Løp i 2008:                                                                                         Sist oppdatert 03.12.2008
  19. april: Rallycross (VM)                                                      
     NMK Vikedal cup 2008
  20. april: Bilcross                                                                              Reglar - bilcross
  7.-8. juni: 2-dagars RCN og bilcross                                                Sluttstilling - bilcross
  23.-24. august: Motocross (VM)                                       
                    Reglar - RCN
  20. sept.: Rallycross Nasjonal, finale NC                                          Sluttstilling - RCN
  21. sept.: Bilcross                                                                      Vestlandsmesterskapet             
  19. okt.: Bilcross/rallycross                                                      
Uoffisiell stilling i VM for                        
                                                                                                                   Rallycross
Linkar til aktive medlemmer sine heimesider                 Bilcross

Gamle nyheter frå:
2007
2006
2005

2004
2003

2002
2001

Påminning om påmelding til årsfest
Alle som har betalt medlemskapet i NMK Vikedal skal ha fått invitasjon i posten. Dersom nokre ikkje har fått den (som deg Gisle Morten), ligg den no her. Påmelding så snart som mulig til Trude Enge. Festen er open for alle motorsportsinteresserte, så ein treng ikkje vera medlem for å delta der..

Svein Erik Østbø utropt til "Årets ildsjel 2008" på Sportsmøtet
På NMK sitt Sportsmøte i Tønsberg i helga vart Svein Erik Østbø utropt til "Årets ildsjel 2008".
Les Steinar Høyvik sitt referat frå Sportsmøtet her ..


Svein Erik Østbø fekk prisen av president Torill Karlsrud i NMK.

Bjørn Magne Moland Enge skal byggja ny Citroen C4
Det er no offisielt at Bjørn Magne skal byggja ein ny Citroen C4 for bruk rallycross supernasjonal o/2000 ccm. 
Les meir på Moland Racing Team sine heimesider under nyheter.

Årsmøte/-fest i Sandeid lørdag 22. nov.
Årsmøtet i NMK Vikedal blir på Sandeid Samfunnshus lørdag 22. november. Det blir fest om kvelden, kanskje med video og "onkel Svein Bjarte fortel frå gamle dagar" som var så vellukka i fjor.
Innkalling til årsmøte og invitasjon til festen kjem snart i posten.

Bjørn Magne Moland Enge skal selja Volvo'en
For dei som ikkje har fått det med seg, skal Bjørn Magne selja Volvo'en og vurderer andre alternativer til neste sesong. Du finn meir opplysningar under "Kjøp & sal" i menyen til venstre.

Pressemelding:
Favorittane vann

Både Gunleiv Kvål, Per-Gaute Østbø og Lars Reidar Frøyland greidde å forsvare posisjonane gjennom finalen i NMK Vikedal Cup, og vann cupen i sine klassar.
-- Les meir --

Hugs sendinga frå NC-finalen måndag 20. okt. kl. 20.15
Reprisen av sendinga frå Norgescupfinalen kjem måndag 20. okt. kl. 20.15 på Viasat SportN. Heile sendinga er via runden i Vikedal og er absolutt verdt å få med seg.

Finalen i NMK Vikedal cup 2008
  Resultater - bilcross
  Resultater - rallycross

  Startliste, rallycross og bilcross 19. oktober
  Tilleggsreglar, rallycross
  Tilleggsreglar, bilcross 
  Pressemelding før løpet
  Pressemelding etter løpet

  Meir info om løpet ...  
  Vermelding for helga frå yr.no

Sendinga frå NC-finalen flytta til fredag 17. okt. kl. 22.30
Motorsportmagasinet ”Injection” blir vist på SportN fredag 17. oktober kl. 22.30. Reprisen kjem måndag 20. oktober kl. 20.15. Sendingane måtte flyttast pga. direktesendingar frå m.a. tennis denne veka.
-- Les pressemeldinga frå TV Media --

Pressemelding:
Finale i NMK Vikedal Cup
Årets siste finale på Vikedal Motorbane går til helga, og det er arrangøren sin eigen NMK Vikedal Cup som avsluttar sesongen. Gunleiv Kvål, Per Gaute Østbø og Lars Reidar Frøyland leiar dei tre klassane før finalen.
-- Les meir --

Tilleggsreglane for løpet
Tilleggsreglane er no lagt ut og du finn dei under linkane over.

Aktive medlemmer og vakter til løpet
Alle aktive medlemmer som me har e-post adresse til, har i helga fått e-post om påmelding og krav om vakt til løpet 19. oktober. Medlemmer som ikkje er påmeldt og har meldt inn vakt i løpet av tirsdag 7. oktober, vil kunne bli ilagt etteranmeldingsgebyr. Dei som ikkje har fått e-posten, kan senda ein e-post til pamelding(a)nmk-vikedal.net med navn og e-post-adresse, så vil me senda den.

Bjørn Magne M. Enge nr. 27 og 23 i dei siste NM-rundane
Dei 2 siste NM-rundanen vart arrangert på Momarken sist helg. Bjørn Magne var på plass, og hadde denne gongen selskap av Ernst Holten Leifsen som skulle testa den ny-oppbygde Focus'en for første gong. Bjørn Magne var mest fornøgd med at dei no endeleg har blitt kvitt problemene med motoren som har fuska innimellom. Beste omgongen var i 2. omgong søndag der det vart 15. tida. Ernst Harald hadde som venta forskjellige små-problemer heile helga, m.a. med coilen. Beste resultat var 14. tid frå 1. omg. søndag.

Minner om trening for bil lørdag 4. oktober
Det blir trening for bil lørdag 4. oktober frå kl. 10.00. Påmelding til Ingvar Auestad, tlf. 98030934.

Bilder/video frå Norgescuprunden og bilcrossløpet
Bilder og video frå desse løpa er å finna her:
-- Motormania --
-- Superstreet forum --

Hans Kristjan Kristjanson nr. 4 i bakkeløpet på Klepp
Hans Kristian Kristjanson ble nr. 4 i det tradisjonelle bakkeløpet til NMK Sandnes og Jæren. Det er et spesielt bakkeløp då det blir kjørt på parkeringsplassen til kjøpesenteret Jærhagen med ei sløyfa innom parkeringshuset. Hans Kristjan låg på 2 plass etter prefinalen, men etter eit møte med ein siloballe i finalen fall han ned på 4. plass. Aleksander S Eikeland kjørte seg opp i finalen til 10. plass etter nokre nærgåande siloballer sinka han litt i dei innleiande omg. Joakim B Hansen fekk ikkje klar Scorpioen, og måtte på bygda og låna seg bil. Han enda opp med ein Sierra som skulle være grom. Etter å ha vore innom disse slitsomme siloballane endte han på 18. plass. Silje Renee Pedersen kjørte jamnt heile dagen og enda på 21. plass.
     Bilcrossklassen blei vunne av Stein Erling Tjelta, KNA Klepp. Nr. 2 Erlend Gjesdal, NAF Gjesdal, og nr. 3 Børge Støle, NMK Konsmo.
Free for all inntil 2500 ccm blei vunne av Jonny Brådli NMK Egersund
Free for all over 2500 ccm blei vunne av Håkon Gjesdal Nilsen NAF Gjesdal
-- Resultatliste --
-- Bilder på Oltedal Raserlag sin heimeside --

Endra tidspunkt for MX-treninga
På grunn av kveldsmørket er onsdagstreningane flytta fram 1 time til 17:00 - 19:00 frå og med 1. oktober.

Tider og gjennomsnittshastighet på billøpa sist helg
Sidan tidtakarsystemet stod oppkobla, vart det notert tider i nokre av bilcross-heata. Beste tid som vart notert var Per-Gaute Østbø i 3. omg. med 2.01.48 (2,5 rundar). Det gir ein gjennomsnittsfart på 65,21 km/t. Beste omgangstid i rallycross lørdag var det Vegard Åslund som hadde i 3. omgong med 2.40.47 (3,5 rundar). Det gir ein gjennomsnittshastighet på 78,99 km/t.
-- Fleire tider i bilcross --

Finale i Vestlandsmesterskapet for Motocross   
Same helg som finalane i Vestlandsmesterskapet i bilcross og rallycross gjekk i Vikedal, gjekk og finalen for motocross på Elgane på Varhaug.
-- Les meir --
-- Samanlagtresultata i VM for motocross --

Pressemelding utsendt mandag morgon:
Suksess til slutt
Daniel Holten, Karsten Hermansen, Arve Bernes, Geir Harald Skeie, Bjørn Magne Moland Enge blei vinnarane i Vestlandsmesterskapet 2008.
-- Les meir --

Pressemelding utsendt søndag morgon:
Bergseng og Tolfsen til topps
Arnfinn Bergseng og Asbjørn Tolfsen kjørte best, og sikra gullet i Norgescupen i rallycross nasjonal, som vart avslutta på Vikedal Motorbane på lørdag. 
-- Les meir --

