Klart for finale i NMK Vikedal Cup

På søndag blir dei beste i NMK Vikedal Cup 2009 kåra. Heile 98 førarar er påmelde til finalen på Vikedal Motorbane i bilcross og rallycrossklassane.

I bilcross junior har førarane frå NMK Vikedal gitt frå seg leiinga i cupen til førarar frå andre klubbar. I juniorklassen er NMK Bergen-føraren Marius Bergfjord som leiar føre Ruben Stava NAF Gjesdal. Beste førar frå NMK Vikedal er Martin Lillesund, som har åtte poeng å hente inn på Marius Bergfjord. Alle desse førarane er sjølvsagt påmelde og klare til finalen.

Martin Lillesund vann den andre runden i cupen og er lysten på eit nytt godt resultat.
- Eg køyrer for ein ny siger på søndag, seier han.
Etter dette løpet er det slutt i bilcross.
- Kjem til å køyre rallycross nasjonal til neste år, enten i ein Volvo eller Ford.

I seniorklassen er det tre mann i leiing, med likt utgangspunkt. NMK Vikedal-førarane Ørjan Strand Eikeland, Kenneth Johansen har, saman med Jørn Ahmer NMK Bergen, alle 30 poeng. Eikeland og Ahmer er i tillegg dei to som har vunne dei to første rundane i cupen.

Ørjan Eikeland viste denne helga at han er i støtet, då han gjekk til topps under den nest siste runden i Vestlandsmesterskapet på Eikås.
- Ja, det går bra for tida og no er det berre litt småplukk med bilen før eg klar til finalen på Vikedal Motorbane.
Dermed er Ørjan Eikeland med å kjempar i toppen både i Vestlandsmesterskapet og NMK Vikedal Cup.
- Først no er det cupfinalen til helga, og deretter blir det å avslutte med finalen i Vestlandsmesterskapet som går på heimebane i oktober.

Fyldig klasse
I rallycross nasjonal blir cupen i år avvikla i begge volumklassane. Her har førarane frå NMK Vikedal kontrollen før finalen. Arild Vik og Eirik Aasbøe står på toppen av samanlagtlista før finaleløpet set i gong på Vikedal Motorbane. Arild Vik har vunne dei to første rundane i NMK Vikedal Cup, og satsar på å gjenta dette på søndag.

- Målet er at eg skal greie å bite godt frå meg også denne gongen, og om eg nok ein gong greier å stå på toppen hadde det vore heilt topp.

Det stiller 16 førarar i Arild Vik sin klasse på søndag.

- Det bli nok ein tøff konkurranse, men eg trur eg må så langt ned som på ein sjuande plass om eg ikkje skal dra cupsigeren i land, og håpar at det skal gå.

I klassen til Eirik Aasbøe er det berre fire påmelde. Også her har Aasbøe vunne dei to første rundane og ligg godt an til å dra cupsigeren i klassen i land.

Han håpar det blir like moro som sist.

- Me hadde ein kjempefin fight i klassen i juni, og eg håpar me får til det same til helga.