Daniel Holten i Citroen Saxo

Det er no klart at Daniel Holten køyrer Citroen Saxo neste år. Går alt etter planen stiller han med denne i Vikedal 17. april neste år. Dermed køyrer han sitt siste løp med Golfen på Vikedal Motorbane på lørdag.

Etter at Daniel Holten i år tok steget frå bilcross til rallycross i juniorklassen, har det gjennom sesongen blitt vurdert kva som skulle skje med hans bilsportskarriere vidare.

- Daniel køyrde godt i bilcross, og etter at han gjekk over i Golfen med framhjulstrekk, må eg vel kunne seie at eg har blitt imponert over det han har fått til, seier far og teamsjef i Holten Motorsport, Svein Bjarte Holten.

- Gjennom sesongen har me undersøkt ulike muligheter for å få hand om ein konkurransedyktig bil, og då ein fabrikksbygd Citroen Saxo 2006-modell, som Kenneth Hansen disponerer, vart lagt ut for sal, valde me å satse på denne, seier Holten, som ikkje legg skjul på at dette er ei tøff satsing.

- Når dette er ein bil til rundt 500.000 kroner, er det klart at det er mykje pengar å leggje i dette, men Daniel var interessert, og me føler at me både har eit apparat og sponsorar som støttar opp rundt det me driv med. Skulle dette gjerast måtte det bli no.

Svenske Kenneth Hansen er fleire gonger Europamester, og bilen han no sel blir levert frå Kenneth Hansen Motorsport om ein månads tid.


Daniel Holten skal kjøra denne bilen Holten Motorsport har kjøpt frå Kenneth Hansen Motorsport neste år.

Daniel Holten gler seg sjølvsagt til å starte neste sesong i ein ny og konkurransedyktig bil.

- Det er dette eg har drøymt om, og med denne bilen kjem eg til å satse på rallycross for fullt, seier ein glad 17 åring, som for tida går på motorsportlinja på den vidaregåande skulen i Torsby i Sverige.

Han kjem til å køyre Vestlandsmesterskapet, NM og to EM-rundar med bilen.

- Det er det som er planen, og målet mitt er å gjennomføre alle desse løpa, og i tillegg vonar eg å kome til ein A-finale i ein NM-runde i løpet av neste år.

Dermed stiller Holten Motorsport med to bilar i NM, og under den norske og svenske EM-runden. Dei har nemleg starta bygginga av ein ny Ford Fiesta som Ernst Holten Leifsen skal køyre i Divisjon 2.