Daniel Holten og Karsten Hermansen til topps i VM
Daniel Holten gjekk til topps i VM, sjølv om det berre vart ein 2. plass i B-finalen. Men etter at Aleksander Presttun vart utelukka frå løpet etter ei hending i parc fermè, heldt det til seier. Gunleif Kvål vann løpet og avanserte til 2. plass i VM, medan Kennet Kaldheim tok tredjeplass samanlagt etter 3. plass i B-finalen.
      I senior-klassen vann Karsten Hermansen både løpet og dermed også Vestlandsmesterskapet. Per-Gaute Østbø vart nr. 3 i løpet og tok andreplassen samanlagt, medan Kenneth Johansen punkterte i A-finalen og enda sist. Dermed vart han nr. 3 samanlagt.
-- Resultatliste for løpet --
-- Samanlagtresultat for Vestlandsmesterskapet i rallycross --

Bergseng og Tolfsen vann Norgescupen
Arnfinn Bergseng fann finaleløpet og Norgescupen samanlagt i klasse 1 (inntil 2400 ccm). Frode Leirhol vart nr. 3 i finalen og sikra seg med det sølvmedlajen samanlagt. Vegard Åslund vart 2. i løpet, men vart nr. 5 samanlagt.
      Asbjørn Tolfsen måtte sjå seg slått av Ørjan Lutsi i finalen, men drog samanlagtseieren i hamn. Tor Inge Dahl sneik seg forbi Stig Pedersen i samandraget og fekk sølvmedaljen, medan Stig fekk bronsemedaljen. Stein Svardal tok tredjeplassen i finalen, medan Steinar Johannesen måtte ta til takke med sisteplass i B-finalen etter tekniske problemer. Dermed vart Steinar dessverre utan medalje, sjølv om han har leia nesten heile sesongen.
-- Resultatliste for løpet --
-- Uoffisielle resultater for Norgescupen 2008 --
-- Samanlagtresultat for Vestlandsmesterskapet i rallycross --


  Foreløpig startliste, NC-finalen rallycross Nasjonal
  Tilleggsreglar, rallycross lørdag 
  Invitasjonsfolder
  Langtidsvarsel frå yr.no
  Meld deg på ved å bruke linken "Påmelding" i menyen til venstre

  Foreløpig startliste, VM-finalen bilcross
  Tilleggsreglar, bilcross søndag
  Pressemelding før løpet
  Pressemelding etter løpet

  Meir info om NC-finalen ...  

Pressemelding:
Spanande finalar
I helga blir både Norgescupen i rallycross og Vestlandsmesterskapet avslutta med finalar på Vikedal Motorbane. Rundt 120 førarar er påmelde til stemnet.
-- Les meir --

Pressemelding:
Beste plassering i NM
Etter andreplassen på Vikedal Motorbane siste helga i august, var Erik Skrunes (t.h.) første helga i september på Moelv ved Hamar og deltok i ein NM runde. Han blei nummer 13, beste resultat nokon gong i ein NM-runde.
-- Les meir --

Dugnad torsdag 11. og tirsdag 16. sept.
Det blir dugnad torsdag 11. sept og tirsdag 16. sept. frå kl. 16.00 og utover til mørket fell på. Klargjering før løpet er hovudoppgåva. Ansvarleg er Glenn Olav Lothe. For dei som ikkje har høve desse kveldane, er det nok muleg å avtala oppgåver som kan gjerast på lørdag eller andre dagar.

Dramatisk finaleløp gav sølv til Ingve Andrè Strand
Eit dramatisk finaleløp på Gjøvik i NM for crosskart gav til slutt sølv til Ingve Andrè Strand i 650 ccm klassen. Han hadde gullet i lomma til det var ein halv runde igjen, men då passerte NM-leiaren Andreas Wiik ein konkurrent bak Ingve Andrè og stakk av med gullet. Ingve Andrè vart nr. 3 i siste løpet, medan Håvard Helland vart nr. 9. Håvard stilte med ny crosskart, men mista bremsane i A-finalen og måtte dermed kjøre til sides og stoppa.
    I tillegg til sølvmedaljen til Ingve Andrè, vart Håvard nr. 7 og Geir Utaaker nr. 12. Geir deltok ikkje i den siste runden.

Blanda følelsar i avslutninga på løpet i Bergen
Ein kraftig smell i starten i A-finalen for bilcross senior der ein førar frå NMK Bergen brekte ankelen, ribbeinsbrot, eit stort kutt i panna og generelt forslått, gjorde at dei resterande finalane vart avlyste. Resultatlista vart dermed lik finaleoppsettet for dei finalane som ikkje vart kjørt.
Heldigvis ser det ut til at det skal gå bra med føraren som vart skada, og vi ønskjer han god bedring.
   NMK Vikedal sine førerar viste som vanleg godt igjen på resultatlistene. Daniel Holten vann sitt første løp, dessverre utan å få kjørt finalen. Kenneth Johansen gjekk til topp i bilcross, Lars Reidar Frøyland vart nr. 3 i RCN i /2400, Geir Harald Skeie vann RCN o/2400 og Bjørn Magne Moland Enge vart nr. 3 i Free for All (Supernasjonal).
-- Les meir og sjå bilder  --

-- Resultater, rallycross --
-- Resultater, bilcross senior --
-- Resultater, bilcross junior --
Samandraget i VM er og oppdatert. Link øverst på sida.

Biltrening lørdag 30. aug. og løp i Bergen lørdag 6. sept.
Me minner om at det blir trening for bil lørdag 30. august kl. 10.00. Påmelding og informasjon hjå Ingvar Auestad, tlf. 98030934.
Påmeldingsfristen for løpet i Bergen 6. sept. er sannsynlegvis 31. aug (det er ikkje lagt ut tilleggsreglar enno). Dei som skal delta bør melda seg på snarast. Det er alt 7 påmeldt frå NMK Vikedal i bilcross jr. + nokre til, men det er plass til fleire i VM-runden i Bergen.

Timesløpet i Kristiansand
Det vart ikkje den heilt store suksessen for våre deltakerar i Timesløpet. Gisle Morten Hetland, som kjørte saman med Jan R. Meland frå NAF MS Gjesdal, låg lenge godt an, men litt misforståelse om eit tekn. svartflagg førte til at dei datt litt på resultatlista. Gisle Morten var etter løpet mest opptatt av at han var beste NMK Vikedal-førar, men ville ikkje røpa plasseringa. Jens Idar Juel og Eirik Aasbøe kjørte jamnt og godt, men ein kollisjon med ein som snurra rett framfor dei førte til hol i radiatoren og dermed slutt for deira del. Joakim B. Hansen og Aleksander S. Eikeland stilte i Scorpioen til Joakim. 10 min. testkjøring hadde avslørt behov for betre kjøling, men ein større radiator og elektrisk vifte hjelpte berre ein del. Dei låg blant dei fremste i sitt heat, men måtte gi seg etter 50 min. når motoren gjekk varm og stoppa.

Pressemelding
Vann to av tre
Marius Ripel Jensen var heilt suveren under motocrossen på Vikedal Motorbane i helga, og vann to av dei tre klassane han deltok i. Erik Skrunes køyrde inn til ein fin andre plass i MX 1. 
-- Les meir --

-- Resultater --
-- Samanlagt i Vestlandsmesterskapet --

=========================================================================
5. runde i VM i Motocross i Vikedal 23. - 24. august
NMK Vikedal har gleda av å invitere til 5. runde i Vestlandsmesterskapet i Motocross 2008
   
Tilleggsreglar
    Oppdatert startliste med endringar mottatt på e-post
    Liste over påmeldte så langt
    Meld deg på her
    Resultater
=========================================================================

Pressemelding
Klart for Vestlandsmesterskap på heimebane

Joakim Rønnevik (f.v.), Thomas Leite Frøland og Åsmund Holten, alle frå Vikedal, er deltakarar i Vestlandsmesterskapet i motocross. Til helga køyrer dei fjerde runde heime på Vikedal Motorbane. 217 deltakarar er påmelde til stemnet.
-- Les meir --

Oppdatert startliste for motocrossløpet neste helg
Oppdatert startliste er no lagt ut. Rettinger i forhold til den elektroniske påmeldinga er oppdatert her, sida ein ikkje kan endra den elektroniske påmeldinga.
-- Oppdatert startliste - MX 23. - 24. august --

Pressemelding frå Skeie Motorsport
Marginane ikkje på Skeie Motorsport si side
Den sjette runden i Norgescupen gjekk lørdag på Gardermoen Motorpark. Dette var ein bane der det går fort og som skal passa bilen godt. Oppløfta av gode tider frå det avlyste løpet på Finnskogen, var det ein optimistisk gjeng som reiste til Gardermoen.
-- Les meir --

Geir Harald skuffa over C-finale og 12. plass
Geir Harald Skeie var skuffa over å berre klara ein C-finale og 12. plass på Gardermoen. Med det rauk vel håpet om seier i Norgescupen, sjølv om det vert delt ut doble poeng (40 poeng til vinnaren) i finalen i Vikedal. Geir Harald ligg fortsatt på 6. plass samanlagt, men ligg 28 poeng bak leiaren når eit løp er strøket. Steinar Høyvik var godt fornøyd med dagen. Han kjørte raskare og raskare, og i 3. omgong var han berre 8 tideler bak Lars Reidar Frøyland. Dermed har Lars Reidar fått litt å tenkja på fram mot neste løp på Vestlandet. Lars Reidar vart nr. 30, medan Steinar vart nr. 34 av 47 deltakerar.

