Finale i Vestlandsmesterskapet for Motocross   
Same helg som finalane i Vestlandsmesterskapet i bilcross og rallycross gjekk i Vikedal, gjekk og finalen for motocross på Elgane på Varhaug.

Sist helg (20.-21.sept) var det finale i Vestlandsmesterskapet i motocross på Elgane ved Varhaug. Frå Vikedal stilte det kun 2 kjørerar Åsmund Holten og Atle Vormestrand.
Atle gjennomførte to omgangar i fin stil i oppvisningsklassen MX85 10-12 år. Åsmund var på jakt etter poeng i klassen MX85 11-12 år, etter eit kjempeløp på Karmøy sist helg der han kom på 3. plass. Banen på Elgane er krevande, og skiller mykje for dei som ikkje har trent på banen. I første heatet blei det 12. plass og i det andre heatet 14. plass. Totalt i mesterskapet enda han på ein flott 5.plass. Ellers kan ei sjå korleis dei andre frå Vikedal enda i Vestlandsmesterskapet sammanlagt her ..


Atle Vormestrand i fint driv på Elgane.