Godt
årsmøte og masse folk på jubileumsfesten
Årsmøte vart greitt avvikla sjølv om frammøte var
litt dårlegare enn forventa (24 stk.). Bil- og MC-gruppa hadde
adskilte møter før hovudmøtet starta etter lunsj. Hovudsaka
vart nok diskusjonen om nytt bygg for kiosk, kjøkken, møterom,
sekretariat og speaker. Styret skal jobba vidare med dette.
Jubileumsfesten om kvelden vart særs
vellukka med 60 deltakerar, god mat og god stemning. Kåre Lars
Tveit hadde laga ein video med kavalkade frå nokre av dei første
løpa som vart arrangert i Vikedal og dei siste. Ut frå dette
kunne me sjå at utviklinga har vore stor, både på bane,
fasilitetane rundt og bilane.
Me kjem tilbake med referat frå årsmøtet og kanskje nokre
bilder litt seinare.
Bilcross-seksjonen
er gjenoppretta i NBF
NBF har gjenoppretta BC-seksjonen. Den består nå av:
Finn Olaf Hauge (leiar) frå Kristiansand
Vera Bakke Andresen (nestleiar og ansatt i NBF)
Paul E. Broz (seksjonsmedlem) frå Eiker
Seksjonen ønskjer å motta mailadresser fra alle BC-ansvarlige
i dei respektive klubbane.
Denne kan mailes til fohauge@frisurf.no
Hugs
årsmøte laurdag 16. november kl. 11.00
Vi håpar så mange som mogleg tek turen til Vikedal-Sæter
på laurdag slik at styret og gruppene får god tilbakemelding
kva medlemmene meiner. I år startar vi med gruppeårsmøter for
bil og mc kl. 11.00 der det er forholdsvis ope kva som blir
diskutert. Etter lunsj kl. 13.00 vert det fellesmøte for NMK
Vikedal med dei vanlege postane.
Fullstendig
årsmøteinnkalling (Acrobat-format,.pdf)
Hugs påmeldingsfristen
til jubileumsfesten
Påmeldingsfristen for jubileumsfesten laurdag 16.
november går ut måndag 4. november. Få med deg eit par andre
og meld dykk på til Steinar Høyvik, tlf. 900 61073 eller
e-post higre@online.no
Fullstendig
invitasjon (Acrobat-format,.pdf)
Nye
reglar for neste år er no klare
Dei justerte reglane for bilcross, rallycross og
crosskart er no lagt ut på Bilsportforbundet sine nettsider. Du
finn dei ved å følgja denne linken
...
Kort samandrag:
Støygrense på 100 dB på alle klassar (= grensa dei har hatt i
Bergen)
Rallycross generelt:
- ny startprosedyre (tommel - raudt lys - 30 sek. - raudt lys
slukkes - kjør)
Rallycross nasjonal:
- klassen blir delt, inntil og over 2400 ccm
- dekkreglementet vert ikkje endra
- drivaksling kan flyttast (bygga om frå fram- til
bakhjulstrekk)
Bilcross:
- budet er auka frå 7.000,- til 8.000,- kr.
- forgassar: fritt
- krav om skvettlappar bak drivhjul
- maks. gjennomsnittshastighet 75 km/t (i dag 70 km/t)
Svein
Bjarte nr. 2 på Bergen Travpark
I oppvisningsløpet på Bergen Travpark laurdag vart
Svein Bjarte Holten nr. 2 etter Morten Hagen. Arne Linke vart
nr. 3 og Eivind Opland nr. 4. Som kjent starta dei med minst
motor først, medan dei sterkare bilane fekk 1 meter tillegg pr.
ekstra hest i motoren.
Landsfinalen
i bilcross til Uvdal i 2003
Styret i NMK har avgjort at landsfinalen i bilcross neste
år går på Smådøla Motorsenter i Uvdal den 23. august. Smådøla
Motorsenter ligg mellom Kongsberg og Geilo. NMK Bergen hadde og
søkt, men måtte nøya seg med kval.løp den 9. august. NMK
Vikedal fekk kval.løp. på 2 dagarsløpet 7.-8. juni. Det blir
og mulighet til å kvalifisera seg på eit løp i Egersund.
Jubileumsfest
laurdag 16. nov. 2002 kl. 20.00
NMK Vikedal arrangerar 20 års jubileumsfest på
Vikedal-Sæter laurdag 16. nov. 2002 kl. 20.00. Festen er open
for gamle og nye medlemmer, funksjonærar og ellers alle
motorinteresserte. Menyen består av stor buffet med julamat.
Fullstendig
invitasjon (Acrobat-format,.pdf)
Innkalling
til årsmøte 16. nov. 2002 kl. 11.00
Innkallinga til årsmøtet er no postlagt, og skulle
dermed vera i postkassen til alle medlemmer ein av dei første
dagane. Nytt av året er at vi skal ha gruppeårsmøte for bil-
og MC-gruppa før hovudårsmøtet startar kl. 13.00. Årsmøtet
er ope for alle interesserte, men berre betalande medlemmer har
stemmerett.
Fullstendig
innkalling (Acrobat-format,.pdf)
Svein
Bjarte Holten deltek i Opland-cup
Svein Bjarte Holten skal til Bergen Travpark og delta i
Opland-cup laurdag 26. okt. Dette er oppvisningsløp som går på
travbanen like nord for Eikås Motorsenter etter at travløpa er
ferdig for dagen. Både Eivind Opland og Sverre Isachsen skal
delta med sine div. 1 bilar. Løpet er spesielt ved at bilane
startar med 1 m. tillegg for kvar hest dei har meir enn den med
minst. Dermed startar Opland og Isachsen nesten 400 m. bak, og
har 3 rundar (3000 m.) på å ta igjen dette.
Langdrygt,
men kjekt asfaltløp
på Klepp
Asfaltløpet på Klepp i helga drog litt ut i tid, men
deltakerane var svært tilfreds med eit nytt, annleis løp på
tampen av sesongen. Det var litt rotete klasseinndeling, sidan
nokre av rallycross nasjonal bilane deltok i special saloon og
resten i rallycross nasjonal. Det blei og litt BC-fakter over
kjøringa, sidan kurbsen på ein gokartbane er låg og dermed
innbyr til kutting av svingane. Dette gjorde at det var dratt ut
ein del grus og gras på ein allerede våt og glatt asfalt, slik
at feste vart svært varierande. Men arrangøren skal ha ros for
at det endeleg kom eit løpstibud på Nord-Jæren igjen. Vi
håpar dei kjem igjen neste år, kanskje med litt justert
opplegg, noko som sikkert dei fleste deltakerane og gjer.
Martin Tveit med Johannes Holten Leifsen på slep i ein
innleiande omgong.
Når det gjeld resultata var det
berre deltakerar frå nordfylket i BC jr. Geir Harald Skeie vann
framfor Terje Arild Bø og Roald Johan Saltvedt. I BC nådde
ikkje våre heilt opp og vart ståande med "deltatt".
Gisle Morten Hetland vann framfor John Vatland og Even Gjesdal.
I rallycross nasjonal var det fam. Lutsi som tok dei beste
plasseringane. Ørjan vann med Terje på andre og Ernst Roald
på tredjeplass. Ernst Harald Holten Leifsen vart nr. 6, Ben
Inge Hammer nr. 9 og Frode Johan Saltvedt nr. 11. I spesial
saloon A vart Geir Skogøy nr. 6 og Frode Fresvik nr. 7 etter
Jon Trygve Fjermestad. I spesial saloon B sette Eivind B.
Nevland alle asfaltspesialistane på plass og vann suverent
framfor Bjørn Henning Bøe. Tor H. Brynjelsen vart her nr. 6
etter litt problemer. I eit røvarheat til slutt vart Geir
Skogøy nr. 2 bak Bjørn Henning Bøe i ein Toyota Supra.
Fullstendig resultatliste finn du her
...