3 deltakerar frå NMK Vikedal i Norgescuprunden for RCN
I tillegg til Geir Harald Skeie i den store klassen, stiller Steinar Høyvik og Lars Reidar Frøyland i den minste klassen på Gardermoen lørdag. Geir Harald har bytta motorblokk og tatt ein overhaling av motoren etter havariet på Lyngås i juli. Tidene under den avlyste runden på Finnskogen viste at han er på vei tilbake til toppen, så det er ein optimistisk gjeng som reiser til Gardermoen.
-- Live resultater kjem her --

5 frå NMK Vikedal til Timesløpet i Kristiansand 
NMK Vikedal er representert med 5 deltakerar i Timesløpet i Kristiansand. Det er eit bilcrossløp der 2 førerar deler ein bil som dei kjører i ein time med sjåførbytte og bensinfylling. Finalen med 12 bilar går over ein halv time. Aleksander S. Eikeland og Joakim B. Hansen skal kjøra Ford, medan Jens Idar Juel og Eirik Aasbøe skal kjøra Audi. Gisle Morten Hetland skal kjøra ein Opel Vectra saman med Jan R. Meland frå NAF MS Gjesdal.

2. plass til Ingve Andrè Strand på Tynset 
Ingve Andrè Strand vart nr. 2 i 650 ccm klassen i NM-runden for crosskart på Tynset lørdag. Ingve Andrè sleit med å få til gode startar, men kjørte så godt likevel at han sikra seg 5. startspor i A-finalen. Der kom han ut på 3. plass, med kjørte seg opp ein plas og vart nr. 2. Håvard Helland og Geir Utaaker var og på Tynset, og kvalifiserte seg til B-finalen. Der fekk Håvard tekniske problemer like etter start frå beste startspor, og måtte berre trilla til sides og 13. plass. Geir kjørte inn til 11. plass. I tillegg var 6 år gamle Hauk Hamre Hagen på Tynset og kjørte oppvisning i Mini-klassen.
          I NM ligg Ingve Andrè no på delt 2. plass med Thomas Lohne, NAF Asker & Bærum, 3 poeng bak Aleksander Wiik, NMK Gardermoen. Dermed vil i praksis den som kjem først i mål av desse i finalerunden på Krabyskogen ved Gjøvik 6. sept. vinna NM. Håvard ligg på 7. plass medan Geir ligg på 10. plass, men det er berre 4 poeng mellom dei.
          Litt bilder ligg på sida til VHS-Motorsport her ...

Pressemelding frå Skeie Motorsport
Dramatisk lynnedslag og avlysing på Finnskogen
Etter eit dramatisk lynnedslag som ramma ein del av førerane og publikum, vart den 5. runden i Norgescupen på Finnskogen avlyst. Heldigvis ser det ut til at ingen vart alvorleg skada av lynnedslaget. Om runden går ut eller blir erstatta av eit anna løp, vil bli avgjort av Norges Bilsportforbund ein av dei kommande dagane.
-- Les meir --

Landsfinalen for bilcross junior på SportN onsdag 
Onsdag kl. 20.00 vil programmet "Injection" på SportN dekkja Landsfinalen for BC jr. Daniel vil nok bli vist og kanskje det blir mulig å få eit glimt av Kennet og. Programmet går i reprise lørdag 2. aug. kl. 17.30.

Ein del bilder frå Landsfinalen, m.a. av Daniel (startnr. 43) og Kennet (startnr. 29), finn du på bilcross.no
Fleire bilder finn du på http://www.whfoto.com Heilt til slutt i bildeserien her er Daniel i B-finalen med vinnaren, Arne Christian Valan, i Mercedes 190.

Pressemelding frå Holten Motorsport
Daniel Holten bestemann frå Vestlandet 
Daniel Holten frå NMK Vikedal vart nummer 11 i Landsfinalen for bilcross junior som vart køyrd i Elverum i helga. To første og ein andre plass var status etter innleiande omgangar.
-- Les meir --

Daniel Holten nr. 11 i Landsfinalen for BC jr.
Det var Daniel som gjorde det best i Landsfinalen for BC jr. på Elverum i dag. Han hadde andre startspor i B-finalen, men problemer med eit motorfeste gjorde at det var problemer med å få bilen i gir. Dermed vart det sisteplass i B-finalen og 11. plass totalt. Dessverre var han igjen uheldig i bud-runden etter løpet. Det var 31 bud på Volvo'en til Daniel og han vart dessverre seld. 
      Kennet Kaldheim kom ikkje til finalane, men vart til slutt nr. 71 etter eit par punkteringar som resulterte i ein sjetteplass, ein brutt omgong og ein fjerdeplass.
-- Resultatlister frå Landsfinalen --

MX-treninga 16. august går ut
MX-treninga 16. august går ut pga. forberedelsar til løpet helga etter.

Trening for bil lørdag 26. juli og lørdag 2. august 
Det blir trening for bil lørdag 26. juli og muligens lørdag 2. august (avhengig av nok påmeldte). Frammøte seinast kl. 13.00. Påmelding og informasjon hjå Ingvar Auestad, tlf. 98030934.

Kennet Kaldheim og Daniel Holten til Landsfinalen for BC jr. 
Kennet Kaldheim og Daniel Holten representerer NMK Vikedal i Landsfinalen for bilcross junior på Starmoen Motorpark ved Elverum lørdag. Over 90 juniorar frå heile landet skal kjempa om sigeren. Me ønskjer begge lykke til.

Pressemelding frå Skeie Motorsport
Motorhavari på Lyngås
Det vart lite kjøring på Lyngås i helga for Geir Harald Skeie. Eit begynnande motorhavari gjorde at ein valgte å stoppa kjøringa etter 1. omgong.
-- Les meir --

Lars Reidar Frøyland og Geir Harald Skeie på Lyngås 
Det vart ikkje den heilt store suksessen på Lyngås for våre 2 deltakerar. Som det går fram av pressemeldinga til Skeie Motorsport, øydela motorproblemer for Geir Harald. Lars Reidar hamna midt på treet (nr. 30 av 71 som stilte til start) og vart med det beste vestlending etter 3 brukbare omgongar (minus eit par frå Sør-Rogaland :-).
-- Resultater på NMK Drammen sine heimesider --

Hallvard Finnvik nr. 24 i bilcross-løpet i Bø 
Hallvard Finnvik fekk ingen med seg på turen til Bø, men var godt nøgd med turen. Han tok sin første heatsiger, men ein malurt i begeret var det at bilen vart selt. Så nå må Team Innante byggja ny bil til septemberløpet for Hallvard.

VM-runden i motocross i Sauda 21. - 22. juni

Bildet viser Kristian Berge i midten og Jørgen Våg Skjold (555) rett bak.

Helga 7. - 8. juni var det 3. runde i Vestlandsmesterskapet i motocross i Sauda. 10 kjørerar fra NMK Vikedal stilte til start
-- Les meir --

Pressemelding frå Skeie Motorsport
Stopp i B-finalen igjen på Skeie
Det vart ein ny nedtur for Geir Harald Skeie i 3. runde i Norgescupen for rallycross nasjonal på Dokka. 10. plass er ikkje godt nok når målet er å vinna norgescupen samanlagt, men ei fattig trøst er at fleire av dei hardaste konkurrentane og hadde problemer.
-- Les meir --

Bilcross/RCN-løp i Bø 4. - 5. juli
NMK Bø arrangerer 2-dagarsløp for bilcross og RCN 4. - 5. juli på Ralle-banen i Bø. Den ligg ikkje langt frå Sommarland, så her går det an å kombinera med litt familieferie. Hallvard Finnvk har meldt seg på dette løpet, og lurer på om det er fleire som kan tenka seg å vera med over fjellet. Ta kontakt med han på tlf. 99001824 dersom det er interessant med litt samarbeid om turen.

