NMK Vikedal vil ynskja 
alle medlemmer, deltakerar, funksjonærar og andre motorinteresserte
ei god jul og eit godt nyttår

 

Løp i 2007:                                                                                         Sist oppdatert 23.12.2007
  25. mars:  Bilcross 
  21. april: Norgescup Rallycross Nasj. + VM                       
               Cupar 2007:
  22. april: Rallycross og bilcross jr. (VM)                            NMK Vikedal cup Bilcross - Reglar
 
19.-20. mai: Motocross (VM)                                          NMK Vikedal cup Bilcross - Sluttstilling
  9.-10. juni: 2-dagars RCN og bilcross                               
NMK Vikedal cup Rallycross - Reglar
  18. - 19.  august: Rallycross/bilcross (VM)                 NMK Vikedal cup Rallycross - Sluttstilling   
  7. okt.: Rallycross og bilcross                                                      Vestlandsmesterskapet
 

Nyheter frå :
2006
2005

2004
2003

2002
2001

Triveleg årsfest med mimring om dei første 25 åra
Som kanskje nokre har registrert, vart NMK Vikedal 25 år 11. november. Dette vart markert på årsfesten med litt mimring med Svein Bjarte som historieforteljar. Han er ein av dei som har vore med i alle desse åra. Her er eit lite referat frå ein som ikkje har fått vore med i alle desse åra.
-- Les meir --

"Årets ildsjel"-prisen til Lajla og Sportsprisen til Lars Reidar

"Årets eldsjel"-pris gjekk til avtroppande leiar Lajla S. Eikeland og Sportsprisen til påtroppande leiar i bilgruppa, Lars Reidar Frøyland.

Glenn Olav Lothe ny leiar på effektivt årsmøte
Glenn Olav Lothe vart vald til ny leiar i NMK Vikedal på eit roleg og effektivt årsmøte i Vikedal. Ein god valgkomite hadde gjort så god jobb at alle forslaga gjekk gjennom. Her ser du forslaga og resultatet av valget ..

Forslag på kandidatar til Sportspris
Styret ønskjer forslag på kandidatar til Sportsprisen. Det er ingen faste kriterier, men førerar som har hatt gode resultater, representert klubben på ein god måte bør vera gode kandidatar. Forslaga skal sendast pr. e-post til mariusvlothe(a)yahoo.no seinast 10. november.

Dugnad lørdag 3. november
Det blir dugnad lørdag 3. november kl. 10.00. Arbeidsoppgåver er primært demontering av rekkverk på rallycross-langsida der Gjerde A/S skal montera nytt dobbelt rekkverk. Ta med pipesett. Det vert arbeidd med å skaffa aggregat/kompressorar/muttertrekkerar for å letta arbeidet. Ansvarlig for dugnaden er Lars Reidar Frøyland, tlf. 91332202.

Årsmøte og -fest lørdag 17. nov. i Vikedal
Det blir årsmøte med fest om kvelden lørdag 17. nov. på Vikedal Vertshus i Vikedal. Det blir 3-retters middag på festen som kostar kr. 300,- pr. person. Påmelding til Marius Vaka Lothe, tlf. 916 35 628 eller e-post marius(a)janshydraulikk.no
Dei som ønskjer overnatting kontaktar Vikedal Vertshus direkte på tlf. 52760010 eller e-post post(a)vikedal-vertshus.no

Alle laurbærkransane til NMK Vikedal
Førarane frå NMK Vikedal gjorde reint bord i NMK Vikedal Cup 2007. Arild Vik gjekk til topps i rallycross, medan Kennet Kaldheim og Vidar Riise vann dei to bilcrossklassane.
-- Pressemeldinga etter løpet --

Alle 3 laurbærkransane til NMK Vikedal

Kennet Kaldheim, Arild Vik og Vidar Riise vann kvar sine klassar i NMK Vikedal cup 2007. I finaleløpet var det Katrine Tveit, Karsten Hermansen, Arild Vik og Arnt Olav Lillesund som vann dei forskjellige klassane.
-- Resultater, bilcross --
-- Resultater, rallycross --
-- Sluttstilling i NMK Vikedal cup 2007, bilcross --
-- Sluttstilling i NMK Vikedal cup 2007, rallycross --

  Foreløpig startliste, NMK Vikedal Cup søndag 7. oktober

  Tilleggsreglar, rallycross
  Tilleggsreglar, bilcross
  Pressemelding før løpet

  Meir info om løpet ...

  Vermelding for banen frå yr.no 

Pressemeldinga før løpet klar

-- Les den her --

Gisle Morten Hetland nr. 2 i bakkeløpet
Gisle Morten Hetland vart nr. 2 i bakkeløpet i Jærhagen i dag bak Johnny Brådli, men framfor Odd Byberg. Aleksander Eikeland vart nr. 6 og Silje Renèe Pedersen vart nr. 15 i bilcross. 

4 frå NMK Vikedal i bakkeløpet i Jærhagen
2 bilcrossførerar, Aleksander S. Eikeland og Silje Renèe Pedersen, og 2 RCN i/2400 førerar, Gisle Morten Hetland og Johnny Bådsvik, stiller for NMK Vikedal i bakkeløpet i Jærhagen kjøpesenter på Klepp på søndag.
-- Nærmare info. --

Motocrosstrening frå 17.00 - 19.00 frå neste onsdag
På grunn av mørkare kveldar, blir onsdagstreninga flytta fram til 17.00 - 19.00 frå og med onsdag 3. oktober.

Opp og ned for Erik Skrunes
NMK Vikedal-føraren Erik Skrunes var i helga på Sotra og køyrde sjette runde i Vestlandsmesterskapet i motocross. Køyrde både junior og open klasse, og blei nummer ni og elleve i finalane. Samanlagt ligg han på 13. plass i juniorklassen og 7. plass i open klasse før siste runden på Karmøy om 3 veker.
Ørjan Heggebø vart nr. 13 i MX 85 13-16 år. Samanlagt ligg han på 14. plass i denne klassen.
-- Les pressemeldinga frå Erik her --

Bjørn Magne Moland Enge nr. 16 på Dokka
Bjørn Magne kjørte inn til ein flott 16. plass i Supernasjonal o/2000 ccm i Yokohama Exstrem Rallycross på Dokka i dag. Bjørn Magne hadde 3. spor i D-finalen og var godt med i starten, men litt ut i første runde stoppa motoren. Etter at finalen var ferdig, starta motoren fint, så det er uvisst kva som var problemet. Herbjørn C. Haug vann klassen. Per Magne Flatebø vart ikkje klar med ny motor, så han måtte dessverre melde avbud.

