Nyheter frå 2003:

Løp i 2003:                                                                                         Sist oppdatert 18.12.2003
  26.-27. april:  Bakkeløp/Rallycross (2.-3. runde i VM)
 
10. mai:   Klubbløp i bilcross                                                    Cupar 2003:
  7.-8. juni: Bilcross og rallycross nasj.                                 NMK Vikedal cup - Reglar
  28. juni:   Motormarked                                                    NMK Vikedal cup - Sluttstilling
  29. juni:   Klubbløp i bilcross og RCN                              Værsting cup i bilcross -Reglar
  17. august:  Bilcross                                                     Værsting cup i bilcross -Sluttstilling
  20.-21. sept.: Bakkeløp/Rallycross (7.-8. runde i VM)                VM - heimeside  
12. okt.: Bilcross og rallycross nasj.                                      

Nyheter frå 
tidlegare sesongar:
2001

2002

Samarbeidspartnerar


Surt vær, men effektiv dugnad
Første dugnaden for nytt kjøkken og kiosk gjekk i svært surt vær med kraftig nedbør frå morgonen av. Heldigvis letta det noko utover dagen, og det var også ein periode med god varme lokalt på motorbanen. Arbeidet gjekk raskt og effektivt, slik at det meste var gjort når maten kom.

 
Kl. 12.15 Brakkene tømt og taket revet.     Kl. 14.30 Glødane rester av brakkene

-- Les meir og sjå fleire action-bilder --

Dugnad laurdag 29. november kl. 09.00
Skal vi ha klart nytt kjøkken og kiosk til første løpet neste år må ting skje raskt. Første dugnaden vert allereie laurdag 29. november. Oppgåvene blir å tøma brakkene nærmast vegen (kjøkken og kioskbrakkene) for utstyr, demontera takplatene, kobla frå straum og vatn og klargjera for riving/brenning. Aktuelt verktøy er elektrisk skrutrekkjar m/pipe, brekkjern, motorsag m/velbrukt kjede og filer, hammar og sag. Det vil bli matservering midt på dagen. Nærmare informasjon ved leiar i anleggskomiteen, Steinar Høyvik, tlf. 52777138 eller 90061073.

Alt for få medlemmer på årsmøtet
Berre 26 av over 150 medlemmer hadde funne vegen til årsmøtet som vart halde i Røde Kors-huset i Haugesund. Årsmøtet vart ellers greitt avvikla. Det som skapte mest debatt var kor ein skal plassera eit nytt kiosk-/klubblokale. Til slutt vart det valgt ein byggekomite som i samarbeid med hovedstyret får ansvar for å plassera bygget. I første omgang planlegg ein å setja opp 4 brakker med kjøkken/kiosk og lager. Ellers takka Steinar Høyvik av som leiar, men han flyttar i staden inn som leiar i anleggskomiteen og fortset i styret som nestleiar. Tom Jøran Johnsen bytte ut nestleiarvervet og vart leiar i klubben for 2004.
-- Årsmelding 2003 (pdf-format) --
-- Referat frå årsmøtet (pdf-format) --

Ole Vidar Helland nr. 3 i Vestlandsmesterskapet 2003
Etter god kjøring og 4. plass i avslutningsrunden sikra Ole Vidar Helland seg 3. plass i Vestlandsmesterskapet 2003. Det har vore eit av måla hans etter ulykka på Gjøvik i 2001 der han brakk ryggen. Eldstesonen, Nils Arve, sikra seg andreplassen i VM i runden i Vikedal bak Øyvind Eikeland. Den andre sonen til Ole Vidar, Håvard, låg lenge an til å sikra seg 3. plassen i VM, men etter at han sklei ut i ein sving og måtte sleppa alle framfor seg i finalen, gjekk 4. plassen i løpet og 3. plass samanlagt til Ole Vidar.
-- Les pressemeldinga frå VM om Ole Vidar --

Ernst Holten Leifsen vestlandsmester med same poengsum som Rune Lutsi
Det vart svært spennande då avslutningsrunden i Vestlandsmesterskapet gjekk på Eikås ved Bergen 18. oktober. Etter at Rune Lutsi gjekk til topps og Ernst Holten Leifsen vart nr. 4 i finaleløpet, måtte Tore Rønneberg rekna fleire gonger for å vera sikker på at rett mann vart utropt til vestlandsmester i nasjonal inntil 2400 ccm. Begge fekk nemleg same poengsum, og det vart antall seierar som vart avgjerande. Det var Ernst som har vunne flest, og dermed nådde han målsetjinga om å vinna VM i år, medan Rune tapte på målstreken.
      Ellers var det svært skuffande at det berre var 5 deltakerar frå NMK Vikedal som tok turen til Bergen og avslutningsrunden i VM 2003.
-- Les pressemeldinga frå VM --

Resultata frå løpet 12.oktober og NMK Vikedal cup
Den komplette resultatlista for løpet 12. oktober er no lagt ut. Det same er sluttstillinga i NMK Vikedal cup 2003.
-- Resultater frå løpet 12. oktober --
-- Sluttstillinga i NMK Vikedal cup 2004 --

Årsmøtet blir 8. november i Haugesund
Sett av laurdag 8 november til årsmøtet i NMK Vikedal. Nærmare info. kan ein få ved å kontakta Steinar Høyvik eller følgja med på sida her i neste veke.

Bilcrossbilen vunnen av leiaren i MC-gruppa
Det var leiaren i MC-gruppa som vart den heldige vinnaren av ein bilcross-bil i NMK Vikedal sitt lotteri som vart trekt på sesongavslutninga. Om det gjer at han går over i bilgruppa er vel heller tvilsomt. Etterom web-masteren er på langtur, kjem resten av vinnerane i lotteriet og fullstendig resultatlister for løpet og NMK Vikedal cup først i neste veke. 

Finalen i Vestlandsmesterskapet
Vi håpar flest mogleg tar turen til Bergen laurdag 18. nov. og hyllar iallefall Øyvind Eikeland som Vestlandsmester i nasjonal over 2400 ccm. Nils Arve Helland har hand om 2. plassen, medan far Ole Vidar og bror Håvard sloss om 3. plassen i denne klassen hvis ikkje Øyvind Tveit eller Roger Kalstad har alle marginar på si side. Ernst Holten Leifsen har og gode muligheter til å vinna i nasjonal inntil 2400 ccm, men Rune Lutsi har ein mulighet til å ta han igjen. Dermed dominerer NMK Vikedal i rallycross nasjonal klassane. I supernasjonal skal Svein Bjarte Holten sikra seg 3. plass i klassen inntil 200 ccm. For å ta 2. plass skal han ha maksimal flaks, medan førsteplassen er uoppnåeleg slik stillinga er. 