Mange på pallen, men ingen til topps
Det var mange NMK Vikedal-førerar på seierspallen under 2-dagars bilcross/rallycross-løpet i Bergen i helga, men ingen av dei klarte å klatra heilt til topps.
-- Les meir --

Ingve Andrè Strand vann NM-runden i Bergen

Ingve Andrè Strand gjekk heilt til topps i NM-runden for crosskart i Bergen lørdag. Etter 2 heatsigrar og ein andreplass var Ingve Andrè best etter innleiande omgongar, og i finalen var han heilt suveren og vann klart. Håvard Helland kjørte og godt med ein tredjeplass og heatsiger, medan han vart hengande på curbsen i tredje omgong. I finalen var han og uheldig og vart ståande i sandfella etter at ein konkurrent snurra ut. Geir Utaaker sleit med litt tekniske småproblemer, men kom til finalen og fullførte på 8. plass.
       Samanlagt i NM deler Ingve Andrè Strand og Thomas Lohne førsteplassen med 80 poeng, medan Aleksander Wiik har 78 poeng. Håvard er nr. 7 med 48 poeng og Geir nr. 9 med 41 poeng.
-- Fleire bilder frå crosskart --

Ingen MX-trening lørdag 21. juni pga. løp i Sauda
Pga. VM-runden i Sauda, vert det ikkje MX-trening lørdag 21. juni.

Mange NMK Vikedal-førerar til Bergen i helga
Det er mange frå NMK Vikedal som er påmeldt til 2-dagarsløpet i Bergen i helga. Løpet inngår i Vestlandsmesterskapet for bilcross, så det er spesielt i bilcross-klassane det er god deltaking. Bilcross og rallycross kjører 4 omgongar på lørdag og 1 omgong + finalar søndag. 
       I tillegg blir det lørdag kjørt NM-runde for crosskart, der Ingve Andrè Strand, Håvard Helland og Geir Utaaker deltek i den største klassen. Samanlagt i NM ligg Ingve Andrè på tredjeplass, Håvard på sjuande og Geir på niande plass.

Bjørn Magne Moland Enge kjører supportrace på Momarken
Bjørn Magne er blant dei heldige som er invitert til å delta i support-klassen på EM-runden i rallycross på Momarken 28. - 29. juni. Som kanskje nokre hugsar, deltok Svein Bjarte Holten i support-klassen på Momarken for 3 år sidan med same bilen.

Pressemelding frå Moland Racing
Ikkje nøgd med resultatet
Bjørn Magne Moland Enge er ikkje nøgd med 22. plassen under NM-runden på Gardermoen Motorpark i helga. Ujamne forhold får ta noko av skulda.
-- Les meir --

Ingve Andrè Strand nr. 3 i andre NM-runde
2. NM-runde for crosskart gjekk sist helg på Finnskogbanen i Solør. NMK Vikedal hadde 3 deltakerar på plass, Ingve Andrè Strand, Håvard Helland og Geir Utaaker. Både Ingve Andrè og Håvard kvalifiserte seg til A-finalen. Der hadde Ingvè Andre ein hard kamp om tredjeplassen, og den klarte han til slutt ta. Håvard kjørte inn til ein fin femteplass, medan Geir fullførte berre første omgong pga. tekniske problemer og vart dermed nr. 14.
Samanlagt er Ingve Andrè no på delt tredjeplass med 50 poeng, 7 poeng bak leiaren Thomas Lohne. Håvard er på ein fin sjuandeplass med 34 poeng og Geir på niende med 26 poeng. Neste NM-runde går Eikås i Bergen lørdag 21. juni, saman med 2-dagars BC/RC-løpet.
Søndag vart det kjørt sprint-løp enkeltvis på tid (som bakkeløp). Geir hadde fått fiksa problemene og fekk ei oppmuntring ved å kjøra inn til fjerdeplass, 2 tideler framfor Håvard på femteplass. Ingve Andrè fekk ein nedtur etter finalen lørdag då han fann ei sprekke i blokka og kunne ikkje delta i sprintløpet.

  Resultater - bilcross
  Resultater - rallycross

  Foreløpig startliste, rallycross og bilcross 7, - 8. juni
  Tilleggsreglar, rallycross
  Tilleggsreglar, bilcross 
  Pressemelding før løpet
  Pressemelding etter løpet

  Meir info om løpet ...  

Pressemelding:
NMK Vikedal til topps i alle klassar
NMK Vikedal-førarane Martin Lillesund, Ørjan Strand Eikeland, Lars Reidar Frøyland og Anette Aarre vann alle sine klassar under todagarscrossen på Vikedal Motorbane.
-- Les meir --

NMK Vikedal vann alle klassar i 2-dagarscrossen
Nok ein gong vann NMK Vikedal alle klassar, men i år klarte vi ikkje å ta alle dei andre pallplassane i tillegg slik vi gjorde i 2-dagarscrossen i fjor. Sidan både bilcross og rallycross kjørte rallycrosstraseen søndag, tok vi litt tider i finalane
Martin Lillesund vann bilcross junior etter tett kamp med Gunleiv Kvål frå NAF MS Gjesdal. Aleksander Presttun, NMK Bergen, tok den siste pallplassen. Dessverre vart Volvoen til Martin seld etterpå. Martin vann på tida 3.42.60.
Ørjan Strand Eikeland vann sitt første seniorløp med Sveinung Skjæveland, NAF MS Gjesdal, hakk i hæl. Per-Gaute Østbø tok tredjeplassen. Per-Gaute sin Ascona var og blant dei som vart selde. Ørjan si tid i finalen var 3.49.89.
I RCN i/2400 vart det berre NMK Vikedal på pallen. Lars Reidar Frøyland vann greitt framfor Eirik Aasbøe og Joakim B. Hansen. Lars Reidar kjørte finalen på 3.33.96.
I den største klassen vart Anette Aarre åleine i finalen. Arnt Olav Lillesund vart nr. 2, men kunne ikkje stilla i finalen fordi hovedbøylen fekk ein smell i 5. omgong. Per Magne Flatebø fekk berre ei teljande tid lørdag, medan Skjalg Lothe gav seg etter lørdagens kjøring med tekniske problemer. Sidan Anette var åleine i finalen, tok vi ikkje tida på henne.
Stillingane i NMK Vikedal cup og Vestlandsmesterskapet (uoffisielt) er oppdatert.
-- Resultater - bilcross --
-- Resultater - rallycross --

Pressemelding frå Skeie Motorsport
Girkassehavari øydela for god plassering
Det var ein optimistisk Geir Harald Skeie som stilte til start i 2. runde i Norgescupen Kristiansand lørdag, etter seier i første runde i Trøndelag. Denne gongen var konkurransen tøffare med 30 deltakerar i klassen. Men det var til slutt eit girkassehavari som skulle stoppa jakta på ein god plassering.
-- Les meir --

Dugnad onsdag 4. juni kl. 17.00
Litt slapp oppslutning om dugnadane så langt, gjer at det gjenstår ein del arbeid før det er klart til løp. Det blir difir ny dugnad onsdag 4. juni frå kl. 17.00 og utover kvelden (det er lyst leeenge). Det blir snekkerarbeid inn- og utvendig, malingsarbeid, samt div. arbeid på banen.
Kontaktperson er Marius Vaka Lothe, tlf. 91635628.

Pressemelding
Klart for todagarscrossen
Med rundt 100 bilar på startstreken er det igjen duka for todagars cross på Vikedal Motorbane. Fem omgangar og finalar må førarane gjennom før vinnarar kan kårast søndag ettermiddag.
-- Les meir --

Campingavgift på NMK Vikedal sitt område i samband med løp
Eit stadig aukande antal bobilar/campingvogner, gjer at vi vil ta kr. 200,- i campingavgift pr. enhet for heile helga for dei som ikkje tilhøyrer deltakerar. Desse pengane vil gå til å betra fasilitetane, som betre straumforsyning, større parkeringsplass/oppstillingsplass osv. Som sist vil det og bli tatt ein runde eller to på parkeringsområdet for å selja billettar slik at alle får gjort opp for seg. Straumtilkobling vil kosta kr. 100,- som før sidan det fortsatt er begrensa kapasitet. Vi håpar alle ser positivt på dette slik at vi kan tilby enno betre forhold til deltakerar og publikum i framtida. 

Bilcross junior trening i samband med løpet neste helg
Det blir opna for å kjøra trening for dei bilcross junior-førerane som ikkje kan delta i løpet, dvs. dei som er 15 år i år og har BCJT-lisens. Påmelding som på løp i menyen til venstre, eller som e-mail til pamelding(a)nmk-vikedal.net. Treninga blir kjørt som heat i kvar omgong (5 omgongar) etter at dei ordinære bilcross jr. heata er kjørt. Treningsavgifta er 200,- kr. for ikkje-medlemmer og 100,- kr. for medlemmer i NMK Vikedal.

NMK Vikedal cup 2008 + eit løp til i oktober
Sjølv om det ikkje har blitt skreve før, blir det kjørt NMK Vikedal cup i år også for bilcross jr., bilcross og rallycross nasjonal. I tillegg er bilgruppa og arrangementskomiteen blitt enig om å kjøra eit ekstra løp søndag den 19. oktober for alle klassar som blir finale i NMK Vikedal cup.
Reglement for NMK Vikedal cup blir lagt ut så snart dei er klare.