Team Higre i arbeid under
asfaltløpet. Jarle Lilleskog, bakerst, hadde ein tur på
taket igjen. Denne gongen på andre sida enn sist slik at
bilen no er nokolunde rett igjen. |
|
Asfaltløp
på Sola flystasjon 26.10
NMK Sandnes & Jæren skal arrangera eit asfaltløp på Sola
flystasjon laurdag 26. oktober. Løpet er ope for bilcross,
rallycross nasjonal og Spesial saloon. Siden løpet går på
militært område, blir det kjørt utan publikum og ein må ha
spesielt adgangsbevis for å koma inn. Tilleggsreglane finn du her
... (pdf-format)
For publikum vil vi minna om asfaltløpet på gokart-banen på
Reve på Klepp søndag 20. oktober. Det er fri trening frå kl.
12.00 og tidskjøring frå kl. 12.45. Det vil vera fleire
deltakerar frå NMK Vikedal, både i bilcross og
rallycross-klassane.
Fyldig
dekning av løpet i Stavanger Aftenblad
I Stavanger Aftenblad måndag 14/10 var det ein fyldig (3/4
side) reportasje frå løpet. Ein stor del av teksten kan du
lesa ved å følgja denne linken
...
I tirsdagsutgåva kom det ei halv
side om klubben og fleire bilder frå løpet. Ein notis om
motocross-satsinga til neste år er lagt ut her
...
Frisk
kjøring i finalen i NMK Vikedal Cup
Det vart kamp om plassane i alle klassane, og det var tydeleg at
det for ein del var siste løpet i år. Johan Andrè Øverland
vann bilcross junior, Per Gaute Østbø bilcross senior og Ørjan
Lutsi rallycross nasjonal. Samanlagt i NMK Vikedal Cup vann
Ragnvald K. Bjelland i bilcross junior og Nils Arve Helland i
rallycross nasjonal.
Resultatlista for løpet finn du her
...
Samanlagt resultat i NMK Vikedal cup finn du her
...
Berre lokale heltar på seierspallen i NMK Vikedal Cup for
rallycross nasjonal. Nils Arve Helland vann, framfor Ernst
Harald Holten Leifsen (t.v.) og Øyvind Våge.
Oppdatert
startliste for RALLYCROSS/BC 13. okt.
Sist oppdatert: 11.10.2002 kl. 14.10
Fin
trening på onsdag
Alle fekk prøva bilane før løpet og dei aller fleste gjekk
tilfredse heim. Unntaket var junioren Per Inge Sandvik som laga
seg arbeid ved å ta ein runde på taket. Heldigvis er det
haustferie, så han håpar å få bilen klar igjen til søndag.
Prøvekjøring/testing
før løpet for medlemmer
Det blir prøvekjøring/testing av
bilcross/rallycross-bilar onsdag 9. okt. kl. 17.00 -19.00 på
Vikedal Motorbane for medlemmer i NMK Vikedal. Har du spørsmål
kan du kontakta Svein Bjarte, 52767377(a) el. 98283791(mob.).
Pressemelding
for løpet 13. oktober
Pressemeldinga og tidsplanen for løpet til helga er no lagt ut
på arrangementsida. Du finn den her
...
Dugnad/medlemsmøte
laurdag 5. oktober
Det blir årets siste (kanskje) fellesdugnad laurdag 5. oktober
kl. 11.00. Arbeidet vil vera å gjera klart til løpet neste
helg. Kl. 13.00 vert det "medlemsmøte" med samling
rundt grautfatet, med diskusjon om opplegget for neste år, kva
cupar vi skal ha osv. Vi håpar alle, både nye og gamle
ansikter, møter opp og seier si meining.
Tilleggsreglane
er lagt ut (Oppdatert 3/10
med dei siste funksjonærane)
Tilleggsreglane for løpet 13. oktober er nå lagt ut. Det
manglar nokre navn på funksjonærar, men desse vil bli lagt inn
så snart dei er klare. Følg linken over til løpet for å lesa
dei.
Har
rallycrossførerane gløymt seg ut?
Påmeldinga strøymer på, men det kan sjå ut til at
rallycrossførerane har gløymt seg ut eller har dei gitt opp
for i år? Førebels er det iallefall litt få av dei. Hugs at
fristen går ut onsdag 2. oktober.
Hugs påmelding
til siste løp i Vikedal
Påmeldingsfristen for siste løpet i Vikedal i år og finalen i
NMK Vikedal Cup, går ut onsdag 2. oktober. Det er allerede kome
inn ein del påmeldingar som er tatt med i startlista, men vi
reknar med at det kjem fleire.
--
Foreløpig startliste --
Påmelding
og kontaktperson til løpet på Reve
20/10.
Det har komme invitasjon til løp på Reve Gokartbane på Klepp:
"KNA Klepp Karting Klubb i samarbeid med KNA Stavanger har
gleden av å innby til asfalt racing på Reve søndag 20.
oktober i følgende klasser:
Bilcross jr., bilcross, Rallycross Nasjonal, Spesial Saloon A og
B, Oppvisning
Banen på Reve har i løpet av året fått to nye traseer, en
for Go-kart og en for bil. Det vil bli kjørt Kelly`s Cup
Spesialsaloon A og B over to heat med premiering til de 5 beste
i hver klasse sammenlagt.
Tilleggsregler vil bli sendt til alle påmeldte. Startavgift
inkl. forsikring og trening er satt til:
Bilcross : 450.-
Rallycross Nasjonal :
550.-
Spesial Saloon A
& B : 750.-
Påmelding sendes til:
Stein Kjetil Høiland, Myrvegen 26,
4352 Kleppe
Fax: 51639310
Eventuelle spørsmål til mob.tlf.
90563860 eller e-post: skh@rafoss.no"
Det står ikkje her, men i.h.t.
NSR §603 pkt. 3.3 skal juniorer aldri betala meir enn
50% av startkontingenten til seniorane, i dette tilfelle kr.
225,-. Interesserte bør ta kontakt for å få avklart dette
samt korleis dei har tenkt å kjøra, ant. omgangar, rundar osv.
Gisle
Morten Hetland nr. 3 i Sør-Vest cup også
Etter
løpet på Eikås fortsatte Gisle Morten Hetland, NAF MS
Gjesdal, nesten direkte til Kvinesdal for å kjøra finalen i Sør
Vest cup der på søndagen. Det gjekk ikkje fullt så bra som i
Bergen, og han fall ned fra 2. til 3. plass i samandraget. Det
var Espen Kerim, NMK Konsmo, som vann bilcrossklassen samanlagt.
Lars Reidar Frøyland, som vart nr. 13 på sist løp i Egersund,
vart nr. 55 i cupen og Jarle Lilleskog kom på delt 91. plass,
som dei einaste deltakarane frå NMK Vikedal.
Ernst Atle Larsen frå NMK
Konsmo, som vann siste løpet i Vestlandsmesterskapet og vart
nr. 2 i bakkeløpet, vann Sør Vest cup for rallycross nasjonal.
--
Fullstendig resultatliste i Sør Vest cup --
Nye
bilar i bilcross
Vidar
Miljeteig var heldig med budet i Bergen etter at Golfen hans
vart seld til ein bergensar i Vikedal i august. Han hadde bud på,
og fekk tilslaget på, Golfen til Sindre Seterstøl, NMK Bergen,
som kom på 5. plass. I tillegg er det komne 2 "nye"
bilar til Ølen, men om dei vil debutera i det siste løpet for
sesongen er uvisst.
Øyvind
Eikeland hadde full kontroll på Værsting Cup
Øyvind
Eikeland hadde full kontroll på Værsting Cup etter full pott i
dei innleiande omgangane på Eikås Motorsenter i Bergen på
laurdag. Korkje Dag Solbakken og Kjell Askeland kom til finalane,
og dermed var det eigentleg berre Per Arne Blindheim frå Bergen
som kunne truga samanlagtseieren til Øyvind. Med 6 poeng å gå
på måtte Blindheim vinna og Øyvind ikkje bli betre enn nr. 4
for at det skulle glippe for Øyvind. Det vart litt spenning i
ein sving når Øyvind var langt ute, men han klarte å halda
Blindheim bak seg og trygga samanlagtseieren inn til mål med å
sikra seg 4. plass. Per Ole Kolterud, NMK Fluberg, vann løpet i
Bergen.
