 2. mai (rallycross) på Vikedal Motorbane i Vikedal.


Hallvard Finnvik var suveren i bilcross-klassen med sin spesielle Toyota MR2 i Bergen


Mange deltakerar frå NMK Vikedal i depot i Bergen. Glenn Olav fremst, Higre Racing Team bak og Holten Motorsport bak til venstre.


Team Innante (framme) var høgt oppe etter seier til Hallvard, sjølv om Ivar måtte gi seg med defekt toppakning. Bak Håvard Helland som også matte gi seg med tekniske problemer etter første omgong.


Nok ei rekke med bilar frå NMK Vikedal (nesten). F.v. Hans Kristjan Kristjanson, Even Alvestad (KNA Haugaland), Knut Endre Fønnebø Ringhagen, Eirik Aasbøe og Ingvar Auestad. I teltet bak står Skeie Motorsport.


I eit av dei første heata i første omgongen møttest Hallvard Finnvik (nærmast), Hans Kristjan Kristjanson, Per-Gaute Østbø og Rune Storteig (NMK Hønefoss). Som me ser "sov" Per-Gaute i denne starten, men det vart Hallvard først i mål framfor Hans Kristjan og Per-Gaute.


Ernst Holten Leifsen kjørte inn til andreplass i sin klasse med sin Ford Focus


Geir Harald Skeie var suveren i sin klasse med sin Volvo S40


Joakim B. Hansen mangla gearkasse i NSU'en og lånte Asconaen til Bjørn Tore Toadalen, som ventar til heimebane med å debutera i rallycross."God å kjøra, men ikkje fullt så sprek som NSU'en" var dommen frå Joakim.


Geir Harald Skeie på toppen av seierspallen med Eirik Aasbøe (t.v) på andreplass og Kim Roar Johansen (NAF MS Sarpsborg) på tredjeplass.