Hugs dugnad lørdag 31. mai kl. 10.00
Det blir dugnad lørdag 31. mai kl. 10.00. Det blir snekkerarbeid inn- og utvendig, samt div. arbeid på banen. Det vert sett opp gjerde der kor dei gamle brakkene har stått
Ta kontakt om du lurer på noko!!
Ansv. er Lars Reidar Frøyland tlf. 913 32 202 e-mail lrf.rallycross(a)hotmail.com

Pressemelding - motocross
Erik Skrunes ikkje nøgd
Motocrossføraren Erik Skrunes NMK Vikedal var i Tønsberg i helga og kjørte NM-runde. Finale blei det ikkje. På treninga gjekk kjøringa ganske greitt for Erik Skrunes, og han følte han hadde farten inne.
- På tidskvalifiseringa skar seg heilt, eg stivna og køyringa fungerte dårleg, og eg klarte ikkje å kome inn blant dei 30 som fekk køyra vidare i stemnet, seier han, og forklarar at nivået i denne klassen er blitt høgt, og fleire av Europa sine beste køyrarar stiller til start. Sidan han var nær ved å kvalifisere seg fekk han stå på venteliste for vidare deltaking.
- Her var eg heldig, ein av kjørarane meldte avbud, og eg fekk stille på grinda, seier han, som likevel må innrømme at køyringa blei for svak, og han endte opp på ein 27. plass i dette heatet.
- Eg er langt frå i toppform, og eg greier ikkje å hevde meg så langt oppe som eg ønskjer. Men er heilt sikker på at eg kjem sterkare tilbake seinare. Neste løp for Erik Skrunes er ein ny runde i Vestlandsmesterskapet på Bybergsanden 8. juni.

Ikkje toppresultat på Konsmo
Det vart ikkje dei heilt store resultata å skriva heim om frå Konsmo søndag. Jens Idar Juel vart nr. 42 av 54 startande i bilcross, medan Eirik Aasbøe vart nr. 8 i RCN i/2400 ccm med sin BMW.

23. plass på Bjørn Magne Moland Enge i Bergen
Det vart 23. plass på Bjørn Magne til slutt i NM-runden i Bergen. I 3. omgong sleit han med styringa etter smellen i går. Sjølv om dei fekk bilen klar, var ikkje alt like beint i forstillinga. Dermed vart det 17. beste tid i 3. omgong og 23. plass samanlagt. Utan poeng denne helga, fall Bjørn Magne ned til 12. plass i NM-samandraget.
-- Komplette resultatlister --

Pressemelding frå Skeie Motorsport
Skeie vann som planlagt og leiar Norgescupen
Sesongopninga på Lånke Motorsenter vart som håpa for Geir Harald Skeie og hans Volvo S40. Etter ein godt start frå beste startspor i finalen, hadde Skeie full kontroll på konkurrentane og sikra seg ein grei seier.
-- Les meir --

Bråstopp for Bjørn Magne Moland Enge i 2. omg.
Det vart bråstopp for Bjørn Magne i andre omg. under NM-runden i Bergen etter at nedre leddet på rattstamma svikta og han dermed vart utan styring. Då gjekk det rett fram i rekkverket før mål og resultatet ser de under. Men det meste vart fiksa i løpet av ein time og to etterpå, og den siste delen er i sikte, så Bjørn Magne er klar til tredje omgang søndag. I første omgong fekk han 18. tid etter at bilen fuska litt.
Tredje omgong startar kl. 13.00 søndag for dei som har tenkt seg ein tur til Bergen.


Bjørn Magne fekk litt arbeid på laurdags ettermiddagen.

Billøp komande helg
Det går fleire viktige løp til helga. Nærmast, og det som dei fleste bør vurdera ein tur til, er 2. NM-runden i rallycross supernasjonal. Der skal Bjørn Magne Moland Enge følgja opp suksessen med 9. plass frå Lånke for 14 dagar sidan. I tillegg skal Ernst Holten Leifsen gjera comeback med ny-oppbygd Ford Focus. Den er forhåpentlegvis klar med ny motor tilpassa rallycross-cup reglementet i EM, men og for supernasjonal inntil 2000 ccm. Focusen fekk dessverre ikkje motoren, så det blir ikkje kjøring på Ernst. Tidsplanar, startlister, resultater og annan informasjon finn de her ...
        Lenger tur blir det på Geir Harald Skeie som skal delta i første runden i Norgescupen for rallycross nasjonal på Lånke i Stjørdal lørdag. Startlister og resultater finn de på arrangøren sine nettsider her ...
Litt kortare skal Jens Idar Juel som er påmeldt til bilcrossløpet på Konsmo søndag. Eirik Aasbø skal slå følgje med Jens Idar til Konsmo og delta med BMW'en i RCN i/2400 ccm.

Minner om trening lørdag 24. mai kl. 10.00
Ansv. Ingvar Auestad, tlf.
98030934

Ingve Andrè Strand nr. 3 i NM-opninga i crosskart
Det var 4 deltakerar få NMK Vikedal som hadde tatt turen til Aremark og første NM-runden i crosskart på pinseafta. Hauk Hamre-Hagen kjører berre oppvisning ettersom han berre er 6 år. I den største klassa, 650 ccm, stilte Ingve Andrè (t.v), Håvard Helland og Geir Utaaker. Ingve Andrè vann sitt heat i 1. omgong, medan Håvard og Geir begge vart nr. 3. I 2. omg. vann Geir sitt heat, medan Håvard vart nr. 2 og Ingve Andrè nr 3 i sine heat. I 3. omgong var Ingve Andrè tilbake på sporet og vann sitt heat. Geir fekk ein ny 3. plass, medan Håvard fekk ein stopp med knekt bolt i nedre bærearm. Dermed  var Ingve Andrè (2. spor) og Geir (4. spor) i A-finalen, medan Håvard var i B-finalen (3. spor). 2 går vidare til A-finalen, og Håvar kjempa om andreplassen, men eit siste forsøk på å kapra andreplassen førte til ei snurring, og dermed vart det 10. plass i staden.
       I A-finalen kom Ingve Andrè godt ut frå start og var oppe på andreplass og kjempa om førsteplassen, men i siste sving glir han litt langt ut og blir forbikjørt og blir dermed nr. 3. Geir kjører inn til ein 7. plass i A-finalen.

Dei gamle brakkene er no revne og klar til brenning.
God innsats frå Ola S. Fisketjøn AS, Ølen Racing Team, Karmøy Rasarlag og Baksida Bråkarlag (Jon Bjarte Aarekol m/traktor) gjorde at dei gamle førarbrakkene no er revne og materialane er klar til brenning. På onsdag var oppslutnaden om dugnaned enno betre, og då vart kontorbrakka reve og gjort klar til brenning og førarbrakkene tømt for innhold. 
      Oppgåver på neste dugnad 31. mai vil bli nytt gjerde til sikring av kanten ned til start, snekkerarbeid inne/ute og div. arbeid på banen.

Minner om dugnad lørdag 10. mai
Det blir dugnad 10. mai kl. 10.00. Det blir utrydding av gamle brakker, demontering av vinduer, tak og snekkerarbeid utvendig på dei nye brakkene og maling.
Viss nokon har ei utslitt motorsag som ein kan skjære i brakkene med, ta den gjerne med.
Ta kontakt om du lurer på noko!!
Ansv. er Glenn Olav Lothe, tlf. 4886 8331 e-mail go.lothe@yahoo.no
Liste over dugnadane framover finn du her ..

Pressemelding frå Moland Racing
-- Les meir --

Imponerande 9. plass til Bjørn Magne Moland Enge
Bjørn Magne Moland Enge kjørte inn til ein imponerande 10. plass i sin første NM-runde i supernasjonal på Lånke Motorsenter i Stjørdal i dag. Det var opplett på føremiddagen, men då omgangane byrja, kom regnet og. Dette gjorde at det vart svært glatt utover dagen.
         Det opna svært bra i 1. omgong, med 2. plass i heatet og 13. tid totalt. I 2. omgong tok han teten i sitt heat, men vart litt for ivrig og kjørte rett ut i ein sving og vart ståande. I eit av dei første heata i 3. omgong, vann han greitt. Når han vart intervjua etter heatet av speaker, som og gjekk ut på nettradioen, meinte han at det hadde gått for seint, men det viste seg å halda til andre tid totalt, berre slått av Mindor Lien. Dette heldt til beste startspor i C-finalen, som han vann enkelt. Speaker var mest opptatt av kampen om 2. plassen der. I B-finalen vart det 5. plass, og dermed 9. plass totalt.