Ingve Andrè Strand flytta til sølvplass i NM
På den offisielle resultatlista til NBF på nett, står Ingve Andrè Strand på sølvplass i NM for crosskart 650 ccm med 141 poeng. I reglementet for NM står det at 5 av 6 rundar tel i samandraget, men i den offisielle lista ar alle rundane talt med.

Trening for bil lørdag 22. sept.
Vi minnar om at det blir trening for bil/crosskart lørdag 22. sept. kl. 10.00 -12.30. Påmelding til Ingvar Auestad, tlf. 98030934, seinast fredag.

2 frå NMK Vikedal i Yokohama Exstrem Rallycross
Bjørn Magne Moland Enge og Per Magne Flatebø skal delta i Yokohama Exstrem Rallycross på Dokka lørdag. Bjørn Magne skal prøva seg i supernasjonal over 2000 ccm, medan Per Magne har fått ordna motoren etter at kammen delte seg på Lyngås, og stiller i RCN o/2400 ccm.

Påmelding til finalen i NMK Vikedal cup
På sist medlemsmøte var ein enige om at alle medlemmer i NMK Vikedal skulle melda seg på løpet med vakt minst 3 veker før. Ein treng mindre enn ei hand for å telja dei som klarte å følgja dette. Send påmelding med vakt snarast for at arrangementskomiteen kan få litt hjelp til å laga nok eit bra stemne.

4 frå NMK Vikedal deltok i Egersund i helga
Jens Idar Juel (BC), Eirik Aasbøe (BC), Gisle Morten Hetland (RCN) og Petter Andrè Gunther (RCN) deltok på løp i Egersund i helga. Her er ein rapport frå Gisle Morten.
-- Les meir --

Uoffisiell samanlagtliste for Norgescupen for RCN
På den uoffisielle samanlagtlista har Bjørn Magne Moland Enge fått 6. plass, Arild Vik 9. plass og Sigmund Lutsi 39. plass.
-- Uoffisiell sluttstilling i Norgescupen for RCN --

Sølv til Geir Harald Skeie i Norgescupen

Det vart 2. plass på Geir Harald Skeie i Norgescup-finalen for rallycross nasjonal over 2400 ccm på Lyngås i helga. Dermed enda Geir Harald opp på 2. plass samanlagt og.
Vi gratulerer så mykje med sølvmedaljen!

Geir Harald Skeie tok sølv
Geir Harald Skeie frå Sandeid og NMK Vikedal blei nummer to både i løpet og samanlagt under avslutninga av Norgescupen i rallycross nasjonal som gjekk på Lyngås i helga. Også Bjørn Magne Moland Enge og Arild Vik var i A-finalen.
-- Les pressemeldinga her --

Vinn eller forsvinn for Ingve André Strand
Åtte førarar frå NMK Vikedal stiller i finalen i Norgescupen for rallycross nasjonal og NM i crosskart på Lyngås Motorbane i helga. Både Geir Harald Skeie i rallycross og Ingve André Strand crosskart er med i kampen om medaljar. For Ingve André kan det bli alt frå gull til fjerdeplass.
-- Les pressemeldinga her --

Beste så langt i Norgescupen for MX
NMK Vikedal-føraren Erik Skrunes var i helga på den nye motocrossbanen på Elgane på Jæren og deltok i finalen i Norgescupen. Til slutt vart det ein 16. plass, som er det beste han har gjort i Norgescupen så langt.
-- Les pressemeldinga her --

Full pott i bilcross
NMK Vikedal-førarane Kennet Kaldheim, Joakim B. Hansen og Lars Reidar Frøyland kunne utropast til vinnarar av Vestlandsmesterskapet i sine klassar etter finalen i Bergen i helga. I bilcross tok NMK Vikedal seks pallplassar av seks mulige i meisterskapen.
-- Les pressemeldinga her --

NMK Vikedal tok det meste, men med nye namn
NMK Vikedal tok alle pallplassane samanlagt i BC jr. og BC, og 2 av 3 i RCN-klassane. I løpet hadde vi 2 på pallen i alle klassar utanom Supernasjonal.
Det kjem bilder frå premieutdelinga seinare.
-- Les referat frå løpet her --
-- Resultatliste frå løpet --
-- Samanlagtresultat i Vestlandsmesterskapet --


Arild Vik i tet framfor Geir Martin Myking i første omgong. Det var mykje vatn på banen heile dagen og vanskelige forhold som bildet viser.

NMK Vikedal kan ta det meste
Over 20 deltakarar frå NMK Vikedal stiller i finalen i Vestlandsmesterskapet som går på Eikås Motorsenter på laurdag. NMK Vikedal-førarane Anja Andersen, Per-Gaute Østbø og Arild Vik leiar sine klassar før finalen.
-- Les meir --

Per Magne Flatebø har kjøpt Norgescup-vinnaren
Per Magne Flatebø frå Etne har kjøpt Volvo 340'en til Hans Jøran Østreng som Østreng har vunne Norgescupen i rallycross nasjonal o/2400 med i år. Per Magne, som har vore med Bjørn Magne Moland Enge på ein del av løpa i år, debuterer i rallycross og med den nye bilen VM-finalen i Bergen på lørdag.

Volvo'en er allereie lakkert i nye fargar.

H-lisenskurs onsdag 29. aug. frå kl. 12.00
På grunn av eit par svært kjørelystne medlemmer, blir det arrangert Hastighets- lisenskurs onsdag 29. august frå kl. 12.00. Det blir teori først og praksis etterpå for dei som treng det. Alle som skal kjøra rallycross og bakkeløp treng hastighetslisens. Kontakt Sivert Ole, tlf. 90547433, dersom du vil og kan delta på kort varsel.

Trening onsdag 29. aug. kl. 17.00 - 20.00
Vi minnar om at det blir trening for bil/crosskart onsdag 29. aug. kl. 17.00 -20.00. Påmelding til Ingvar Auestad, tlf. 98030934, i løpet av tirsdag.

2 ledige plassar på "bilbilen" til Bergen neste helg
Klubben har leigt ein biltransportbil for å transportera juniorlaget til Bergen 1. sept. På denne er det 2 ledige plassar som kostar 800,- kr. tur/retur. Juniorar vil bli prioritert. Ta kontakt med Eirik Aasbøe, tlf. 52840588 eller mob. 97744917.

