Reiser
til California med Norges Toppidrettsgymnas (NTG)
Erik
Skrunes har fått tilbod om å reisa med NTG og Roy
Snellingen på eit fem vekers langt treningsopphald til
California. Her skal han køyre
motocross nesten kvar dag. Samtidig skal dei utføre
ein del barmarks trening.
-
Dette er jo ei enorm fin oppkjøring før sesongen.
Sjølv om eg ikkje har forberedt meg på same måten
som dei andre ettersom eg kom seint inn i bildet med tanke på
denne turen, seier Erik Skrunes som gler seg til turen.
- Det koster jo ein del, men eg følte eg ikkje kunne
takke
nei til eit slikt tilbod.
Dei
skal bu saman med Italian Team som server dei med mat og syklar.
Litt om opplegget:
NTG utøverane får trent på alle dei klassiske
banane i syd California som Glen Helen, Perris, Lake Elsinore,
Race Town og Star West. Vidare trenar NTG på LA Fitness
som er eitt kjempestort treningssenter med svømmebasseng,
basketbanar, stor styrkesal osv osv.
Utøverane bur i eit hus nokre kilometer frå Lake
Elsinore motocross bane. Dette baneområdet har heile
åtte motocross baner. Dei får servert frokost lunsj
og middag. Syklene blir servet av teamet, så når vi
reiser om morgenen er syklane lessa opp og klare til kjøring.
Dette gjeld og på banen.
NTG har organisert det slik at utøverane kun fokuserer på
trening og skule.
Ein typisk dag for NTG er:
07:30: Frokost
08:00: Avreise banen
09:00: Motocross
11:30: Lunsj på banen
13:00: Heimreise
14:30-1700: Skule
17:30: Middag
19:00: Trening LA fitness
NTG skal og kjøre løp som Golden States Winther
series og Golden Cup. Anaheim og San Diego supercross står
og på programmet, men då som tilskuerar.
|