Godt oppmøte
til teknisk årskontroll i Sandeid
Mellom 15 og 20 bilcross-bilar vart kontrollert i
Sandeid lørdag. Ingen rallycrossbilar tyder på at
dei enten ligg etter planen eller var opptatt på andre
frontar.
Knut Håland (Sandeid) sin nybygde Audi 80 i kø
framfor Kenneth Kaldheim sin Volvo 740, Silje Reneè
Pedersen sin Sierra og Daniel Holten sin Volvo 240.
Sveinung Holten Leifsen (15 år) har bygd seg BMW som han
skal trena med i år, før han kan delta i løp
neste år.
Teknisk årskontrollant Lars Reidar Frøyland (t.v.)
diskuterer løysingar med Sigurd Kilane (i midten) frå
Erfjord, som stilte med nybygd Saab, og Hallvard Finnvik, som kjører
Volvo 240.
Den nybygde Ford Scorpioen tilhøyrer Dag Fisketjøn
som sit i rullestol. Den har automatgir og vil bli tilpassa dei
behova Dag har slik at han kan kjøra den sjølv i løp.
Bak ser me Volvo'en til Trygve Hustvedt Lærdal, som skal
kjøra trening med den i år, før det blir
konkurransar neste år.
Hans Kristjan Kristjansson (raud genser), inspiserer
bagasjerommet i bilen til Monica Pedersen (bak med caps), medan
teamsjef Pedersen (t.v) diskuterer med Lars Reidar (kvit
genser).
|