--
Les meir om det som skjedde her (oppdatert 23.09.02) --
--
Sluttstillinga i Værsting Cup 2002 --
Øyvind Eikeland på toppen som vinnar av Værsting Cup 2002.
T.v. nr. 2, Per Arne Blindheim og t.h. nr. 3, Gisle Morten
Hetland.
Gisle
Morten Hetland er påmeld i Bergen
Gisle Morten Hetland har ikkje gitt
opp håpet om ein plass på pallen i Værsting Cup, og er påmeld
til løpet i Bergen til helga. Det er også over 70 andre, så
her vert det mange tette kampar om finaleplassane.
I supernasjonal skal Svein
Bjarte Holten kjempa m.a. med kona til Åge Bakkerud trur vi og
mekanikaren til Tommy Bakkerud. Dermed bør det vel vera håp om
den første seieren med Focus-en.
Vi håpar å kunna leggja ut resultatene her på søndag.
Finalen
i Værsting cup og distriktsmesterskap i bilcross på Eikås lørdag
21. sept.
Den avgjerande finalen i Værsting cup
i bilcross nærmar seg, og nervane byrjar nok å komma til dei
som ligg heilt i toppen så langt. Øyvind Eikeland leiar med 45
poeng, 6 poeng framfor Per Arne Blindheim frå NMK Bergen.
Ytterligare 9 poeng bak ligg Dag Solbakken frå NMK Bergen. Det
er nok mellom desse kampen om det gjevaste trofeet står. Gisle
Morten Hetland, NAF MS Gjesdal, med 29 poeng har og ein
teoretisk sjanse, men det er vel tvilsomt om han tar turen til
Bergen. Dei neste av våre førerar er Martin Tveit som har 18
poeng, Arild Riise og Lars Reidar Frøyland som har 17 poeng og
Per Gaute Østbø med 16 poeng. Dersom dei har masse flaks
kan alle desse vera med å slost om tredjeplass samanlagt, men
dei er avhengig av at fleire framfor dei mislykkast totalt.
Vi ynskjer alle lykke
til, og håpar mange tek turen til Eikås for å støtta Øyvind
i kampen om tittelen. 1. omgang tek til allereie kl. 10.00, så
det gjeld å stå tidleg opp.
Stillinga
i Værsting cup før finalen ..
Asfaltløp
på Reve den 20. oktober
Det vert jobba med å få til eit
asfaltløp på Reve søndag 20. oktober. Det vil vera ope for
racing, rallycross og bilcross inkl. jr. dersom det er nok
interesserte. Opplegget vert nokolunde likt som i fjor.
Interesserte kan kontakta KNA Klepp v/Gisle Kverneland, mob.
95107989, eller KNA Stavanger v/Stein Kjetil Høiland, mob.
90563860.
Bilde
av banen etter ombygging ..
Stolte
klassevinnerar i Vestlandsmesterskapet
Her er dei stolte vinnerane av Vestlandsmesterskapet 2002, f.v.
Eivind B. Nevland, NMK Egersund, i supernasjonal o/2000 ccm, Ørjan
Lutsi, NAF Motorsport Gjesdal, i rallycross nasjonal og Tommy
Bakkerud, KNA Bergen, i supernasjonal u/2000 ccm. Om dei ser
litt våte ut, så er det pga. den obligatoriske
champange-dusjen (alkoholfri) under premieutdelinga.
Les
meir om og sjå fleire bilder frå løpet i pressemeldinga her
...
Fartsfylt
og spennande avslutning
Det vart ein fartsfylt og spennande
avslutning på Vestlandsmesterskapet.
Resultata
finn du her
...
Uoffisiell sluttstilling i Vestlandsmesterskapet finn du her
...
(det kan vera feil litt nede i lista)
Oppdatert stilling i NMK Vikedal cup finn du her
...
Fortsatt
spenning i Vestlandsmesterskapet
Ingenting
er avgjort i Vestlandsmesterskapet sjølv om favorittane Ørjan
Lutsi (RC Nasjonal), Tommy Bakkerud (Super u/2000) og Stian
Haugan (Super o/2000) slo til og vann sine klassar i bakkeløpet
laurdag.
Resultata frå bakkeløpet finn du her
...
Stillinga i Vestlandsmesterskapet før finalen finn du her
...
Oppdatert
startliste for Bakkeløp 14. september
Sist oppdatert: 13.09.2002 kl. 10.30
Oppdatert
startliste for RALLYCROSS/BC jr. 15. sept.
Sist oppdatert: 15.09.2002 kl. 08.00
Hjerteleg
velkommen til VM-finalen i helga.
Vi nyttar sjansen og ynskjer alle
hjerteleg velkomne til den spennande VM-finalen på Vikedal
Motorbane i helga. Alle dei beste førerane er påmelde, slik at
det blir spennande både for publikum og dei aktive.
Tidsplan for helga:
Laurdag: kl. 13.00 1. kval. omgang
Bakkeløp
kl. 14.20 2. kval. omgang
kl. 15.40 Prefinale
kl. 16.30 Finale
kl. 17.25 Premieutdeling
Søndag: kl. 10.15 Trening, BC jr.
kl. 10.25 Trening, RC
kl. 11.00-12.00 Kyrkjepause
kl. 12.30 1. omgang
kl. 13.30 2. omgang
kl. 14.30 3. omgang
kl. 15.35 Finalar
kl. 16.35 Premieutdeling
---
Les meir her ---
2
"higrar" på BC-løp i Egersund
--- Les
meir her ---
Finalen
i Vestlandsmesterskapet
Spenning og topp deltaking
Det blir topp deltaking når NMK Vikedal til helga arrangerer
fjerde runde og finalen i Vestlandsmesterskapet. Over 40
deltakarar er påmeldt i dei tre rallycrossklassane, med Tommy
Bakkerud og Eivind B. Nevland i spissen.
---
Les heile pressemeldinga her ---
Dette var noko av
det Tommy Bakkerud kunne vise fram på Vikedal Motorbane i vår.
Det blir nok fleire godbitar for publikum til helga.
Dugnad onsdag 11. september kl. 18.00
Det er ein god del arbeid som skal gjerast før løpa til helga.
Alle aktive vert difor oppmoda om å stilla på dugnad onsdag
11. sept. frå kl. 18 og utover til det vert mørkt. Ting som
skal gjerast:
- fjerning av busk og kratt
- steinplukking
- reingjering
Dei som har tilgong på motorisert ljå, motorsag, greinsaks
o.l. må
ta med dette.
Det hadde vore fint om det kom nokre nye folk på dugnadane,
fordi det har stort sett vore den same vesle gjengen som har
delteke tidlegare i år.
Sosiale aktiviteter i samband med
VM-rundane.
I samarbeid med Vikedal-Sæter planlegg vi ei samling laurdag
kveld med middag og litt presentasjon av Vestlandsmesterskapet,
det som har skjedd i år og kanskje litt om neste år.
Tidspunktet kjem vi tilbake til på førarmøtet, men mellom 7
og 8 er mest sannsynleg. Denne samlinga er open for alle
interesserte, førerar, mekanikerar, funksjonærar osv. Sidan
det er snakk om middag og vanskeleg å seia kor mange som kjem, må
Vikedal-Sæter ha bestilling på førehand slik at dei har nok
mat å tilby.
Menyen er : Strutsegryte m/dessert
og kaffi Pris: kr. 160,- pr. pers.
Vikedal-Sæter har skjenkeløyve, men vi håpar at alle
begrensar inntaket.
Påmelding til Vikedal-Sæter innan torsdag 12. sept. på tlf.
52760590, telefaks 52768806 eller e-post vikedal-seter@c2i.net
Behov for aktivitetsleiarar i
knattecross!
Me har fått eit problem ang. utdanning av aktivitetsledere for
knattecrossen. Det viser seg at fleire av dei som var oppsett
til å ta dette kurset, ikkje får anledning/mulighet allikevel.
Det er eit krav at ungar i aldersgruppa 5-12 år skal ha ein barne-aktivitetsleiar
til stades under trening.
-- Les meir --
H-Lisens kurs
Det blir arrangert H-lisenskurs
(rallycross, bakkeløp, asfaltracing)
på Vikedal Motorbane laurdag 7. september kl
11.00.