Vellykka treningssamling for motocross .
Treningssamlinga onsdag og torsdag var svært vellykka, sjølv om regnet lett heile torsdagen. 8 deltakerar fekk mange gode råd og tips frå Ole Eirik Mæland , som var ansvarleg for treninga.
-- Les meir --

 

 

Steinar vann og Lars Reidar nr. 15.
Steinar Høyvik vann RCN i/2400 i Kvinesdal 1. mai. At det berre var 2 deltakarar seier me ikkje høgt. Lars Reidar Frøyland vart nr. 15 i bilcross med ei gamal boble han ville bytte i ein Golf. Men han vart berre kvitt bobla utan å få nokon Golf i bytte. Kristoffer Bjelland var i Kvinesdal for å finna seg erstattar til Golfen som vart seldt i Vikedal. Han hadde hellet på si side og fekk tilslaget på direktørbilen som vann (Mercedes). Sidan Per-Gaute Østbø kjøpte ein Ascona B på løpet i Kristiansand sist søndag, har begge som mista bilane på sist løp i Vikedal nå nye bilar på plass til juni-løpet.

Kvelds-dugnad onsdag 7. mai
Det blir dugnad onsdag 7 mai 17.00. Det blir utrydding av gamle brakker, demont av vinduer, tak og snekkerarbeid utvendig på nye brakker. Viss nokon har ei utslitt motorsag som ein kan skjære i brakkene med, ta den gjerne med.
Ta kontakt om du lurer på noko!!
Ansv. er Steinar Høyvik, tlf. 900 61 073 e-mail higre(a)online.no

Dugnadar fram til neste løp
Anleggskomiteen har sett opp dugnadar fram til løpet 7.-8. juni. Oppgåvene er utrydding av dei gamle brakkene, rivings av desse og diverse arbeid på banen.
Oversikt over datoane og ansvarlege finn du her ..
Som Marius seier: "Har du ikkje tid til å vera med på minst ein dugnad, har du ikkje tid til å kjøra løpet i juni heller"

Billøp komande helg
Fleire av våre medlemmer skal ut å kjøra løp i helga som kjem. Allereie torsdag er Lars Reidar Frøyland og Steinar Høyvik på plass i Kvinesdal for å delta i det tradisjonelle Kr. Himmelfartsløpet der. Lars Reidar har funne fram bilcrossbobla og skal prøva å ta sørlendingane på heimebane. Steinar skal delta med Wankel-bobla i RCN i/2400. Komplett startliste ligg på Motorsportavisen, sjå link til høgre.
       For Bjørn Magne Enge Moland blir det ein lengre tur. Han skal til Lånkebanen i Stjørdal og kjøra sin første NM-runde i supernasjonal lørdag. Startliste finn du på arrangøren si heimeside her....
Resultater kjem etter kvar omgong på Motorsportavisen eller den nye sida, www.rallycross.no

  Resultat, 2. VM-runde i bilcross
  Resultat, 2. VM-runde i rallycross
  Bilcross klubbløp, lørdag
  Foreløpig startliste, Rallycross og BC jr. klubbløp lørdag 19. april
  Foreløpig startliste, Bilcross søndag 20. april
  Tilleggsreglar, rallycross
  Tilleggsreglar, bilcross og BC jr. klubbløp
  Pressemelding før løpet
  Pressemelding etter løpet

  Meir info om løpet ...

Trening for bil lørdag 26. april
Det blir ny trening for bil lørdag 26. april kl. 12.30. Merk ny tid. Ansvarleg for treninga er Steinar Høyvik. Sidan det er "på sparket", meld deg på til Steinar på tlf. 90061073 på førehand, slik at han ikkje kjører bomtur til Vikedal. Det er MX-trening fram til kl. 13.00.

Trenings-"helg" for MX 30. april og 1. mai
MX-banen er no klar til bruk etter oppussing. MX-gruppa feirar det med trenings-"helg" 30. april og 1. mai.
-- Les meir --

Pressemelding:
Nesten for Lars Reidar Frøyland
Etter at han måtte gi seg i første omgang med styreproblemer, hadde Lars Reidar Frøyland full kontroll til det var 100 meter igjen til mål i finalen. Då blei han forbikjørt av Jonny Brådli.
-- Les meir --

Gunleiv Kvål og Per-Gaute Østbø til topps
Gunleiv Kvål, NAF MS Gjesdal, gjekk til topps i bilcross jr. etter ein tett kamp med Daniel Holten. Daniel hadde teten lenge, men Sierra'en ville ikkje gå heilt til mål, men stoppa. Dermed vart det sjetteplass på Daniel. Preben Myklebust vart nr. 2 og Martin Lillesund vart nr. 3 i sitt debutløp.
        I seniorklassa var Per-Gaute Østbø einaste som stod med 30 poeng etter innleiande omgangar. Han tok starten i finalen, og sjølv om Erlend Gjesdal nærma seg på slutten, drog Per-Gaute seieren i hamn. Vidar Miljeteig vart nr. 3 etter først å ha vunne B-finalen pga. stopp i første omgong.
        Heile 78 bud gjorde at både Per-Gaute Østbø og Kristoffer K. Bjelland må ut på markedet å finna seg nye bilar.
--- Resultatliste --

Jonny Brådli, Geir Harald Skeie og Steinar Stokke vann 2. runde i Vestlandsmesterskapet
Det var berre Geir Harald som klarte å vinna på heimebane. I RCN i/2400 ccm leia Lars Reidar Frøyland til det gjenstod 200 meter. Då vart det ein opning på innsida som Jonny Brådli brukte til å smetta forbi. Dermed vart det andreplass på Lars Reidar medan Andreas Hagen Hella vart nr. 3. Arve Bernes vart nr. 4 og Eirik Aasbøe nr. 5.
     I RCN o/2400 ccm tok Geir Harald starten som venta i finalen og hadde full kontroll på Arnt Olav Lillesund som kom nærmast. Ove Skårland vart nr. 3 og Per Magne Flatebø nr. 4. Anette Aarre fekk dessverre berre kjørt treninga ettersom registerreima rauk og mekanikerane frykta at ventilane hadde slått ned i stempla.
     Supernasjonalførerane Bjørn Magne Moland Enge og Steinar Stokke hadde harde kampar i alle heata, og i finalen var det Steinar som trakk det lengste strået. men det var Bjørn Magne som hadde dagens raskaste tid.
--- Resultatliste, rallycross --
--- Resultatliste, bilcross klubbløp --

Debutantane gjorde det best i klubbløpet
Det var debutantane som gjorde det best i bilcross jr. klubbløpet i dag. Martin Lillesund vann framfor Sveinung Holten Leifsen. Begge kjørte sitt første løp, Sveinung er berre 15 år og kan berre delta i klubbløp. Marius H. Rønnevik vart nr. 3 og Kennet Kaldheim nr. 4. Ole Rasmus Solheim og Daniel Holten tapte mest påein smell i starten og vart nr. 5 og 6.

Reportasje på TV Haugaland
I frukost-TV på TV Haugaland lørdag kl. 09.00 blir det vist ein reportasje om bilcross/rallycrossløpet i Vikedal lørdag og søndag som vart tatt opp på onsdag. Reportasjen kjem i reprise utover heile helga fram til måndag ettermiddag. Du kan og sjå programmet på nett (http://www.tvhaugaland.no). Velg "Se våre programmer" på høgresida.

Pressemeldinga før løpet utsendt
Pressemeldinga før løpet kan du lesa her ... 

Klubbløp for bilcross jr. lørdag 19. april
I skrivande øyeblikk er det 14 påmeldte til klubbløpet for bilcross jr, så løpet går som planlagt. Me minner om at dei med BCJT-lisens, dvs. dei som er 15 år i år, også har lov å delta i klubbløpet. Og sidan det er klubbløp, er det dessverre berre for medlemmer i NMK Vikedal. Dei som er raske, kan fortsatt koma med på startlista i programmet. Løpet vert utan anbud, slik at det ikkje er fare for å mista bilen til løpet dagen etter.

Debuterte med seier og tredjeplass
Anette Aarre (t.v.) debuterte med seier i RCN o/2400 medan Daniel Holten fekk tredjeplass i sitt debutløp i bilcross junior i VM-runden på Eikås i dag. NMK Vikedal var representert på alle seierspallane.
   I bilcross junior vart Daniel (t.h.) som nemnt nr. 3, medan Kenneth Kaldheim nr. 4. Dessverre vart Volvoen til Daniel seld på bud etter løpet, noko som forklarar humøret på bildet. I bilcross vart Hans Kristjan Kristjansson nr. 2,  Kenneth Johansen n. 6 (etter ein tur på taket), Per-Gaute Østbø nr. 7 og Hallvard Finnvik nr. 19. Utanom finalane vart Aleksander Eikeland nr. 22, Johannes Holten Leifsen nr. 29 og Bjørn Tore Toadalen nr. 38 av 44 startande.
     I rallycross vart Geir Harald Skeie ståande i 2. omgang med defekt differansialsperr. Den andre debutanten, Joakim B. Hansen i sin NSU, måtte og gi seg med clutchproblemer. Men han kjørte ned tida si med 7 sekund i dei 2 omgangane han fekk fullføre i sitt første forsøk med NSU'en på bane. Lars Reidar Frøyland kjørte som vanleg jamnt og godt, og kom seg inn på seierspallen nok ein gong, om det vart nederste trinn denne gong. Bjørn Magne Moland Enge kjørte og godt, men hadde eit samantreff med Rudi Rossland i finalen, og sikra berre tredjeplassen i Free for All for å unngå større skader.

