Debuterte med niande plass

Bjørn Magne Moland Enge blei nummer ni i NM-debuten på Lånke Motorsenter i dag. I tredje omgang var han heilt oppe på ein andreplass.

- Eit svært oppløftande resultat, som eg eigentleg ikkje hadde forventa, seier Bjørn Magne Moland Enge om innsatsen i dag.

- Då eg valde å gå opp i supernasjonal før denne sesongen, var målet mitt å nå ein finale i løpet av året, no har eg alt vore innom to, og må nok justere det litt. Moland Enge vann nemleg C-finalen, før han blei nummer fire i B og altså nummer ni totalt.

Han syns traseen på Lånke Motorsenter var artig, sjølv om det blei vått og sleipt.

- Det gjekk gjekk stadig betre og fortare for meg på banen. På tidstreninga hadde eg ei 18. tid, i første omgang ei 13. tid og i siste var eg heilt opp på ei andre tid, så dette var over alt det eg hadde forventa på forhånd, seier han, som no satsar på finale i kvar NM-runde resten av sesongen.

- Faktisk ligg eg på ein niande plass i NM i store super etter første runde, så dette ser veldig bra ut.