Mange til finale i Vestlandsmesterskapet

Nesten 100 førarar er påmelde til søndagens avslutningsrunde i Vestlandsmesterkapet i bilcross. Lørdag går finalen for rallycrossførarane, og også her er det fyldige startfelt i dei to klassane.

I bilcrossklassen for seniorane blir det ein rein NMK Vikedal kamp om medaljane. Hallvard Finnvik har grepet om det heile, og har 11 og 14 poeng å gå på til Kenneth Johansen og Ørjan Strand Eikeland.

- Utgangspunktet er bra, men dette er mitt første år i toppen, så eg reknar med at dei andre har meir å gå på når det gjeld erfaring, er Hallvard Finnvik (t.h.) sin kommentar til dette.

- Vinn Kenneth, så må eg vere inne blant dei åtte beste, har me funne ut.

Likevel har Team Innante og Hallvard Finnvik ikkje tenkt å gje frå seg dette utan kamp, og broren Ivar er i full gong me å få meir hestar ut av motoren i Volvoen som dei har lånt av Reidar Skeie.

- Eg vil ikkje ut med effekten, men ting er bestilt i frå Sverige, så eg trur det skal gå unna.

Kenneth Johansen har eit meir avslappa forhold til det heile, sjølv om han som regel endar opp i ein A-finale.

- Trur eg har køyrt 15 A-finalar på rad no, og satsar på ein ny til helga, så får me ta det ut frå det.


Kenneth Johansen i sin Ford Escort.

Medan Halvard Finnvik vann den første runden i Vestlandsmesterskapet, er det Ørjan Strand Eikeland som har vunne dei to siste, i Vikedal i mai og i Bergen i september. Etter det vann han også det siste løpet på Vikedal Motorbane i september, og gjekk til topps i NMK Vikedal-cup 2009.

- Det har vore ein bra sesong, men etter løpet i september forsvann bilen til Bergen, så no er me i gong med å få orden på den eg kjørte med i vår, og som eg fekk problemer med i juni, seier 20 åringen frå Øvre Vats, som har vore med og dominert både i junior og seniorklassen. Nervøs er han ikkje.

- Nei, ikkje før fem sekundarsskiltet går.

I bilcross junior er det NMK Bergen-føraren Aleksander Presttun, Frank Remi Fonnes og Marius Bergfjord som ligg på dei tre første plassene. NMK Vikedal-føraren Trygve Hustvedt Lærdal (t.h.) har likevel ein mulighet til å blande seg inn i medaljekampen.

- Har fem poeng å hente inn på Marius Bergfjord, så eg vil heilt klart prøve på det, seier han, som håpar på tørt føre.

- Eg har to bilcrossbilar, og dersom det blir tørt skal eg bruke den med størst motor og då vil eg nok ha ein større sjanse.

 

Satsar på ny siger

I rallycross er Daniel Holten alt klar som Vestlandsmester i juniorklassen, etter at han har vore åleine i denne klassen gjennom sesongen. Før finalen i Vikedal har han difor vald å melde seg på i klassen inntil 2400 kubikk.

- Har gjort det for å få betre køyretrening, seier Daniel Holten, som også køyrer sitt siste løp med Golfen på Vikedal Motorbane.

- Bilen har eg lagt ut for sal, og planen er å stille med ein annan bil når sesongen startar opp igjen på Vikedal Motorbane i april.

Også i klassen inntil 2400 kubikk er det klart at tittelen går til Holten Motorsport. Ernst Holten Leifsen leiar me så mange poeng at ingen kan ta han igjen.

- Det blei klart etter runden i Klepp i september, og dermed har eg nådd eit av måla mine den sesongen, seier Holten Leifsen, som likevel køyrer for fullt i avslutningsløpet.

- På Klepp slo eg Johny Brådli med tre hundredeler, og på seierpallen etter løpet lova han at han skulle ta meg i Vikedal. Han har køyrt fleire løp på Vikedal Motorane enn eg har i år, men planen er å halda han bak meg også denne gongen.

Johny Brådli frå NMK Egersund ligg på plassen bak Holten Leifsen i samandraget, men altså utan mulighet til å slå han.

På dei neste plassane ligg NMK Bergen-førarane Runar Vedå, Steinar Stokke og Sigbjørn Hannisdal, og det er nok mellom desse og Johny Brådli kampen om sølvet og bronsen vil stå.

NMK Vikedal-føraren Arild Vik frå Fitjar kan ikkje gjere noko i samandraget, men på Vikedal Motorbane har han vore kongen i år.

- Eg har vunne alle dei tre rundane i NMK Vikedal Cup på banen, men verken i Bergen eller no sist på Klepp har eg fått det til og heng difor etter i Vestlandsmesterskapet.

Om han greier ein ny siger på lørdag er han ikkje sikker på.

- Køyrer heilt klart for det frå start, men det må nok bli litt fuktig om eg skal ha ein reell sjanse.


Søskenborna Ernst Holten Leifsen (t.v.) og Daniel Holten er klar til start for Holten Motorsport.

Ikkje utan kamp

I den største klassen er det heile meir ope, og gullet kan fort bli avgjort på målstreken.

- Slår eg Geir Harald Skeie så tar eg vel tittelen og, seier Bjørn Magne Moland Enge, som ikkje legg skjul på at det hadde vore ei fin avslutning på sesongen.

Han starta nemleg i år med ein flunkande ny Citroen C4, som han etterkvart har hatt ein god del problem med.

- Sist under Rallycross Norden der det var forestillinga som svikta, og med motorproblema tidlegare har det blitt litt i overkant.

No håpar han på ei fin avslutning på Vikedal Motorbane.

- Første gongen på heimebane med denne bilen, og i første omgang håpar eg på fint vêr og mykje folk, så skal eg prøve å gjere mitt på banen.


Bjørn Magne Moland Enge kan bli Vestlandsmester dersom han slår Geir Harald Skeie i finalen.

Geir Harald Skeie er klar over realitetane, og har ikkje tenkt å gi frå seg ein ny tittel utan kamp.

– Gler meg til dette og har tenkt å bite frå meg, seier Geir Harald, regjerande Vestlandsmester i klassen.


Geir Harald Skeie leiar den største klassen før finalen i sin Volvo S40.

Eirik Aasbøe ligg på andre plass før finalen, og saman med Håvard Helland vil han vere med å kjempe om ein medalje i årets mesterskap.