Vinnerane i NMK Vikedal cup

Foto: holtenmedia

Sjølv om favorittane i NMK Vikedal Cup til slutt gjekk til topps på Vikedal Motorbane på søndag var det spenning heilt fram til finalen før Rune Lutsi og Ørjan Vikedal kunne utropast som meistrar for 2003. Etter at dei begge også gjekk heilt til topps i søndagens løp.
-- Les pressemeldinga her --

God påmelding til finalen i NMK Vikedal cup
Det er mange påmeldte til finalen i NMK Vikedal cup for bilcross junior og rallcross nasjonal. Dei som ikkje har sendt påmeldinga no, må vera forberedt på å betale etteranmeldingsgebyr.

Planlagde bil-løp til neste år
Til fristen 1. september melde NMK Vikedal inn desse løpa for neste år:
17. april      Bakkeløp       Vikedal Motorbane
18. april      RC/BC jr.       Vikedal Motorbane
12.-13. juni RCN/BC         Vikedal Motorbane (søkt om kval.løp til landsfinalen)
15. august  BC                 Vikedal Motorbane (klubbløp?)
19. sept.    RC/BC            Vikedal Motorbane
10. okt.      Bakkeløp         Frakkagjerd Industriområde (både BC og RC)

Dei som har sterke meiningar om dette kan kontakta bilgruppa v/Johannes Holten Leifsen før måndag 29. sept. for diskusjon.

Pressemelding:
Tøff kamp om poenga

Sjølv om Øyvind Eikeland alt har avgjort at han blir Vestlandsmester i den største nasjonalklassen, er ingenting avgjort i dei andre klassane. Knut-Erik Ludvigsen og Morten Hagen har føringa i supernasjonal, medan Ernst Holten Leifsen er i tet i minste nasjonal.
-- Les meir --

Øyvind Eikeland klar som Vestlandsmester
Øyvind Eikeland er allereie klar som Vestlandsmester i rallycross nasjonal over 2400 ccm. Nils Arve Helland er også klar på andreplass i same klassen.
I klassen under 2400 leiar fortsatt Ernst Holten Leifsen, men Rune Lutsi nærmar seg, og det vert ein tett kamp på sista løpet i Bergen 18. oktober. I supernasjonal er det Morten Hagen som ligg best til i den største klassen og Knut Erik Ludvigsen i den minste klassen, men ingenting er avgjort.

-- Resultatene frå rallycrossløpet --
-- Stillinga i VM for rallycross nasjonal --
-- Stillinga i VM for supernasjonal --

Fleire styrka stillinga si i VM med resultata i bakkeløpet
Det var fleire som styrkja sine sjansar til samanlagtsiger i VM etter bakkeløpet i dag. Både Ernst Holten Leifsen (RCN i/2400), Knut Erik Ludvigsen (SN i/2000) og Morten Hagen (SN o/2000) auka leiinga si i VM etter at dei vann sine klassar i bakkeløpet i Vikedal i dag. Ingenting er likevel avgjort, men om resultata blir som enkelte av dei ynskjer i morgen, kan kanskje enkelte slå fast at dei blir Vestlandsmestrar i år. I RCN o/2400 var det Nils Arve Helland som vann etter sterk kjøring i prefinalen. Øyvind Eikeland vart nr. 3, noko som gav han sigeren i bakkeløpscupen i VM. Knut Erik Ludvigsen kom berre 0,25 poeng bak og Rune Lutsi var berre 0,25 poeng bak han igjen, så her var det tett.

-- Resultatene i bakkeløpet --

Det ser ut til å bli fyldige og gode startfelt til helga
Alt ligg tilrette for spennande duellar til helga med totalt 44 deltakerar. Nokre av dei beste førerane frå Sørlandet tar turen til Vikedal for å visa vestlendingane kven som er best. I tillegg kjem det eit par austlendingar med Stian Haugan (bildet til høgre) i spissen som nok heller ikkje har tenkt å gi ved dørene. Då gjeld det berre å kryssa fingrane for opphaldsver og fine forhold for alle partar. Følg linkane over til dei føreløpige startlistene.

Siste nytt: Morten Hagen stiller og til start i store supernasjonalklassen.

NMK Vikedal gratulerer Eivind Nevland med seieren på Lyngås.
-- Les meir på Motorsportavisen --

Informasjonssida for VM-rundane 20-21/9 er klar
Tilleggsreglar, invitasjon, foreløpig startlister og anna informasjon er nå lagt ut på sida for løpa 20-21/9 er no lagt ut. Følg linken i lista over eller under.
-- Les meir --

Sluttstillinga i Værsting Cup i bilcross etter finalen 17. august
Resultata frå 17. august

NMK Vikedal gratulerer Jostein og Gisle Morten
NMK Vikedal gratulerer Jostein Skjerve, NMK Bergen, med seieren i NM-runden i rallycross på Flisa og Gisle Morten Hetland, NAF MS Gjesdal, med åttendeplass i landsfinalen for bilcross i Uvdal.
      Tommy Bakkerud, KNA Bergen, vart nr. 3 i sin klasse på Flisa, medan Knut Erik Ludvigsen vart nr. 6 og Åge Bakkerud nr. 7, begge frå NMK Bergen.
-- Les meir om NM-runden på Motorsportavisen --
-- Les meir om landsfinalen på bilcross.no --
(sjekk logoen for bilcross-kavalkaden med det samme. Nokon som kjenner seg igjen?)

Knattecross:
Barnas Dag på Helganes søndag 31. august 2003

Karmøy MAU inviterer alle knattecrosskjørere til Barnas Dag på Helganes Motorsportsenter søndag 31. august 2003. Vi vil arrangere løp for alle klasser (inkludert 4-hjulinger) fra 50ccm laveffekt opp til og med 85ccm. Interesserte må melde seg på til Espen S. Westre på esw@knutsenoas.com, eller 52704084 innen torsdag 28. aug. (husk fullt navn og type sykkel). I tillegg vil det bli servert grillpølser og brus til barna, og de voksne kan få seg en kopp kaffe og noe å bite i. Da vi har begrensninger på antall påmeldte, ber vi folk om å melde seg på snarest! Her blir det kamp om plassene!
PS! Husk å ta med skikkelig sikkerhetsutstyr! Og til alle Minicrossere: Den som kjører mest blir BEST!!

Pressemelding: Såg avgjerda i speilet 
Ikkje uventa var det i bilcross juniorklassen at spenninga var størst då NMK Vikedal arrangerte finalen i Værstingcup 2003 på søndag. Då Morten Lavik gjekk på taket i finalen var det Ørjan H. Vikedal som kunne utropast til vinnar i cupen for juniorane. Bjørn-Arve Hjelmås frå NMK Bergen vann seniorklassen samanlagt.

