Status pr. søndag 13. desember
Sidan det er vanskeleg å få tatt bilder i mørkret i vekedagane,
måtte me ta ein tur opp søndag 13. desember for å sjekka
statusen. Ryktene sa at utvidingane var klar og asfalteringa
godt i gong. Det er viktig å få ferdig asfalteringa før frosten
evt. kjem.
Bilda vart tatt rett før det mørkna rundt kl. 15.30, så difor
vart dei litt fargelause.
Heilt opp hit og nedover resten av startplata vil det bli lagt
ny asfalt. Skøyten kjem dermed ovanfor den vesle hola som har
gjort svingen ekstra spennande for ein del og kostbar for nokre
få.
Nedkjøringa til startplata vert flytta litt lengre bak slik at
det skal bli litt enklare å stilla opp på start. Det vil og bli
asfaltert heilt bak til muren som de ser.
Grusparti til venstre for den nylagde asfalten er den auka
bredden på startplata.
Det vert påstått at enkelte har klatra på kurbsen i innersving i
startsvingen pga. plassmangel. For å unngå dette vil inngongen
bli utvida litt og kurbsen forlenga tilbake mot start og
sandfella. Dermed håpar ein at det skal bli plass til alle rundt
første sving.
I heile målsvingen er den gamle kurbsen fjerna og innersvingen
utvida. Det vil bli laga ny kurbs på innsida av den nye asfalten
og posten må nok og flyttast litt lenger vekk frå banen.
Her ser me inngongen til målsvingen sett frå andre sida med
inngongen til alternativsporet til høgre (bak betongelementa)
Her eit bilde tatt nesten på målstreken der ein ser utvidinga av
målsvingen. Den gamle asfalten er skoren, så me er litt usikre
på om all den nye asfalten er utviding.
|