God innsats av NMK Vikedal

NMK Vikedal-førarane Martin Lillesund, Arild Vik og Eirik Aasbøe vann sine klassar på Vikedal Motorbane i helga. Jørn Ahmer NMK Bergen vann bilcrossklassen føre Kenneth Johansen NMK Vikedal.

I bilcrossklassen var det berre NMK Bergen-føraren Jørn Ahmer som hadde full pott etter dei innleiande omgangane. Han kunne difor stille i det beste startsporet i finalen og her gjekk han like godt rett i tet.

NMK Vikedal-føraren Kenneth Johansen var den einaste som greidde å leggje press på han.

Og Jørn Ahmer var nøgd.

- Var nok både heldig og god denne helga, og i tillegg var det perfekt vêr for ei luftkølt boble, ikkje for varmt og bra trekk, seier han, som også syns det nye alternativsporet på Vikedal Motorbane fungerte bra.

- Ja, det fungerte bra, men det strekte feltet ein god del, så kanskje det må gjerast ei justering har for å tette litt igjen.

Det er også Jørn Ahmer som leiar NMK Vikedal Cup etter to rundar, føre NMK Vikedal-førarane Ørjan Strand Eikeland og Kenneth Johansen.

Klar for Landsfinalen

Etter ein litt treg start var det NMK Vikedal-føraren Martin Lillesund som stakk av med sigeren i bilcross junior.. Etter ein tre og sju poengar i dei to første omgangane, blei det full pott i dei tre siste og dermed 40 poeng.

- Eg tok startane på lørdag òg, men bomgirte og fekk ein snurr i første omgang, derfor gjekk det litt dårleg, forklarar han om det som skjedde då.

- På søndag gjekk det betre, og dermed blei det A-finale.

I finalen gjekk han direkte i tet og heldt på leiinga inn til mål. .

- Ja, eg gjekk i tet og hadde for så vidt kontrollen. Preben Myklebust pressa meg heile tida, men kom ikkje forbi.

Martin Lillesund vann føre Preben Mykjebust NMK Egersund og Tor Ivar Netlandsnes NMK Kvinesdal, og dermed er dei og dei andre i A-finalen kvalifisert til Landsfinalen for junior.

- Har ikkje heilt bestemt meg, men det kan godt hende eg får med meg det løpet, sluttar Martin Lillesund.

 

Moro med rallycross

I rallycross nasjonal blei det dobbeltsiger til NMK Vikedal i dei to nasjonalklassane. Arild Vik vann minste klassen, medan Eirik Aasbøe gjekk til topps i den store. Arild Vik var nøgd.

- To sigrar på to løp med den nye bilen er eg kjempegodt nøgd med, seier han, som likevel hadde litt meir rusk i maskineriet denne gongen.

- Bilen var ikkje heilt i slag under dei tre første omgangane på lørdag,  med på søndag gjekk det betre.

Vik vann føre Johny Brådli NMK Egersund og Lars Reidar Frøyland NMK Vikedal.

I store nasjonalklassen hadde Eirik Aasbøe kontrollen, og vann klassen føre Ove Skårland NMK Egersund og Ole Tom Sinnes NMK Kvinesdal. Dei syns det var moro med todagarsløp på Vikedal Motorbane.

- Kjempeartig dette, og ein god fight mellom oss som køyrde denne klassen


F. v. Ove Skårland, Eirik Aasbøe og Ole Tom Sinnes