Sist oppdatert 04.12.01

"Gamle" nyheter frå 2001:

Suldal Billakkering startar sal av motorsportsutstyr
Suldal Billakkering i Sandeid vil starta opp med sal av motorsportsutstyr. Ein vil ha eit utval kjøredressar og anna utstyr som det er høve til å prøva. Ellers kan dei formidla det meste av utstyr frå Gundersen Motorsport. Som kanskje dei fleste veit er Johannes Holten Leifsen begynt som mekanikar der.

Suldal Billakkering når du på tlf. 52 767377 eller på e-post suldal.billakkering@c2i.net

Midlertidig stopp i motocrosstreningane 
På grunn av store mengder vatn/is og høg vannstand på deler av motocross-banen, vil me utsetja dei faste treningstidene inntil vidare. Me håpar å få orden på dette snarast mulig.

 

  Nyttig årsmøte 
Det vart eit nyttig årsmøte med mange gode meiningsutvekslingar. Etter forslag frå Sivert Ole Holten vart organisasjonskartet endra litt ved at det vert oppretta ei bilgruppa som skal ta seg av alle bil-aktiviteter. Bilgruppa og MC-gruppa skal og påta seg meir ansvar for økonomien i sine aktivitetar. Oversikt over dei tillitsvalde finn du under "Styre" i kolonna til venstre eller ved å lesa årsmøtereferatet. For dei som ikkje var på årsmøtet, har vi lagt ut ein kopi av årsmeldinga i PDF-format.

Årsmelding for NMK Vikedal 2001

Referat frå årsmøtet 17. nov. 2001

Årsfest etter årsmøtet 
Det vert som vanleg fest om kvelden etter årsmøtet. Festen er open for medlemmer, vakter og andre støttespelerar og tek til kl. 20.00 med 3 rettars middag og varer til ut i dei små timar.
            Dei som ynskjer meir info. om hotellet kan gå til denne adressa på internett: http://www.fuglfonix.no/

Meny:            Blomkål- el. aspargessuppe            (ikkje bestemt enno)
                     Fylt lammesteik m/provence saus
                     Karamellpudding
Pris for festen er kr. 250,-. Alt av drikkevarer kjem i tillegg.

Overnatting:
For dei som ynskjer å overnatta (det kan kanskje vera lurt) gjeld desse prisane inkl. frukost:
            Dobbeltrom                 kr. 695,-
            Enkeltrom                   kr. 535,-
Påmelding :
Påmelding innan 13. november til leiar Sverre Sæterbø på tlf. 53497069, mob. 90084551 eller e-mail sverre.seterbo@c2i.net

Innkalling til årsmøte i NMK Vikedal  

Tid :     Laurdag 17. november 2001 kl 11.00
Stad :   Fugl Fønix Hotell, Etne

Kl.

Sak nr.

 
11.00

1

Opning ved leiaren
11.05

2

Godkjenning av sakslista . Val av ordstyrar og 2 medlemmer til å skriva under referatet.
11.10

3

Årsmelding
11.30

4

Rekneskap
12.00

5

Anlegg
12.30 Lunsj  
13.15

6

Medlemmer - organisering av klubben
13.45

7

Arrangement - jubileumsarrangement
14.00

8

Budsjett
14.45

9

Val
15.15

10

Innkomne forslag
15.45

11

Fastsetjing av medlemskontingent og andre avgifter
16.00

12

Andelsbrev, trekking og premiering
16.15

13

Avslutning

Eventuelle forslag ein vil at årsmøtet skal ta opp, må vera leiaren i styret i hende seinast tirsdag 13. november og leverast skriftleg til styret før årsmøtet startar. 

For styret i NMK Vikedal
Sverre Sæterbø
Leiar

 
Årsmøte og -fest den 17. november 
Årsmøte er fastsett til laurdag 17. november på Fønix Hotell i Etne. Det vert som vanleg fest om kvelden. Merk av i kalenderen allereie no. Innkalling og innbydelse kjem snart.

Fortsatt treningar for motocross.     Meir info. her ...

