Bilder frå NM-runden for supernasjonal i Melhus 23-24/5

4 deltakerar frå Vikedal viste verkeleg igjen på Melhus i første NM-runden. Resultatmessig vart sjølvsagt Daniel best som vann Rallycross Junior. Ernst Holten Leifsen vart nr. 10 i klasse 2, medan Bjørn Magne Moland Enge vart nr. 19 og Geir Harald nr. 23 i klasse 3.


Daniel i tet i A-finalen framfor Martin Kjær, NMK Larvik, som vart nr. 2.


Ernst i Focus før den fatale rundvelten på målstreken i andre omgong.


Slik såg restene av Focus'en ut etterpå. Både golv og rammevangar var skeive, så det vil nok ta tid å få den på banen igjen, om det kjem tilbake.


Bjørn Magne godt med i starten i 1. omgong.


Flyten i kjøringa vart betre og betre for kvar runde.


Bjørn Magne er klar til start i 3. omgong.



Geir Harald er klar til start i 3. omgong.


Geir Harald hang godt med Stian Haugan i 3. omgong, men ein snurring ut av banen kosta mange sekundar.