Johannes og Per-Gaute midt på treet i Landsfinalen
Joakim måtte melda avbud, men Johannes Holten Leifsen og Per-Gaute Østbø stilte til start i Landsfinalen i Kvinesdal på lørdag. Johannes opna bra med andreplass, deretter fjerdeplass og tredjeplass. Per-Gaute hadde tredjeplass, femteplass og andreplass. Dermed vart det plasseringar rundt nr. 40 på begge. Resultatlista som ligg på NMK Kvinesdal sine heimesider manglar førebels fleire namn, m.a. Per-Gaute, så eksakt plassering er usikker.
    Som vanleg var det mange bud, 1458 tilsaman, og 20 av dei på Johannes sin Escort som dessverre vart seld. Men våre medlemmer var og heldige og fekk kjøpt 4 bilar. Ørjan Eikeland kjøpte ei boble, Kenneth Johansen to Escortar, ein med Ford V6-motor og ein med Volvo B23, og Per-Gaute Østbø kjøpte ein Volvo 360.

3 deltakerar på landsfinalen
Joakim B. Hansen (Sierra), Johannes Holten Leifsen (Escort) og Per-Gaute Østbø (Ascona) stiller til start i Landsfinalen for bilcross i Kvinesdal lørdag. Første omgang startar kl. 09.00 og finalane startar etter planen kl. 15.00.
Aleksander S. Eikeland og Kenneth Johansen var og kvalifisert, men Aleksander er i Kazakhstan og Kenneth valgte å stå over denne gongen.

Banen godkjent for trening med crosskart
Vikedal motorbane er no godkjent for trening med crosskart. Einaste forutsetninga er at det er maks. 40 cm opning frå bakken og opp til nederste rekkverk.

Serverproblemer for internett-leverandøren vår
Internettleverandøren vår har hatt serverkrasj slik at sida har vært utilgjengeleg nokre dagar. Det er fortsatt feil på nokre sider (norske teikn) og enkelte sider manglar. Vi håpar dette vert ordna i løpet av nokre dagar.

Nøgd med debuten i NM
Erik Skrunes frå NMK Vikedal køyrde i helga sin første NM-runde i motocross, kvalifiserte seg til finalen og blei til slutt nummer 23.
-- Les pressemeldinga her --

Ingve Andre Strand nr. 4 i NM-runden i Hønefoss
Ingve Andrè Strand vart nr. 4 i NM-runden i crosskart i Hønefoss i helga. Håvard Helland vart nr. 10. Dette gjer at Ingve Andrè no fortsatt har andreplass samanlagt i NM, 4 poeng bak Andreas Wiik, NMK Gardermoen. Finalerunden går på Lyngås saman med finalen i Norgescupen for Rallycross Nasjonal på Lyngås 8.-9. sept.

Vått, men godt på Vikedal Motorbane
Ernst Atle Larsen og Ørjan Lutsi vann rallycross nasjonal, medan Ruben Nodland og Johannes Holten Leifsen gjekk til topps i bilcross på Vikedal Motorbane i helga.
-- Les pressemeldinga etter helga her --

Ruben Nodland og Johannes H. Leifsen til topps
Det vart vått og glatt i bilcrossløpet på søndag, noko som førte til ein del klabb og babb.
-- Fullstendig resultatliste --
-- Uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet --
-- Oppdatert stilling i NMK Vikedal cup --

Ernst Atle Larsen, Ørjan Lutsi og Rudi Rossland vann VM-runden i rallycross
Vått frå morgonen av, men det skein opp til finalane. I finalane vart det tørr asfalt og det vart fleire fine duellar.
-- Fullstendig resultatliste --
-- Uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet --
-- Oppdatert stilling i NMK Vikedal cup --


Ernst Atle Larsen, NMK Konsmo, til topps i RCN i/2400 framfor Lars Reidar Frøyland (t.v.) og Arild Vik, begge NMK Vikedal.

  Foreløpig startliste, VM RC lørdag 18. august 2007
  Foreløpig startliste, VM BC søndag 19. august 2007

  Tilleggsreglar, rallycross
  Tilleggsreglar, bilcross
  Pressemelding før løpet

  Meir info om løpet ...


Bytte av juryleiar på løpa til helga

På grunn av sjukdom, går Henry Austgarden inn som ny juryleiar i rallycross- og bicrossløpet til helga. Tilleggsreglane er oppdatert med denne informasjonen.

Invitasjon til 4. runde i Norgescup for MX på Elgane Motorstadion 1. og 2. sept.
Elgane MSK oppfordrar flest mulig vestlendingar til å melda seg på Norgescupen. Alle får kjøra og det blir A, B og C-finalar i dei klassane som det er mange påmeldt. Det er ikkje som i Norgesmesterskapet der det er tidskvalifisering og berre dei beste går vidare. Velkommen til Elgane Motorstadion til ei fartsfylt og spennande helg!
Meir informasjon på heimesidene til Elgane MSK, www.elganemk.no.

Medlemsmøte søndag 19. august
I samband med bilcrossløpet søndag 19. august blir det medlemsmøte i garasjen eller annan høveleg plass kl. 11.00 (før førarmøtet). Tema for møtet er korleis vi kan få folk til arrangementskomiteen slik at det kan arrangerast billøp også neste år.
Uavklart forslag til løp 2008 (diskusjonsgrunnlag):
      19. april            Vestlandsmesterskap, rallycross
      20. april            Bilcross
      7. – 8. juni        2-dagars BC/RCN (VM BC + kval til landsfinalen)
     
20. sept.           Vestlandsmesterskap, rallycross
      21. sept.           Bilcross
      18. okt.            Klubbløp/-mesterskap, RC og BC      (alt. dato 16. august)
Desse løpa krev 8 personar i arrangementskomiteen som vil og kan jobba med å skaffa folk og organisera løpa. Fleire løp vil krevja minst 2 personar ekstra pr. løp.

Hugs dugnad tirsdag 14. august
Det blir dugnad tirsdag 14. august frå kl. 17.00 og utover kvelden. Hovudfokus er rydding og klargjering til løpa. Det vart rydda ein del kratt og klypt ein del gras sist lørdag, men det gjenstår fortsatt ein del. Klubben har ein plenklippar og ei ryddesag, så det hadde vore fint om nokon kunne ta med eige utstyr, spesielt ryddesager.