Førebels oversikt over planlagte løp i 2002 
Her er dei foreløpige planane for neste år:
17.03   Klubbløp, bilcross/bilcross jr.
21.04   VM rallycross, bilcross jr.
08.06 - 09.06   Bilcross/bilcross jr./rallycross nasjonal
07.07   Mestermøte, alle klassar?
25.08   Bilcross/bilcross jr.
15.09   VM rallycross, bilcross jr.
13.10   Bilcross/bilcross jr./rallycross nasjonal

 Flott avslutning på NMK Vikedal cup den 14. okt.
Sjølv om det såg svart ut med været heile veka før siste løpet, skein det opp laurdag ettermiddag slik det har gjort på alle løpa i år. 
      I bilcross junior sikra Ernst Harald Holten Leifsen seieren i NMK Vikedal cup med å bli nr. 2 etter Ragnvald K. Bjelland. Begge passerte Inge Stian Helland frå NAF Gjesdal i siste sving. Rikard Særsten vart nr. 4, og gjekk dermed forbi Arnt Richard Andreassen i samandraget.
      Lutsi-familien har dominert i NMK Vikedal cup i år. Rune leia framfor faren Sigmund, og dette vart og stillinga til slutt. Nok ein gong var det uflaks i bøtter og spann for Terje Steinnes. Han fekk øydelagt forstillinga i 3.omgang, og kunne dermed ikkje stilla i finalen for å forsvara 3. plassen i samandraget. Den gjekk dermed til Trond Kongshavn.
      I bilcross samla våre førerar seg stort sett i B- og C-finalen, men etter fin kjøring i dei 2 siste omgangane var Arild Riise klar for A-finalen. Etter mykje dramatikk i den kjørte han i mål på 2. plass, det er vel det beste han har gjort så langt. Dermed bør motivasjonen vera på plass for neste år.

Resultatliste for løpet finn du her ...

Sluttstillinga i NMK Vikedal cup finn du her ...

Resultater frå finalen i VM på Fitjar
Det vart ein svært tett og spennande finale i Vestlandsmesterskapet i bakkeløpet på Fitjar. Tommy Bakkerud vart suveren vestlandsmester i supernasjonal under 2000 ccm. I dei andre klassane vart det så jamt at det måtte avgjerast med størst antall sigrar. Dermed vart Øystein Verlo vestlandsmester i rallycross nasjonal framfor Terje Steinnes, og Lennart Vetås i supernasjonal over 2000 ccm framfor Jostein Skjerve.
Resultatlista for bakkeløpet finn du her ...

Sluttstillinga i VM finn du her ...         eller på dei offisielle VM-sidene her ...

Ingenting avgjort før finalen i VM 
Den er ingen plasseringar som er "sikre" før finalen i Vestlandsmesterskapet som vert kjørt som bakkeløp på Fitjar den 29. september. Etter harde og tette fightar i Vikedal har vel Tommy Bakkerud og Lennart Vetås eit lite overtak i supernasjonal-klassane, men dei skal sjå opp for dei som ligg bak. I nasjonal står det i realiteten mellom Terje Steinnes og Øystein Verlo.

OBS! Det blir trening for bilcross/rallycross i Vikedal torsdag 20. september kl. 18.00
Frammøte ein halv time før. Kontaktperson er Svein Bjarte Holten, tlf. 52767377(a) el. 52760505(p). For rallycross vil ein spesielt trena med tanke på bakkeløpet på Fitjar 29. sept., men treninga er sjølvsagt open for alle aktive.

Nytt bra stemne i Vikedal 
4. runde i Vestlandsmesterskapet gjekk under gode forhold i Vikedal 16. september. Fint vær og masse publikum gav ei fin ramme rundt løpet. Et lengre referat kjem seinare.

Resultatene finn du her ...
Stillinga i VM etter 4. runde finn du her ...
Stillinga i NMK Vikedal cup etter 3. runde finn du her ...

Trening for motocross 
Motocrosskomiteen har sett opp faste treningar kvar laurdag kl. 12.00 - 15.00. Etter avtale med aktivitetsleiar kan det og trenast onsdag kl. 18.00 - 20.00.
Eingangslisens gjeldande for ei trening kan løysast for kr 50,-
Rekruttlisens gjeldande ut sesongen kan løysast for kr 250,-

Aktivitetsleiarar  Tlf. priv.   Tlf. arb.    Mob. tlf.
Jan Hegerland      53-766059 53-766050 90-623509
Lars Matre           52-761457 53-766000 90-966798
Geir Harald Skeie 52-761230                 90-026145
Tommy Johansen                                 93-291480
Jan Otto Mæland  53-756716 53-771192 95-219690
Paul G.Strand      53-768703                 95-720869
Arne Leknes        53-755628                 90-118832

