Spenning til siste meter

Aldri har det vel vore så spanande i bilcross på Vikedal Motorbane som det blei på søndag. Ørjan Strand Eikeland vann både D, C og B-finalen og vart nummer fire i løpet. Likevel var det ikkje godt nok. Hallvard Finnvik som kunne utropast til Vestlandsmester.


Glade vinnarar på pallen. F.v. Frank Remi Fonnes, NMK Bergen, Ørjan Strand Eikeland, NMK Vikedal, Hallvard Finnvik, NMK Vikedal, Alexander Presttun, NMK Bergen, Trygve Hustvedt Lærdal, NMK Vikedal og Kenneth Johansen, NMK Vikedal.

- Hadde eg tatt tredjeplassen hadde eg tatt meisterskapen og, det er no litt fortærande, men eg fekk nå køyrt mykje, seier ein alltid like blid Ørjan Strand Eikeland, som fekk god hjelp av far sin Øyvind Eikeland, for å halde den luftkjølte bobla i gåande gjennom finalane.

- Papsen trudde ikkja at dette skulle gå an, men mellom finalane køyrde eg opp i depot og der stod han med to spyleslagar og kjølte ned motoren, seier han. Det var mellom NMK Vikedal-førarane Ørjan Strand Eikeland, Kenneth Johansen og Hallvard Finnvik at kampen stod, men ingen av dei hadde heilt dagen. Kenneth Johansen var etter innleiande klar for C- finale, medan Hallvard Finnvik ikkje var i finale i det heile, og enda på ei skuffande 46 plass i løpet.

- Eg hadde så absolutt ikkje dagen i bilen eg fekk låne av Reidar Skeie. Bilen var nok god nok, det var nok eg som svikta i dag.

Då finalane starta var han på plass i speakerbua saman med speaker Ole Sigve Leifsen, for å kommentere det heile.

- Eg greidde ikkje å seie så mykje då Ørjan var klar for A-finale, og måtte bli nummer tre

for å ta meg. Etter løpet gjekk det rykter om at eg hadde spent hol i golvbelegget i speakarbua og det kan godt hende, for dette blei spanande.

Det var eigentleg Kenneth Johansen som hadde den største sjansen på å slå Hallvard Finnvik samanlagt, men då Ørjan Strand Eikeland skaut ut som ein rakett i C-finalen, måtte også han gi tapt.

- Det var nok ein tjuvstart det, seier Kenneth Johansen, noko Ørjan Strand Eikeland ikkje vil nekte for.

- Ser ikkje vekk få at det var ein tjuvstart. Eg såg etter flagget, men då det ikkje kom var det berre å gi gass.

Dermed var Hallvard Finnvik mester, eitt fattig poeng føre Ørjan Strand Eikeland, som igjen hadde fem poeng å gå på til Kenneth Johansen.

Firdobbelt igjen
Ikkje nok med at NMK Vikedal tok dei tre første plassane i samandraget, for tredje gong denne hausten blei det firdobbelt til klubben.

- I dag har eg tenkt å vinne heile greia, var Hans Kristjan Kristjanson sin kommentar til speaker etter at han hadde vunne det første heatet sitt. Han gjekk vidare og vann også dei to siste omgangane og hadde 30 poeng. Det same hadde også Vidar Miljeteig og Per Gaute Østbø. Til slutt var det Vidar Miljeteig som drog det lengste strået, føre Østbø og Kristjanson, og altså Ørjan Strand Eikeland på fjerdeplass.  

Hustvedt Lærdal greidde det
I juniorklassen var det til slutt NMK Bergen-føraren Alexander Presttun som kunne kårast til mester, sjølv om heller ikkje han heilt hadde dagen.

- Eg fekk problem med drivakslingane, og hadde og ei punktering. Sjølv om det dermed berre blei ein 17 plass i løpet heldt det i samandraget, seier Presttun, som etter siger i dei tre første rundane i meisterskapen hadde nok poeng til at han slo Frank Remi Fonnes, også han NMK Bergen, med to poeng.

NMK Vikedal-føraren Trygve Hustvedt Lærdal greidde det han hadde sett seg føre i finaleløpet, nemleg å bli nummer tre samanlagt.

Etter at han vann sine to innleingsheat og blei nummer to i det tredje var han klar for A-finalen.

- I finalen blei eg pressa ut i første sving, og då eg seinare punkterte blei det ikkje heilt topp, seier Trygve, som likevel kom seg til mål og slo Ruben Stava, som han måtte for å bli nummer tre samanlagt.

Hustvedt Lærdal køyrer rallycross for Moland Racing Team frå Sandeid, som i tillegg til Bjørn Magne Moland Enge i rallycross, har fleire bilcrossbilar med i stallen.

- Eg har to bilar, og totalt disponerer me åtte bilcrossbilar.

Beste alternativen
Under lørdagens Vestlandsmesterskapsfinale i rallycross var det alt før finaleløpet klart at Daniel Holten og Ernst Holten Leifsen, begge NMK Vikedal, var meistrar i dei to minste klassane. Likevel var det spenning rundt ei utfordring som toar i inntil 2400 klassen, egersundaren Jonny Brådli, hadde kome før løpet. At denne gongen skulle han slå Ernst Holten Leifsen. Det greidde han ikkje.

- Blei nok litt stressa, for då eg kom i mål hadde eg gløymt alternativsporet.

Akkurat alternativsporet på Vikedal Motorbane har gitt både bilcrossen og rallycrossen ein ny dimisjon. Ernst Holten Leifsen prøvde det for første gang.

- Det beste alternativsporet eg har køyrt i Norge så langt, var hans kommentar etter at tredjeplassen var sikra.

Steinar Stokke NMK Bergen vann klassen føre Ørjan Lutsi NAF Gjesdal.

Samanlagt i Vestlandsmestarskapet var Steinar Stokke også på pallen. Han vart nummer to, mens Johny Brådli vart nummer tre.

Bjørn Magne Moland Enge var nervøs før han for første gong skulle vise seg fram i sin nye Citroen C4 for sponsorar og publikum på heimebane.
- Målet var å få gjort dette på ein skikkeleg måte, og då eg greidde å vinne både løpet og Vestlandsmesterskapet til slutt, er dette eit skikkeleg punktum for sesongen og inspirasjon til å satse vidare.


NMK Vikedal best i rallycross. Daniel Holten, Bjørn Magne Moland Enge og Ernst Holten Leifsen tok gullet.