Suksess på heimebane

NMK Vikedal sine førarar la beslag på alle plassane i A-finalen i bilcross, som Ørjan Strand Eikeland vann til slutt. Aleksander Presttun vann juniorklassen, medan Steinar Stokke og Håvard Helland gjekk til topps i rallycross.

NMK Vikedal har tidlegare hatt dei tre beste i eit løp på Vikedal Motorbane, men aldri har klubben kunne skilte med seksdobbel siger. Ørjan Strand Eikeland vann føre Hallvard Finnvik og Leif Egil Olsen, som kunne klatre opp på pallen. Kenneth Johansen, Ivar Finnvik og Kristoffer Bjelland fylgde på dei neste plassane.


NMK Vikedal la beslag på heile A-finalen. Her Ørjan Strand Eikeland, flankert av Hallvard Finnvik (t.v) og Leif Egil Olsen.

For Ørjan Strand Eikeland blei det ein skikkeleg opptur etter at han ikkje blei klar til første runde i Vestlandsmesterskapet.

- Fekk ikkje kjørt det løpet, men i dag var det full klaff.

Han vann alle sine tre innleiingsheat. I finalen låg han ei stund som nummer to bak Ivar Finnvik.

- Greidde å ta han i alternativsporet, og etter det kunne eg køyre åleine innover mot mål.


Ørjan Strand Eikeland i tet i Bobla framfor Ivar Finnvik i Volvo.

I Vestlandsmesterskapet held Hallvard Finnvik, NMK Vikedal på leiinga i seniorklassen, føre Kenneth Johansen NMK Vikedal og Jørn Ahmer NMK Bergen.

Etter at Hallvard Finnvik vann i Bergen, og blei nummer to denne gongen, er han svært godt nøgd.

- Blei påkøyrd og fekk stopp andre omgang denne gongen og måtte vegen om B-finalen, som eg vann, forklarar han, som ikkje var heilt med då starten gjekk i A-finalen.

- Sov nok litt i starten, og måtte leggje meg bak Ørjan etter startsvingen.

Ut over i A-finalen blei det mykje klabb og babb, som også gjekk utover Finnvik.

- Ja, eg fekk ein god del skader på bilen, men etter at eg var nede på ein femte plass etter dette, greidde eg å ta meg oppover igjen og det var nok litt flaks at eg blei nummer to denne gongen.

To gonger til topps
I bilcross junior var det NMK Bergen som la beslag på pallplassane. Aleksander Presttun vann føre Frank Remi Fonnes og Marius Bergfjord.


NMK Bergen tok bilcross junior. Aleksander Presttun (midten) Frank Remi Fonnes (t.v.) og Marius Bergfjord.

I juniorklassen har Aleksander Presstun fått eit forsprang på konkurrentane etter siger i dei to første løpa, og har 40 poeng. Frank Remi Fonnes og Marius Bergfjord følgjer på dei neste plassane, alle NMK Bergen. NMK Vikedal-føraren Trygve Hustveit Lærdal ligg på fjerde plass med same poengsum som Bergfjord.  

Nøgd med nyebilen
I rallycrossen på lørdag hadde de fine våreret 1. mai endra seg til regn og meir ujamne forhold.

NMK Bergen-føraren Steinar Stokke og Arild Vik frå Fitjar og NMK Vikedal kjørte fort, og vann kvalifiseringsomgangane i klassen inntil 2400 kubikk. Arild Vik den første og siste, medan Steinar Stokke tok den andre omgangen.

Begge var svært nøgde med køyringa og bilane.

Steinar Stokke har i år leigd Mazda RX7en som John "Pirkka" Karlson køyrde i fjor, og er nøgd så langt.

- I Bergen rauk bakakslingen, men denne gongen fungerte alt, forklarar han, som føler han har fått ei bra gjennomkøyring før NM-sesongen startar.

- Bilen er litt annleis å køyre enn det eg er van med, men etter at eg også fekk testa på vått her i Vikedal, føler at eg begynne å få kontrollen.

Arild Vik frå Fitjar stilte med ein heilt nybygd Volvo 240 til sesongopninga på Vikedal Motorbane, og forventa innkøyringsproblem.

- Me har vore nøye med oppbygginga av bilen, og den fungerte heilt perfekt frå første runde.

Første forsøk i A-finalen enda med tjuvstart.

- Måtte ta det litt med ro etter dette, men er likevel nøgd med andreplassen og debuten med nyebilen.

NMK Bergen-føraren Runar Vedå la beslag på tredjeplassen, og beheld dermed leiinga i Vestlandsmesterskapet i 2.4 klassen. Steinar Stokke køyrde seg opp til andreplass i samandraget, medan NMK Vikedal-føraren Ernst Holten Leifsen følgjer to poeng bak på tredjeplassen.  

Helland i store
I største klassen i rallycross var NMK Vikedal-føraren Geir Harald Skeie nok ein gong var best innleiingsvis og hadde det beste startsporet i finalen. Her blei det likevel tekniske problem for Skeie, og Håvard Helland, også han for NMK Vikedal, kunne overta.

- Etter at eg fekk problem med clutchen i Bergen, var det moro å gå til topps her i dag, sier Håvard, som køyrer en Volvo 940.

I Vestlandsmesterskapet leiar framleis Geir Harald Skeie, men no har Eirik Aasbøe, også han NMK Vikedal, kome opp på same poengsum som Skeie. Håvard Helland ligg på tredje.  

I juniorklassen i rallycross var Daniel Holten NMK Vikedal einaste førar, men han gjennomførte tre gode omgangar.

Lørdag vart det òg kjørt klubbløp for NMK Vikedal sine førarar i bilcross junior. Daniel Holten vann dette løpet, føre Sveinung Holten Leifsen og Lars Martin Eikeland.