Godt stemne på vått føre

Som elles i distriktet blei det vått også på Vikedal Motorbane i helga. NMK Vikedal gjennomførte likevel den fjerde runden i Vestlandsmesterskapet som planlagt.

- Det er klart at det å arrangere eit slikt løp når regnet stort sett pøsar ned heile tida, blir ei utfordring, seier leiar i motocrossgruppa i NMK Vikedal Kjell Vormestrand (t.h.), som likevel er nøgd med det som skjedde under dei rådande tilhøva.

- Saman me juryen valde me å korta ned heata på søndag, slik at me faktisk kunne avslutta stemnet rundt to timar før tidsskjema, noko eg trur alle var glade for, seier han.

Ombygginga av starten på motocrossbanen, og knattecrossbanen vart godt mottatt.

- Ja, dette fungerte bra, og me fekk gode tilbakemeldingar på den nesten nybygde knattecrossbanen.

Sjølv om det vart ein god del knall og fall på det etterkvart glatte føret, var det få skader.

- Me hadde ein førar som skada håndleddet og måtte på sjukehus, men utover det har me ikkje registrert skader.


Knall og fall i første sving for fleire av deltakarane i MX 85 kubikk 11-12 år.

Best på heimebane
Trass i at dei blei vått vart det vist mykje fin køyring, og det såg ut til at dei unge førarane treivst på det krevjande underlaget. Joakim Rønnevik og Åsmund Holten, begge frå Vikedal, kunne notere seg for årsbeste. Åsmund blei nummer tre og kunne for første gong i år klatre opp på pallen etter lørdagens kjøring i MX 85 kubikk 11-12 år.

- Eg var uheldig i begge startane og fekk stopp, men eg greidde å henta inn konkurrentane og fekk ein tredje og ein fjerde plass i dei to heata.


Åsmund Holten på sin Kawasaki KX85

Joakim Rønnevik kjørte sin klasse MX 85 kubikk 13-15 år på søndag, då forholda på banen kanskje var endå vanskelegare.

- Det gjekk fint med meg og eg syns at banen var grei å køyre på.

Med 26 deltakarar frå heile Vestlandet i klassen var Joakim nøgd med å kome inn blant dei 15 beste.

- Fjortandeplassen er det beste resultatet eg har hatt i år.


Åsmund Holten ( t.v ) og Joakim Rønnevik frå NMK Vikedal kunne notere seg for årsbeste på Vikedal Motorbane.

Vann to gonger
Erlend Klingsheim frå Elgane Motorsykkelklubb vann både junior og seniorklassen, og hadde dermed full klaff på Vikedal Motorbane.


Erlend Klingsheim vann både junior og seniorklassen i MX 2.

- Eg er godt nøgd med det som skjedde i helga, og at eg no har gått opp i leiinga i meisterskapen både i junior og seniorklassen, seier Erlend Klingsheim som syns det gjekk greitt på Vikedal Motorbane.

- Banen er ganske enkel, og bortsett frå to dårlege startar gjekk det greitt.

Erlend Klingsheim køyrer også NM i juniorklassen og ligg på ein sjetteplass her. Til helga køyrer han finalen i NM og i september går finalen i Vestlandsmestereskapet på Stord.

- Om eg greier å vinne begge klassane i Vestlandsmesterskapet er eg ikkje sikker på, Marius Ripel Jensen og Alexander Aasheim slo meg i to av omgangane i Vikedal så det blir nok spennande heilt til slutt.


Erlend Klingsheim flankert av Alexander Aasheim Bømlo Motorsportklubb (t.v.) og Anders Orstad Elgane Motorsykkelklubb, var dei 3 beste i MX2.