--Les heile pressemeldinga frå Holtenmedia --

Vikedal og Hjelmås til topps i Værsting cup 
Ørjan H. Vikedal og Bjørn Arve Hjelmås gjekk til topps i Værsting cup 2003 etter ein dramatisk dag på Vikedal Motorbane søndag.
      Det var i junior-klassen det vart mest dramatikk. Ørjan sleit både med bil og kjøring i dei innleiande omgangane, og hadde berre 5. spor i B-finalen. Leiaren i Værsting cup, Morten Lavik frå NMK Bergen hadde beste spor i A-finalen. Ørjan tok starten i B-finalen, og kjørte kontrollert og sikkert til mål. I A-finalen fekk han ein ny kjempestart og gjekk rett i tet. Etter litt problemer i starten kom Morten Lavik seg opp på 2. plass og hadde kontroll på Værsting cup heilt til nest siste sving. Der hektar han i innesvingen og vippar over på sida. Ettersom alle dei andre bilane i finalen kjem seg forbi, vert han nr. 6. Ettersom Ørjan heldt teten til mål, var det han som kunne sikra seg førsteplassen i Værsting cup. Stian Tysnes vart nr. 2 i løpet, og vart med det nr. 3 i Værsting cup. Per Inge Sandvik, som låg likt med han før dette løpet, fekk ei punktering i A-finalen og måtte ta til takke med 5. plass i løpet og vart dermed nr. 4 i cupen.
       I senior-klassa var det større avstandar i Værsting cup, så når både Bjørn Arve Hjelmås og Per Arne Blindheim sikra seg plass i A-finalen var det allereie avgjort. Ein annan som kjørte svært godt var Glenn Olav Lothe. Han hadde sikra seg 3 heat-sigrar før finalen med Asconaen sin, og etter ein kjempe start gjekk han rett i tet i A-finalen og. Det var ingen som kunne trua han, slik at det vart ein etterlengta siger for Glenn Olav. Per-Gaute Østbø, som og hadde 3 heat-sigrar, hadde problemer med girkassa i finalen og måtte gi seg før målgong. Nærmast Glenn Olav kom Per Arne Blindheim, medan Frode Aas vart nr. 3. Martin Tveit, som vann både C- og B-finalen, kjørte inn til 4. plass. Cup-vinnaren, Bjørn Arve Hjelmås vart nr. 5.

Dugnad onsdag 13. august kl. 17.00 
Ein god del arbeid skal gjerast før løpet så det vert dugnad onsdag 13. august kl. 17.00 og utover.

Ørjan nr. 2 og Per Inge nr. 3 på Eikås på laurdag 
Ørjan H. Vikedal vart nr. 2 og Per Inge Sandvik nr. 3 i 3. runde i Værsting cup for BC junior på Eikås Motorsenter i Bergen på laurdag. Det var heller ikkje denne gong noko å gjera med Morten Lavik, NMK Bergen, som kunne kjøra inn til ein kontrollert siger. I senior-klassa var det berre 2 deltakerar frå NMK Vikedal, Geir Harald Skeie og Per-Gaute Østbø. Geir Harald hadde skrudd heile natta i forvegen pga. motorproblemer og kom til start med ein motor som fuska litt innimellom. Per-Gaute hadde som vanleg uflaks i Bergen og fekk berre kjørt eit par hundre meter.

-- Les meir --
-- Resultater --
-- Stillinga i Værsting cup --

Knut Endre nr. 11 i Smådøla-festivalen
Knut Endre Fønnebø Ringhagen vart nr. 11 og sist i B-finalen blant 30 deltakerar i jr. klassa i Smådøla-festivalen i Uvdal sist helg. Han vann sitt heat i første omgong, før det vart 3 tredjeplassar. Det var nok til 2. sporet i B-finalen, der det til slutt vart siste plass. Vinnaren av B-finalen, Steffen Bjerknes (NMK Hønefoss), vann forøvrig og A-finalen.
-- Resultatlister --
-- Reportasje på bilcross.no --

Sjekk bildegalleriet frå Gol på bilcross.no
NMK Vikedal-førerane gjorde seg såpass bemerka på Gol at dei fleste er komne med i bildegalleriet på bilcross.no. Både rundvelten til Geir Harald med Johannes sin bil, rekkverksjusteringa til Tom Jøran, parkeringa oppå rekkverket til Aleksander Stople og fleire andre er med.

-- Les meir og sjå bildene på bilcross.no her -- 
    (velg Fotogalleri nederst i artikkelen)

(logoen til venstre er frå Vikedal)

Pressemelding:
En fantastisk motorsportshelg på Gol!

Kyllesføreren Rune Lutsi satte prikken over i-en for NMK Vikedal ved å vinne rallycrossfinalen i klassen inntil 2400 kubikk. NMK Vikedal hadde førere representert i finalene i samtlige klasser.
-- Les meir --

 

 

Triveleg helg på Gol og Rune Lutsi vann RCN i/2400.
Ein stor delegasjon frå NMK Vikedal tok turen til Gol for å delta på Goldags-løpet. I år var det over 290 deltakerar i eitt av løpa i sesongen med mest prestisje innan bilcross etter landsfinalen.
-- Les meir --

Besøk sidene                              Sommar i Vikedal 2003                          klikk på bildene

Vikedal Motormarked
28. juni

Vikedal Roots 
Music Festival
10.-13. juli
Sommarfestivalen
18.-20. juli
Fanta Open
2.-3. august

God sommar !
Ettersom web-ansvarleg har hatt det svært travelt på jobb, har det tatt litt tid med oppdatering av sida i det siste, men vi håpar å vera litt meir ajour framover. Vi nyttar høvet og ynskjer alle medlemmer og andre interesserte ein god sommar. Samtidig ynskjer vi den store delegasjonen som skal delta på Goldagsløpet 19. og 20. juli lykke til.
      Neste løp på Vestlandet er 3. runde i Værsting Cup på Eikås den 9. august. Dette er eit reint bilcross-løp (senior/junior). Dei som skal delta der bør melda seg på i god tid, då det kan bli avgrensa deltakarantal. Meir info. finn de her... På biltransportbilen vi skal leiga for junior-laget er det eit par ledige plassar. Dei som er interesserte i å vera med på denne kan kontakta Johannes, tlf. 98283794. Andre juniorar vil bli prioritert.
      Gløym heller ikkje påmelding til finalen i Værsting Cup som går i Vikedal 17. august. Dette er og eit reint bilcross-løp. Dei som ikkje skal delta gir sjølvsagt beskjed til Rita Skeie (tlf. 52761230 el. 90021178) om at de kan vera med som vakter.

Ernst Holten Leifsen nr. 3 på Konsmo
Ernst Holten Leifsen vart nummer tre i rallycross nasjonal inntil 2400 kubikk under Mestermøtet til NMK Konsmo i helga. I tillegg køyrde han inn til fjerde i Superfinalen. Rune Lutsi vart nr. 5 etter at han fekk tekniske problemer i finalen.
I rallycross nasjonal over 2400 vart Nils Arve Helland nummer åtte, medan Geir Harald Skeie kom til D-finalen og vart til slutt nummer 19 i bilcrossklassen.
-- Les pressemeldinga frå Holten Motorsport --

Svein Bjarte Holten nr. 13 i 2. NM-runden i rallycross
Etter flott kjøring på laurdag med 5. tid i 1. omgang og 10. bestetid i 2. omgang låg Svein Bjarte på 5. plass før 3. omgang. Der vart det berre 15. bestetid, noko som gav beste startspor i C-finalen. Der måtte han sleppe både Åge Bakkerud og Ole Kristian Nøttveit framfor seg. Alt i alt var det likevel ei oppløftande helg der han fekk visa at bilen og sjåføren kan hevda seg blant dei beste. Neste NM-runde går i Solør 16.-17. august.
-- Les pressemeldinga frå Vestlandsførerane her --

Rune Lutsi vann RCN i/2400 i Kvinesdal
Rune Lutsi vann sin klasse i rallycrossløpet i Kvinesdal i helga der han deltok i staden for i klubbløpet i Vikedal.