Debuterte med andreplass med den nye bilen


Geir Harald Skeie kjørte godt med den nye bilen og vart nr. 2 i dagens Norgescup-runde for rallycross nasjonal o/2400 ccm. Geir Harald leia ei stund finalen, men når Hans Jøran Østreng kom ut frå alternativsporet sneik han seg såvidt framfor inn mot mål. Hans Jøran Østreng, NMK Aurskog/Høland vann sin fjerde strake seier, og har dermed sikra samanlagtseieren før finalen på Lyngås 8. sept. Bjørn Magne Moland Enge vart nr. 5 etter at han måtte om B-finalen saman med Steinar Stokke, NMK Bergen.
Samanlagt ser det ut til verkeleg å tetta seg til bak suverene Østreng. Steinar Stokke ligg no på andreplass med 52 poeng framfor Geir Harald med 49 poeng. Bjørn Magne har no 38 poeng og ligg fortsatt på sjuende plass samanlagt.
-- Resultatlister frå Dokka --
-- Uoffisiell stilling i Norgescupen --
-- Bilder frå Dokka (tatt av Skeie Motorsport) --
-- Skeie Motorsport si heimeside --
-- Moland Racing si heimeside --

Banerekorden på Vikedal Motorbane
I ein diskusjon på forumet på Motorsportavisen, var det spørsmål etter banerekorden i Vikedal. Oversikt over dei beste, samt nokre "kjendisar", finn du her...

Medlemsmøte søndag 19. august
I samband med bilcrossløpet søndag 19. august blir det medlemsmøte i garasjen eller annan høveleg plass kl. 11.00. Tema for møtet er korleis vi kan få folk til arrangementskomiteen slik at det kan arrangerast løp også neste år.

'Storsatsing av Skeie Motorsport
Etter eit innfall, seier ryktene, vart 240'en annonsert for salg og etter berre ei lita veke var handelen i boks, og bilen levert til Ole Halvorsen i Larvik. Dermed hasta det med å få tak i ny bil før neste Norgescuprunde på Dokka lørdag 12 august. Og i dag vart det klart. Skeie Motorsport kjøper Stian Haugan sin Volvo S40, så nå skal det ikkje stå på utstyret.

Det er denne S40'en som Skeie Motorsport no skal overta.

Smådølfestivalen  4. august
Også i år hadde nokre av våre medlemmer tatt turen til Uvdal og Smådølfestivalen. Jens Idar Juel deltok i bilcross. Det opna bra med to andreplassar, men så vart det fjerdeplass og to femteplassar og ein tredjeplass i 6. omgong. Dermed vart det 26 poeng til saman, noko som gav 39. plass blant dei 110 deltakerane.
       I RCN i/2400 ccm, der det var 15 deltakerar, stilte Eirik Aasbøe og Johnny Bådsvik til start. Det var Eirik som gjorde det best samanlagt. ein andreplass, tre tredjeplassar, ein fjerde- og ein femteplass gav 27 poeng og ein litt forsmedeleg 7. plass, rett utanfor A-finalen. Johnny Bådsvik fekk stopp i første omgong, deretter tre fjerdeplassar, tredjeplass og andreplass i siste omgong. Dette gav 21 poeng og 12. plass.

Dugnad lørdag 4. august
Ettersom det har vore ein våt sommar, har gras- og buskveksten vore svært god på baneområdet. Det er difor stort behov for sanering av ein del av dette før løpet og dette vert hovudtema på dugnaden etter treninga lørdag. Klubben har ein plenklippar og ei ryddesag, så det hadde vore fint om nokon kunne ta med eige utstyr, spesielt ryddesager.

Hugs trening for bil lørdag 4. august
Det blir trening for bil (bilcross/rallycross) lørdag 4. august frå kl. 10.00 til 12.30. Det blir sjekk av lisensar og teknisk kontroll som vanleg før løp.
Påmelding til Ingvar Auestad, tlf. 98030934.
Fleire treningar finn du under treningar i menyen til venstre.

Ingve Andre Strand nr. 2 i NM-runden i crosskart
Ingve Andrè Strand vart nr. 2 i den fjerde NM-runde som gjekk på Tynset i helga. Andreas Wiik, NMK Gardermoen, vann og dermed fall Ingve Andrè ned til 2. plass i samandraget, 2 poeng etter Wiik. Håvard Helland har meldt overgang til crosskart og vart nr. 11 i sin første løp.

Oppdatering på classic roadracing
For 2 år sidan fekk vi ein e-post frå Arthur Smaamo på Sand som kjørte classic roadracing og som ville spreia litt informasjon om det han og sonen, Per Jarle, dreiv på med. No har vi fått ein oppdatering om korleis det går denne sesongen.
-- Les meir --

Resultater frå 4. runde i VM for motocross
4. runde i Vestlandsmesterskapet for motocross vart arrangert i Sauda i helga. Erik Skrunes vart nr. 15 i MX2 (junior-klassa). Samanlagt ligg han her på 16. plass. Også denne gongen gjekk det betre søndag i MX1 (open klasse). Denne gongen vart han nr. 9, og held no 8. plassen samanlagt. Ørjan Heggebø, som kjører i klassa MX85 (13 - 16 år), kvalifiserte seg denne gongen til B-finalen der det vart 2. plass. Samanlagt ligg han på 15. plass.
-- Resultater --

Held stand i toppen
NMK Vikedal-førarane forsvarte sine posisjonar godt då Vestlandsmesterskapet heldt fram i Bergen i helga. Anja Andersen (t.h) og Per Gaute Østbø leiar no dei to bilcrossklassane, medan Arild Vik er på topp i minste rallycross nasjonal.
-- Pressemelding --
-- Uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet, bilcross --
-- Uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet, rallycross --

 

Yngve Andre Strand vann NM-runden for crosskart
Yngve Andre Strand vann den 3. NM-runden i crosskart for 650 ccm. På ein svært våt Finnskog-bane, tok han starten i finalen og held denne heilt til mål. NM-leiaren, Andreas Wiik, likte ikkje den våte banen og måtte ta til takke med 7. plass. Dermed tok Yngve Andre Strand over leiinga i NM med 78 poeng framfor Wiik med 77 poeng. Neste NM-runde går på Tynset 28. juli.
-- Resultatliste --

2 førerar til deltek i Bergen
Hans Kristjan Kristjanson (BC) og Arnt Olav Lillesund (RCN o/2400) er begge påmeldt til VM-runden i Bergen i helga. Dei var ikkje på startlista då pressemeldinga under vart laga. I tillegg er Lars Reidar Frøyland flytta over i klasse RCN i/2400. Han skal altså ikkje kjøra bilcross.
-- Informasjon om løpet på NMK Bergen sine sider --

