Nesten for Lars Reidar Frøyland

Etter at han måtte gi seg i første omgang med styreproblemer, hadde Lars Reidar Frøyland full kontroll til det var 100 meter igjen til mål i finalen. Då blei han forbikjørt av Jonny Brådli.

Etter at han hadde fått reparert styringa, slik at han berre så vidt nådde det neste heatet sitt i minste nasjonal, gjekk det berre ein veg for NMK Vikedal-føraren. Han vann både andre og tredje omgang, og var dermed klar for beste startspor i finalen. Men kampen mellom han og Jonny Brådli var alt i gong, og NMK Egersund-føraren fulgte han hakk i hel i dei innleiande omgangane.

- Ja, det såg ut til at det skulle bli ein kamp mellom han og meg, kommenterer Lars Reidar etter løpet, og det blei det.

I finalen var det nok ein gong Lars Reidar Frøyland som tok kommandoen, og gjekk i tet. Brådli var raskt innom alternativsporet, men stillinga heldt seg. Lars Reidar Frøyland i tet, mens Jonny Brådli låg bak som ein skygge. Spenninga var korleis det skulle går når Lars Reidar skulle innom alternativsporet. Heller ikkje det endra på noko. Men så 100 meter før mål smatt Jonny Brådli forbi.

- Eg såg han ikkje, og trudde at han ville prøve seg på andre sida inn mot målsvingen, forklarar Lars Reidar Frøyland, og legg ikkje skul på at han var utruleg skuffa over dette.

- Likevel var dette ein bra dag for både meg og bilen, og skuffelsen vil nok gå over etterkvart.

For Jonny Brådli var sigeren løn for alt arbeidet har lagt ned på bilen i løpet av vinteren.

- Ja, etter 1000 timar i garasjen er det godt å konstatere at ting fungerer, seier han, som har planar om å køyre totalt 14 løp med Escorten i år. 


Jonny Brådli tar seg forbi på innsida 100 meter før målpassering.

Skeie i nasjonal

I store nasjonal var det NMK Vikedal føraren Geir Harald Skeie som drog det lengste strået. Etter ein andre og to førsteplassar var han også klar for pole position og fekk heller ingen problem i finalen.

- Nei i dag blei det ein optimal dag, men me jobba til langt på natt for å få bilen klar, seier han, og forklarar at problema starta i Bergen sist helg.

- Me fekk problem med bakakslingen, som måtte ein tur til Sverige for reparasjon. Heldigvis var problema mindre og mindre kostbare enn me hadde rekna med, og i dag fungerte alt perfekt.

Stokke i supernasjonal

Supernasjonal er i år samla i klasse Free for All i Vestlandsmesterskapet, og av fire påmeldte bilar var det berre tre som stilte opp til finalekøyring. Etter å ha dominert store nasjonal på Vestlandet dei siste åra, har Steinar Stokke no tatt steget opp i store super. På søndag klaffa alt.

- Ikkje heilt i første omgang, då hadde eg for stor fart inn i alternativen og knuste ein felg, med etterpå gjekk det bra, seier han, som før sesongen overtok S40ien til Otter Ødegården. No blir det NM

- Planen er å kjøre NM, og der ligg også lista, nemleg å få kjørt NM løpa og så får resultata kome etterkvart.

Det var likevel Bjørn Magne Moland Enge som tok leiinga i finalen, men måtte gi seg.

- Motoren fuska og eg fekk ikkje heilt til køyringa, var hans kommentar.

NMK Vikedal køyrde også klubbløp for bilcross junior på lørdag. Her vann Martin Lillesund føre Sveinung Holten Leifsen og Marius H. Rønnevik.

Holten uheldig igjen

Også søndagens bilcross gjekk i like fint vervêr som rallycrossen lørdag. NMK Vikedal-føraren Per-Gaute Østbø hadde ein kanondag, og vann, som einaste førar, alle sine heat i dei innleiande omgangane. Erfaring har han nok av.

- Ja, dette er min 25 sesong i bilcross, stod over i 2000 då eg flytta men ellers har det blitt kjøring kvart år dei siste 25 åra, seier han, som ikkje er heilt sikker på kor mange løp det har blitt.

- Kanskje bortimot 100 løp her på Vikedal Motorbane.


Vidar Miljeteig, Per-Gaute Østbø begge NMK Vikedal og Erlend Gjesdal NAF Gjesdal, gjekk til topps under bilcrossen på Vikedal Motorbane på søndag.

Erlend Gjesdal NAF Gjesdal blei nummer to, medan ein ny NMK Vikedal førar Vidar Miljeteig kom på tredje plass. For første gong på pallen i Vikedal.

- Eg punkterte i første omgang og måtte veien om B-finalen, så ein andre plass var heilt topp.

I bilcross junior vart det ein ny god dag for Daniel Holten (t.h.) som saman med Martin Lillesund var dei einaste føraren som vann alle sine omgangar. I finalen gjekk Daniel Holten på nytt i tet, tett fulgt av Gunleiv Kvål. Men til slutt var det berre stopp.

- Ja, bilen berre stoppa med flatt batteri, så eg forstår ikkje heilt dette. 
Juniorklassen vart dermed vunnen av Gunleiv Kvål NAF Gjesdal, føre Preben Myklebust NMK Egersund og Martin Lillesund NMK Vikedal.