Flott Motormarked, men vått klubbløp dagen etter
Også i år fekk vi fint ver på Motormarkedet. Det var litt mindre besøk enn i fjor, men litt fleire utstilte bilar.
-- Les meir om Motormarkedet her --

I klubbløpet var det Arild Riise som trakk det lengste strået, eit løp der dei fleste sleit med vannplaning i 3. omg. og finalane. Johan Andre Øverland vann bilcross junior sjølv om han hadde litt tekniske problemer, medan Øyvind Tveit vann rallycross nasjonal.
-- Resultatliste --

Kun brødrene Skeie deltok i Bergen
Det var berre Aleksander og Geir Harald Skeie frå NMK Vikedal som deltok i bilcrossløpet i Bergen på laurdag 21. juni. Aleksander vart heilt utan poeng i dei innleiande omgangane, medan Geir Harald var kvalifisert til C-finalen etter å ha rydda i dekkstablane (ref. bildene). Der nådde han ikkje opp, og måtte ta til takke med sisteplass og dermed 16. plass totalt. Det var Terje Sundland som vann løpet framfor Roar Stokke og Michael Seilen etter litt klabb og babb på glatt føre. Les meir og sjå bildene på nettsidene til Eikås Motorsenter her ...

Påmelding til klubbløpet (BC/RCN).
Det er no lagt klar for påmelding til klubbløpet for BC og RCN på Påmeldings-sida. Påmeldingsfristen er søndag 22. juni. Kontaktperson er Steinar Høyvik, tlf. 90061073. 

Mestermøtet er avlyst. Blir erstatta av klubbløp.
På grunn av kollisjon med ein NM-runde i rallycross og generelt litt for lite interesse, blir Mestermøtet avlyst i år og erstatta av eit klubbløp. Nærmare informasjon om klubbløpet kjem etterkvart.

Pressemeldinga etter 2-dagarsløpet
Det vart vist mykje fin bilcross på Vikedal Motorbane i helga då NMK Vikedal arrangerte todagars bilcross laurdag og søndag. NMK Bergen førarane Morten Lavik og Kjell Askeland gjekk til topps i dei to bilcrossklassane, medan NMK Vikedal og Rune Lutsi tok heim sigeren i rallycross nasjonal.
--- Les meir ---

Resultater frå 2-dagarsløpet
Resultata frå 2-dagarsløpet er no lagt ut på nett. Poengsamandraga i NMK Vikedal cup og Værsting cup er og oppdatert etter resultata i dag. Løpet var kvalifisering til NMKs Landsfinale i bilcross som går 24. august i Uvdal i Buskerud, og dei 6 beste i bilcross senior er no sikra plass der.

Resultata frå bilcross 
Resultata frå rallycross nasjonal

Stillinga i NMK Vikedal cup (BC junior og Rallycross nasjonal)
Stillinga i Værsting cup (BC junior og senior)

Mange deltok i treningsløpet i Sauda
Det var 9 deltakerar frå motocross-gruppa i NMK Vikedal som deltok i treningsløpet i Sauda sist laurdag.


--- Les meir her ---

Dugnad onsdag den 4. juni kl. 17.00
Det vert dugnad onsdag denne veka for at forholda skal bli best mogleg til løpet i helga. Dugnaden tek til kl. 17.00. Alle aktive, spesielt dei som har ført seg opp på lista for denne veka, bes møta.

Svein Bjarte Holten vart nr. 14 på Lyngås
Resultatet var vel greit, men heller ikkje meir for Svein Bjarte på Lyngås. Etter 16. beste tid i første omgang, vart det 14. beste tid i andre omgang. I tredje omgang gjekk det enno litt raskare med 12. beste tid og siste spor i C-finalen. Etter ein grei finale vart det 14. plass bak Åge Bakkerud. Best av vestlandsførerane vart Knut-Erik Ludvigsen med 4. plass, med Tommy Sølvberg rett bak. Tommy Bakkerud derimot hadde ingen god helg med ein dårleg første omgang og eit mulig motorhavari i andre omgang. Håvard Helland vann sitt heat i første omgang etter ein knallstart, men måtte stå over andre omgang med lekkasje i differensialen. Han kjørte ikkje så godt i 3. omgang, fekk 38. beste tid og dermed 37. plass. Arild Vik fekk det betre til i andre omgang etter nokre justeringar på støtdemperane. Etter 38., 29. og 21. beste tid, vart det 33. plass på Arild i bilen til Terje Heggøy. 

3 deltakerar i NM-runden i RC frå NMK Vikedal
Svein Bjarte Holten, Arild Vik og Håvard Helland skal delta i den første NM-runden i rallycross på Lyngås i helga. Arild skal låna bilen til Terje Heggøy. Leif Roald Bjelland var og påmeldt, men han er i Hammerfest i jobb-samanheng og har meldt avbud. I tillegg skal Geir Utaaker delta i norgescupen i crosskart som går laurdag på Lyngås. Resultata i NM-runden finn du på www.motorsportavisen.no under "Live! Service" 

Pressemelding etter løpa i Bergen
Her finn du pressemeldinga etter løpa i Bergen. Oppdaterte samanlagtlister finn du på www.vestlandsmesterskapet.no

--- Les meir ---

Betre resultater for våre i rallycrossløpet
Det gjekk betre for våre førerar i dagens rallycrossløp enn i bakkeløpet i går. I rallycross nasjonal inntil 2400 ccm tok Ernst Holten Leifsen starten frå 4. spor i A-finalen og kontrollerte til mål. I klassen over 2400 ccm vart Øyvind Eikeland nr. 2 etter at også han tok starten frå 4. spor. Han måtte sleppe Roger Karlstad, NMK Sundfjord, forbi seg, men hadde kontroll på Nils Arve Helland som vart nr. 3. Svein Bjarte Holten i Supernasjonal under 2000 ccm, sleit heile dagen med startane og stod i 6. spor i finalen. Han kunne ikkje gjera noko med Knut Erik Ludvigsen som vann suverent, men klatra etterkvart opp på 3. plass. Ole-Kristian Nøttveit vart nr. 2 og Leif Roald Bjelland kom på ein gledeleg 4. plass etter bra kjøring. Tommy Bakkerud sleit med punktering i finalen, stoppa og vart nr. 6. Supernasjonal over 2000 ccm vart vunnen av Morten Hagen framfor Jostein Skjerve og Lennart Vetås.
  Vi kjem tilbake med fyldigare dekning når vi får pressemeldinga frå Vestlandsmesterskapet.