Klar til kamp om nye poeng
Førarane frå Vikedal er så absolutt med når neste runde i Vestlandsmesterskapet blir køyrt i Bergen til helga. Per-Gaute Østbø leiar bilcross senior, Kennet Kaldheim (t.h.) junior, Arild Vik rallycross nasjonal inntil 2400 kubikk, medan Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie ligg på andre og tredje i store nasjonal.
-- Pressemelding --

Resultater frå 3. runde i VM for motocross
3. runde i VM for motocross gjekk i helga på den nybygde banen på Elgane. Erik Skrunes gjorde det best i open klasse søndag der han vart nr. 8. Lørdag vart han nr. 15 i MX 2 Junior 14-19 år. I MX85 13-16 år vart Ørjan Heggebø nr. 14.
-- Resultater lørdag (bl.a. MX2 jr.) --
-- Resultater søndag (m.a. MX85 og MX1 open) --
-- Stillinga i VM for MX (ikkje oppdatert pr. 11.06.07) --

Pressemeldinga etter løpet
-- Tok ni av ni mulige --

Stillingane i NMK Vikedal cup oppdatert
Stillingane i dei forskjellige klassane i NMK Vikedal cup er no oppdatert.

NMK Vikedal tok alle pallplassane
NMK Vikedal-førerane sikra seg alle pall-plassane i 2-dagarsløpet i Vikedal i strålande sommarver i helga. 4 førerar frå NMK Vikedal er klar for landsfinalen i Kvinesdal i august (+ ein utflytta Vikedalsbu).

Bak frå venstre Sigmund Lutsi, Arild Vik, Lars Reidar Frøyland, Aleksander S. Eikeland og Joakim B. Hansen. Framme frå venstre Anja Andersen, Kennet Kaldheim og Leif Egil Olsen (Foto: Sivert Ole Holten).

-- Resultater, bilcross --
-- Resultater, rallycross --

  Foreløpig startliste, BC/RC 9. - 10. juni 2007

  Tilleggsreglar, bilcross

  Tilleggsreglar, rallycross

  Pressemelding før løpet

  Meir info om løpet ...

Bjørn Magne nr. 4 og Geir Harald nr. 6 på Krabyskogen
Bjørn Magne Moland Enge fekk tingene til å stemme mykje betre på Krabyskogen og tok ein ny 4. plass etter litt problemer på Finnskogen. Han kjørte mellom anna inn til 2. tid i første omgang med ein snurring. Geir Harald sleit litt meir denne gongen, men kjørte seg opp frå B-finalen til ein 6. plass.
  Dette gjorde at Geir Harald fall ned ein plass i samandraget til femte, men det tetnar no til frå 2. plass og nedover. Bjørn Magne rykka opp ein plass til sjuande. Hans Jøran Østreng leiar samanlagt etter å ha vunne alle 3 rundane så langt.
-- Resultater på Motorsportavisen --
-- Uoffisiell stilling i Norgescupen --

Ingve Andre Strand nr. 3 på Krabyskogen
Ingve Andre Strand kjørte inn til 3. plass i NM-runden for crosskart 650 ccm på Krabyskogen i dag. I den første NM-runden på Momarken vart han nr. 4, så dette er eit steg i rett retning. Han rykka dermed opp til 2. plass i samandraget etter Andreas Wiik som har vunne begge dei første løpa.

Ørjan Strand Eikeland (jr.), Hans Kristjan Kristjanson og Rudi Andres Rossland med full pott.
Ørjan Strand Eikeland  er einaste med full pott etter dei 3 første innleiande omgangane i BC jr. i dag. Hans Kristjan Kristjanson og Rude Andres Rossland har det same i senior-klassa. I rallycross har Arild Vik vunne alle 3 omgangane i klassen inntil 2400 og leiar framfor Lars Reidar Frøyland som står med 2 andreplassar. Arnt Olav Lillesund er åleine i den store klassen.
Løpet fortset søndag med 2 innleiande omgangar til før finalane. 4. omgang for bilcross startar kl. 10.10 for å bli ferdig før kyrkjepausen.

Geir Harald og Bjørn Magne klar for 3. runde i NC
Geir Harald Skeie og Bjørn Magne Moland Enge er klar for 3. runde i Norgescupen for Rallycross Nasjonal som går på Krabyskogen ved Gjøvik lørdag. Det vart samtidig arrangert NM-runde i crosskart der Ingve Andrè Strand stiller i klassen 650 ccm for NMK Vikedal.
Me ønskjer alle lykke til i løpet.

Medlemsmøte etter 3. omg. på løpet lørdag
Det blir medlemsmøte med spesiell fokus på bilaktiviteter etter 3. omg. på løpet lørdag. Tema blir vakter til løp, dugnadsinnsats og arrangement neste år.
Alle medlemmer som deltek i løpet har fått innkalling i startbekreftelsen.

NMK Vikedal vil få 400.000,- i spelemidlar
Fylkesutvalet har vedteke fordelinga av spelemidlane for 2007. NMK Vikedal var mellom dei som fekk innvilga søknaden og vi vil få kr. 400.000,-. Dei tiltaka som er skissert i søknaden er utskifting av autovern (delvis utført i fjor), asfaltering, utviding av depot (utført i 2005), forlenging av MX-trase og sekretariat/salsbu motocrosstrase. Samla kostnad for søknaden er budsjettert til 1,2 mill. kr.

Geir Harald Skeie vart nr. 7 i andre NC-runden
Geir Harald låg på 8. plass etter 2. omgangar og første dag av 2. runde i Norgescupen for Rallycross Nasjonal på Finnskogbanen i Solør. 3. omgangen vart ikkje heilt topp, og det vart 4. spor i C-finalen. Der gjekk det bra og han avanserte til B-finalen der det vart 3. plass og dermed 7. plass i løpet. Samanlagt avanserte Geir Harald opp til 4. plass. Bjørn Magne Moland Enge deltok og, men nådde ikkje heilt opp og vart nr. 22 av 30 deltakerar. Dermed fall han ned til 9. plass samanlagt.
-- Resultatlister frå Solør (velg Live og Solør)--
-- Uoffisiell stilling i Norgescupen --

Fullstendige resultatlister frå motocrossløpet
Resultata frå laurdag 19. mai:
http://www.mylaps.com/results/showevent.jsp?id=209637

Resultata frå søndag 20. mai:
http://www.mylaps.com/results/showevent.jsp?id=210443

Sammenlagtresultater VM:
http://www.mylaps.com/championship/index.jsp?id=39048

Pressemelding etter motocross-løpet
Pressemeldinga etter motocrossløpet er no lagt ut.
-- Les meir her --

Skjema for dugnad
Her er skjemaet for dugnadsregistrering. Fyll det ut og send det til Marius (e-post: mariusvlothe(a)yahoo.no) når du har utført dugnad som er godkjent.
-- Last ned dugnadskjema her --

Motocross-banen stengt veke 21
For at banen skal få setja seg litt etter preparinga etter løpet, blir banen stengt i veke 21. Det blir dermed ikkje trening verken onsdag 23. eller lørdag 26. mai.

