Nummer fem i finalen

Ernst Holten Leifsen køyrde inn til sin andre A-finale for året og blei til slutt nummer fem under NM-avslutninga i rallycross på Gardermoen. Bjørn Magne Moland Enge, Geir Harald Skeie og Daniel Holten greidde ikkje finalar.

For Ernst Holten Leifsen starta likevel finaleløpet med tekniske problem alt før første omgang på lørdag.
- Eg fekk ein lekkasje på slangen til clutchen og måtte ut med girkassen etter tidskjøringa, men det gjekk greitt å få det reparert.
Etter dei to første omgangane på lørdag låg han på fjerdeplass, og var igjen med i kampen om ein A-finale.
- Det er fire førarar som går direkte til A, og sjølv om eg hadde ei svært god tid også i tredje omgang, måtte eg ned ein plass, og måtte vegen om B-finalen som eg vann. Femteplassen til slutt er han nøgd med.
- Har køyrt fem NM-runder, vore i fire B-finalar og kome meg opp i to A-finalar og ein andreplass, så slik sett er eg nøgd med NM-sesongen, seier han, som dermed også kunne innkassere femteplassen i samandraget. No blir det to løp på Vestlandet før sesongen er over.
- Ja, no blir det Vestlandsmesterskapet, med ein runde på Klepp 27. september før finalen på Vikedal Motorbane 10. oktober.


Escorten til Ernst Holten Leifsen har vore driftsikker og god i år.

Bjørn Magne Moland Enge greidde ikkje å kvalifisere seg til finale på Gardermoen.
- I første omgang øydela eg forstillinga, og i andre måtte eg køyre på våt bane før det tørka opp igjen, så dei to omgangane på lørdagen gav ikkje noko positivt resultat.
Eit lyspunkt blei det likevel i tredjeomgangen på søndag då han køyrde inn til ei sjuande tid.
- Nøgd med den, men det hjelper lite når eg må ha to gode tider for å kome i ein finale.
Bilen fungerte likevel bra gjennom heile helga, og siste helga i september set Bjørn Magne igjen  kursen mot Austlandet og eit nytt statusløp.
– Ja, eg kjem til å køyre Rallycross Norden på Lyngås, så får me sjå då.


Den nye Citroenen til Bjørn Magne har hatt motorproblemer som har tatt fokus vekk frå kjøringa. Men no virkar den som den skal.

Etter at Daniel Holten så langt i år har deltatt i juniorklassen i rallycross, skulle han under NM-finalen på Gardermoen prøve seg i seniorklassen. Etter to omgangar på lørdag låg Daniel på ein 14. plass, og var inne blant finalistane. Men nok ein gong skulle han få tekniske problem.
- Eit motorfeste løsna og øydela ein slange til oljekjølaren og eg mista oljetrykket. Me fekk tak i ny motor, men den fekk me ikkje oljetrykk på, så det blei det ikkje noko meir køyring på meg, seier han, som likevel syns det var artig å køyre i seniorklassen.
- Merka at farten var høgare enn den eg var van med frå junior.
Daniel Hoten er begynt på skule i Sverige, og er ikkje heilt sikker på om han får med seg dei to siste rundane i Vestlandsmesterskapet.
- Nei, om eg kjem til å køyre dei to løpa veit eg ikkje enno, men me prøver å få klar Golfen slik at eg får med meg desse to løpa óg.


Daniel Holten i tet i eit av heata på Gardermoen.

Heller ikkje denne gongen vart det finale på Geir Harald Skeie, sjølv om han var inne blant dei 14. beste i tredje omgang.
- Eg vart nummer 22 i dei to første omgangane, og sjølv om eg greidde ei 13 tid i siste omgangen var ikkje dette godt nok til finalekøyring. Likevel viser det et det går an å kome seg oppover om alt klaffar, seier Geir Harald, som til slutt vart nummer 20 i løpet.


Geir Harald Skeie har ikkje nådd målet om finaleplass i år, men har ikkje vore langt unna.