For dei som ikkje har køyrt seks bilcrossløp og difor
må ta den
praktiske delen, blir den
kjørt på banen ca kl 15.00. Kun
godkjente H-løpsbilar kan nyttast, og kun to
deltakarar pr. løpsbil.
Kursavgift kr 500,- for teoridelen,
+ 300,- for den praktiske delen.
Påmelding innan 3. september til og nærare opplysningar får
de ved å kontakte Sivert
Ole Holten på sivert.ole@holtenmedia.no eller 90547433
Oppdatert informasjon om
motocrosstreningane
Oppdatert informasjon om
motocrosstreningane i haust finn de no under "Treningar"
i menyen til venstre.
Informasjonsida
for bakkeløpet og rallycrossløpet er klar
Ved
å følgja linken på toppen (Neste arr.> 14. septem ....) kan du no finna informasjon (innbydelse,
tidsplan,
tilleggsreglar, foreløpig startliste osv.) om avslutningsløpa
i Vestlandsmesterskapet. Startlista vert fortløpande oppdatert
etter kvart som påmeldingane strøymer på.
Hugs påmeldingsfristen som er onsdag 4. september
(poststempla/sendt e-post).
NB!
I tilleggsreglane står det at det vert kravd kombinert vognlisens
for rallybilar. Dette er ikkje rett. Bilar med reine
rallylisensar kan og delta.
Terje Heggøy sin Volvo fekk hard medfart på NM-runden
i Bergen. Den har no fått ny front og nærmar seg klar for
finalen i VM. På den 2. VM-runden i Vikedal som dette bildet er
frå, kjørte han svært bra lenge, men var uheldig i finalen og
vart nr. 5.
Strålande
vær og glade vinnerar på bilcrossløpet
Sjølv
om meteorologane truga med tordenbyger kom søndagen med strålande
vær som heldt seg heile dagen. Det vart vist mykje frisk kjøring,
og til slutt var det Stian Tysnes (jr.) og Per Arne Blindheim
(sr.) som vann. Per Arne rykte dermed opp på 2. plass i
samandraget i Værsting cup, medan Øyvind Eikeland leiar etter
at han vart nr. 3. Både Kjell Askeland og Dag Solbakken (nr. 5
i landsfinalen dagen før) fekk tekniske problemer og vart utan
poeng.
Komplett
resultatliste finn du her ...
Stillinga
i Værsting Cup ligg her ...
Pressemelding
etter løpet ...
Debutantane
vart nr. 23 og 16 på Karlskoga i Sverige
(Oppdatert
28.08.02 med bl.a. linkar:)
Debutantane
V&S Volvo Racing debuterte med 23. plass (av totalt 34
deltakerar) i 3 timars racingløpet på Karlskoga på laurdag.
Dei vart nr. 6 i sin klasse. Søndag gjekk det enno betre i 8
timarsløpet der dei vart nr. 16 totalt (av 38) og nr. 6 i sin
klasse. Du kan sjå bilde av dei i aksjon her...
og her...
Fullstendige
resultatlister: 3
t. løp laurdag 24/8
8
t. løp søndag 25/8
Du kan lesa meir om langdistanseløpa på http://www.slc.se
Oppdatert
startliste for BILCROSS 25. august
Sist oppdatert: 23.08.2002 kl. 13.40
Video-opptak
av VM-rundane i fjor
Alle VM-rundane i fjor vart filma av VETV Produksjon og desse
filmane er no tilsals. Kvar video dekkjer ein VM-runde, og består
av 75-80 min. action. Meir info. om prisar og bestilling finn du
på VM sine web-sider her: http://www.vestlandsmesterskapet.no/2001video.htm
Treg
påmelding til bilcrossløpet, men no ser det bra ut
Det
har vore litt treg påmelding til bilcrossløpet den 25. august,
men nokre purringar har hjelpt på slik at det no vert bra
startfelt både i junior- og seniorklassen.
NMK
Vikedal medlemmer til Sverige på asfalt-løp
2
bilar med NMK Vikedal førerar skal til helga kjøre 3-timars løp
på Karlskoga i Sverige. Den eine er denne Volvo S40'en som Jarle
Velde står ved sida av. Han skal kjøra den i Team V&S
Volvo Racing saman med brødrene
Gunnar og Jon Inge Søvold, alle frå Aksdal.
I tillegg går det rykter om at Ben Inge Hammer skal
debutera med sin Mercedes 190 i dette løpet, men vi har ikkje fått
dette bekrefta enno.
Vellukka
NM-runde i rallycross i Bergen
Arrangøren
NMK Bergen kom godt frå NM-runden som vart arrangert på Eikås
Motorsenter sist helg. For våre 3 deltakerar gjekk det ikkje
heilt som dei håpa. I den mellomste klassen vart Leif Roald
Bjelland nr. 18 og Ernst Harald Holten Leifsen nr. 19. Terje
Heggøy vart nr. 17, etter ein skikkelg smell i 2. omgang og
dermed 3. omgang med skjeiv forstilling. Resultater og bilder,
m.a. av Leif Roald på 2 hjul, finn du på www.nmk.no/bergen
Bakkeløpet
på Fitjar er flytta til Vikedal
Bakkeløpet
som skulle gått på Fitjar den 29. sept. er flytta til Vikedal
og går den 14. sept. Dermed vert Vestlandsmesterskapet avslutta
med ein dobbeltrunde i Vikedal i år. Vi kjem tilbake med meir
opplysningar om dette litt seinare.
Vi
beklager sterkt at sidene har vore nede sidan juni
Vi
kan berre beklaga at desse sidene har vore meir eller mindre
utilgjengelige frå slutten av juni til i dag, tirsdag 20.
august. Først
var problemet ein
ustabil server i USA. Etter det har det vore problemer med å få
navneoppslag mot www.nmk-vikedal.net.
Ferietid har gjort at dette har tatt urimeleg lang tid å få
fiksa. Til slutt gjekk vi lei og bytta til ein annan leverandør.
Sidene vil etterkvart bli oppdatert med ny informasjon. Stay
tuned!!
NMK Vikedal feirar 20 år med ..
Motormarked
og Mestermøte
NMK Vikedal kan i år sjå tilbake på sine første 20 år. Våren 1982
vart det første spadestikket tatt på det som etterkvart skulle
bli Vikedal Motorbane og i november same året vart klubben NMK
Vikedal offisielt stifta. I jubileumsåret 2002 er det lagt opp
til eit tett program med Motormarked og Mestermøte siste helga
i juni som sjølve bursdagsfeiringa.
Her kan du lese alt om :
Vikedal
Motormarked lørdag 29. juni
Sist oppdatert:
28.06.2002
Jubileumsintervju
med leiar Steinar Høyvik
Mekonomen
stiller
Denne
Ferrarien kjem, kjem du med din spesielle bil?
Suldal
Billakkering tømer hyllene
Motocross
i framgong
Bra
med Motormarked, meiner Ingvard Vaka
Knattecross
populært
Byggjer
bilcrossbil på Motormarkedet. Liten tjuvstart allerede.
(oppdatert)
Ølen
Bilsenter kjem, kjem du ...
Ein
gamal BMW M5 kjem og til Vikedal Motormarked
Mestermøtet
2002 søndag 30. juni
Sist oppdatert:
18.06.2002
Gamle
heltar rir igjen
Tett
i bilcross junior
Startliste
for mestermøtet
Sist
oppdatert: 26.06.2002
NM-runden i Kristiansand
Terje
Heggøy einaste deltakar frå NMK Vikedal
Terje
Heggøy var einaste deltakar frå NMK Vikedal i NM-runden i
rallycross på Ruglandsbanen ved Kristiansand i helga. I sin
beste omgang hadde han 12. beste tid, men saman med 19. beste
tid var ikkje det nok til finaleplass. Han vart til slutt nr.
18. Det var Terje Morstad i BMW M3 som vann den største
klassen, framfor Eivind B. Nevland i sin Volvo 940. Det er no
veldig tett samanlagt i NM før neste runde som går på Eikås
Motorsenter i Bergen 17. - 18. august. Det er 3 førerar med 32
poeng, Terje Morstad NMK Hadeland, Eivind B. Nevland NMK
Egersund, Lars Jonsson MK Finnskoga, og rett bak ligg Mindor
Lien, NAF Kristiansund, med 30 poeng.