Ørjan Heggebø best av våre i VM-runden
Ørjan Heggebø (t.v.) på sin Yamaha 85 ccm vart nr. 7 i sin klasse, MX 85 ccm (13 - 16 år) i VM-runden i motocross i Vikedal i helga. Det var Marius Ripel Jensen, Stord MX, som vann klassen.
Erik Skrunes var uheldig og hamna nederst i ein stabel av syklar og førerar rett etter start i lørdagens finale i junior 14-19 år. Brist i brystbeinet, lett hjernerystelse og øydelagt sykkel var resultatet. Erik stilte likevel til start i åpen klasse søndag på lånt sykkel. Der kjørte han inn til 12. plass.

 

  Foreløpig startliste

  Tilleggsreglar (oppdatert 08.05.3007)

  Meir info om løpet ...
  

 

 

Motocross-banen stengt fram til løpet neste helg
Motocross-banen er steng fram til løpet 19. - 20. mai. Det blir dermed ikkje trening verken lørdag 12. eller onsdag 16. mai.

Bilcross jr. lisenskurs
Det har meldt seg nokre deltakerar til eit nytt bilcross jr. lisenskurs. Du kan ta lisens det året du fyller 15 år og kjøra trening. Du kan delta i løp frå det året du fyller 16 år.
Dersom du er interessert å delta, melder du deg på til Sivert Ole Holten, tlf. 90547433 eller e-post sivert.ole(a)holtenmedia.no, snarast. Kurset vil bli halde innan første del av juni.

Karmøy Motocrossklubb inviterar til enduro-løp
Karmøy MX inviterar til enduroløp på Helganes lørdag 26. mai. Dette er den einaste og største enduro satsinga på Vestlandet og vi håper på størst mulig deltaking. Mosjonistar som ikkje har stilt opp i enduroløp før, kan melde seg på i C-klasse og kjører då ca 1:45 min. Vanleg cross sykkel med mjukt oppsett på demperane virkar kjempefint til enduro. Dette blir garantert kjempegøy.
-- Les meir på heimesida til Karmøy MX --

Hans Kristjan Kristjanson i C-finalen på Konsmo
Hans Kristjan Kristjanson kjørte seg oppover utover i kvalifiseringsløpet til landsfinalen i bilcross på Konsmo søndag. Etter fjerdeplass i første omgong, vart det andre- og førsteplass i dei neste. 20 poeng heldt til plass i C-finalen der det vart fjerdeplass og 14. plass i løpet. Som kjent går landsfinalen i år i Kvinesdal, så dermed var det heile 55 deltakerar i seniorklassa på Konsmo og 210 bud. 
-- Video frå C-finalen --
-- Resultatliste frå løpet --

Treningar for bil
Bilgruppa har sett opp treningsdagar for bil slik:
   Onsdag 23. mai frå 17:00 til 20:00.
   Lørdag 4. august frå 10:00 til 12:30.
   Onsdag 29. august frå 17:00 til 20:00.
   Lørdag 22. september frå 10:00 til 12:30.
Det er opning for å kjøra trening utanom dette, men det skal då informerast om det seinast 10 dagar før på nettsida. Dette kan avtalast med treningsansvarleg, Ingvar Auestad (mob. 98030934).

Erik Skrunes nr. 9 og 12 i første VM-runden
Erik Skrunes vart nr. 9 i junior-klassen 14 - 19 år (lørdag) og nr. 12 i åpen klasse (søndag) i den første VM-runden for motocross på Bybergsanden.
Ørjan Heggebø vart nr. 19 i MX 85, 13 - 16 år.
-- Resultatlister --

  Resultater, lørdag  
  Resultater, søndag
  Pressemelding etter løpet

  Foreløpig startliste, Norgescup 21. april 2007 
 
Foreløpig startliste, VM RC/BC jr. 22. april 2007
  Pressemelding før løpet
  Satelittbilde av banen (tatt våren 2005)   
  Meir info om løpet ...

Pressemeldinga etter løpet er no lagt ut

-- Les den her --

Rudi Rossland og Steinar Stokke vann søndag
NMK Bergen vann rallycross nasjonal og super i/2000, medan NAF MS Gjesdal vann Super o/2000 og NMK Vikedal bilcross jr.
Rudi Andres Rossland vann RCN i/2400 framfor Sigmund Lutsi og Lars Reidar Frøyland, begge NMK Vikedal. I o/2400 var det Steinar Stokke som vann framfor Håvard Helland og Bjørn Magne Moland Enge, begge NMK Vikedal. Bjørn Stormo (i/2000) og Håkon Gjesdal Nilsen (o/2000) var einaste deltakerar i supernasjonal.
I bilcross jr. vann Ørjan Strand Eikeland framfor Gunleiv Kvål, KNA Klepp, og Ole Rasmus Solheim, NMK Vikedal.
-- Resultater frå løpet søndag --
-- Uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet --

Elling Helleberg og Hans Jøran Østreng vann
Erling Helleberg, NMK Kongsberg, vann første Norgescuprunden for rallycross nasjonal inntil 2400 ccm framfor Espen Kolstadbråten, NMK Valdres, og Arnfinn Bergseng, NMK Fluberg.
     I den klassen over 2400 ccm var det Hans Jøran Østreng, NMK Aurskog-Høland, som vann framfor Ove Halvorsen, NMK Gardermoen og Steinar Stokke, NMK Bergen.
     Av NMK Vikedal-førerane vart Arild Vik nr. 8 i den minste klassen, medan Bjørn Magne Moland Enge vart nr 4 og Geir Harald Skeie nr. 6 i den største klassen.
-- Resultater --


Elling Helleberg på toppen av seierspallen, Espen Kolstadbråten (t.v.) nr. 2 og Arnfinn Bergseng (t.h) nr. 3.

Boss-stativ
Dersom nokon ser at det ligg av dei gamle sekkestativa i våropprydningshaugane langs vegane i Vindafjord og Tysvær i desse dagar, plukk dei opp og ta dei med til Vikedal. Vi treng ein del fleire boss-stativ for å gjera ryddearbeidet enklare.

