Skeie vann som planlagt og leiar Norgescupen

Sesongopninga på Lånke Motorsenter vart som håpa for Geir Harald Skeie og hans Volvo S40. Etter ein godt start frå beste startspor i finalen, hadde Skeie full kontroll på konkurrentane og sikra seg ein grei seier.

Ettersom Geir Harald aldri har kjørt på Lånke før, tok det litt tid før han fekk rytme over kjøringa på den nye banen. I første omgong vann han heatet sitt, men litt knuffing undervegs gjorde at det berre vart andre tid i omgongen. I andre omgong hadde han funne flyten og kjørte inn til dagens bestetid. I tredje omgong vann han også sitt heat, men det gjekk litt for seint og det vart ei ny andretid. Men det heldt samanlagt til beste startspor i A-finalen.

I A-finalen tok Skeie starten og var i realiteten aldri truga.

- Nei, det gjekk veldig greitt i finalen. Eg hadde då lært meg banen og følte det gjekk veldig bra og at alt stemte, sier Geir Harald Skeie.

No ser han framover mot neste runde i Kristiansand om 14 dagar.

- Det var litt skuffande at det berre var 10 deltakerar i min klasse her på Lånke. No håpar eg det kjem fleire deltakerar til Kristiansand slik at det vert meir kamp om plasseringane der, seier Skeie. Bilen fungerte akkurat som den skulle på Lånke, og no vert det berre ein vanleg sjekk av dei viktigaste delane, så er Skeie Motorsport klar til runden i Kristiansand.