Vanskeleg på Lyngås

Det som starta veldig godt på Lyngås Motorbane i den fjerde NM-runden i rallycross, utvikla seg til det verre for førarane frå NMK Vikedal. Ernst Holten Leifsen sin C-finale og 13. plass vart til slutt status for helga.

Både Ernst Holten Leifsen og Bjørn Magne Moland Enge var svært nøgde etter at dei hadde køyrt inn til ei tredje og fjerdetid på tidskøyringa.

- Me var veldig godt nøgde med det, seier dei begge, noko som etterkvart også skulle vise seg som det mest oppløftande helga gjennom.

For Bjørn Magne Moland Enge var det tilbake til dei motorproblema han hadde under den andre NM-runden i Kristiansand.

- Ja, gassen hengjer seg opp og bilen blir svært vanskeleg å køyre, og difor valde eg å ta det med ro utover i stemnet for ikkje å skade motoren.


Problemer med gass-overføringa lagde problemer for Bjørn Magne Moland Enge

For Ernst Holten Leifsen enda første omgangen med ei punktering.

- I andre fekk eg ein veldig god start og leia heatet mitt ned mot Schanchesvingen, men her var det mykje grus på asfalten, og sidan farten min var stor, mista eg kontrollen på bilen og snurra.

I tredje omgang gjekk det betre og han køyrde inn til ein sjuande tid, og var dermed klar for tredjesporet i C-finalen.

- Låg på andre i C-finalen, som måtte til om eg skulle kome opp i B, men då svikta framhjulsopphenget og eg måtte gi meg.

Dermed blei det ein 13 plass i løpet, medan han no ligg på ein sjuande plass i samandraget.


Ernst Holten Leifsen var på god veg til B-finale inntil ei opphengskule svikta og det vart stopp.

For Geir Harald Skeie blei det lite køyring. Etter at han hadde jobba med sporvalg på treninga og tidskjøringa, satsa han alt på eit godt resultat i første omgang.

- Tok starten i heatet, men tok nok litt for hardt i og etter ein runde gjekk eg rundt på taket og hamna i railen, seier ein litt mørbanka Geir Harald Skeie etter det som skjedde på Lyngås.

Daniel Holten, som så langt i år har vore suveren i rallycross junior, hadde heller ikkje lukka med seg i helga, og alt etter treninga var det nye problem med drivakslingane.

- Me fekk reparert dette til tredje omgang, men då dette svikta på nytt, var det sluttkjørt for meg denne gongen.


Navet/drivakslingen øydela for Daniel Holten denne helga.