Litt informasjon fra bakkeløpet i Bergen laurdag
Medan vi ventar på resultata frå VM-rundane i Bergen, har vi litt opplysningar om bakkeløpet laurdag. I den minste klassen i nasjonal vart Ernst Holten Leifsen nr. 7, etter snurring i prefinalen og regn i finalen. Ernst Roald Lutsi vart nr. 8, og dermed leiar Ernst Holten Leifsen forsatt samanlagt før dagens runde i rallycross. Øyvind Eikeland skrur febrilsk etter at ein vippearm knakk i går. Han vart likevel nr. 3 eller 4. Svein Bjarte Holten vart nr. 4 i sin klasse bak Knut Erik Ludvigsen, Tommy Bakkerud og Ole Kristian Nøttveit. Meir informasjon kjem utpå kvelden søndag.

Informasjon om 2-dagers bilcross/RCN
Du finn meir informasjon om kvalifiseringsløpet til Landsfinalen i bilcross ved å følgja linken over eller denne her ...

Jostein Skjerve i form
Til helga er det klart for 5. og 6. runde i Vestlandsmesterskapet. På laurdag er det bakkeløp inne på Eikås Motorsenter ved Begen, og søndag er det rallycross same stad. Ein som ser ut til å ha formen inne er Jostein Skjerve, som vann dei 2 første NM-rundane i bakkeløp i Skien.
--- Les meir ---

Fin innsats av V & S Volvo Racing på Kinnekulle
Team V & S Volvo Racing, frå Tysvær, kom heim med 2 fjerdeplassar i sin klasse etter eit 3-timars og eit 8-timars løp forrige helg. Teamet, som består av Jarle Velde og brørne Arild, Jon Inge og Gunnar Søvold, kjører ein tilnærma standard Volvo S40 i den minste klassen.
--- Les meir ---

Treningsløp i motocross i Sauda 15. mai
Treningsløpet i Sauda 15.mai blei avvikla i flott vær og med mange fornøyde deltakarar. Alle i knatteklassen fekk pokal (eller får seinare.....ettersom dei gjekk tom). Tilsaman 11 gassglade/gale ungar stilte til start i denne klassen.
Ole Andre Høiland og Anders Mæland frå NMK Vikedal deltok i klassen over 12 år.

Glade knattecrosserar frå NMK Vikedal, f.v. Håkon Høiland, Joakim Rønnevik, Jan Andre Vaka, Alexander Hegerland og Simon Hegerland.

Svein Bjarte nr. 10 i 2. NM-runde i bakkeløp
Holten Motorsport fann ikkje ut av problema, og sjølv om det gjekk litt betre søndag, så gjekk ikkje bilen heilt som den skulle. Tommy Bakkerud vart nr. 4 og Knut Erik Ludvigsen vart nr. 5 i løpet på søndag. Johny Sandmo og Pelle Erland hadde lik bestetid og andretid, slik at det var kval. tida som vart avgjerande for at Pelle Erland gjekk til topps. Dermed bytta dei plass i forhold til laurdag. Herbjørn C. Haug kom på tredjeplass begge dagane.
        Jostein Skjerve klarte å vinna den store klassen på søndag og, etter at han var nede på 4. plass før finalen. Dermed har han fått ei lita luke med sine 40 poeng ned til Stian Engh som har 34 poeng etter 2 andreplassar. Dei 2 neste rundane i NM i bakkeløp går i Trøndelag den 14. og 15. juni. 
--- Resultater under "Live ! Service" på Motorsportavisen.no --- 

Svein Bjarte Holten nr. 14 i 1. NM-runde i bakkeløp
Svein Bjarte Holten kom på ein litt skuffande 14. plass i 1. NM-runden i bakkeløp i Skien lørdag. Focus-en gjekk ikke skikkeleg, men dei håpar no å ha løyst problemet før andre runden som går søndag. Tommy Bakkerud vart nr. 5 og Knut Erik Ludvigsen vart nr. 6.
           Ein annan bergenser, Jostein Skjerve imponerte og vann ein jamn kamp i klassen over 2000 ccm i sin store Holden Commodore. Bakken i Skien passa nok den motorsterke Holden til Skjerve.

Aleksander Skeie og Per-Gaute Østbø vann
Aleksander Skeie og Per-Gaute Østbø dominerte og vann alle sine heat inkludert finalane i eit vått klubbløp. Nesten alle årstider var representert under klubbløpet, frå strålande solskinn til haglebyger og stri-regn.
      Aleksander Skeie tok starten i jr.-finalen, og hadde full kontroll. Bak han var det kamp om plasseringane. Både Stian Lilleskog, Ole Johannes Stople og Ingar Utaaker var høgt oppe før dei fall bakover i feltet. Til slutt vart det Roald Johan Saltvedt som vart nr. 2 framfor Stian Lilleskog på tredjeplass. Aleksander Stople stilte ikkje til start i finalen etter at han knekte ein drivaksling i 3. omg.
      Også Per-Gaute Østbø hadde full kontroll i seniorane sin finale. Nærmast han ut frå start var vinnaren av B-finalen, Tore Hundsnes. Etter hard kamp med Tom Jøran Johnsen om andreplassen vart Tore ståande, og runden etter ville ikkje motoren i Fiaten til Tom Jøran gå rundt lenger heller. Dermed vart det Geir Harald Skeie som tok andreplassen framfor Harry Aas, som var "vikar" for sonen Frode. Lars Reidar Frøyland måtte stå over finalen etter problem med ein vippearm.
--- Resultatliste ---

Klubbløpet utsett 1 time. Start kl. 11.00
Klubbløpet er flytta 1 time slik at 1. omgang startar kl. 11.00 laurdag 10. mai.
Tidsplanen er oppdatert i tilleggsreglane som du finn her ...
-- Foreløpig startliste 10. mai (klubbløp i bilcross) ---


Eikeland igjen i Egersund
Sjølv om det ikkje var planen dukka Øyvind Eikeland likevel opp i Egersund til den fjerde runden i Vestlandsmesterskapet, og kjørte inn til sin tredje seier av tre moglege så langt i den store nasjonalklassen. I den minste nasjonalklassen vart Rune Lutsi nr. 2 etter onkel Ernst Roald, medan Ernst H. Holten Leifsen vart nr. 3. Svein Bjarte Holten vart nr. 2 i supernasjonal inntil 2000 ccm, bak fjorårets norgesmester i bakkeløp, Pelle Erland frå NMK Konsmo.
--- Les meir ---

Knattecross-sykkel tilsalgs
Som ny 2003 mod Yamaha PW-80 til salgs Sykkelen er brukt ca. 2 måneder Passer for 6-9 år. Selges pga. overgang til større sykkel.
Interesserte kan ta kontakt med: Geir Heggen 5580 Ølen Tlf. 53-768602

Oppdaterte tilleggsreglar for klubbløpet.
Tilleggsreglane er endra slik at det vert "rallycross-oppstilling" på start i finalane.
--- Les meir ---

Pressemelding før bakkeløpet i Egersund
Kollisjon med konfirmasjonar er eit problem for mange i månadskifte april/mai. Blant dei som ikkje stiller til start pga. dette i bakkeløpet i Egersund på søndag er Leif Roald Bjelland og Øyvind Eikeland.
--- Les meir ---

