Dramatisk lynnedslag og avlysing på Finnskogen

Etter eit dramatisk lynnedslag som ramma ein del av førerane og publikum, vart den 5. runden i Norgescupen på Finnskogen avlyst. Heldigvis ser det ut til at ingen vart alvorleg skada av lynnedslaget. Om runden går ut eller blir erstatta av eit anna løp, vil bli avgjort av Norges Bilsportforbund ein av dei kommande dagane.

For Skeie Motorsport var dette synd, sidan både bil og førar var på god veg tilbake i god, gammal form. Etter motorhavariet på Lyngås for 3 veker sidan, har bilen vore hjå motorbyggjaren i Sverige der motoren har fått ny blokk og ei generell overhaling. I tillegg justerte teamet på fjæringa, noko som og gjorde bilen betre. Både tidene og følelsen til Geir Harald viste at ein no var på rett veg igjen. Med 4. tid i 1. omgong og 2. tid i 2. omgong, låg Geir Harald Skeie på 3. plass samanlagt.

”Spesielt i 2. omgong følte eg at alt virka som det skal. Då var eg berre snaue 6 tideler bak bestetida”, sier Geir Harald. ”Dermed var det synd at det ikkje vart nokon 3. omgong denne helga, for eg var verkeleg sugen på å kjøra fort, sjølv om forholda ikkje var dei beste etter alt regnet.”

Neste løp for Skeie Motorsport blir den 6. runden i Norgescupen på Gardermoen 16. august. Ein hadde planar om å kjøra i gjesteklassen under EM-runden i Belgia neste helg, men kostnadane med motoren gjer at ein må konsentrere seg om Norgescupen. Men det kjem nye sjansar for løp i utlandet neste år.