Ikkje nøgd med resultatet

Bjørn Magne Moland Enge er ikkje nøgd med 22. plassen under NM-runden på Gardermoen Motorpark i helga. Ujamne forhold får ta noko av skulda.

På Gardermoen var det både sol og regn i helga, noko som gjorde det vanskeleg å velje rette dekk. Dette gjorde også utslag for Bjørn Magne Moland Enge.

- I første omgang traff er ikkje med dekkvalet, og i andre omgang stod eg igjen på startplata fordi eg trudde det var tjuvstart, så heller ikkje det var noko å skryte av, seier Bjørn Magne, som hadde meir flaks under søndagens tredje omgang.

- Bilen fungerte veldig bra heile helga, og i den siste omgangen på søndag traff er med dekkvalet og var eg opp på ei åttande tid. Denne gongen var det dei andre som fekk dei dårlege forholda, seier han, som likevel ikkje kunne gjere noko anna enn å pakke saman utan finalekøyring.

- Ikkje nøgd med dette, seier han, som no må stå over neste runde i NM på grunn av at han skal i bryllaup.