Klubbløp i bilcross 10. mai.
For å gi eit tilbod til seniorar som driv med bilcross, vil bilgruppa prøva å få til eit klubbløp i bilcross laurdag 10. mai. Samtidig vil det bli trening for rallycross. Det er no opna for påmelding via internett også. Hugs at du ha med namn på 2 vakter som stiller 10. mai. 
--- Les meir ---

Pressemeldinga etter løpa
Her er pressemeldinga frå holtenmedia etter VM-rundane i Vikedal.
--- Les meir ---

Johan Andrè Øverland vann BC jr. igjen
Johan Andrè fortsette der han avslutta fjorårssesongen, nemleg med å vinna bilcross junior klassa. Som einaste førar med 3 heatseierar var han favoritt, og var aldri truga i finalen. Ørjan H. Vikedal kom nærmast etter hard kamp med Stian Tysnes, ein kamp Stian tapte etter eit over-ivrig forbikjøringsforsøk i siste sving som førte til femteplass i staden. Knut Endre Fønnebø Ringhagen (som debuterte i Bergen for 14 dagar sidan) vart nr. 3, Anders Nytveit, NMK Bergen, nr. 4, Stian Tysnes nr. 5 og debutanten Aleksander Stople nr. 6.
--- Resultater ---

NMK Vikedal dominerte i nasjonal
Øyvind Eikeland fulgte godt opp seieren frå bakkeløpet, og vann også dagens rallycrossløp i nasjonal over 2400 ccm framfor Ole Vidar Helland og Nils Arve Helland. Ernst Harald Holten Leifsen vann den nasjonal inntil 2400 ccm framfor Ernst Roald Lusti, NAF MS Gjesdal, og Rune Lutsi.
--- Resultater ---

Bakkerud og Nevland vann supernasjonal
Det var favorittane som vann i supernasjonal. Tommy Bakkerud dominerte som vanleg klassen inntil 2000 ccm, men Svein Bjarte Holten var ikkje langt bak i finalen. Knut Erik Ludvigsen vart nr. 3. I klassen over 2000 ccm vann Eivind B. Nevland, NMK Egersund, framfor Morten Hagen, NMK Bergen. Jostein Skjerve, NMK Bergen, vart nr. 3.
--- Resultater ---


Vinnerane i rallycross, f.v. Eivind B. Nevland, Tommy Bakkerud, Ernst Holten Leifsen og Øyvind Eikeland.

Øyvind Eikeland vann debutløpet

Etter ei knalltid i prefinalen gjekk Øyvind Eikeland til topps i nasjonal over 2400 ccm i bakkeløpet i dag. Rune Lutsi vann nasjonal under 2400 ccm, medan Ernst Harald Holten Leifsen måtte ta til takke med 3. plass bak Steinar Stokke frå NMK Bergen i boble. I supernasjonal inntil 2000 ccm vart Svein Bjarte Holten nr. 4. Som vanleg vann Tommy Bakkerud, KNA Bergen, framfor Jan Gabrielsen, KAK, som var 7 hundredeler framfor Knut Erik Ludvigsen, NMK Bergen. Eivind B. Nevland, NMK Egersund, hadde også ei knalltid i 2. omgong som gjorde at han vann framfor bakkeløpspesialisten Stian Haugan, KNA Telemark. Det var svært fuktige forhold i starten av bakkeløpet, men det tørka opp framover mot finalen.

--- Resultatliste ---


Vi ønskjer deltakerar og publikum velkommen til bakkeløp og rallycross/bilcross jr. i helga.

-- Foreløpig startliste 26. april (bakkeløp) ---
-- Foreløpig startliste 27. april (rallycross/bilcross jr.) ---

Trening med bil på forespørsel
Dei som har ønskje om å trena med bil kan kontakta Svein Bjarte Holten, tlf. 52767377(a), 52760505(p) eller 98283791, for å melda behovet. Han organiserer då trening enten onsdagar kl. 17.00-18.00 eller laurdag 11.00-13.00 etter nærmare avtale. Hvis de er raske, kan det bli trening onsdag 24. april (før dugnaden).

Dugnad på onsdag
Det vert dugnad onsdag 24. april frå kl. 18.00. Det er fortsatt ein god del arbeid som skal gjerast før anlegget er klart til bruk.

Pressemeldinga før løpet
Her er pressemeldinga som er sendt ut før løpet.
--- Les meir ---

Klubbløp i bilcross 10. mai.
For å gi eit tilbod til seniorar som driv med bilcross, vil bilgruppa prøva å få til eit klubbløp i bilcross laurdag 10. mai. Samtidig vil det bli trening for rallycross.
--- Les meir ---

Påmelding og startlister for 26-27/4
Påmeldingsfristen for bakkeløpet 26. april og rallycross/bilcross jr. 27. april nærmar seg (16. april), så dei som vil unngå etteranmeldingsgebyr må få sendt påmeldinga snarast.

Pressemeldinga etter VM-runden på Klepp
Her er pressemeldinga frå Vestlandsmesterskapet etter runden på Klepp.
--- Les meir ---

Skuffande deltaking på Klepp
1. runde i Vestlandsmesterskapet gjekk med skuffande lite deltaking på Klepp søndag. Holten Motorsport gjorde det svært bra ved at Svein Bjarte Holten vann supernasjonal i/2000 ccm og Ernst Harald Holten Leifsen rallycross nasjonal i/2400 ccm.
--- Les meir --

Fine resultater i Bergen
Ørjan Vikedal vann BC jr. og Geir Harald Skeie nr. 4 i senior i 1. runde i Værsting cup i Bergen på laurdag.
--- Les meir ---

Tilleggsreglar for 26. og 27. april lagt ut
Tilleggsreglane for 26. og 27. april er no lagt ut. Bakkeløpet vil i år bli kjørt i ein litt annan trase enn i fjor. Det opnar med ein vanleg runde på rallycrossbanen før ein tar ei tønnevending på startplata og kjører over bakketoppen og ned til mål igjen. Bakkeløpet blir dermed ca. 1240 m. langt. Det vil bli kjørt etter NM-reglane, dvs. ein kvalifiseringsrunde, prefinale og finale. Hugs påmeldingsfristen som er onsdag 16. april.