I den
mellomste klassen står som kjent Svein Bjarte Holten utan motor
og når Leif Roald Bjelland skulle i 70 årsdag til faren, vart
det ingen deltakerar frå NMK Vikedal. Det vart eit reint sørlandsoppgjer
i denne klassen. Tom Daniel Tånevik i Peugeot 306 vann framfor
Pelle Erland i Mazda RX-7, begge frå NMK Konsmo, og Kurt Inge
Espeland i Escort frå KNA Arendal. Tommy Sølvberg, NAF
Nordfjord, Tommy Bakkerud, KNA Bergen og Stein Svardal, NMK
Konsmo, følgde på dei neste plassane. Tånevik leiar no NM med
33 poeng, eitt poeng framfor Espeland. Sølvberg ligg på 3. med
24 og Svardal på 4. med 23 poeng. Herbjørn C. Haug ligg på 5.
med sine 20 poeng etter seieren på Lyngås, etter at sørlandsturen
enda med 0 poeng for hans del.
Fullstendige resultatlister kan du finne f.eks. under www.voieracing.com
og videoklipp finn du under www.wrc.no
Vikedal Motormarked:
Mekonomen
stiller
Den ny-opna
bilutstyrsbutikken Mekonomen i Hemingstadvegen i Haugesund
stiller på Vikedal Motormarked, og butikksjef
Terje Solberg (bildet) seier at det også kan hende at
dei blir over til søndagen og Mestermøtet.
- Ja, me ser svært positivt på dette arrangementet og vil
gjerne vere med å støtte opp under noko som verkar
interessant. I tillegg til at Mekonomen riggar opp eit telt
under motormarkedet og flyttar delar av butikken inn til
Vikedal, kjem dei òg til å ha gode tilbod under markedet.
- Ja, me kjem til å ha nokre godbitar som det kan vere verdt å
ta ein tur til Vikedal Motormarked for å få tak i, seier Terje
Solberg. Så følg med på www.nmk-vikedal.net slik at du får
med deg tilboda når Mekonomen har desse klar.
Planlegginga
i full gang
Planlegginga
av Vikedal Motormarked
og Mestermøtet 2002 er i full gang, og for
hovudstyret som har tatt på seg ansvaret for begge arrangementa
er det ikkje meir enn tida og vegen for å få arrangementa på
plass.
Det er behov for vakter både under
Motormarkedet på laurdag 29. juni og Mestermøtet søndag 30.
juni, så har du lyst og
anledning til å hjelpe til med 20 års jubileumsarrangementa er
det berre å ta kontakt med sivert.holten@billisten.no
eller ringe same mann på tlf. 90547433 så registrerer vi deg på
vaktlistene.
Foreløpig
startliste på mestermøtet finn du her...
Etterlysning
Under løpet i går, søndag, vart ein svart Golf som stod
parkert ved vegkrysset forbi depot påkjørt. Det er skader på
venstre dør, og ut frå skadene kan det sjå ut som om det er
ein tilhengar som har vore borti. Eigaren etterlyser syndaren
eller nokon som kan ha sett noko til dette. Bileigaren kan
kontaktast på tlf. 98698831 eller 52760173 e. kl. 17.00.
Øyvind
Eikeland vann i bilcross-klassen, men mista bilen
Øyvind Eikeland vann dagens runde i Værsting cup i bilcross.
Rikard Særsten vann bilcross junior, medan Leif Roald Bjelland
vann rallycross nasjonal klassen med sin supernasjonal bil.
Stillingane i Værsting cup og NMK Vikedal cup finn du ved å følgja
linkane over.
Resultater
bilcross
Resultater rallycross
Varm
første dag av bilcross/rallycrossstemne
Det vart ein varm dag for dei
aktive i Vikedal i dag laurdag. Største skuffelsen for publikum
var at Oldsmobilen svikta presidenten i Hylkje Rasarlag, slik at
det ikkje vart noko kjøring i dag.
Resultat
så langt i bilcross
Resultat
så langt i rallycross
Oppdatert
startliste for BC/RCN 8.-9. juni
Sist oppdatert: 07.06.2002 kl. 15.00
Betre
sanitærforhold
Representantar frå Team
Higre kom under dugnaden onsdag kveld opp med ein løysning for å
betra sanitærforholda. Undermottoet "Alltid beredt"
har de her fått kombinert og utnyttet ressursene optimalt. Om
det er dei sjølve eller andre som vil ha desse kombinerte
behova ville dei ikkje ut med.
Pressemelding
og tidsplan for BC/RCN 8.-9. juni
Pressemelding og tidsplan er no lagt ut på sida for løpet til
helga (8.-9. juni).
Les
meir her ..
Dugnad
på onsdag 5. juni
Det er fortsatt ein del som
skal gjerast før løpet til helga. Det vert difor dugnad onsdag
kveld frå kl. 17.00. Alle vert oppfordra om å møta. Ta med
grasklyppar, motorisert ljå, spade, rive og masse arbeidslyst.
Leif
Roald Bjelland kjempefornøyd med resultatet
Det var Leif Roald som hadde
mest grunn til å jubla etter at finalane var i mål på Lyngås.
10. plass var godt over det han håpa på før start.
Les
meir her ..
Resultatliste
for dei 2 største klassane
Sjekk og videoklippa på
www.wrc.no.
Dagens stunt på lørdag er Morten Hagen som køyrer startsvingen på 2 hjul.
Blanda
start på NM-runden på Lyngås for våre medlemmer
Reportasjen om første dag er flytta inn i den nye reportasjen.
Les
meir her ..
5
deltakerar frå NMK Vikedal i den første NM-runden
Alle våre aktive i supernasjonal + Ernst Harald Holten Leifsen
stiller til start i den første NM-runden i rallycross på Lyngås
til helga. Startlista og resultater vil du finna på NMK Drammen
sine internett-sider som du finn her
(velg "Nasjonale løp" i menyen til venstre). Vi håpar
også og kunna gi ei oppdatering på denne sida kva som skjer
med våre deltakerar, så følg med. Mest oppdatert på
resultatene blir sannsynlegvis www.voieracing.com.
Gå inn på "Live!" i menyen til venstre og velg
"Drammen".
Det er over 100 påmeldte til løpet
som går laurdag 1. og søndag 2. juni. Det vert kjørt 2
omgangar på laurdag og 3. omgang og finalar på søndag. Dersom
du har lyst til å sjå masse frisk kjøring bør du absolutt ta
turen til Lyngås i helga. Tidsplan finn du og på
internettsidene til NMK Drammen.
Påmeldingsfristen
til neste løp går ut på onsdag
Dei som ønskjer å delta i 2-dagarsløpet i bilcross og
rallycross nasjonal den 8. og 9. juni, må senda påmelding så
snart som mulig for å unngå etteranmeldingsgebyr (kr. 500,-).
Siste frist for påmelding er onsdag 29. mai. Alle som er
registrert påmeldt via internett står på den foreløpige
startlista. Påmeldingar pr. post fram t.o.m. 20. mai er og med
på denne lista.
Vi minner og om at siste treninga før løpet går onsdag kveld,
29. mai, med påmelding til Geir Utaaker, tlf. 977 63354, seinast
tirsdag.
Foreløpig
startliste 8.-9. juni
Pressemelding frå Vestlandsmesterskapet:
Tettare
i samandraget
Det
blei ein forrykande tredje runde i Vestlandsmesterskapet. I
begge supernasjonalklassane tetnar det til i samandraget, og
fleire av favorittane fekk problemer i finalane. Det gjorde
derimot ikkje Lennart Vetås, Åge Bakkerud og Terje Steinnes.
Les
meir her ..
Våt
og langdryg VM-runde i Bergen
3. runde i VM og 1. runde i Værsting cup i bilcross gjekk på
Eikås Motorsenter i Bergen på laurdag. Resultata gjer at det
er blitt enno tettare i teten i alle klassane i VM. Av NMK
Vikedal sine medlemmer var det Team Steinnes som gjorde det best
med dobbeltseier til Geir Harald Skeie i bilcross junior og
Terje Steinnes i rallycross nasjonal.
