Årets høgdepunkt på Vikedal Motorbane

Todagarscrossen i juni er høgdepunktet for billøpa på Vikedal Motorbane. Denne gongen deler klubben også ut premiepenger til dei beste.

-Under løpet i april blei det seksdobbel seier til førarane frå NMK Vikedal, og for at dei skal få større konkurranse har me føre dette løpet lova ut kr 28.000 til saman i premiepenger til dei beste både i senior og junior, seier leiar i NMK Vikedal Glenn Olav Lothe (bilde til høgre), som sjølv er bilcrossførar.

No ser det ut til at klubben får igjen for denne satsinga

- Ei veke før løpet rundar me snart 30 i bilcross junior, noko som er rekord, og også i seniorklassen er påmeldinga god, så dette ser bra ut.

Vikedal Motorbane har blitt oppgradert med ny kiosk og klubbhus, og dei siste par åra er det investert for rundt 500.000 kroner i nytt autovern.

- Ja, me har gjort store oppgraderingar på Vikedal Motorbane den siste tida, både for førarar og publikum, og når desse stiller opp og gir oss auka inntekter ønskjer me å gi noko tilbake både til publikum og dei aktive,

Det siste som er på plass er eit nytt alternativspor.

- I løpet av eit heat skal alle førarane innom eit alternativt spor. Me har jobba i fleire år for å finne ei god løysing på dette, og til dette løpet er eit nytt alternativspor på plass, som me er spent på korleis vil fungere og bli tatt i mot av førarane.

Seksdobbelt
Løpet til helga er andre runde i NMK Vikedal sin eigen cup, og i bilcrossklassen vart det altså seksdobbel siger til NMK Vikedal i den første runden som gjekk på Vikedal Motorbane første helga i mai. Ørjan Strand Eikeland vann føre Hallvard Finnvik, Leif Egil Olsen, Kenneth Johansen, Ivar Finnvik og Kristoffer K. Bjelland. Ørjan Strand Eikeland er klar igjen.

- Ja, no er det berre nokre småting med klargjering av dekk som må på plass for at me kan stille til start.

Før Ørjan starta med bilcross i juniorklassen for fem år sidan, var faren Øyvind Eikeland ein profil i bilsportmiljøet på Vestlandet. No er han tilbake.

- Ja, pappa skal køyre bobla som eg kjørte med i fjor, så då skal det bli moro å sjå om me får nokre fightar, sluttar Ørjan Strand Eikeland.


Ørjan Strand Eikeland i tet framfor Ivar Finnvik i A-finalen i mailøpet.

I utfordrarposisjon
I bilcross junior gjekk det ikkje like bra for førarane frå arrangørklubben i mai, og det vart ein rein NMK Bergen-pall. Aleksander Presttun vann, føre Frank Remi Fonnes og Marius Bergfjord. Trygve Hustvedt Lærdal var den einaste NMK Vikedal-føraren som kvalifiserte seg til A-finalen, og enda til slutt på ein sjette plass. Han er på skuletur og køyrer ikkje dette løpet, og dermed kan det bli Catrine Mæland og Thomas Nonslid som må forsvare NMK Vikedal sine fargar denne gongen. Dei blei nummer sju og åtte i mailøpet.

Mykje køyring
I rallycross var det fitjarbuane Arild Vik og Håvard Helland som vart best av NMK Vikedal-førarane sist. Arild Vik vart nummer to bak Steinar Stokke i klassen inntil 2400 kubikk, medan Håvard Helland vann den store klassen. For Arild Vik blir det vidare testing av den nye bilen som han debuterte med i mai.

- Den fungerte overraskande bra frå første sving, og det er ikkje mykje me har gjort med den før dette løpet, seier Arild Vik som har planar om å teste vidare på bilen.
- Det som blir bra denne gongen er at me får køyrt mykje, fem omgangar og ein finale i tillegg, om me greier å kvalifisere oss til den.