Det vart ei spesiell avslutning på VM-runden i Bergen
sist lørdag. Ein kjempesmell for ein av NMK Bergen sine førerar
i starten på A-finalen for bilcross senior, førte
til personskade. Løpsleiinga beslutta deretter å
avslutta løpet, noko dei aller fleste var enige i.
Heldigvis ser det ut til å gå
bra med føraren som vart skada. Han brekte ankelen,
brekte ribbein, fekk eit stort kutt i panna og var generelt mørbanka.

Slik såg Mercedesen ut etter den stygge startsmellen.

Mange juniorar hadde tatt turen til Bergen i tillegg til
junior-laget. Fleire av dei hadde leigd plass på
biltransportbilen klubben leigde..

Cathrine Mæland hadde ein stygg rundvelt på sist løp
i Bergen, men var tilbake med ein ny-innkjøpt Mazda. Her
pressar ho seg inn og beheldt plassen sin etter at ho har vore i
alternativsporet.

Higre-flokken hadde samla seg på "fuglefjellet", men som ein
ser på bildet hadde det lurt seg inn nokre gjøk-ungar
innimellom higrane

Kennet Kaldheim held seg framfor Kjersti Stuvik.

Starten på A-finalen i BC rett før Mercedesen til
venstre blir pressa ut i rekkverket framfor speakertårnet.

Jens Idar Juel debuterte i rallycross med sin nye VW Scirocco.
Bilen hadde fortsatt asfaltfjører, så den var nok
for stiv, men nye fjører er bestilt.

Steinar Høyvik hadde som mål å halda Jens
Idar bak seg, etter Jens Idar var litt stor i kjeften før
løpet. Det klarte han.

Aleksander Skeie hevdar seg bra med sin nybygde Kadett.

Steinar Høyvik i teten i B-finalen. Seinare måtte
han stoppa med brann i ledningsnettet, medan Aleksander Skeie,
her på femte plass, avanserte til andreplass i B-finalen.

Geir Harald Skeie brukte løpet som oppvarming til finalen
i Norgescupen.

Anette Aarre klarte ikkje å gi Geir Harald konkurranse om
seieren denne gong, men var einaste konkurrent i klassen etter at Per
Magne Flatebø måtte gi seg med motorproblemer
igjen.

Daniel Holten vann sitt første løp i bilcross jr.
framfor Frank Remi Fonnes (t.v.) og Leif Egil Olsen.

Kenneth Johansen vann bilcross framfor Geir Martin Myking og
Karsten Hermansen.

Øystein Verlo og Bjørn Magne Enge Moland var enige
om å overta plassen til Steinar Stokke på toppen av
pallen, etter at han var reist heim før premieutdelinga.