Nytt karrosseri og ny førar på Fitjar

Anette Aarre frå Sagvåg gjer comeback, og blir ei av få aktive kvinnelege rallycrossførerar i Norge. Ho skal kjøra Volvo 440'en til Ole Vidar Helland med den motoren Håvard Helland brukte i 940'en. Arild Vik byggjer nytt karrosseri til sin EVO-motor.

Garasjen til Ole Vidar Helland på Rydland i Fitjar, er sentral i for motorsportsinteresserte på Fitjar og Stord. I samband med arrangørmøtet i Vestlandsmesterskapet som vart halde der, tok me nokre bilder av det som står der.


Anette Aarre vart nr. 2 i sesongopninga i april 2006.

Anette kjørte bilcross jr. i 2004 -2006 med to eigenbygde Sierra'er og hadde sine beste resultat i bilcross jr. i sesongopningane i 2005 med tredjeplass og andreplass i 2006.


Volvo 440'en til Ole Vidar Helland treng berre ein liten oppsjekk før den er klar til sesongstart og den nye føraren. Laurbærkransen til Arild Vik for seieren i NMK Vikedal Cup 2007 som ligg på taket, vitnar om at bilen fungerar godt.


Denne motoren, som Håvard brukte i 940'en i eit par løp i år, skal Anette bruka i 440'en og delta i Rallycross Nasjonal over 2400 ccm.

Arild Vik byggjer nytt karrosseri
Etter ein sterk sesong med lånt karrosseri frå Ole Vidar, byggjer Arild Vik og gode kameratar på Fitjar no eit nytt karrosseri. Det nærmar seg no klart til sandblåsing og lakkering før monteringa står for tur. EVO-motoren viste i fjor at den har krefter nok til å følgja med dei aller beste i klassen.


Det nye karroseriet er snart ferdigsveist og klar til sandblåsing og lakkering.


Crosskarten til Ingve Andrè Strand er og på plass i garasjen på Rydland. Sonen til Håvard passar på at alt er går rett for seg.