Mange på pallen, men ingen
til topps.
Det var mange NMK Vikedal-førerar på seierspallen under 2-dagars bilcross/rallycross-løpet i Bergen i helga, men ingen av dei klarte å klatra heilt til topps. I bilcross junior var det Daniel Holten og Kennet Kaldheim
som gjorde det best i dei innleiande omgongane og sikra seg
plass direkte i A-finalen. Etter tøff kamp og taktisk
kjøring sikra Kennet Kaldheim seg andreplass der, medan
Daniel Holten vart nr. 3. Gunleiv Kvål, NAF MS Gjesdal
vann. I senior-klassen dominerte NMK Vikedal og fekk til slutt 4 førerar i A-finalen. Ørjan Strand Eikeland var best etter innleiande omgong, med Kenneth Johansen like bak. Men i finalen var det Karsten Hermansen frå NAF MS Gjesdal som tok starten og kontrollerte til mål. Derimot vart det hard kamp om dei andre plasseringane. Den var det Per-Gaute Østbø som gjekk seirande ut av og tok dermed andreplassen i løpet. Kenneth Johansen vart nr. 3, Glenn Olav Lothe nr. 4 og Ørjan Strand Eikeland nr. 6.
Hans Kristjan Kristjansson hadde ikkje dagen og fekk og ein del "juling". Han var i D-finalen, men straum-mangel gjorde at han kjørte nærmast utan sikt. Dermed vart det 2 gonger i alternativsporet og sisteplass (21. plass). Arild Brekke deltok og, men kom ikkje til finale. Samanlagt i Vestlandsmesterskapet for bilcross jr. har det tetna til med Aleksander Presttun, NMK Bergen fortsatt i tet med 58 poeng, Gunleiv Kvål, NAF MS Gjesdal, med 57 poeng, Kennet Kaldheim med 55 poeng og Daniel Holten med 51 poeng. I senior-klassen leiar fortsatt Per-Gaute Østbø med sine 62 poeng framfor Karsten Hermansen, NAF MS Gjesdal med 57 og Kenneth Johansen med 50. I rallycrossklassen, som ikkje talde med i
Vestlandsmesterskapet, kjørte både Joakim B. Hansen
og Aleksander Skeie godt. Aleksander Skeie låg best an
etter innleiande omgongar, men i finalen rauk ein drivaksling,
og han måtte dermed ta til takke med 6. plass. Joakim B.
Hansen vann B-finalen og i A-finalen kjørte han seg heilt
opp til andreplass.
|