Terje Steinnes og
Geir Harald Skeie var godt fornøgd med klasse-seierane i Bergen.
Med nærmare 150 deltakerar vart det eit langt stemne med kjøring
frå kl. 10.30 til siste finale var i mål kl. 19.15.
Les
reportasje om og resultatene i bilcross her.
Les
reportasje om og resultatene i rallycross her.
Uoffisiell
VM-stilling etter 3 rundar
Stillinga i Værsting
cup i bilcross
Spennande
før 3. runde i VM i Bergen 25. mai
Det er tett i teten i dei fleste klassane i
Vestlandsmesterskapet etter 2 rundar. Etter det vi veit er dei
fleste påmeldt og stiller til start på Eikås på laurdag.
Vinnaren i rallycross nasjonal i Vikedal, Øyvind Tveit, stiller
dessverre ikkje, fordi det vart oppdaga feil på topplokket
etter løpet. Dette har han dessverre ikkje fått ordna enno,
men han kjem forhåpentlegvis sterkt tilbake. Terje Steinnes har
fått fiksa bakstillinga, og Svein Bjarte har bytta frå innsprøytning
til forgasserar. Begge har testa litt på treningar etter løpet,
men det vert nok ein siste sjekk på treninga onsdag kveld
(22/5). Du kan lesa meir om stillinga i VM i pressemeldinga her
...
For mange av bilcross-førerane
vert det sesongopning i Bergen. Det er manga som har jobba
flittig i garasjen i vinter og ikkje minst i vår. Siste
rapportane går ut på at Øyvind Eikeland, som dominerte i
fjor, slit med å få bobla til å gå og har tilkalla ekstern
assistanse. Fleire av dei andre har vore på treningane og
testa, og det går iallefall ikkje seinare enn i fjor.
Vi håpar at flest mogleg tek turen til Eikås og heiar på
medlemmene våre. Du finn meir informasjon om Eikås Motorsenter
og løpet på heimesidene deira her.
For dei som ikkje har høve til det, vil vi prøva å ha klar
eit lite referat på web-sida her seinast dagen etter løpet som
går på laurdag.
Ny
ekstra
trening laurdag 18. mai
Det blir ei ekstra trening laurdag 18. mai. Frammøte seinast kl.
11.00 som vanleg, med litt dugnadsarbeid først. Start trening
kl. 14.00 med avslutning ca. kl. 16.00. Kontaktperson: Audun
Gaard, tlf. 976 53450.
Motocross-treningane
er no i rute
Det vert no arrangert motocross-trening kvar laurdag kl. 12.00 -
15.00 framover. I tillegg kan det etter avtale med aktivitetsleiar
trenast onsdagar kl. 18.00 - 20.00. På grunn av andre
arrangement vert det ikkje treningar laurdag 8. juni og laurdag
29. juni. Liste over aktivitetsleiarar finn du under linken "Treningar" i
kolonna til venstre.
Ekstra
trening laurdag 4. mai
Det blir ei ekstra trening laurdag 4. mai. Frammøte seinast kl.
11.00 som vanleg, med litt dugnadsarbeid først. Start trening
kl. 14.00 med avslutning ca. kl. 16.00. Kontaktperson: Svein
Bjarte Holten, tlf. 98283791.
Pga. det korte varselet oppmodar vi alle om å spre dette vidare.
Påmelding
til løp 25. mai i Bergen
Det var 94 deltakerar på løpet i Bergen i helga, så det kan
bli begrensningar på deltakarantalet i neste løp. Vi
oppfordrar dermed dei som har tenkt seg nordover til å melda
seg på så snart som mulig. Løpet er 3. runde i
Vestlandsmesterskapet og 1. runde i Værsting Cup i bilcross
senior.
Påmeldingane skal sendast til : NMK Bergen, Postboks 45,
5871 Nyborg. Det er ikkje etablert internettpåmelding enno.
Dei som manglar kort kan skriva ut dette,
eller ta kontakt med ein i bilgruppa for å få tilsendt kort.
Rapport
frå bilcross/rallycross nasjonal i Bergen
"Team
Higre hadde for å roa nervene, sendt Lars Reidar til Bergen
forkleddt som publikum, for å sjekka forholda der. Tilhøva
er møkje likt i fjor, adle boblene er ikkje spiker ennå, halve
A-finalen, Asconaen
til Mjåtveit går styggfort, motoren til Ove gav seg på
startplata, men lova å komma grusomt tilbake (som vanleg),
Presidenten hadde laga et nytt drog, som me ikke har heilt
klarhet i ka e. Ellers går det rykter om møkje
"olme" Nasjonalbilar, Hylkjegjengen helsar, og ser
fram te dyst 25. mai."
Steinar
Stokke i VW vann, framfor Finn Endre Skår, VW, og Per Arne
Blindheim, Opel. Fleire resultater finn du på Endre
Nilsens Motorsportsider. Det kjem vel etterkvart litt
informasjon på Hylkje
Rasarlag sine sider og, men som på banen er dei litt trege
av seg.
Jostein Hannisdal, frå Valestrandsfossen, var einaste deltakar
frå NMK Vikedal ifølge startlista.
Rolf
Andrè Eilertsen ved godt mot etter armbruddet
Rolf Andrè Eilertsen er ved godt mot etter armbruddet i finalen
i bilcross jr. på søndag. Han er allerede påmeldt til neste løp
og bilen er og klar. Gipsen, frå fingarne til skuldra, skal
etter planen fjernast rett etter pinse, og då er det fortsatt 2
veker igjen til 2-dagars løpet 8. og 9. juni. Vi ønskjer han
god bedring og lykke til i neste løp.
Referat
frå sesongopninga i Vikedal
Her er endeleg referatet frå sesongopninga i Vikedal.
Les meir ...
(oppdatert 29/4 med bilde av dei 3 beste i
BC jr.)
Uoffisiell
stilling i VM
Uoffisiell stilling i VM finn du her
...
Pressemelding
etter løpet i helga
Pressemeldinga frå Vestlandsmesterskapet med bilder er no lagt ut på web-sida for løpet.
Følg linken på toppen av sida (Neste arr.: 21. april .....) eller
denne
...
Kjempeløp
i Vikedal i dag
Masse publikum og spennande duellar i Vikedal i 2. runde i
Vestlandsmesterskapet i dag. Reportasje kjem litt seinare.
Resultatene
finn du her ...
Sluttspurten
pågår for mekanikerane
Det er ein del rallycrossførerar som er seint ute med
klargjering av bilane, men no ser det ut til å ordna seg for
dei fleste. Holten Motorsport er klar med Escorten som Ernst
Harald Holten Leifsen skal kjøra, og motoren i Svein Bjarte
Holten sin Focus er vel og komen på rett plass i bilen i dag.
Leif Roald Bjelland hadde hatt sin nye motor varm på tirsdag.
Terje Steinnes har fått på plass sin overhalte motor, og det
same trur me Joar Torsen har i sin nyinnkjøpte Volvo 240. Det
vert sannsynligvis muligheter for litt forsiktig innkjøring på
Vikedal Motorbane torsdag kveld. Interesserte kan kontakta Svein
Bjarte for nærmare opplysningar.
Pressemelding
før løpet til helga
Pressemeldinga før løpet er no lagt ut på web-sida for løpet.
Følg linken på toppen av sida (Neste arr.: 21. april .....) eller denne
...
Geir
Harald vann i Egersund
Geir Harald Skeie var einaste deltakar i junior-klassen i
bakkeløpet i Egersund søndag, men fekk likevel pokal for
seieren. Han betra tida si for kvar omgang, og kunne vore på 6.
plass i seniorklassa med si tid, 1.16.51. I rally-klassen fekk Arne. B. Handeland,
som kjører for NMK Vikedal men bur i Stavanger, 3. plass i sin
Escort MK I, bak Ole Andreas Langaard i Mazda RX-7 og Tommy
Nodland i Peugeot 309. I rallycross nasjonal sleit både Audun
Gaard og Øyvind Våge med festet i den våte og glatte bakken på
Tengs. Øyvind hadde 1.15.97 som beste tid, medan Audun hadde
1.14.00 som si beste tid. Best var Ørjan Lutsi med 1.08.25,
framfor Thomas Fjeld og Roy Kenneth Holmen. Rune Lutsi låg an
til ei god tid i finalen, men slo borti fortauskanten og knekte
ein drivaksling.
