4-dobbelt NMK Vikedal i bilcrossløpet i Bergen 8 av dei 10 beste i bilcrossklassen i den 3. runden i Vestlandsmesterskapet i Bergen lørdag representerte NMK Vikedal, men juniorane nådde ikkjje heilt opp denne gongen. Det var ingen som klarte å tukte Ørjan Strand Eikeland og bobla hans på Eikås Motorsenter lørdag, der han vann alle innleiande omgongar og A-finalen utan problemer. Hallvard Finnvik kom nærmast, medan Kenneth Johansen følgde deretter på tredjeplass. Johannes Holten Leifsen låg ei stund på fjerdeplass, men ein førarfeil gjorde at han la bilen fint på taket. Dermed kunne Hans Kristjan Kristjanson kjøra inn til fjerdeplass, medan Rudi Rossland, NMK Bergen, vart nr. 5.
I juniorklassen nådde ikkje NMK Vikedal-førerane heilt opp denne gongen. Best vart Trygve Hustvedt Lærdal med sjuandeplass, medan Monica Pedersen kom på plassen bak. Aleksander Presttun, NMK Bergen, vann juniorklassen.
Aleksander Skeie kjørte godt med sin nye Volvo 240
og vart nr. 2 i rallycross nasjonal inntil 2400 ccm. Lars Reidar
Frøyland vart nr. 4 i klassen, men løpet lørdag
talde ikkje i Vestlandsmesterskapet. Samanlagt i Vestlandsmesterskap leiar no Aleksander Presttun juniorklassen med 60 poeng framfor Frank Remi Fonnes med 45 poeng. Trygve Hustvedt Lærdal ligg på fjerdeplass med 31 poeng. I seniorklassen er Hallvard Finnvik i tet med 54 poeng framfor Kenneth Johansen med 43 og Ørjan Strand Eikeland med 40. Hans Kristjan Kristjanson er nr. 5 med 29 poeng og Glenn Olav Lothe nr. 6 med 28 poeng. Ingenting er dermed avgjort før finalen i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane helga 10. - 11. oktober. Men allereie kommande søndag skal finalen i NMK Vikedal cup kjørast på Vikedal Motorbane.
|