Klare for NM-opning

NMK Vikedal-førarane Geir Harald Skeie, Bjørn Magne Moland Enge, Ernst Holten Leifsen og Daniel Holten stiller alle til start under NM-opninga i rallycross på Melhus til helga.


NMK Vikedal førarane Daniel Holten ( t.v.), Geir Harald Skeie, Ernst Holten Leifsen og Bjørn Magne Moland Enge, stiller alle til start under NM-opninga på Melhus til helga.

For Geir Harald Skeie frå Sandeid er dette første NM-runden i supernasjonal, etter at han dei siste åra har hevda seg med sin Volvo S40 i Norgescupen i nasjonal.

- Bilen kom eigentleg frå supernasjonal då eg kjøpte den, og etter to sesongar i nasjonal er den altså no tilbake i supernasjonal, seier Geir Harald, som likevel peikar på dette som noko heilt nytt.

- Det blei sølv i nasjonal i 2007, men no er det berre å innstille seg på å starte heilt på nytt og ta det derifrå.

Ein annan som startar på nytt er Bjørn Magne Moland Enge, også han frå Sandeid. Supernasjonal køyrde han også i fjor med ein Volvo 240, men no ventar han på at ein heilt ny Citroen C4, som er under bygging hjå BMSport i Trondheim, skal bli klar.

- Faktisk den første Citroen C4 som er bygd for rallycross i Noreg, og sjølv om arbeidet med motoren er forseinka, har eg blitt lova at bilen skal vere klar til NM-opninga på Melhus, seier Bjørn Magne, som ut over det er mest spent.

- Dei som byggjer bilen meiner dette vil bli bra, men alt er uprøvd, så dette blir skikkeleg spennande.

To testløp
For Ernst Holten Leifsen og Daniel Holten, som begge køyrer for Holten Motorsport, er reidskapen velbrukt. Ernst stiller i ein Ford Focus, som dei har jobba med i mange år.

- Bilen bygde me i si tid opp frå botn av, men i løpet av dei siste par åra har den blitt oppdatert og tilpassa eit nytt reglement som gjer at den også kan køyrast i EM.

To testløp har det blitt på Ernst Holten Leifsen før NM-alvoret startar.

- Har kjørt Vestlandsmesterskapsrundane både i Bergen og i Vikedal. Eg er nøgd med bilen så langt, og no skal det bli spennande å sjå korleis det vil fungere i NM.

Også Daniel Holten har fått med seg to løp, før han no gjer seg klar til køyring under NM-runden. 17 åringen frå Vikedal køyrer i juniorklassen, som ikkje har NM-status, men som køyrer saman med NM-klassane. Etter at han i fjor fekk med seg ein del bilcrossløp i bilar med bakhjulstrekk, var han spent på korleis det ville bli i ein Golf med framhjulstrekk.

- Både i Bergen og i Vikedal syns eg det gjekk bra, og samanlikna med dei andre klassane gjekk det også ganske fort.

Han har så langt nemleg vore åleine i denne klassen på Vestlandet. På Melhus er åtte førarar påmeldt og han gler seg.

- Målet mitt å gjennomføre tre gode omgangar, så får me sjå etter det om det blir ein finale til slutt, avsluttar Daniel.