Ny god innsats i NM

Daniel Holten tok ein ny siger, Ernst Holten Leifsen fekk ein sjuande plass i ny bil, Bjørn Magne Moland Enge kom til C-finalen og Geir Harald Skeie viste framgang. God innsats av NMK Vikedal sine førarar i NM.

Daniel Holten, som køyrer juniorklassen, for førarar mellom 16-18 år, kunne igjen klarte til topps etter ein NM-runde. Men det starta med problem også denne gongen.

- Fekk problem med coilledningen i første omgang, men kom meg til mål og fekk eit tid, seier Daniel, om det som skjedde i Kristiansand.

Han fekk orden på coilen og vann dei neste omgangane, og hadde dermed det beste startsporet i A-finalen.

- I finalen hadde eg feil gir inne i starten, starta på tredjegir og kom ut som nummer to, men greidde å ta meg opp og inn til siger, seier ein svært nøgd Daniel Holten, etter at to sigrar er i hamn etter like mange køyrde NM-rundar.

For Ernst Holten Leifsen var det spennande korleis det skulle gå i ny bil. Han kom godt i gong.

- Etter ei fjerde og femtetid på lørdag var eg svært nær ein av dei fire plassane som går direkte til A-finale, forklarar Ernst Holten Leifsen, som likevel måtte nøye seg med bestesporet i B-finalen.

- Dei to beste frå B går vidare til A, men Steinar Stokke fekk ein svært god start og blei nummer to bak Jan Gabrielsen, og dermed blei det sjuande på meg, seier han, som er svært godt nøgd med dette. No blir det meir køyring med Escorten.

- No blir det Vestlandsmesterskap i Bergen til helga før det er ny NM-runde på Flisa om fjorten dagar.

Problem for Moland Enge

For Bjørn Magne Moland Enge blei det motorproblem i hans nye Citroen C4.

- Spjella i spellhusa låste seg, fekk ikkje regulert gasspådraget og kjørte med meir eller mindre fullt pådrag gjennom heile helga, seier ein fortvila Bjørn Magne etter kjøringa i Kristiansand. No står bilen igjen der nede.

- Ja, den står hos ein Tom Larsen som skal prøva å få orden på dette.

Sjølv med desse problema blei det C-finale på NMK Vikedal-føraren.

- Målsettinga var betre enn i første runde, og det greidde eg, og 12 plassen er eg godt nøgd med.

No er planen å få med seg rundane i Bergen til helga.

- Blir bilen klar og i orden igjen er det det som er planen.

Geir Harald Skeie kjempa om ein plass i C-finalen, men sjølv om det ikkje blei finale, er også han nøgd.

- Det er veldig jamnt i denne klassen og på tidskvalifiseringa var det nesten 15 førarar innanfor sekundet.

Denne gongen blei den ein 15 plass på Skeie, som dermed er innanfor målsetjinga si.

- Har som mål å vere blant dei 15 beste i kvart løp, og i tillegg få kjørt eit par finalar i løpet av NM-rundane, så dette ser bra ut.