Klubbløp for bilcross jr. lørdag 19. april
Sidan det så langt er litt dårleg påmelding på lørdagen, vedtok styret torsdag å innby til klubbløp for bilcross jr. i tillegg til rallycross-klassane. Dette for at det ikkje skal bli for hektisk for dei aktive eller pausar for publikum. Det er verdt å merka seg at dei som har BCJT-lisens, dvs. dei som er 15 år i år, også har lov å delta i klubbløpet.
Sidan nokre er av juniorane er sett opp som vakter på lørdagen, håpar nokre kan hjelpa til å skaffa erstatterar for desse som postsjefar og tidtakerar. Påmelding på vanleg måte via linken til venstre. Vilkåret for at det blir kjørt er 10 påmeldte innan søndag 13. april kl. 12.00.

Sponsorbillettar til rallycross-førerane frå NMK Vikedal
Rallycrossførerar som kjører for NMK Vikedal på løpet neste lørdag, kan få kjøpa inntil 10 sponsorbillettar til halv pris, dvs. 500,- kr. for 10 stk. Førerar som er interessert i dette, kan kontakta 
Sivert Ole Holten, e-post sivert.ole(a)holtenmedia.no eller tlf. 90547433.

Garasjenytt frå Torvastad
Me har fått ein liten rapport og litt bilder frå Eirik Aasbøe om statusen i garasjen på Torvastad. Eirik er nesten klar med BMW'en, litt meir gjenstår på Golfen til Johnny Bådsvik.
-- Les meir --

Støymåling og evt. startnekt i Bergen 
På grunn av klage til Fylkesmannen på støyplage, vil det bli støymåling i.h.t. reglane i Bilsportboka på løpet på Eikås 12. april. Dei som ikkje klarer desse krava vil bli nekta start. Så for å unngå bomtur, bør alle sjekka at lydpottene virkar som dei skal, og at støynivået held seg innanfor krava i boka.

Mange deltok på den første treninga 
Heile 27 førerar deltok på den første treninga for bil i år. Det var og innlagt kvalifisering til bilcross juniorlaget. 6 juniorar deltok og det var Kennet Kaldheim, Katrine Tveit og Daniel Holten som kvalifiserte seg som dei første 3. Dei neste 3 er dei 3 beste i løpet 20. april. Les meir om treninga og sjå mange bilder ved å følgje linken under.
-- Les meir --

Kvalifisering til BC juniorlaget
Det vil bli kjørt juniorlag-kvalifisering den 5. april. Treninga startar kl. 10.00. Det er 3 juniorar som vil bli valgt ut på treningen, dei 3 siste blir valgt ut på løpet den 20. april. Så dei som vil komme med på Juniorlaget må stilla opp!
For meir info. kontakt:
Jens Idar Juel, tlf: 47359928 

Praksiskurs for BC junior på tirsdag
Etter litt snøproblemer, prøver vi å gjennomføra praksisdelen av BC junior lisenskurset tirsdag 1. april kl. 17.00. Alle må ha tilgang til BC-bil med gyldig lisens og nødvendig kjøreutstyr. Steinar Høyvik, 90061073, kan gi nærmare infromasjon.

Dugnad før løpa onsdag 16. april
Det blir dugnad med klargjering før løpa onsdag 16. april frå kl. 17.00. Det er mykje som skal gjerast før alt er klart til løp, så vi håpar mange kan stilla den kvelden. Ved spørsmål, kontakt Marius Vaka Lothe, tlf. 91635628.

Glenn Olav og Silje fekk ein gut 22. mars
Leiar i NMK Vikedal, Glenn Olav Lothe, og sambuaren Silje fekk ein gut 22. mars. Han skal heite Nicolai og NMK Vikedal gratulerar så mykje.
Klikk på bildet for å sjå eit større bilde av far og son.



Påmelding til første løpshelga
Sjølv om snøen ligg på bakken i skrivande stund, nærmar første løp seg med stormskritt. Vi oppfordrar alle til å melda seg på så snart som mogleg, spesielt for at arrangementskomiteen skal få ei oversikt over vaktene. Hugs at alle medlemmer i NMK Vikedal skal melda inn ei vakt saman med påmeldinga. Dei som har oppgitt vakt til arrangementskomiteen, kan melda inn denne.

Første trening for bil lørdag 5. april
Lørdag 5. april er første sjanse til å prøva bilen i Vikedal. Treninga startar kl. 10.00 og på grunn av innsjekk og tekn. kontroll bør alle møta før den tid. Hugs at første runde i VM både for bilcross og rallycross går i Bergen lørdagen etter, den 12.
Kontaktperson for treninga er Ingvar Auestad, tlf. 98030934.

Vestlandsmesterskapet opnar i Bergen 12. april
Hugs påmelding til første runden i Vestlandsmesterskapet for både bilcross og rallycross som går på Eikås lørdag 12. april. I tillegg er det kvalifiseringsløp til Landsfinalen i bilcross og bilcross junior. NMK Vikedal har ikkje kvalifiseringsløp i år.
-- NMK Bergen si heimeside --

H-lisenskurs rett etter påske
Dei som har planar om å delta i rallycross eller bakkeløp og ikkje har lisens, bør hiva seg rundt og melda seg på lisenskurs. Teoridelen av kurset går i Vikedal onsdag 26. mars kl. 18 - ca. 22.00. Påmelding snarast til Sivert Ole, tlf. 90547433. Det er alt 6 påmeldte.

Påmeldingsskjema ikkje oppdatert for 2008
Påmeldingsskjemaet er ikkje oppdatert med datoane for 2008 enno. Dette vil bli gjort i løpet av påsken, så dei mest ivrige må berre smøra seg med litt tålmodighet.

Hovudstraumbrytar i bilcross igjen
Steinar Høyvik har sendt eit koblingsskjema for dei som fortsatt slit med hovudstraumbrytaren. Ring Steinar dersom det treng meir forklaring.
-- Koblingskjema --

Joakim B. Hansen har kjøpt NSU TT til RCN
Joakim skal satsa i rallycross nasjonal og har kjøpt denne NSU TT'en. Den har ein 2 liters, 16V VW gr. A motor som er bremsa til 224 hk. Den litle, lette bilen med motoren bak må jo vera startrask, så får vi håpa den har like gode kjøreegenskapar som seljaren påstod i annonsa. Det vert uansett ein stor overgong for Joakim, som jo er van med å kjøra Scorpio 2.9i i bilcross.

Hovudstraumbrytar i bilcross
Det er enkelte som slit med å få til hovudstraumbrytar som virkar som den skal. Den kanskje beste løysinga er å kjøpa ein FIA-godkjent brytar. Suldal Billakkering har tatt inn eit parti slik at dei skal vera enkle å få tak i.

Garasjenytt frå Haugesund
Ingvar Auestad har oppgradert 240'en med plastskjermar og muligens nokre fleire hestar. Skjalg Lothe har kjøpt Evo-motor til VW 1500'en.
-- Les meir --

Bra med bilar også på kontrollen i Haugesund
Det var bra med bilar på tekniske årskontrollen hjå Saltvedt Auto-Grip i Haugesund og. Her er nokre bilder me har fått frå Ingvar Auestad.
-- Les meir --

Dugnad lørdag 8. mars
Det blir dugnad lørdag 8. mars kl. 10.00. Det blir snekkerarbeid inn- og utvendig, samt div. arbeid på banen. Det vert og rydding i garasjen, rydding av gamlebrakker, samt klar gjering til riving. Er det nokon som er veldig flinke til å skoga, så er tanken å skoga litt på ytsida av langsida, men husk å ta med motorsag sjølv.
Ta kontakt om du lurer på noko!!
Ansv. er Petter Andrè Gunther, tlf. 971 40 305

Godt oppmøte til teknisk årskontroll i Sandeid
Mellom 15 og 20 bilcross-bilar vart kontrollert i Sandeid lørdag. Ingen rallycrossbilar tyder på at dei enten ligg etter planen eller var opptatt på andre frontar.
-- Bilder frå kontrollen --

Anleggsnytt
Anleggskomiteen har hatt fleire dugnadar, og sjølv om frammøte har vore så som så, har dei likevel fått gjort mykje. Denne veka kom også nytt autovern på plass.


Frå monteringa av autovernet på startlangsida.

-- Les meir frå dugnadane --

Teknisk årskontroll for bil
Me minner om teknisk årskontroll for bil lørdag 1. mars kl. 10.00 - 13.00 på Suldal Billakkering i Sandeid og hjå Saltvedt Auto-Grip i Haugesund (Fjellveien 2 på Solvang). Det vil bli etterkontroll lørdag 15. mars kl. 10.00 - 12.00 på Suldal Billakkering i Sandeid.

