Beste plassering i NM

Etter andreplassen på Vikedal Motorbane forrige helg, var Erik Skrunes denne helga i Moelv ved Hamar og deltok i ein NM runde. Han blei nummer 13, beste resultat nokon gong i ein NM-runde.

Erik Skrunes køyrde same sykkelen og klassen som han hadde suksess med på Vikedal Motorbane.

- Det var første gong eg køyrde denne klassen i NM, og målet mitt var å kvalifisere meg blant dei 30 som får køyre finale.

Også banen på Moelv var ny for Skrunes, og han tok det med ro på treninga og tidskvalifiseringa, og prøvde å finne ein fin roen og ein fin rytme slik at han kunne køyre fort.

- Då eg etter tidskvalifiseringa såg at eg hadde greidd å kvalifisere meg som nummer 16, vart er veldig overraska. Eg følte faktisk at eg hadde meir inne.

Etter tidskvalifiseringa gjekk det godt i begge heata. I det første blei han nummer 14, i det andre nummer 13, noko som ga ein 13. plass også samanlagt.

- Fleire av køyrarane i NM køyrer motocross på heiltid, og deltar både i EM og VM, og resultatet denne helga gir inspirasjon til vidare satsing, og eg føler ennå at eg har endå meir å gå på, seier ein svært nøgd Erik Skrunes.


Erik Skrunes med sin Yamaha