Klart for 4. runde i VM i Vikedal 
Alt er no klart for 4. runde i VM på søndag 16. sept.. Det er fortsatt spenning om fleire av klassane. I klassen under 2000 ccm har Svein Bjarte Holten endeleg fått sin nye motor til Focusen. Ytelsen i den 16 ventilerte motoren var ikkje heilt som venta førebels, men dei siste løpa i år vert brukte til innkjøring. Leif Roald Bjelland kjem til å kjøre ut året med lånt motor. Den opprinnelege 16 ventilerte motoren er til gjenoppbygging hjå Rune Ørke, og skal vera klar til neste sesong. Favoritt i løpet vert nok Tommy Bakkerud, som har hatt ein svært god haustsesong. Han fekk sølv i NM i bakkeløp og 4. plass i NM i rallycross.
       I den store klassen har Knut Olav Skaar hatt fleire gode løp, og håpar snart å kunna gå heilt til topps. Han vil få sterk konkurranse av Lennart Vetås i PV og Jostein Skjerve i Holden Commodore.
       I nasjonal har Terje Steinnes teten samanlagt, men Trond Kongshavn og Øystein Verlo nærmar seg bakfrå. Terje har slite etter girkassehavariet i Vikedal i juni. Den girkassa han låner passar visstnok ikkje bilen heilt. Ein annan som kan gjera det godt er Nils Arve Helland. Vi skal heller ikkje sjå vekk frå far og sønn Lutsi, Sigmund og Rune. Dei deltek ikkje i Bergen og ligg dermed dårleg an samanlagt i VM, men leiar NMK Vikedal cup.
        Ernst Harald Holten Leifsen vann begge dei første rundane i bilcross junior, og har dermed eit lite forsprang på Ragnvald K. Bjelland og Rolf Andrè Eilertsen som ligg nærmast.

Stillinga i VM finn du her ...
Stillinga i NMK Vikedal cup finn du her ...

Flott helg med mykje aktivitet i Vikedal 
Klubbløpet den 19. august kan du lese meir om her ...

Referat frå medlemsmøtet same dag finn du her ...

Ny seier til Tommy Bakkerud
Tommy og Escorten er tydelegvis i god form. I NM-runden i rallycross på Finnskogbanen vann han igjen framfor Glenn Amund Voie. Han ligg no på 5. plass samanlagt, berre 13 poeng bak leiaren John G. Skaar. Siste runde går på Fluberg 8. - 9. sept. og Tommy har gode sjansar til medalje. Resultata  kan du finne under "NM Live!" på www.voieracing.com.

Hugs å svare på medlemsundersøkjinga
Til no har 30 av 171 registrerte medlemmer svart på undersøkjinga. Det tilsvarar 17,5%. Dersom du ikkje allereie har svart, så ta svarbrevet med på medlemsmøtet til helga, så får vi eit oppdatert medlemsregister.

NM-rundane i bakkeløp i Bergen 11. og 12. aug.
Det var dessverre ingen deltakerar frå NMK Vikedal på NM-rundane i bakkeløp i helga. Løpa vart ein suksess for heimefavoritten Tommy Bakkerud som vart nr. 2 på laurdag og vann på søndag. Det førte han fram til sølvmedalje i NM, bak Glenn Amund Voie, som vann på laurdag. Også andre bergenserar hevda seg godt. Resultata kan du finne under "NM Live!" på www.voieracing.com.

Klubbløp i bilcross 19. august
Påmelding til Steinar Høyvik på tlf. 900 61073 / 52 777138 eller e-post : higre@online.no
-- Meir informasjon her (nå inkl. påmeldte pr. 13.08.01) --

Medlemsmøte på Vikedal Motorbane 19. august kl. 11.00
I samband med klubbløpet nyttar styret høvet og innkallar til medlemsmøte på Vikedal Motorbane søndag den 19. august kl. 11.00.
Saker :     - Arrangement til neste år. Forslag frå arrangementskomiteen vert lagt fram.
                - Vestlandsmesterskapet og NMK Vikedal cup. Ris/ros og meiningsytringar.
                - Treningar.
                - Jubileumskomite. Neste år er det 20 år sidan NMK Vikedal vart starta. Korleis kan vi markera dette på ein fin måte?

Alle medlemmer og andre interesserte er velkomne.

