Til topps i debuten

Daniel Holten gjekk heilt til topps i juniorklassen under NM-opninga på Melhus i helga. Ernst Holten Leifsen blei nummer 10 i sin klasse, medan Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie ikkje greidde finalar.

Den mest nøgde av NMK Vikedal-førarane etter at NM-sesongen no er i gong, er nok Daniel Holten som i sin Golf fekk ei skikkeleg pangstart på Melhus i helga. Juniorklassen som han køyrer, for førarar mellom 16 – 18 år, er ikkje NM-runde, men køyrer saman med NM-klassane i supernasjonal.

På tidskvalifiseringa på lørdag greidde han bestetid.

- Ja, det starta godt, men i første omgang gjekk eg rundt og fekk store skader på hjulopphenget.

Dermed såg det stygt ut med vidare deltaking i stemnet.

- Ved hjelp å lånte deler fekk me bilen klar til andre omgang, og der fekk eg ei tredjetid.

Til søndagens tredje omgang fekk Holten Motorsport-teamet retta opp meir på bilen, det vart ei andre tid og dermed tredjesporet i finalen.

- Eg kom ut bak Glenn Haug som tok starten, men han snurra og eg kunne ta meg forbi, fortel Daniel, som deretter kjørte det han klarte for å få ei luke til konkurrentane.

- Eg greidde å få avstand til dei andre, og kunne køyre innom alternativsporet og halde på leiinga gjennom den.

For Ernst Holten Leifsen starta det også bra.

- Ja, eg fekk ei sjettetid i første omgang, og låg også bra an i andre omgang, heilt til den siste målsvingen der er gjekk opp på to hjul og over på taket, seier Holten Leifsen, som kunne konstatere at det var store skader på bilen.

- Det gjekk bra med meg, men bilen er nok så mykje øydelagd at den ikkje kjem på banen igjen i år, og skal det bli vidare køyring i NM denne sesongen må me nok sjå på andre alternativ.

Sjølv om det ikkje blei noko finalekøyring står Ernst Holten Leifsen bokført med ein tiande plass i NM etter første runde.

Nøgd med nyebilen
Bjørn Magne Moland Enge var spent på korleis det ville bli i den Citroen C4 som han har fått bygt for rallycross. Han var godt nøgd etter løpet.

- Som eg sa på førehand er dette noko heilt nytt for meg, og eg har sagt at denne sesongen skal eg bruke på å køyre meg inn på bilen, men allereie etter dei rundane eg køyrde i helga føler eg at eg har betre tak på denne bilen enn det eg hadde på Volvoen som eg køyrde med i to år, seier Bjørn Magne, som ikkje kom til nokon finale med den nye bilen.

- Ikkje noko mål heller for så vidt, men til neste løp får eg den motoren eg eigentleg skal ha, og med litt meir krefter kan kanskje det bli ei erfaring etterkvart.

Heller ikkje Geir Harald Skeie kom seg til finale, og han hadde ein del plynder med sin Volvo S40 gjennom helga.

- Ja, me hadde litt småproblem og fekk ikkje køyrt andre omgang på grunn av dette.

Geir Harald var overraska over det store tempoet i supernasjonal i høve til det han var van med frå nasjonal klasse.

- Her er det ikkje rom for å gjere feil, men i tredje omgang då eg verkeleg fekk opp farten, og hadde heng på Stian Haugan, kom det ein ny feil og eg snurra, og dermed blei det ikkje nokon finale denne gongen.