Talentutvikling innan bilsport
NBF har starta eit talentutviklingsprosjekt i samarbeid med ressursar ved Norges Toppidrettsgymnas. Dei skal ha regionale samlingar på Ålgård og i Bergen i vår. Dei som er interesserte i dette kan kontakta Lars Reidar Frøyland, tlf. 91332202 eller e-post lrf.rallycross(a)hotmail.com. Du finn og meir informasjon på NBF sine nettsider her ...

Dato/stad for lisenskurset for bilcross junior
Teoridelen av bilcross/rallycross jr. kurset vert på Haugaland Vidaregåande skule onsdag 27. februar kl. 17.00. Påmelding og nærmare informasjon får de hjå Steinar Høyvik, tlf. 90061073 eller e-post higre(a)online.no. Kursprisen er kr. 400,- inkl. praksisdelen.
      Rekruttering er viktig, så alle aktive bør hjelpa og dytta på andre interesserte for å få dei i gong.

Teknisk kontrollantkurs rally-/bilcross/crosskart
Kurset går gjennom dei tekniske reglane for rallycross/bilcross/crosskart og korleis dei skal forstås. Etter avlagt prøve kan ein løysa lisens og vera ansvarleg for teknisk kontroll på trening og løp. NMK Vikedal oppfordrar sterk dei som interessert i å delta på eit av desse kursa om å ta kontakt. Med det høge aktivitetsnivået vi har, har vi stort behov for å få nye personar som kan bidra med sine kunnskapar. NMK Vikedal dekkjer kursutgiftene for deltakerar frå vår klubb.
For påmelding til eller informasjon om funksjonærkursa, kontakt:
Marius V. Lothe, tlf. 916 35 628 eller e-post mariusvlothe(a)yahoo.no

Teknisk årskontroll for bil
Det blir felles teknisk årskontroll lørdag 1. mars på Suldal Billakkering i Sandeid og hjå Saltvedt Auto-Grip i Haugesund. Det vil bli etterkontroll lørdag 15. mars på Suldal Billakkering i Sandeid. Kontrollen kostar 100,- kr. til dekning av utgifter.
Vi oppfordrar alle til å ha bilane klar til 1. mars, slik at årskontrollane kan gjerast mest mulig effektivt for alle partar. Det er bileigar sitt ansvar å få tatt kontrollene, og ein kan ikkje venta at kontrollantane skal stilla opp dag og natt dei siste veken før løpa startar. Om du ikkje les anna i boka, les alt med raud skrift som er endringane i forhold til i fjor, så slepp du kanskje etterkontrollen.

Lisenskurs for bilcross junior
Kjør bil på Vikedal Motorbane frå det året du er 15 år. Det kan du gjera, men du må først gå på kurs for å lære litt om reglane og korleis du kjører bil. Er du interessert i dette, tek du kontakt med Steinar Høyvik, tlf. 90061073 eller e-post higre(a)online.no. Teoridelen vert i slutten av februar, men dato er ikkje fastsett enno. Praksisdelen vert sannsynlegvis 29. mars på Vikedal Motorbane.

Lisenskurs for hastighet (rallycross/bakkeløp)
NMK Vikedal arrangerer lisenskurs for hastighet (rallycross/bakkeløp) i vår og. Teorikurset går 20. februar med påmelding innan 13. februar.
-- Les meir --

Garasje 2: Nytt karrosseri og ny førar på Fitjar
Anette Aarre frå Sagvåg (t.v.) gjer comeback, og blir ein av få aktive kvinnelege rallycrossførerar i Norge. Ho skal kjøra Volvo 440'en til Ole Vidar Helland med den motoren Håvard Helland brukte i 940'en. Arild Vik byggjer nytt karrosseri til sin EVO-motor.

-- Les meir og sjå bilder --

Endra aldersgrenser for BC junior
Det er verdt å merka seg at aldersgrensene for BC junior har blitt endra. Ein kan no delta i juniorklassen til og med det året ein fyller 19 år (tidlegare var det 18 år). Frå ein er 18 år, kan ein velja om ein vil gå over i senior klassen og løysa BC-lisens.

Dugnad lørdag 26. januar
Det blir dugnad lørdag 26. januar kl. 10.00. Det blir snekkerarbeid, inn- og utvendig samt div. arbeid på banen. Anleggskomiten satsar på å få ferdig brakkene innan 1. mars, så dei treng hjelp frå medlemmene til å bli ferdige.
Ta kontakt om du lurer på noko!!
Ansv. er Lars Reidar Frøyland, tlf. 913 32 202

Dugnad lørdag 2. februar
Det blir dugnad lørdag 2. februar kl. 10.00. Det blir snekkerarbeid. + div. på banen.
Ta kontakt om du lurer på noko!!
Ansv. er Petter Andrè Gunther, tlf. 971 40 305

Dugnad torsdag 7. februar
Det blir dugnad torsdag 7 februar kl. 17.00. Det blir snekkerarbeid. Ta gjerne med noko lys.
Ta kontakt om du lurer på noko!!
Ansv. er Marius V Lothe, tlf. 916 35 628

Husk! Når brakkene er 100% og autovernet er oppe, og om det er litt meir penger i kassa..... Blir det ny asfalt på banen :)

Vist du ikkje kan på desse dagane, kan du kontakte Marius V Lothe 916 35 628 mariusvlothe(a)yahoo.no så fiksar vi noko......

Innbrudd i klubbhuset
Det har nok ein gong vore innbrudd på Vikedal Motorbane. Denne gongen fikk dei ikkje med seg noko av verdi. Uvedkommande har knust vinduet i inngangsdøra. Og når det ikkje hjelpte, har dei brukt kniv rundt nøkkelpartiet. Ved tips i saka kan ein kontakta Vindafjord Lensmanskontor v/Vaka.

Vestlandsmesterskapet 2008
Det nærmar seg fastlegging av reglement for 2008. Det ligg eit forslag til reglar på heimesidene til Vestlandsmesterskapet. Dei som har kommentarar eller forslag til endringar kan kontakta leiar i bilgruppa, Lars Reidar Frøyland, tlf. 913 32202 eller e-post lrf.rallycross(a)hotmail.com, innan 18. jan.

Garasjereportasjar og rykter utover vinteren
Me skal prøva å gi litt oppdateringar om det som skjer rundt om i garasjane utover vinteren. Me startar som de ser under med ei nyinnkjøpt boble. For å letta arbeidet for "internett-sjefen", er det fint om de som har lyst kan senda bilder og litt tekst på e-post til webmaster@nmk-vikedal.net

Garasje 1: Steinar Høyvik har kjøpt Wankel-boble

Steinar Høyvik satsar på å snyta team-kollega Lars Reidar Frøyland for ein del poeng i Vestlandsmesterskapet med ny-innkjøpt VW 1303 med Wankel-motor.
-- Les meir og sjå bilder her --

Viktig melding til funksjonærar frå NBF
Viktig melding til alle autoriserte funksjonærar på www.bilsport.no:
Alle ID brikker utgår og må fornyast frå 2008.

Les meir her: http://www.bilsport.no/nyheter/vis.php?brid=1280

Alle må følgja dei direktiva som er beskrevet i meldinga.

NMK Vikedal vil ynskja 
alle medlemmer, deltakerar, funksjonærar og andre motorinteresserte
ei god jul og eit godt nyttår

Triveleg årsfest med mimring om dei første 25 åra
Som kanskje nokre har registrert, vart NMK Vikedal 25 år 11. november. Dette vart markert på årsfesten med litt mimring med Svein Bjarte som historieforteljar. Han er ein av dei som har vore med i alle desse åra. Her er eit lite referat frå ein som ikkje har fått vore med i alle desse åra.
-- Les meir --

"Årets ildsjel"-prisen til Lajla og Sportsprisen til Lars Reidar

"Årets eldsjel"-pris gjekk til avtroppande leiar Lajla S. Eikeland og Sportsprisen til påtroppande leiar i bilgruppa, Lars Reidar Frøyland.

Glenn Olav Lothe ny leiar på effektivt årsmøte
Glenn Olav Lothe vart vald til ny leiar i NMK Vikedal på eit roleg og effektivt årsmøte i Vikedal. Ein god valgkomite hadde gjort så god jobb at alle forslaga gjekk gjennom. Her ser du forslaga og resultatet av valget ..

Samarbeidspartnerar



Motorsportsavisen

holtenmedia

motormania.no



Haugesund Sparebank

Knapphus Bensinstasjon AS

Vassnes Elektro AS

Vikedal Mur & Anlegg AS

Lokalavisa Grannar

Suldal Billakkering - tlf. 52767377

Jan's Hydraulikk as


Tveit Regnskap 

Sandeid 
Cement A/S