3. runde i Vestlandsmesterskapet i Bergen 4. august
Ben Inge Hammer nr. 3, Leif Roald Bjelland nr. 4 og Knut Olav Skaar nr. 2 vart resultata i rallycross. Håvard Helland vant og Øyvind Eikeland nr. 2 i bilcross-klassane, medan Norgescup-runden i crosskart vart avlyst.
-- Meir om løpet og resultater finn du her -- (oppdatert 13. aug. 2001).

Stillinga i VM etter 3 rundar finn du her

Ole Vidar Helland på sjukehus
Ole Vidar Helland brakk ryggen i NM-runden på Gjøvik 7. juli. Det var ut frå start at han havna opp i ein jordvoll og gjorde eit lite hopp. Han vart frakta til sjukehus og det vart konstatert brudd i 2 ryggvirvlar. Han vart operert og ligg no på Haukeland sjukehus. Han manglar fortsatt følelse i beina under knea, men er optimistisk og håpar å komma seg på føtene igjen. 


(bildene er tekne etter ulykka og er "lånt" frå www.voieracing.com, ein svært god nettstad for motorsportsinteresserte)

Nytt flott løp i Vikedal
Det vart eit nytt vellukka løp på Vikedal Motorbane den 10. juni. Det såg litt svart ut med været på laurdag ettermiddag, men på søndag skein sola slik ho skal, sjølv om det var litt kjølig. Førerane frå NMK Vikedal dominerte totalt i bilcross junior, tok dei 2 første plassane i bilcross, men sleit litt meir med diverse problemer i rallycross nasjonal.

Den komplette resultatlista finn du her ...

Fin 12.plass til Knut Olav Skaar i 2. NM-runde i RC på Lyngås
Knut Olav Skaar, Ole Vidar Helland og Terje Heggøy var  på Lyngås og kjørte den 2. NM runden den 9. og 10. juni. Etter litt problemer i 1. omgang fekk Knut Olav til ein svært bra 2. omgang og hadde 7. beste tida. Han kjørte også bra i 3. omgang og fekk med det 3. startspor i C-finalen. Her kjørte han også godt og vart nr. 2 i C-finalen etter Sverre Isachsen. Ole Vidar Helland og Terje Heggøy fekk det ikkje så godt til og vart henholdsvis nr. 24 og 29.

Dei andre resultata frå denne NM-runden kan du finne her...

Pressemelding før løpet 10. juni

Mange påmeldte til 10. juni 
Det er svært god påmelding til neste løp. Påmeldingsfristen går ut i desse dagar og den foreløpige startlista finn du her... Som de ser er det mange nye navn, spesielt i bilcross, så det vert spennande å sjå korleis det går 10. juni.

Resultater frå 1. NM-runde i RC
Resultata frå den første NM-runden kan du finne her...
Generelt inneheldt denne siten, www.voieracing.com, masse nyheter frå rallycross og annan motorsport.

Neste løp er 10. juni
Neste løp er kombinert bilcross og rallycross nasjonal som går søndag 10. juni. For bilcross jr. og rallycross nasjonal er det andre runde i NMK Vikedal Cup. For bilcross senior er det sesongopning for dei som ikkje har deltatt på andre banar. Litt trening har det vore, så dei fleste har nok fått testa bilane.
Reglane for NMK Vikedal Cup for bilcross jr.
     -  og stillinga
Reglane for NMK Vikedal Cup for rallycross nasjonal
     -  og stillinga

Referat frå 2. runde i Vestlandsmesterskapet 19. mai
Fin innsats av alle 24 deltakerane i frå NMK Vikedal, men juniorane oppnådde dei beste resultata.
Les meir her ... (oppdatert med bilder 30. mai)
Uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet ...
   Den offisielle kjem snart her ....

Dugnadar
Som dei fleste såg på løpet, er det fortsatt mykje arbeid som gjenstår på banen og på publikumsområdet. Det vert difor dugnadar kvar onsdag framover med arbeidstid kl. 17-20 el. 21. Vi oppmodar alle aktive, nye som gamle, og andre interesserte til å møta opp. I tillegg til å gjera ein viktig innsats for klubben, vert du betre kjent med andre motorsportsinteresserte. Ta gjerne kontakt med Leif Roald, tlf. 52761529/91534212 dersom du lurer på noko.

Nytt H-lisenskurs?
Det har meldt seg nokre interesserte til eit nytt H-lisenskurs etter det som vart halde i vår. Dette kurset treng du for å kjøra rallycross. Dersom det blir mange nok, vil det bli arrangert eit nytt kurs. Ta kontakt med Sivert Ole Holten dersom du er interessert. Tlf.nr. hans finn du under Styre.

