Motorhavari på Lyngås

Det vart lite kjøring på Lyngås i helga for Geir Harald Skeie. Eit begynnande motorhavari gjorde at ein valgte å stoppa kjøringa etter 1. omgong.

Allereie på tidstreninga var det signaler om at alt ikkje var som det skulle. Bilen gjekk ikkje som den skulle og det vart berre 8. beste tid. I 1. omgong stod Geir Harald i innerste startspor, tok starten og kjørte ein god omgang. Tida vart såpass god at det vart fjerde bestetid i omgongen. Men ein sjekk av motoren etter omgongen avslørte begynnande motorproblemer. Desse vart vurderte som så alvorlege at ein valgte å stå over 2. omgong for å vurdere situasjonen. Eit av alternativa var å leiga ein annan motor, bytte til denne i løpet av lørdag kveld natt til søndag og vera klar til søndag morgon. Sidan den aktuelle motoren er litt forskjellig, konkluderte ein med at usikkerheten med å få det til var for stor. Dermed måtte ein slå fast at det ikkje vart poeng til Geir Harald Skeie i den 4. runden i Norgescupen.

Teamet har allereie vore i kontakt med motorbyggjaren i Sverige og bilen er allereie på veg dit. Der vil motoren bli opna måndag for å finna ut kva som er feil og kva som må gjerast for å få den i orden igjen.

Neste løp er 5. runden i Norgescupen på Finnskogbanen i Våler om 3 veker den 2. - 3. august. Då håpar Geir Harald at nyoverhalt motor er på plass slik han igjen kan kjempa om ein plass i A-finalen og aller helst blant dei tre beste.