Firdobbelt igjen

Bilcrossførarane til NMK Vikedal slo til igjen og tok ein ny firdobbel siger heime på Vikedal Motorbane. I NMK Vikedal Cup gjekk tre av fire laurbærkransar til førarar frå arrangørklubben.


Cupvinnarane i NMK Vikedal Cup 2009. Framme f.v. Ørjan Strand Eikeland, Arild Vik. bak f.v. Marius Bergfjord og Eirik Aasbøe.

Berre ei veke etter at han vann den nest siste runden i Vestlandsmesterskapet i Bergen, var Ørjan Strand Eikeland i gong igjen. Han vann alle sine innleiingsheat i bilcrossklassen, og i finalen gjekk han rett i tet og blei der.

- Ja, dette gjekk veldig greit, ingen problem i dag så dette er eg godt nøgd med, seier han, etter at han har sett konkurrentane til veggs i A-finalen.


Ørjan Strand Eikeland i bobla som vart selt til Osterøy etter løpet

Ikkje det at det ikkje var hard konkurranse. 50 førarar var påmelde i klassen til finaleløpet, og både Per Gaute Østbø og Glenn Olav Lothe, begge NMK Vikedal, kunne skilte med tre sigrar i dei innleiande omgangane. For Per Gaute Østbø var det Volvo denne gongen, og han hadde ingen mulighet til å ta opp kampen med Strand Eikeland i finalen.

- Bilen har eg kjøpt ferdig, og eg trur den er nokså original, og den er nok litt for blaut til å kunne vere med å kjempe heilt i toppen, seier Per Gaute Østbø, som likevel var godt nøgd med andreplassen.

Også Glenn Olav Lothe var nøgd, etter at han blei nummer tre. I tillegg til at han er svært aktiv i bilcross, er han også leiar i NMK Vikedal. På søndag var alt topp.

- Etter alt regnet me har hatt i det siste var det fantastisk å få ein slik dag på Vikedal Motorbane, med sol, masse folk og stor stemning.

På fjerdeplass finn me ein godt nøgd Martin Tveit frå NMK Vikedal og Tysvær. Han vann B-finalen før han nesten nådde pallen i A. Han var nøgd med bilen.

- Escorten eg køyrer med er den eg alltid har hatt. No har eg skifta motorblokk og i dag var det full klaff.


Per Gaute Østbø (t.v.), Ørjan Strand Eikeland, Glenn Olav Lothe og Martin Tveit tok dei fire første plassane i bilcross på Vikedal Motorbane på søndag.

Dermed kunne Ørjan Stand Eikeland hente laurbærkransen som vinnar i NMK Vikedal Cup i bilcrossklassen. På dei neste plassane i cupen kom Kenneth Johansen, Per Gaute Østbø og Glenn Olav Lothe, alle NMK Vikedal.

Satsar vidare

I rallycross blei det siger til NMK Vikedal i begge klassane, etter at både Arild Vik og Eirik Aasbøe var litt etter i dei innleiande omgangane.

I klassen til Arild Vik, inntil 2400 kubikk, var det NMK Egersund-føraren Johny Brådli som var best etter dei innleiande omgangane.

- Eg vann til slutt, og det er det viktigaste for meg i dag, og etter fleire løp no med regn og rusk var det herleg å få denne dagen der me berre kunne kose oss i det fine veret.

No er det to rundar i Vestlandsmesterskapet som står for tur, før det blir full satsing vidare neste år. 

- Me er fire kompisar som driftar bilen eg køyrer, og alle er positive til vidare satsing, så neste år blir det kanskje endå fleire løp.

Arild Vik vann NMK Vikedal Cup, med Johny Brådli og Karsten Hermansen NAF Gjesdal på dei neste plassene.


Arild Vik tok ein kontrollert siger i sin Volvo 240

Også NMK Vikedal-føraren Eirik Aasbøe var nøgd med køyringa i store nasjonal, der det både blei løps og cupsiger.

- Bomma i starten i A-finalen og kom sist ut, men eg tok alternativsporet med ein gong og greidde etterkvart å ta meg forbi dei to andre i klassen.

Eirik Aasbøe vann dermed NMK Vikedal Cup i klassen, føre Ove Skårland NMK Egersund og Per Magne Flatebø NMK Vikedal.  

Betre med Golf
I Bilcross junior var det NMK Egersund-føraren Preben Myklebust som gjekk til topps i løpet. Han vann føre Tor Ivar Netlandsnes NMK Kvinesdal og Trygve Hustvedt Lærdal, NMK Vikedal.

I NMK Vikedal Cup var det likevel Marius Bergfjord NMK Bergen som gjekk til topps, etter at han blei sist av dei som stilte til start i A-finalen.

- Girkassen gjekk så det var berre å gi seg, ergeleg, men eg greidde heldigvis å ta cupen.

Det viste seg nemleg at Bergfjord hadde tre poeng å gå på til Preben Myklebust til slutt. Det er etter at han for to år sidan skifta til Golf at Marius Bergfjord har fått fart på køyringa.

- Kjørte ein Escort første året som junior, utan å få det til. Etter at eg skifta til Golf har det gått mykje betre, og sjølv om eg fekk problem med girkassen i dag blei jo dette heilt topp.