40 aktive førerar på den første biltreninga

Heile 40 aktive stilte opp for å få bort litt rattrust på den første treninga for bil i flott vårvær i Vikedal. Her er mange bilder med kommentarar.


Mange nymalte og nokre nybygde bilar klar til start.


Det vart nesten fullt i depot av alle bilane.


Nye og gamle bilar i skjønn forening.



Sveinung Holten Leifsen er no gamal nok til å kjøra skikkelege løp og var på plass med sin BMW.


Håkon Tveit kjørte Golfen som søstera, Katrine, brukte i fjor.


Frå venstre skimtar me Daniel Holten (Volvo 240), Hallvard Finnvik (Toyota MR2), Thomas Nonslid (Audi 80) og Monica Pedersen (Ford Sierra)


Thomas Nonslid tok jr. lisens for 2 veker sidan og fekk god trening i sin Audi som han har kjøpt av Knut Håland.


Leif Egil Olsen skal delta i seniorklassen i år.


Daniel Holten har som mål å kvalifisera seg til ein ny Landsfinale for bilcross jr.


Frank Lie frå Sveio debuterte i nybygd BMW.


Lars Reidar Frøyland merka stor forskjell etter sine første rundar med oppgradert motor.


Bjørn Tore Toadalen hadde og sine første rundar med nyinnkjøpt Opel Ascona med Volvo B20 motor.


Debut var det og for Daniel Holten med nybygd Golf basert på deler frå Michael Seilen sin fjorårsbil.


Geir Harald Skeie fekk berre nokre få rundar med sin S40 før eit mellomaksel-kryss sa takk for seg.


Brødrene Eikeland, Lars Magne og Alfred, delte på å kjøra den svarte og grøne Golfen, men me er usikker på kven av dei som gjer seg klar her. I Volvo 340 set iallefall Morten M. Wiik, deretter Monica Pedersen i Sierra og Thomas Nonslid i Audi 80.


Kjersti Stuvik på veg ut fra start med sin Sierra. Dessverre hadde Kjersti tekniske problemer som øydela for tidkjøringa i kvalifiseringa til juniorlaget.


Thomas Nonslid fekk mange treningsrundar lørdag.


Trygve Hustvedt Lærdal er no gamal nok til å kjøra skikkelege løp med sin Volvo.


Sveinung Holten Leifsen satsar på ein god plassering i Vestlandsmesterskapet for BC jr. i år.


Glenn Olav Lothe hadde rydda plass i bryllupsplanlegginga til nokre rundar med sin Opel Kadett.


Sten Ole Lillemo klar til start med sin fargerike Sierra. Vidare ventar Reidar Skeie (Volvo 240), Hallvard Finnvik (Toyota MR2), Silje-Renèe W. Pedersen (Sierra) og Frank Lie (BMW) på klarsignal


Her skimtar me fronten på Volvo'en til Trygve Hustvedt Lærdal heilt til venstre, deretter Kennet Kaldheim (Volvo 740), Runar Vold (Ford Sierra) og Lars Ivar Øie (VW Golf)


Her står Silje Renèe W. Pedersen (Ford Sierra), Reidar Skeie (Volvo 240), Sten Ole Lillemo (Ford Sierra), Runar Bjelland (Ford Sierra) og Åge J. Nordskog (Opel Kadett) klar til start.


Sten Ole Lillemo fekk mange rundar i sin Sierra.


Reidar Skeie satsar sterkt med sin Volvo 240.


Lars Ivar Øie testa rekkverket, men slo heile sida inn i det, så skadane vart ikkje så store.


Nyoppussa rallycrossbilar på rekke og rad. F.v. Harry Aas i sonen, Frode, sin Volvo 240, Ernst Holten Leifsen i Focus, Bjørn Tore Toadalen i Ascona, Daniel Holten i Golf og Aleksander Skeie i Kadett.


Ernst Holten Leifsen fekk ein del rundar før girkassa ikkje ville vera heilt med lenger og han måtte gi seg.


Bjørn Tore Toadalen kjørte problemfritt heile dagen og såg ut til å trivast i Asconaen.


Håvard Helland testa crosskarten. Den skal han låna ut til Ingve Andrè Strand til han får sin nye crosskart levert. Sjølv skal Håvard kjøra Volvo 940 i supernasjonal klasse 3 i år.


Nok ein runde på Bjørn Tore Toadalen.


Aleksander Skeie fekk fleire gode plasseringar med sin Kadett i fjor. Litt camber-justering hadde kanskje gjort så dekkslitasjen mot skjermen vart litt mindre.