I supernasjonal inntil 2000
ccm var Pelle Erland frå Konsmo i Mazda RX-7 suveren med 1.04.04. Nærmast
kom Ole Kristian Nøttveit frå Bergen i BMW M3 med 1.06.61. Stian Søsæther
frå Egersund i VW 1303 vart nr. 3 med 1.07.48. Både Leif Roald Bjelland
og Svein Bjarte Holten vart programheltar ettersom bilane enno ikkje
er klare til bruk.
I den største klassen vart
det ein tett kamp mellom Stian Haugan, Notodden, og
heimefavoritten Eivind B. Nevland i sin nye gule Volvo 940 (ex.
Morten Bermingrud). Stian klarte nesten å ta
igjen Eivind i finalen, men kom eit tidel for seint. Eivind vant
med 1.02.12 framfor Stian med 1.02.23. Bakkeløpspesialisten
Kjetil Grøterud, Modum & Sigdal, sleit på det glatte føret
og vart nr. 3 med 1.05.10.
Les pressemeldinga med fleire resultater og bilder etter 1.
runde i Vestlandsmesterskapet her
...
Masse
folk på "aktivitetsdagen"
Det var fint vær og god stemning denne laurdagen også.
Nærmare 20 bilar deltok på treninga etter dugnaden. Før det
var det motocross-trening.
Ny
"aktivitetsdag" laurdag 13. april
"Adle me selar å bur, kom te Vikedal på lørdag
ein tur, dugnad fra kl. ti, kom ut av hi, ta med verktøy &
godt humør. Trening for 2 & 4 hjul ittepå."
Dette var meldingen som gjekk ut til alle mobiltelefonar i
medlemsregisteret seint torsdag kveld frå sjefslyrikar Steinar
Høyvik. Vi håpar på like fint vær, like mykje arbeidslyst og
like god stemning som sist laurdag. Kurbsen vart støypt
torsdag kveld, men det er fortsatt ein del arbeid igjen før
banen er klar til løpet. På motocrossbanen gjenstår vel og
litt før den er slik den bør vera. Det bør vera ein fin
oppladning til første runde i Vestlandsmesterskapet i Egersund
på søndag.
Reportasje
i Grannar frå lisenskurset ++
Også lokalavisa Grannar var på plass på lisenskurset på
laurdag. Deira reportasje finn du her
...
Lisenskurs/dugnad/trening
6. april
Strålande vær skapte ei fin ramme rundt den første skikkelege
aktivitetsdagen i Vikedal i år. På bilde til venstre ser vi
interesserte deltakerar (og foreldre) på bilcross junior kurset
som vart avslutta med praksis i helga. Litt trening for dei
erfarne vart det og tid til. På bildet til høgre ser vi Rikard Særsten sin nybygde Golf fremst og Frode J. Saltvedt i
sin Rover Vitesse. I bakken bak ventar Frode Aas og Ørjan
Vikedal på tur.
Oppdatering
av foreløpig startliste 21. april
Startlista
for RC/BC jr. 21. april vert oppdatert fortløpande. Siste
oppdatering 12.04.2002.
Startlista finn du på web-sida for løpet her
...
Tilleggsreglane
for løpet 21. april er no lagt ut
Tilleggsreglane
for 2. runde i VM er no lagt ut. Dei er foreløpig merka med
"Foreløpig", men det vert berre mindre endringar (lisensnr.,
tidsplan o.l.). Du finn dei ved å følgja linken over
("Neste arr.").
Litt
frå teknisk kontroll 2. påskedag
Det
var mange nye og gamle bilar på den teknisk kontrollen i
Haugesund 2. påskedag. På bildet til venstre ser vi Øyvind
Tveit som har bygd opp den gamle asfaltbilen til Frode J.
Saltvedt til rallycross nasjonal. I tillegg var det ein Opel
Rekord E i bilcross pluss Sierra, Golf, BMW osv. Dei kanskje
finaste bilane var Bjørn A. Tvedt sin Opel Vectra og Svein H.
Kristoffersen sin Holden Commodore. Begge desse er asfaltbilar
og Bjørn A. Tvedt skal delta i NTCC med sin Vectra. Kva Svein
H. Kristoffersen skal gjera med sin Commodore er usikkert, men
eit tips kan vera å sjå litt på kva Jostein Skjerve har gjort
med sin Holden som gjer det bra i supernasjonal over 2000 ccm.
Ellers er det fleire
som er litt i tidsnød med nye eller oppgraderte motorar. Ben
Inge Hammer ventar på ein topp til sin Mercedes, og både Leif
Roald Bjelland og Ernst Harald H. Leifsen sine motorar er hjå
Rune Ørke og er fortsatt ikkje heilt klare. Svein Bjarte Holten
sin motor er hjå Svein Kristiansen på Hadeland og er lova
ferdig til bakkeløpet i Egersund dersom delene kjem som
bestilt.
Opel Vectra'en til Bjørn A. Tvedt vart flittig
studert.
Fakta
og rykter om aktive og bilar før sesongstart
I løpet av vinteren har det
skjedd ein del endringar blant bilar og førerar. Ut frå det vi
har snappa opp, ser det ut til å bli ein svært spennande
sesong. Vi har prøvt å laga ein
liten oversikt over det vi veit og det vi har høyrt rykter om,
men vi kan ikkje garantera at dette stemmer 100%. Dette er ein
oppdatert versjon av det som stod i Grusspruten 1/02. Dersom
nokon ser noko feil, så kan de gi beskjed så skal vi retta det
opp.
---- Les meir her ----
Husk påmelding til løpa !
Sesongstarten nærmar seg og påmeldingane
byrjar å komma. Det første løpet i vårt distrikt er opningsløpet
i Vestlandsmesterskapet i Egersund den 14. april. Det er viktig
at alle som har planar om å kjøra det løpet melder seg på før
påske. Påmeldingsfristen er rett etter påske, og dersom påmeldinga
er laber kan løpet bli avlyst. Det kan vera lurt å delta her
og få eit lite forsprang på bergenserane i VM sidan alle dei
nok ikkje deltek i Egersund. Tilleggsreglane til bakkeløpet i
Egersund finn du på web-sidene deira her
... under "Arrangement".
Vi oppmodar også alle til
å senda inn påmelding til løpet i Vikedal 21. april så snart
som mogleg. Det gjer det enklare for arrangementskomiteen som
slepp å gjera alt siste veka.
Opplegget for mestermøte 30. juni er
klart
Søndag 30. juni 2002 arrangerar NMK Vikedal mestermøte
i rallycross og bilcross i høve 20 årsjubileet. Det er meininga
å samla dei beste på
Vestlandet i bilcross og dei beste i landet i rallycross for å
skapa eit spennande arrangement både for deltakerar og
publikum. Målet er at dette skal bli eit fast, årleg løp for
dei beste førerane innan bilsport. Les meir om det her
...
Ny teknisk kontroll hjå BTM i
Haugesund
Det blir ein ny sjanse til
å få kontrollert bilen hjå BTM Totalservice i Ørpetveitsveien
59 i Haugesund (Caravansenteret) den 1/4 (2. påskedag) kl.
12.00. Påmelding innan 29/3 til Bjørn Olaf Wiik på mob.tlf.
99160181eller e-post btm2talservice@yahoo.no.
Status på baneforholda 17. mars.
Søndag 17. mars var det
fortsatt snø over heile banen i Vikedal. Det er ikkje tjukke
laget som ligg, men det gjer at banen under ikkje får tørka
opp slik at det blir brukbare forhold. Dermed vert det
sannsynlegvis ingen kjøring på bilbanen før treninga laurdag
6. april. Praksiskjøringane til lisenskursa vert og kjørt
denne dagen. Om det vert starta treningar for motocross før den
tid er ikkje sikkert enno. Vi får håpa på tørt, fint vårvær
med litt vind framover slik at vi får fine forhold til trening
og løp.