--- Tilleggsreglar ---




Påmeldingsrutina på nett klar til bruk
Muligheten til å melda seg på løpa over nettet er no klart til bruk. Rutinen er litt endra i år, slik at du automatisk får melding tilbake med kopi av dei opplysningane du har sendt. Dermed får du ei kvittering på at du er påmeldt. 
--- Påmeldingsskjema ---

Klare for asfalt
Palmesøndag er det klart for første runde i Vestlandsmesterskapet på Klepp Kart Ring ved Stavanger. Etter eit testløp i fjor haust er det KNA Klepp Karting saman med KNA Stavanger som står som arrangører av årets første mesterskapsrunde.
--- Les meir ---

Uttaket til BC jr. teamet er klart
Det vart Stian Tysnes, Ørjan Vikedal, Knut Endre Fønnebø Ringhagen, Stian Lilleskog, Aleksander Skeie og Per Inge Sandvik som kvalifiserte seg til NMK Vikedal sitt BC jr. team som får fri transport til 1. runde i Værsting cup palmelaurdag. 
--- Les meir ---

Godt med folk på dugnaden
Det var godt med folk på dugnaden på laurdag, så det vart utført masse nyttig arbeid. Døra i speakerbua vart bytta, div. anna snekkerarbeid vart utført, masse rekkverk vart retta opp og forsterka, premieringsplass vart laga og publikumsplassar bak speakerbua påbegynt. Midt på dagen var det matpause med lapskaus frå Westcon, noko alle sette pris på. 

Oppdatert reportasje frå enduroløpet
Vi har fått nokre bilder frå Jan Hegerland som no er lagt ut saman med reportasjen frå enduroløpet.
--- Les meir ---

Team BC junior uttaket 
Juniorar som er interessert i å kjempa om plass på Team BC jr. og gratis transport til Bergen, må melda seg på løpet i Bergen for å unngå etteranmeldingsgebyr. Ved spørsmål kan du kontakta Johannes på tlf. 98283794. Bergenserane aksepterte ikkje å få namna på måndag. Dei som evt. ikkje får plass på laget kan melda avbud etter at uttaket er klart, kostnadsfritt. Påmeldingsfristen er torsdag 3. april. Sjekk her for meir info. om påmeldinga til Bergen.

Hugs påmelding til 1. runde i VM 
Det er foreløpig litt lite påmelding til 1. runde i Vestlandsmesterskapet som går på Reve Kart Ring på Klepp søndag 13. april. Dei som planlegg å kjøra og ikkje er påmeldt enno, må ta kontakt med arrangøren snarast mogleg.
--- Les meir på Vestlandsmesterskapet.no ---

 Tilleggsreglar i pdf-format

 

 

 

Vestlandsmesterskapet i Enduro:
Ole Eirik Mæland vann junior-klassa 
Me gratulerer ein av dei flittigaste motocross-utøverane våre, Ole Eirik Mæland frå Etne, som vart gledeleg overraska då det viste seg at han vann junior-klassa (under 23 år) i Vestlandsmesterskapet i enduro som vart arrangert på Helganes Motorsenter i helga. Enduro er ein uthaldningsgrein der det vart kjørt samanhengande i 2,5 timar i terrenget. Som de kanskje har sett i Haugesunds Avis, vart det ein sølete affære. Senior-klassa vart vunne av ørken-reven Pål Anders Ullevålseter. Bror til Ole Eirik, Anders Mæland, deltok og i oppvisningsklassa for 85 ccm.
--- Les meir (inkl. bilder) på arrangøren sine Web-sider ---

Sure forhold under lisenskjøringa 
Det var sure forhold som møtte kursdeltakerane på lisenskursa laurdag 29. mars. Etter lengre tid med fint vær starta regnet om morgonen. Sjølv om det vart tekniske problemer med nokre av bilane, fekk dei fleste kjørt nok til at det vart godkjent.
---Les meir ---

Hugs påmelding til dei første løpa
Det er på tide å tenkja på påmelding til dei første løpa. 
Bilcross: 1. runde i Værsting cup i bilcross (både junior og senior) går på Eikås Motorsenter i Bergen laurdag 12. april. Arrangør er KNA Bergen, og du finn ytterlegare opplysningar på web-sidene deira her ... Reglane for Værsting cup finn du ved å følge linken over. Løpet har og klasse for Rallycross Nasjonal.
Rallycross: 1. runde i Vestlandsmesterskapet går på Reve Kart Ring på Klepp søndag 13. april. Nærmare informasjon finn du på Vestlandsmesterskapet sine  heimesider her...

Rykter om bilar og aktive i rallycross
Det er nok ein del som er spent på kva som kjem ut av dei mange garasjane til dei første løpa. For å lette litt på spenninga har vi laga ei lita liste over det vi veit eller har funne ut via internett-sider eller andre uautoriserte kjelder.
--- Les meir ---

Ikkje gløym konkurransen her ...

Dugnads - og treningshelg 4.-6. april
Anleggskomiteen i samarbeid med treningskomiteen for bil vil helga 4.-6. april arrangera ei kombinert dugnads- og treningshelg. Målet med dette er å få ein godt samansveisa gjeng før sesongstart, samstundes som det blir gjort ein del nyttig arbeid.
Tidsplan:
             Fredag 4. april
             Dugnad frå kl. 17.00 - 21.00
             Snikkerarbeid, maling, rydding, grøfting, steinplukking osv.
             Kontaktperson: Leif Roald Bjelland, tlf. 52761529/91534212

             Laurdag 5. april
             Dugnad frå kl. 10.00 - 16.00
             Snikkerarbeid, maling, rydding, grøfting, steinplukking osv.
             Felles matservering
             Kontaktperson: Øyvind Eikeland, tlf. 52765917/97534405

             Søndag 6. april
             Trening for bil, kvalifisering til Team BC jr. (sjå lenger ned)
             Frammøte seinast kl. 12.00
             Kontaktperson: Svein Bjarte Holten, tlf. 52760505/98283791

Det er fint om dei som kan tar med håndverktøy, motorsag, ryddesag o.l
Er det nokon i nærheten som kan ta med traktor m/skuffe, tilhengar eller pumpevogn er det fint om det avtalar det med kontaktpersonane på førehand. Det vil bli søkt om løyve til å svi av noko gras og då kan det vera fint å ha ei eller to tankvogner med vatn i tilfelle problemer. Det er også avtalt av vi skal ha ein gravemaskin tilstades som skal jobba både med bil- og motocrossbane.

Kvalifisering til Team BC jr. NMK Vikedal.
I Værsting cup 2003 er det eigen klasse for bilcross jr.
For å hjelpa juniorar med transport til Bergen der 2 av rundane går, vil NMK Vikedal i samarbeid med Ølen Betong Transport AS sponse transport for 6 deltakerar. Første runden går i Bergen allereie den 12. april, så det vert arrangert "amerikansk uttak" på treninga den 6. april. Kvar kandidat kjører på tid i 1,5 runde og vil få 2 forsøk. Beste tid av dei 2 forsøka tel. Dei 6 beste vil få tilbud om fri transport til Bergen på dei 2 rundane i Værsting cup som går der. Dei andre vil vera reservar. Dersom de har spørsmål kan de kontakta bilgruppa v/Johannes Holten Leifsen, tlf. 982 83794.

Mange bilar til kontroll
Det var mange bilar som møtte til kontroll på laurdag. I Sandeid vart det kontrollert 15 bilar, i Haugesund mellom 15 og 20. 
--- Les meir ---

Ein liten konkurranse til å korte ventetida med
For å korte ned ventetida til sesongstart har vi laga til ein liten konkurranse.
Vi har hatt ein utskremt medarbeidar på garasjereportasjetur, men ikkje veit han kor han har vore, og ikkje frå kva bil bildet er knipsa. Som de ser er det bakhjula som var mest interessante. Vi ber publikum om hjelp, og rett svar blir med i trekninga om ei gratis påmelding på eit av løpa i Vikedal i 2003 eller nokre fribillettar dersom ein ikkje-aktiv vinn. Tips kan du senda på e-post til post@nmk-vikedal.net

Her er bilda. Trykkjer du på dei får du opp eit litt større bilde.

