Triveleg årsfest med mimring om dei første 25 åra

Som kanskje nokre har registrert, vart NMK Vikedal 25 år 11. november. Dette vart markert på årsfesten med litt mimring med Svein Bjarte som historieforteljar. Han er ein av dei som har vore med i alle desse åra. Her er eit lite referat frå ein som ikkje har fått vore med i alle desse åra.

Her får Hovudstyre 2007 ein utmerkelse av leiaren for innsatsen i 2007.


Hovudstyre 2007. Fra venstre leiar Lajla S. Eikeland, Lisa Skrunes, Glenn Olav Lothe, Rita Skeie (arr-komiten), Magne Skrunes og Marius Vaka Lothe.

Etter middagen og desserten var det Svein Bjarte Holten som hadde fått førespurnad om han kunne lage til litt underhaldning. Noko som han også denne gongen tok på strak arm.

Han hadde vært i arkivet og leita fram nokre videoar fra 1985 til 1990-talet. Hovudattraksjonen var filmen der sjølvaste Martin Schancke var i aksjon på Vikedal Motorbane (da var det stille i salen)!! Som de ser på bildet følgjer alle spent med!

Etter filmen fortalte Svein Bjarte korleis det var å ha sjølvaste Martin Schancke og mekanikaren hans på overnatting heime hjå seg og kona, Bente. Han fortalte og kvifor Vikedal Motorbane blei byggt. Stor takk til Svein Bjarte for engasjementet!

Etter ein halvtime med film sjåing var det klart for litt pris utdelingar.  

I år vart begge prisane utdelt. Årets sportspris og Ildsjel. Ingen av dei 2 visste noko på førehand, så dei var svært glade resten av kvelden….

Årest Ildsjel vart utdelt til Lajla S. Eikeland og Årsts Sportspris gjikk til Lars Reidar Frøland.

Etter årets prisar hadde dei 2 fruene i hovudstyre ein litt løyen sak…

Underteikna og Glenn Olav Lothe, som og har sete i hovudstyret, fikk servert nokre gloser som dei kjente seg igjen i, som f.eks:        

koffor det ??, Sitta på eg,  stola ikkje på folk lenger, bli ferige, eg går, må him nå, NEI, gidda ikkje eg

Ingenting av dette er vondt meint mot nokon.

Takkar for fint årsmøte på Vikedal Vertshus.

Tekst & foto: Marius V. Lothe