Klubbløpet 17. mars utsett.
På grunn av baneforholda
vert det planlagte klubbløpet utsett inntil vidare. Som
tidlegare meldt er baneforholda dårlege, og veret dei siste par
vekene har ikkje betra dei. Om klubbløpet vert arrangert
seinare i vår eller til hausten er førebels ikkje avgjort.
Endeleg cup for bilcross
senior.
Bilgruppa har nå klart å
få til "Værsting cup" i bilcross. Dette er ein cup
over 4 løp, 2 i Bergen og 2 i Vikedal, for bilcross senior og
er eit samarbeid mellom NMK Bergen og NMK Vikedal. Ansvarleg for
opplegg og poengsamandrag er bilgruppa i NMK Vikedal v/Leif
Roald Bjelland. Reglane finn du her...
Eigne sider for første løpet
21. april.
Våren
nærmar seg med lysare tider og finare forhold for motorsport.
Sikre vårteikn som svarte parallelle strekar på asfalten er
alt meldt frå indre Tysvær. Sesongen opnar søndag 21. april
med 2. runde i Vestlandsmesterskapet i rallycross og 1. runde i
NMK Vikedal cup for rallycross nasjonal og bilcross jr.
Her
finn du meir opplysningar om det første løpet i år søndag
21.april.
Nye dreneringsrøyr kan skape
problem for klubbløpet og treningane framover.
I januar vart det lagt ned
nytt dreneringsrøyr frå parc fermè til elva. Dei store nedbørsmengdene
i rett i etterkant av dette, har skapt litt problemer. Massen som
ligg over røyrene er no svært ustabil, og ein kjem nesten
ikkje over med bil. I første omgang fører dette til at
praksisen til lisenskursa og treninga laurdag 2. mars blir
utsett. Avhengig av korleis veret vert framover (det er i dag
ca. 30 cm. snø) kan treninga 9. og klubbløpet 17. mars bli
utsett. Dei som har tenkt seg på trening dei neste vekene bør
ta kontakt med treningsansvarleg før dei tar turen til Vikedal.
Meir oppdatert informasjon kjem her på internett-sidene.
Bra frammøte på medlemsmøtet
i Haugesund.
I overkant av 30 personar
møtte fram til medlemsmøtet laurdag 16. feb. Det vart
orientert om aktiviteten i dei forskjellige gruppene. I
bilgruppa vert det jobba m.a. med ein bilcross-cup som skal gå
over 4 løp, 2 i Bergen og 2 i Vikedal. Det vert også jobba med
eit lotteri, rabattavtalar og sponsordag i september. Nærmare
informasjon kjem etterkvart som ting fell på plass.
Anleggskomiteen har mykje arbeid på blokka. Det vart lagt ned
ny dreneringsrøyr frå parc fermè til elva i januar pga. at
den gamle var tett. Nytt tak over sanitærbygget er no snart
klart, og det skal og lagast "curbs" i dommarsvingen.
Dette vil kreva ein del dugnad for at det ikkje skal bli for
dyrt, og det vert no sett på korleis ein kan få spre arbeidet
på flest mogleg av medlemmene. På litt lengre sikt vert det
arbeid med planar om eit nytt bygg som skal gi rom for kjøkken,
kiosk, opphaldsrom, sekretariat og lager. Planen er at me skal få
godkjent planane i løpet av året, slik at vi kan søkja om
tippemidlar neste år.
Litt motocross-info.
Bryn Rønnevik
arbeider med eit større samkjøp frå Crossenteret Snellingen,
hovudsakleg av mini-crosserar. Medlemmer
som har lyst til å nytta seg av fordelen med samkjøp(= lågare
pris) kan ta kontakt med Bryn på
tlf. 52-797134(a), 52-760300(p), mob. 977-06036 eller
e-post brynr@c2i.net.
Bryn er også ansvarleg for aktivitetsleiarkurs for barneidrett
(5-10 år). Andre som kan tenkja seg å bli aktivitetsleiar for
barn må kontakta han snarast.
Teknisk årskontroll for bil
Det blir arrangert 2 årskontrollar for bil i år. Vask bilen,
les boka og gjer det som er nødvendig for at bilen skal bli
godkjent FØR du møter til kontroll.
Haugesund:
Søndag 17. februar frå kl 12.00 hjå BTM -Totalservice, Ørpetveitsveien 59 i Haugesund (Caravansenteret).
Kontakt evt. Bjørn Olaf Wiik på 99160181 dersom du ikkje veit
kvar det er.
Sandeid:
Laurdag 23. februar kl. 10.00 - 14.00 hjå Suldal Billakkering.
Første utgåve av Grusspruten
i år
Første utgåve av Grusspruten er no på veg ut til alle
medlemmer. Dei som ikkje kan venta, kan lesa han her
...
Oppsettet for treningar for
bil er klart
Treningskomiteen er klar med oversikt over treningane i 1. halvår.
Treningane vert på laurdagar og onsdagar.
Tidspunkt: Laurdag 14.00-16.00 Påmelding
seinast kl. 13.30
Onsdag 17.00-19.00 Påmelding dagen før
til ansvarleg
Treningane vert tredelt, med fritrening ein bil omgongen,
starttrening med lys og bakkeløp med tidtaking. Treningsplanen
finn du under treningar i menyen.
Ope medlemsmøte med minimesse
16. februar
Det blir medlemsmøte laurdag 16. februar kl. 13.00 hjå Neumann
Bygg på Bakarøy i Haugesund. Lokalene opnar kl. 12.00 slik at
det vert rom for litt uformell prat før møtet startar. I tillegg vil Suldal Billakkering
og Haugaland MC visa fram litt av det dei har å tilby innan utstyr til
motorsport. Alle motorsportsinteresserte er hjarteleg velkomne.
Agenda:
- Ny
organisasjonsplan
Steinar/Svein Atle
- Info. vedr. planar om
nybygg
Styret
- Innspel til aktive og litt om internett
Svein Erik
- Kurs
2002
Tom Jøran
- Enkel servering
-
Dugnad
Øyvind
- Info. frå
MC-gruppa
Jan
- Info. frå
bilgruppa
Leif Roald
- Trening,
bil
Svein Bjarte
- Motordag/mestermøte
status Steinar
-
Eventuelt
Dag
NMK Vikedal cup i rallycross
nasjonal 2002.
Reglane for NMK Vikedal cup i rallycross nasjonal 2002 er no
klar. Dei er stort sett lik dei som var i fjor med 4 teljande
løp. Reglane finn du her
...
NMK Vikedal cup i bilcross junior 2002.
Reglane for NMK Vikedal cup i bilcross junior 2002 er no klar.
Dei er stort sett lik dei som var i fjor med 4 teljande løp.
Reglane finn du her
...
Lisenskurs for billøp.
Dersom du er interessert i å kjøra billøp kan du nå melda
deg på lisenskurs. NMK Vikedal arrangerer lisenskurs for
bilcross junior og hastighet. Meir informasjon om lisenskursa
finn du under Kurs i
menyen. Litt meir om krava for å kjøra billøp:
- Bilcross
junior.
Du kan starte med bilcross junior det året du fyller 16
år. For å kunne delta på treningar og løp må du gjennom
eit lisenskurs som består av både teori, teoriprøve og
praktisk køyring på bane.
- Bilcross
senior.
Du treng ikkje eige kurs for å køyra bilcross. Du må ha
førarkort og fylla ut eit søknadskjema som skal sendast
til Bilsportforbundet. Ta kontakt dersom du treng hjelp.
- Rallycross
/ asfalt / bakke (hastighet)
Konkurransekøyring med bil på rallycross-, asfaltbane
eller i bakke. For å kunne starte med rallycross / asfalt /
bakke må du ha førarkort, og i tillegg må du gjennom eit
kurs som består av både teori og praksis. Dersom du tar
teoridelen, og kan dokumentere at du har deltatt i seks
bilcrossløp, kan du òg løyse lisens.
Meir informasjon om lisensar og regelverk kan du finna på www.bilsport.no
(Norges Bilsportforbund)
|