           

Svært god påmelding til lisenskursa
Det blir meldt om svært god påmelding til lisenskursa. Lisenskurset for motocross som var fredag 14. mars hadde 12 deltakerar, bilcross junior kurset som startar onsdag 19. mars har 14 deltakerar, medan hastighetslisenskurset som startar 26. mars har 12 påmeldte deltakerar.

Teknisk årskontroll for bil
Det vert teknisk årskontroll for bil laurdag 22. mars frå kl. 11.00 og utover. Kontrollane vert hjå BTM Total Service i Ørpetveitsveien i Haugesund og på Suldal Billakkering i Sandeid. Nytt av året er det at kontrollen kostar kr. 100,- pr. bil. For å begrensa arbeidsbyrden på kontrollantane vil årskontrollar utanom desse kosta kr. 300,-. Har du spørsmål kan du kontakta bilgruppa v/Johannes H. Leifsen på tlf. 982 83794.

Bilcross:
Kva kostar det med eigen bil og kva treng du av utstyr?

Ei glad og fornøgd Irene Høyvik er snart klar til å starta bilcrosskarriera i nybygd, rosa Sierra.

Denne bilen har du kanskje sett på vegen mellom Tysvær og Haugesund, eller andre plassar i distriktet. Den er no i ferd med å forlata sin jobb på offentleg veg for å bli "racerbil" på sine gamle dagar. Vi har sett litt på kva det kostar å byggja om frå gatebil til bilcrossbil, og kva meir du treng.
--- Les meir her ---

Kurs for bilcross junior og rallycross/asfalt/bakke
NMK Vikedal vil i år som tidlegare arrangere nødvendige kurs for dei som ønskjer å delta i bilcross junior og rallycross/bakke/asfalt - nasjonal eller supernasjonal. Vil du vite meir om kursa kan du trykkje her, eller du kan kontakte Sivert Ole Holten på tlf. 905 47433.

Påmeldingsfristar: Bilcross jr. 7. mars       Rallycross/bakke/asfalt 14. mars

Rune Lutsi vann siste isløpet i Sigdal
Rune Lutsi, som no køyrer for NMK Vikedal, tok steget heilt til topps i Rallycross Nasjonal i isløpet på Solevann i Sigdal i helga. 
Du kan lesa meir om løpet og Rune sin innsats på www.bilcross.no

Reglar for mestermøtet 29. juni
Det er lagt ut reglar for mestermøte på sida for løpet. Der finn du og oversikt over kvalifiserte deltakerar så langt.
--- Les meir her ---

Reglar for NMK Vikedal Cup
No er løpa og reglementet for NMK Vikedal Cup 2003 klar. Cupen går som i fjor over fire løp, men septemberløpet for bilcross junior er flytta til bilcrossløpet i august. Ellers gjer me merksam på at bilcrossløpet 24. august, no er flytta til 17. august, dette for å unngå kollisjon med Landsfinalen i bilcross som går 23. august. Finale i NMK Vikedal Cup blir det som vanleg i oktober.
--- Les reglane her ---

Informasjonsmøte laurdag 15. feb. kl. 11.00 hjå Neumann Bygg i Haugesund
Det første informasjons-/medlemsmøtet i år vert som i fjor i 2. etg. hjå Neumann Bygg på Bakarøya i Haugesund. Møtet startar kl. 11.00.
Saksliste :
- Opning og presentasjon                    Steinar
- Info. vedr. planar om nybygg              Styret
- Kurs 2002                                        Tom Jøran
- Dugnad/lokkemiddel til meir innsats    ??/Steinar
- Info. frå MC-gruppa                            Jan
- Info. frå bilgruppa
           - Cupar i 2003                          Johannes
           - Endringar i regelverket            Svein Erik
           - Trening, bil                            Svein Bjarte
           - Treningsleir                            Sivert Ole
           - Lokale kontaktpersonar           Johannes
- Eventuelt

Ta med alle motorsportsinteresserte du kjenner og kom. Alle er hjarteleg velkomne. Etter møtet er det sett av tid til uformelle diskusjoner og kaffi.

Ny utgåve av Grusspruten
I helga vart det sendt ut ei ny utgåve av Grusspruten til alle medlemmer. Hovudsaka er innkalling til medlemsmøte laurdag 15. feb. Vi har også med foreløpig terminliste og oppdaterte organisasjonskart. I tillegg har vi tatt med litt rykter om kva som skjer rundt om i garasjane.
--- Les meir her ---

Deling av rallycross nasjonal i Vestlandsmesterskapet
Etter mykje, positivt engasjement frå dei aktive, vert det no deling av rallycross nasjonal i inntil og over 2400 ccm i Vestlandsmesterskapet. Dersom det vert få påmeldte kan klassane bli kjørt saman i innleiande omgangar. Dei oppdaterte reglane finn du her ...
Denne delinga kan og få konsekvensar for klassen i NMK Vikedal cup, men det vil vi komma tilbake til.

Rune Lutsi nr. 2 i isløpet i Sigdal i helga
Rune Lutsi, som no køyrer for NMK Vikedal, vart nr. 2 i Rallycross Nasjonal i isløpet på Solevann i Sigdal i helga. Roger Andy Sjøgren, KNA Nore og Uvdal, i Volvo 240 vann. 
Du kan lesa meir om løpet og Rune sin innsats på www.motorsportsavisen.no og her på bilcross.no

Oppdateringar av sida framover
Reglementet for cup'ane er stort sett klart. Vi håpar å få leggja ut desse i løpet av kort tid samstundes som vi lagar linkar til sesongens løp istadenfor fjorårets som nå ligg på toppen her. Deretter satsar vi på oppdateringar/nyheter minst 1 gong i veka. Det kan vera at vi endrar litt på utseende av sida og, men det kjem vi tilbake til. 

Terminliste for sesongen 2003
Laurdag 26. april  Bakkeløp (2. runde i VM)
Søndag  27. april  Rallycross (3. runde i VM)
Laurdag   7. juni   Bilcross/rallycross
Søndag    8. juni   Bilcross/rallycross
Laurdag  28. juni   Motormarked
Søndag  29. juni   Mestermøte (Bilcross/rallycross)
Søndag  17. aug.  Bilcross
Laurdag 20. sept.  Bakkeløp (7. runde i VM)
Søndag  21. sept. Rallycross (8. runde i VM)
Søndag  12. okt.   Bilcross/rallycross

I tillegg er det planlagt 2 motocross-løp, men dato for desse er ikkje fastsett enno. 









Vikedal 
Mur & Anlegg A/S

Sandeid 
Cement A/S







Vikedal-Sæter

Bauge Auto A/S