NMK sitt sportsmøte 2008

NMK arrangerar kvart år eit Sportsmøte som avslutning på sesongen. Lars Reidar, Steinar og Svein Erik representerte i år NMK Vikedal på møtet som vart halde helga 1. - 2. november i Tønsberg.

 

Programmet på lørdagen var omfattande og innhaldsrikt, og starta med ein presentasjon på storskjerm av aktivitetane innan NMK-familien. Dette var flott reklame for oss, då eit langt klipp frå TV-sendinga frå Norgescupfinalen i Vikedal vart brukt som presentasjon av rallycross. Dagen fortsatte med tildeling av landsfinaler for 2010 (BC jr. gjekk til Bergen og senior til Orkla), gjennomgong og forslag til endringer i regelverk for disse og debatt rundt nye NMK mesterskap.

 

Andre ting på programmet var miljøprofil, deltaking i trafikalt grunnkurs og besøk frå Statens Vegvesen med gjennomgang av regler og forståing av desse opp i mot førarkort og bruk/ombygging av kjøretøy og tilhengere osv.

 

Vi var invitert til å halda ein presentasjon av NMK Vikedal sitt arbeid med junior-satsinga , og underteikna avslutta dagen med det.

 

Søndag var det tilbud om mediekurs og løpsleder info.

 

Som aperitiff til festmiddagen lørdag kveld vart premiane til alle NMK mesterane for 2008 utdelt.

 

Halv åtte lørdag kveld, møtte vi nydusja og finkledde til festmiddag med Sportspriser og festtaler. Då beskrivelsen av årets ildsjel i NMK vart lest opp, vart den ørlitle mistanken om at noko var i gjære (påstod han da) bekrefta for Svein Erik Østbø, som vart kåra til ”Årets ildsjel 2008” i Norsk Motor Klubb.

 


Svein Erik Østbø fekk prisen av president Torill Karlsrud i NMK.

 

For dei av oss som har blitt kjent med, og hatt gleda av å jobba saman med Svein Erik, kjenner ein trygghet som mange klubbar misunner oss med å ha hatt hans arbeid og engasjement i ryggen helt frå starten i 1982. Det er ikkje vanskeleg og glede seg med han og være stolt på vegne av klubben.

Gratulerer så masse, så får du ha reisefølget og Glenn Olav unnskyldt at vi måtte legge ned eit helt stykke arbeid for å få deg med til Tønsberg. Blant anna med beskjed om at du skulle delta i ein presentasjon om sekretærarbeid på søndagen (at mange faktisk hadde trengt det er ein annan sak).

 

Vi ser tilbake på eit sportsmøte der NMK Vikedal vart flott profilert på mange plan.

 

Steinar Høyvik