Vellukka motocross-kurs.
Les meir.

Informasjon om Vestlandsmesterskapet 2001 ligg under www.sport.no/vestlandsmesterskapet

Bakkeløpet i Egersund avlyst.
Bakkeløpet i Egersund som skulle gått 29. april er avlyst. Årsaka er for dårleg påmelding. Det var snautt 30 bilar påmeldt når fristen gjekk ut.

 Motorhavariet til Leif Roald
Motoren i Escorten til Leif Roald er no sendt til Skinne Bros. i Sarpsborg. Det er dei som opprinneleg bygde den. Vi veit ikkje om det er nokon som veit kor store skadane er, men ein håpar i det lengste at toppen ikkje er skada.

Svein Bjarte fornøgd med bilen
Svein Bjarte var egentleg kjempefornøgd med den nye Focusen. Det er sjølvsagt nokre småting som skal endrast, men det er bagatellar når ein tenkjer på alt det som er gjort med bilen. Ein av tinga som vart gløymt i innspurten var boltane i rattet som losna. Det synte seg og at bilen er litt for låg og tar nedi. Den nye motoren er no nærmast klar hjå Per Gulbrandsen, og vi får håpa at den er på plass til neste runde i VM på Eikås i Bergen 19. mai. Som nemnt over er bakkeløpet i Egersund avlyst.

Reportasjen som stod i Grannar kan du lesa her

Pressemelding (med bilder) frå løpet finn du her:

Kjempesuksess i sesongopninga
Det vart full klaff med det meste i sesongopninga på Vikedal Motorbane i helga. I eit nydeleg vårvær fekk mellom 2000 og 2500 tilskoderar sjå frisk og fin kjøring i alle klassar. Førerane frå NMK Vikedal gjorde det svært bra og var på seierspallen i alle klassane. Fyldigare referat kjem ein av dei første dagane.

Den komplette resultatlista kan lastas ned som pdf-fil ved å trykka her.

Pressemelding før løpet 22. april

Treningar i vår
På grunn av sein vår (tele i jorda) er ikkje banen opna for bruk enno. Det vil ikkje bli treningar før løpet 22. april, men det er ikkje fare for at løpet skal bli avlyst. Førebels oversikt over treningane ligg under treningar.

Lisenskurs i motocross
Det vert arrangert kurs for førerar og aktivitetslederar i motocross på Vikedal Motorbane laurdag 21. april. Nærmare informasjon finn du under Kurs.

Kurs for tekniske kontrollantar
Det vert arrangert kurs for potensielle tekniske kontrollantar laurdag 21. april i Vats. Nærmare informasjon finn du under Kurs.

Ekstradugnadar før første løp
Det vert ekstra dugnadar på banen alle kvardagar før det første løpet. Med godt frammøte er planen å ha klar den nye toalettbrakka til løpet. I tillegg er det ein del som må gjerast på banen. Gi gjerne eit tips til Sivert Ole Holten (tlf. 52760499/90547433 eller e-post til sivert.holten@billisten.no) kva dag du kan vera med slik vi kan planleggja arbeidet litt. Kvardagar vert arbeidstida kl. 17-20 el. 21 og laurdagar kl. 10-15. Vi oppmodar alle aktive, nye som gamle, og andre interesserte til å møta opp. I tillegg til å gjera ein viktig innsats for klubben, vert du betre kjent med andre motorsportsinteresserte.

Plakatar til løpet 22. april
Plakatane er no på veg ut, men er det plassar du meiner det manglar så ta kontakt med Sivert Ole (tlf. 52760499/90547433 eller e-post til sivert.holten@billisten.no)

Nytt mesterskap for bilcross junior:
NMK Vikedal mesterskapet for BC jr.
I år satsar NMK Vikedal vidare, og spesielt på Bilcross junior. Alle dei 4 løpa som vi skal arrangera på Vikedal Motorbane i år vil ha klasse for bilcross junior og alle dei vil telja med i "NMK Vikedal mesterskapet for bilcross junior". Nærmare informasjon om reglane finn du her.

 
Cup for rallycross nasjonal:
Cup over 4 løp i Vikedal
Det vil i år bli arrangert ein cup for rallycross nasjonal i Vikedal. Denne kjem i tillegg til at rallycross nasjonal er eigen klasse i Vestlandsmesterskapet. Nærmare informasjon om reglane finn du her.