Klar for finale 

Ernst Holten Leifsen, Bjørn Magne Moland Enge, Geir Harald Skeie og Daniel Holten er alle klar for NM-finalen i rallycross på Gardermoen Motorpark. Finaleplass er målet for alle. 


NMK Vikedal førarane Daniel Holten ( t.v.), Geir Harald Skeie, Ernst Holten Leifsen og Bjørn Magne Moland Enge er klare for finalekøyring på Gardermoen.

Ernst Holten Leifsen ligg best an i NM-samandraget, og ligg på ein sjuande plass, etter at han var nummer fem før den tredje runden på Lyngås. 
- Målet var å forsvare denne posisjonen også etter runden på Lyngås, men tekniske problem øydela for det, forklarar han. I B-finalen fekk han problem med girkassen, samstundes som ei opphengskule løsna.
- Har fått orden på dette no, og er klar for finalen på Gardermoen.
Ernst har ein andreplass som beste resultat i år, og køyrer for ein ny A-finale på Gardermoen.
- Må prøve på det. 

For Bjørn Magne Moland Enge har det blitt ein trøblete sesong i hans nye Citroen C4.
- Det har blitt litt i overkant, men no trur eg me har fått orden på det.
I sist veke kom nemleg motorbyggaren til Moland Enge, Trond Stensbøl, over frå Østlandet for å sjå på motorproblema.
- Me var over to timar på Vikedal Motorbane og testa, og eg håpar og trur at dette kjem til å fungere no.
Dei gongene bilen har fungert, har Bjørn Magne vist at han kan vere med å kjempe om ein plass blant dei ti beste i klassen. Ein gong har han vore i finale.
- Køyrer for ein B-finale på Gardermoen, så får me sjå. 

For Geir Harald Skeie blei det ein stjernesmell alt i første omgang på Lyngås.
- No har bilen vore i jigg og det er Ernst Holten Leifsen som har hjelpt meg med dette. Han har både retta opp ramma og skifta tak på bilen.
Så langt i sesongen har ikkje Geir Harald nådd målet om ein finaleplass i NM-rundane.
- Sjølv om det har blitt vanskeleg så langt, har eg ikkje gitt opp dette og køyrer for ein finaleplass til helga. 

Daniel Holten har vore blant dei beste i juniorklassen, no i finalen stiller han til start i seniorklassen i supernasjonal inntil 1600 kubikk.
- Har meldt meg på der ja, og om eg kan greie ein C-finale i klassen må det vel vere det som er målet.