Bytte av juryleiar på løpa til helga
Som følgje av sjukdom i familien, kan ikkje Kari T. Lien vera juryleiar til helga. Roar Bakken frå Konsmo vil overta hennar rolle.

Bra resultater på Eikås på lørdag
Joakim B. Hansen vart nr. 2 i bilcross-klassen på Eikås lørdag. Kenneth Johansen vart nr. 15, medan Petter Andrè Gunther vart nr. 28.
I rallycross nasjonal vart Eirik Aasbøe nr. 4 i klassen under 2400 ccm, medan Bjørn Magne Moland Enge vann over 2400 ccm. Bjørn Magne var rett nok åleine på pallen, ettersom Steinar Stokke måtte gi seg med tekniske problemer.

Invitasjon til VM-runde for MX 19. og 20. mai
Informasjon om klassar og påmelding til VM-runden i motocross 19. og 20. mai er lagt ut. Følg linken til løpet øverst på sida eller
-- les meir her --

Dugnad lørdag 14. april
Det blir dugnad lørdag 14. april. Det blir snekkerarbeid, litt innvendig pussing og maling, samt generell klargjering til løp helga etter.
Ansv. er Glenn Olav Lothe, tlf. 48868331

Løp på Eikås lørdag 14. april
NMK Bergen arrangerer løp for alle bilcross- og rallycrossklassar lørdag 14. april på Eikås Motorsenter. Påmeldingsfrist: søndag 8. april
-- Meir info. på NMK Bergen sine heimesider --

Trening og dugnad lørdag 7. april
Det blir enno ein sjanse til å prøva rallycross-bilane før sesongstart etter påske. Påskeaften, lørdag 7. april, kl. 10.00 - 12.30 blir det trening med dugnad etterpå fram til minst kl. 15.30. Påmelding til Steinar Høyvik, tlf. 90061073.

3 nye kvalifisert til bilcross jr. laget
Det var Ørjan Strand Eikeland, Ole Rasmus Solheim og Synnøve Høyvik som kvalifiserte seg til dei 3 ledige plassane på bilcross jr. laget.

Trening lørdag 31. mars
Det blir trening lørdag 31. mars med innlagt kvalifisering til dei 3 siste plassane på bilcross jr. laget. Påmelding til Ingvar Auestad, tlf. 98030934.
Frammøte seinast kl. 09.30 slik at vi kan starta kl. 10.00. 

Bilcross jr. laget 2007
Jan Kåre Frøyland, Kennet Kaldheim og Anja Andersen er kvalifisert til NMK Vikedal sitt bilcross juniorlag 2007. Eirik Aasbøe er ansvarleg for jr. laget, så dei som har spørsmål kan kontakta han på tlf. 97744917.

Bilcrossløp 25. mars 
  Foreløpig startliste, bilcross 25. mars 2007 
  Pressemelding før løpet
  Resultater
  Pressemelding etter løpet
  Bilder frå løpet på Motormania

Strålande sesongopning i bilcross
I strålande vårvær sikra Higreteamet seg seieren i både bilcross junior og senior. Jan Kåre Frøyland vann junior medan Vidar Riise vann seniorklassa.
-- Resultatlista --

NMK Vikedal sitt bilcross juniorlag 2007
Det blir i år som i fjor juniorlag i bilcross junior. Bilgruppa har vedteke å gjera uttaket på føgjande måte:
- dei 3 beste som kjører for NMK Vikedal i løpet 25. mars. Minst ein av dei frå kvart kjønn.
- dei 3 beste på tid på treninga lørdag 31. mars blir og kvalifisert. Dei som allereie er kvalifisert tel ikkje med på denne lista.

Pressemelding før bilcrossløpet på søndag
-- Les meir her --

Påmeldingssida oppdatert med datoane i 2007
Påmeldingssida (link i menyen til venstre) er no oppdatert med dei rette datoane for 2007. Første løp nærmar seg med stormskritt, og som vanleg det er viktig at alle som vil delta melder seg på innan fristen 14. mars. Dersom det er for lite påmeldte, kan løpet bli avlyst.
  Reglane for NMK Vikedal cup i bilcross er også lagt ut (sjå link øverst på sida). Reglane for rallycross kjem om ikkje så lenge.

Anna dugnadsarbeid (utanom oppsett tid)
Det er ein del arbeidsoppgåver som passar for dei som ønskjer å gjera noko når det passar dei, utanom oppsette tider. Her er lista så langt:
1. Er det nokon som vil ta det dårlege autovernet med seg til Vest Metallretur i Haugesund. Autovernet ligg i depotet (stabla på ein palle) og nede ved elva.
2. Nede ved elva er det og ein gammal bukk som stod i depot for 5-6 år sidan.
Denne kan også leveras på Vest Metallretur, men den bør kappast i fillebittar først.
3. Rydding nede ved elva er og ein jobb som bør gjerast.
4. Laga dører i framkant av garasjen 2 stk. (hengsler finns i Vikedal.) Desse skal lagast i tre.
5. Forlenga plattingen utanfor kioskbrakkene bort til dei nye brakkene
6. Rydda ut at dei gamle brakkene
7. Riving av gamle brakker (gravemaskin og traktor)
8. Rydda ut av Kaihuset.
Ta kontakt med Marius, tlf.  916 35 628, for nærmare avtale og instruksjonar dersom du kan gjera ein av disse jobbane. Alle desse jobbane kan gjerast når det passar den enkelte.

Dugnad lørdag 10. mars kl. 10.00
Det blir dugnad på motorbanen i Vikedal lørdag 10. mars frå kl. 10.00 til ca. 16.00. Arbeidsoppgåvene denne gong er å laga ferdig kassane til taket og rydda på området. Er det nokon som kan stilla med traktor er Marius V. Lothe takknemleg for tips på tlf. 91635628. Vi håpar mange kan ta seg tid til å gjera ein innsats for klubben. Som det ser av bilda på linken under, er det litt rotete sjølv om det verste rotet ikkje vart med på bilda.
-- Bilder av taket og baneforholda --

Etterkontroll av teknisk årskontroll flytta til tirsdag 6. mars
På grunn av vanskar med å få tak i kontrollantar, er etterkontrollen på Suldal Billakkering flytta frå lørdag til tirsdag 6. mars kl. 18.00 - 20.00. Etternølerar som ikkje har tatt kontroll enno, kan og få tatt kontrollen.

