Arild Vik og Eirik Aasbøe i B-finalane på Eikås

2 av 3 deltakerar frå NMK Vikedal i finalane i Norgesc
uprunden på Eikås ved Bergen sist lørdag. Arild Vik vart nr. 9 i RCN inntil 2400 ccm og Eirik Aasbøe nr. 8 i RCN over 2400 ccm.

Alt regnet før løpet gjorde banen glatt og vanskeleg, men det tørka litt opp utover dagen. Det opna godt for Arild Vik og hans Volvo 240 med heatsiger i første omgong framfor Børre Håkelia frå NMK Trøgstad, som seinare vann klassen. Tida heldt til ein femteplass i første omgong. Dermed starta han saman med Frode Leirhol som hadde klar bestetid og Tom Engh i andre omgong. Begge desse vart han klart slått av, og det vart berre 10. bestetid. Sidan det tørka delvis opp, valde Arild å bytta til nye dekk før 3. omgong. Det viste seg å vera ei feilvurdering, og tida heldt berre til 14. bestetid. Men plasseringane frå 1. og 2. omgong var nok til å sikra 4. startspor i B-finalen. Her vart Arild nr. 5 og dermed nr. 9 av dei 29 deltakerane i klassen, noko han er godt nøgd med så lenge han ikkje har tid til å kjøra så mange løp.


Arild Vik i sin Volvo 240 EVO

I tillegg til Arild Vik deltok Aleksander Skeie i denne klassen. Han hadde bytta motor i den ny-innkjøpte Volvo 240'en, og treng nok litt tid før overgongen frå framhjulstrekk til bakhjulstrekk set heilt. Men han skrytte av den nye motoren etter løpet.
        I klassen over 2400 ccm var Eirik Aasbøe einaste deltakar frå NMK Vikedal. BMW'en hans fungerte fint heile dagen og han kjørte inn til sjettetid i dei to første omgongane. I 3. omgong vart det åttendetid, og dette gav 4. startspor i B-finalen. Der hadde han ein kamp med Roger Kalstad ut frå start og vart hekta av litt i kampen om teten, men kjørte inn til 4. plass og 8. plass totalt. Dermed rykka han opp til 15. plass i samandraget, sjølv om han berre har kjørt 2 av dei 4 rundane.


Eirik Aasbøe i sin BMW M3

Joakim B. Hansen, som var påmeldt i sin NSU, fekk problemer med motoren og måtte melde avbud.