Klart for motocross

Til helga er det motorsyklane som inntar Vikedal Motorbane. Det er klart for fjerde runde i Vestlandsmesterskapet i motocross.


Åsmund Holten (t.v), Johannes Westrheim Søyland og Atle Vormestrand er klar for motocrosskøyring på heimebane. Her saman med leiaren i motocrossgruppa i NMK Vikedal Kjell Vormestrand.

Dette er femte året på rad at det blir arrangert ein runde i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane, og løpet har blitt populært kan leiaren i motocrossgruppa, Kjell Vormestrand, fortelje.

- Dei siste åra har dette løpet vore det største i Vestlandsmesterskapet, og faktisk eit av dei største løpa i landet når det gjeld deltakarantal, seier han.

Over 200 deltakarar har kome til stemnet, og også i år ser det bra ut.

- Me nærmar oss 200 også i år, og reknar vel med å passere dette talet når alle påmeldingane er komne inn.

Gjennom dei fem åra det har blitt arrangert vestlandsmesterskapsrundar på Vikedal Motorbane har den 1100 meter lange motocrosstraseen gjennomgått store forbetringar.

- Det har vore før dette løpet at me har fått tatt oppgraderingar, og i år har me utvida startlangsida og i tillegg oppgradert knattecrossbanen, og no skal det bli spanande å sjå korleis dette kjem til å fungere.

Fleire frå NMK Vikedal
Motocrossen er i hovudsak delt inn i to klassar, knattecross og motocross.

- Det er høve til å starte med motocross frå ein er fem år, og dei første åra køyrer dei yngste knattecross på ein liten bane som er tilpassa eit begynnarnivå. Etterkvart som dei unge førarane blir betre, får dei lov til å køyre på den store motocrossbanen, seier Vormestrand, og legg til at konkurranse blir det ikkje før det året førarane fyller 11 år.

- Nei, for dei minste blir det ikkje laga resultatlister, og løpa som blir køyrd kallar me for oppvisning. Til helga blir desse klassane køyrd lørdag formiddag.


Andreas Sorteberg Vik (t.v.), May-Linn Berge og Kristian Berge køyrer alle knattecross i 6-8 års klassen.

NMK Vikedal har 11 førarar med i stemnet i helga, fire i knattecross og resten i motocrossklassane.

- I konkurranseklassane er det Åsmund Holten og Erik Skrunes som ligg best an i Vestlandsmesterskapet. Samanlagt ligg Åsmund på tredjeplass i MX 85 11-12 år medan Erik er nummer fire i MX 2, som er ein senior og NM klasse. No blir det spennande å sjå korleis det kan gå på heimebane, ein bane dei kjenner og som dei trenar mykje på, sluttar Kjell Vormestrand.