Brukbart frammøte på teknisk årskontroll
Det var brukbart frammøte på den tekniske årskontrollen i Sandeid og Haugesund. Mellom 15 og 20 bilar i Sandeid og 8 i Haugesund er vel litt i underkant av det dei tekniske kontrollantane hadde håpa på. Det er vel under halvparten av dei bilane som skal godkjennast før første løp som no er klare. Dermed blir det ein del kveldsarbeid på dei tekniske kontrollantane i den grad dei har tid og anledning.
-- Bilder frå kontrollane --

Taklegginga nestan ferdig
Det vart ein god og effektiv dugnad lørdag 17. februar. Alle takpannene kom opp på taket og vart lagt ut. Det som gjenstår er litt arbeid med sløysene.
-- Bilder av taket og baneforholda --

Nytt forsøk med taklegging lørdag 17. februar
Sidan det skar seg med pannelegging sist helg, så prøver vi på nytt førstkommande lørdag den 17. februar kl 09.30. Vi håper det er folk som vil komme. Ta med godt humør og kaffi om du vil. Husk at vatnet er avstengt på motorbanen. Send Glenn Olav ein SMS eller ring om du kan stilla på 48 86 83 31 slik at vi veit om vi er nok folk. For dei som ikkje likar seg på taket, er det ein del ryddearbeid som skal gjerast.

Lisenskurs for bilcross jr. utsett igjen
Lisenskurset for bilcross jr. på Haugalandet er no utsett til 14. mars på grunn av liten påmelding. Er du 15 år i løpet av 2007 og interessert i å kjøra bilcross eller kjenner nokon andre som har lyst, ta kontakt snarast med Sivert Ole Holten, tlf. 90547433

Dugnad: Legging av takpanner lørdag 10. februar
Det blir ikkje legging av takpanner lørdag 10. februar, pga. leverandøren ikkje kan levera takpannene enno. Vi kjem tilbake med ny dato. Evt. spørsmål kan rettast til Glenn Olav, tlf. 48868331.

Holten Motorsport cup i WRC Evolved
I samband med den tekniske årskontrollen på Suldal Billakkering, blir det arrangert Holten Motorsport cup i WRC Evolved.
-- Les meir --

Teknisk årskontroll for bil
Det blir teknisk årskontroll for bil lørdag 24. februar kl. 10.00 - 13.00 i Sandeid og Haugesund.
         Kontrollane blir som vanleg hjå Suldal Billakkering i Sandeid og Saltvedt Auto-Grip, Fjellveien 2 på Sørhaug i Haugesund (nabobygget til Bohus Vikse Møbler). Ingvar Auestad på Saltvedt Auto-Grip lovar kaffi, pølser og kanskje kaker til dei som kjem der. Vi går ut frå at Svein Bjarte stiller med same servicen på Suldal Billakkering (som dei har gjort tidlegare).
          Uansett oppfordrar vi så mange som mulig å stilla på desse felleskontrollane for å redusera belastninga på årskontrollantane. Med rundt 50 bilcross- og 20 rallycross-bilar forstår alle at det tar tid å få kontrollert alle desse på fritida. Med 30 min. kontroll på kvar bil, tar det 2 fulle arbeidsveker, og det skal skje i løpet av ein måned eller to.
          Nokre tips tilslutt:
- les reglementet. Det som er endra i forhold til i fjor, står med raud skrift
- er du i tvil om noko i reglementet, kontakt ein av årskontrollantane, så unngår du å gjera feil:
       Lars Reidar Frøyland, mob. 91332202
       Per Harald Hansen, mob. 97098876
       Arild Vik, mob. 97555530
       Rune Lutsi, mob. 95081877
- alle BC-bilar skal ha hovudstraumbrytar
- høytrykkspyl heile bilen om du "gløymde" det i haust
- rett alle bulkar og mal bilen
- juster motoren og lad batteriet slik at bilen startar og går

Dugnad: Legging av takpanner lørdag 10. februar
Taket på bygningane er no ferdig lekta og klart for legging av takpanner. Med god oppslutning på dugnaden, reknar vi med å bli ferdig med taket i løpet av lørdag 10. februar. For å vera sikker på at vi er nok folk, bervi om ein telefon eller SMS til Glenn Olav på tlf. 97107666.
        Dersom vi ikkje får tak i kranbil som kan stilla lørdag, kan det bli aktuelt å lasta opp pannene på taket på dagtid fredag 9. feb. Send ein melding til Glenn Olav dersom du har fri og kan vera med på dette. Gi også beskjed dersom du veit om ein kranbil eller annan løfteredskap som kan stilla gratis/billeg og løfta pannene opp på taket.



Dugnad: Kaihuset i Vikedal (fleksibelt tidspunkt)
Er det nokon i NMK Vikedal som kan tenkja seg å rydde ut at Kaihuset i Vikedal (gamle hurtigbåtkaien) som NMK Vikedal har disponert i 20 år nå? NMK Vikedal har betalt rundt 3.000 kr. i straum for lokalet, og dette er penger vi no vil spara. Dei siste åra har vi ikkje brukt huset, så no må det ryddast før vi kan flytta ut. Har ligg gamle panser, motorar, dekk, bildeler, motocrossdeler osv. Det er nokre timars arbeid som kan førast som dugnad.
Marius stiller biltransporthenger til dispensasjon til og ha bosset på.
Ved interesse ta kontakt med Marius Vaka Lothe, tlf.  916 35 628 eller e-post mariusvlothe(a)yahoo.no

Lisenskurs for bilcross jr. utsett
Lisenskurset for bilcross jr. på Haugalandet er utsett til 14. februar. Er du 15 år i løpet av 2007 og interessert i å kjøra bilcross, ta kontakt snarast med Sivert Ole Holten, tlf. 90547433

Lisenskurs for bilcross jr. og H-lisens
Opplegget for lisenskursa denne våren er klart. Påmelding direkte til Sivert Ole og fristen for bilcross jr. er 11. januar. Nærmare opplysningar om tid, stad og tlf. nr. finn du her .. (pdf-fil).


Samarbeidspartnerar



Motorsportsavisen

holtenmedia

motormania.no

Haugesund Sparebank

Knapphus Bensinstasjon AS

Vassnes Elektro AS

Vikedal Mur & Anlegg AS

Lokalavisa Grannar

Suldal Billakkering - tlf. 52767377

Jan's Hydraulikk as


Tveit Regnskap 

Sandeid 
Cement A/S




NMK Vikedal vil ynskja 
alle medlemmer, deltakerar, funksjonærar og andre motorinteresserte
ei god jul og eit godt nyttår