Satsar på finale

NMK Vikedal stiller med to førerar i årets landsfinale i bilcross i Aremark. Hallvard Finnvik var kvalifisert alt etter første vestlandsløpet i april, medan Per-Gaute Østbø kom med etter at reserveløpet i Vikedal i juni vart tatt inn i varmen.

Hallvard Finnvik (t.h.) er nykomaren av dei to som no tar turen frå Vestlandet for å forsvare NMK Vikedal sine fargar i Landsfinalen. Medan Per-Gaute Østbø har 26 år bak rattet i ein bilcrossbil, og har deltatt i fleire landsfinalar, er Hallvard Finnvik inne i sin tredje sesong i bilcross.

- Stort sett har det blitt C-finalar i dei løpa eg har kjørt, og det beste framfor denne sesongen var ein B-finale i fjor haust.

Under kvalifiseringsløpet i Bergen i april vart det imidlertid full klaff, og han vant alle sine innledningsheat, før han og tok finalen i like suveren stil. Bilen han kjører, ein Toyota MR2, er han veldig godt fornøgd med.

- Den har eg kjøpt på eit bilcrossløp, og sidan både den gamle eigaren og nok andre og ønskjer seg denne, har eg berre kjørt eitt løp med bilen etter at eg kvalifiserte meg i Bergen i april.

No får han hjelp av bror sin, Ivar, for å optimalisere bilen framfor dette viktige løpet.

- Vi skal bytte blokk, og finjustere litt, og reknar med å få ut rundt 170 hestar i Toyota Celica-motoren som står i bilen, seier han.

Hallvard reknar med at dette må til om han skal kunna hevde seg i det tøffe løpet han no skal ut i.

- Her er det veldig mange førerar med mykje meir erfaring enn meg, og skal eg i det heile tatt ha ein mulighet til å komme til ein finale må eg nok ha mykje flaks, i tillegg til at både bil og førar må vera i topp slag.

Brekka Motorbane, som Landsfinalen skal kjørast på, veit han lite om. 

- Dei sier at det skal være ein boblebane, og MR2´n er på ein måte ei boble, berre motoren står framfor og ikkje bak drivhjula. 


Hallvard Finnvik i tet med sin spesielle Toyota MR2.

Det er ingen tilfeldighet at Per-Gaute Østbø og stiller på startstreken i Aremark. Han er som regel fast A-finaleinventar når han deltek i bilcrossløp på Vestlandet. I Landsfinalen trur Per-Gaute likevel at det blir vanskeleg å nå ein finale.

- Har kjørt åtte landsfinalar og berre fått med meg ei finalekjøring, men eg synest det er moro å delta, og tar difor turen til Aremark for å få med meg dette.


Per-Gaute Østbø stiller til start i Aremark med sin velbrukte Opel Ascona.